Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning.
Vi held fram med å starte dagane i lag, felles i Teams. Eg ber difor om at alle elevar er
pålogga og klare 08.30 inne i klassegruppa.
Tysdag 21.04.20 skal vi ha matematikkundervisning på morgonen, i tillegg til det
vanlege møtet. Ekstra viktig at alle elevane vert med, sidan vi skal gå igjennom nytt
emne.
Minner om at alt som står på planen (inkludert fysisk aktivitet og lesestund) er obligatorisk
skulearbeid (ikkje lekser) og skal gjennomførast. Ein kan altså ikkje velje bort dette. Dersom
arbeidet på planen ikkje vert gjort og levert inn (der vi ber om det) må vi dokumentera det.
Det er tenkt at kvar av arbeidsøktene skal vare i om lag 45-75 minutt (vil variere for kvar
elev) og at øktene med fysisk aktivitet og lesestund skal vare i 30-60 minutt. Husk å ta pausar
mellom øktene!
Det står klare instruksar i planen om kva for arbeid som vert forventa levert inn
dokumentasjon på at er gjennomført. Nokre stadar står det ikkje, til dømes ved multi smart
øving og lesemeister. Dette er grunna at eg her får opp ei oversikt over kven som har vore
inne, kor lenge der har vore der og kor mykje dei har gjort.
De finn aktivitetsbingo og dei praktiske oppgåvene til gjennomføring nedanfor i dokumentet.
Dei nye matematikkarka som vert lagt inn i klassegruppa i Teams kan elevane anten skrive ut
og skrive rett på arka, elles så må dei ha dokumentet oppe på skjermen og skrive av
oppgåvene i skriveboka si.
Eg er tilgjengeleg for elevar og føresette på telefon, mail og Chat i Teams i den vanlege
skuletida. Dersom det er noko de treng hjelp til, det er noko de ikkje forstår eller er usikre på
kan de kontakte meg der mellom kl. 08 og 15 kvar dag. (Fredag til 14.00)
Telefon: 47906213
Epost: [email protected] / [email protected]
Lukke til!
Helsing
Elin Ljones Mikkelsen.
Arbeidsplan / vekeplan veke 17 for 5 klasse.
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
Norsk
1. Arbeid med
skriveforståinga for
veke 17. Svar på
oppgåve A, B og C
i Word inne på
Skooler på PCen
din. Svara sender
du på mail til
Wenche.
Matematikk
1. Gjer side 78 i
Multi 5A. Skriv
svara i skriveboka
di.
2. Gå inn på Salaby
– kanal S –
Matematikk -
Drillrom –
tallforståelse. Jobb
i 15 minutt.
Send bilete av
oppgåvene til Elin
når du er ferdig.
Engelsk
1. Les teksten
«London Zoo» på
side 109 i Stairs 5.
2. Skriv glosene i
skriveboka di.
3. Øv godt på
glosene frå veke 16
og 17!
Send bilete av
glosene til Elin når
du er ferdig.
Tema
1. K&H
«Lag ein
heimelaga vev».
Sjå forklaringa
lenger nede i
dokumentet
Ta bilete av
arbeidet, lim det
inn i word saman
med forklaringa di
og send det på
mail til Berit.
Videomøte i
Teams.
Felles gloseprøve.
Arbeidsplan
1. Sjå dagens
episode med
Supernytt.
2. Kodeskolen på
Salaby.
Fysisk Aktivitet
(minimum 30
minutt)
Kryss av minimum
2 aktivitetar på
bingoen.
Fysisk aktivitet
Følg instruksane til
kroppsøvingsøkta
på den siste sida i
dokumentet.
Fysisk aktivitet
(minimum 30
minutt)
Kryss av minimum
2 aktivitetar på
bingoen.
Fysisk aktivitet
Kryss av
minimum 2
aktivitetar på
bingoen.
Fysisk aktivitet
(minimum 30
minutt)
Kryss av minimum
2 aktivitetar på
bingoen.
Engelsk
1. Les teksten
«Madame
Tussauds» på side
108 i Stairs 5.
2. Skriv ned
glosene i
skriveboka di.
3. Øv godt på
glosene frå veke 16
og veke 17.
Send bilete til Elin
av glosene når du
er ferdig.
Norsk
1. Arbeid med
skriveforståing for
veke 17. Gjer/skriv
oppgåve D, E og F
i Word inne på
Skooler på PCen
din. Svara sender
du på mail til
Wenche.
Ekstra:
Oppgåve G.
Tema:
REBUS
Du skal
gjennomføra eit
rebusløp denne
økta. Forklaring på
kva du skal gjere,
finn du lengre nede
i dokumentet!
Kanskje du kan
leite etter pinnar til
Kunst og
handverkoppgåva
du skal ha torsdag
mens du er ute og
går?
LUKKE TIL!
Norsk
1. Gå inn på
www.lesemeister.
no
og logg inn med
Feide. Finn deg ei
lydbok og lytt i ca.
30 minutt.
2. Skriv 5
setningar om kva
du lytta på i ein
mail til Wenche.
Ekstra:
Arbeid med Verb
på Salaby – kanal
S – Norsk –
adjektiv.
Matematikk
1. Gjer side 81 i
Multi 5A.
2. Arbeid i 30
minutt på Multi
Smart Øving.
Ekstra:
Gå inn i Teams –
matematikk –
ekstraoppgåver.
Arbeid med arka
for veke 17.
Lesestund
Les i ei valfri bok i
minimum 20
minutt
Lesestund
Les i ei valfri bok i
minimum 20
minutt
Lesestund
Les i ei valfri bok i
minimum 20
minutt
Lesestund
Les i ei valfri bok
i minimum 20
minutt
Lesestund
Les i ei valfri bok i
minimum 20
minutt
**Kvar dag skal du logge inn i Teams og skrive korleis dagen din har vore i ein
privat chat til Elin. (Sei ifrå om de treng hjelp til å opprette chat i Teams på Skooler) **
Orientering – Litlabø skule – Våren 2020
Du skal no ut å leite etter postar i nærområdet på Litlabø og Nysæter.
Dette må du ha med deg:
Noko å skrive med: Blyant, penn eller tusj.
Noko å skrive på: Ark, notatblokk eller skrivebok.
Kvar post har eit spørsmål som du må svare på. Det er viktig at du skriv ned
svaret og nummeret på posten fordi forbokstavane i svarorda til slutt skal danne
eit løysningsord.
Dersom du ikkje kan svaret bør du skrive ned spørsmålet slik at du kan spør om
hjelp eller søke når du kjem heim.
På kvar post vil du få beskjed om kor du finn den neste.
Du kan sykle, gå eller jogge mellom postane.
Dersom du leitar lenge utan å finne ein post kan du ringe meg.
Til slutt skal du sende svara frå kvar post og det ferdige løysningsordet til meg
på chat i Teams (husk å sende i ei eiga melding og ikkje slik at alle får svaret).
Lykke til
Post 1 finn du i nærleiken av hovudinngangen ved
samfunnshuset.
Kunst og handverk - Heimelaga vev
Tema: Kreativitet og miljø
Kompetansemål: Bruke ulike strategiar for idéutvikling og
problemløysing.
Denne veka skal du lage din eigen vev av pinnar du finn ute i
nærområdet.
Du treng 4 pinnar og du kan velje korleis du vil feste veven. Du
kan til dømes knyte pinnane saman, bruke spiker eller andre
metodar om du har ein god idé, men fest godt.
Du må bruke ein litt sterk tråd til renninga (trådane som du skal
veve gjennom), gjerne bomullstråd, pakkeband, fiskesnøre,
tanntråd eller anna sterk tråd.
Når du skal veve kan du få vere kreativ og bruke det du finn.
Du kan bruke garn, pakkeband eller annen tråd du finn.
Du kan lage naturvev med strå, gras, blad og anna du finn i naturen.
Du kan klippe opp ei gammal, utslitt t-skjorte eller anna tøy og lage strimler som du kan veve
med.
Du kan klippe opp plastposar i strimler.
Ja, det er berre fantasien som setter ein stoppar for kva me kan veve med og du må gjerne
blande dei ulike materiella.
LUKKE TIL!
Praktiske oppgåver til gjennomføring heime:
I løpet av veka skal du gjere 2 av desse praktiske oppgåvene. Du vel sjølv kva for oppgåver
du vil gjere frå lista nedanfor Kryss av dei du har gjort og send eit bilete av lista til meg på
fredag.
1. Tøm oppvaskmaskina.
2. Vask alle dørhandtak.
3. Hjelp til med å lage middag.
4. Dekk på bordet før middag.
5. Rydd av bordet etter middag.
6. Legg på plass bretta klede.
7. Hjelp mamma eller pappa med ein ting dei treng hjelp til.
8. Hjelp til med å skifte på senga di.
9. Vel 2 av Yoga positurane og gjennomfør dei.
10. Rydd rommet ditt.
Sjølv superheltar treng
pause!
Aktivitetsbingo veke 17. Kor mange kryss
klarar du å setje i løpet av veka?
Øv på årets
BlimE-dans!
Hopp sidelengs
rundt huset
Saman med ein i
familien: Ein står
på alle fire. Den
andre kryp under
og hoppar så over.
Gjer dette 10
gongar kvar.
Hink baklengs
bort til
postkassane.
Lag ein blink med
teip på ein vegg
ute. Stå 2 meter i
frå, og prøv å
treff blinken ved
å sparke ein ball.
Lag ei hinderløype
ute
Uteaktivitet 30
minutt – slengtau,
hoppetau,
hoppestrikk….
Sett ei (eller
fleire) plastflaske
3 meter i frå deg.
Prøv å treffe ho
med ein ball.
Stav namnet ditt
og gjer
styrkeøvingane
som høyrer til
kvar bokstav (sjå
oversikt under).
Sykle ein tur
Hopp og roter 180
grader til kvar
side. Gjenta 5
gonger.
Just dance på
Youtube
Snurr rundt 15
gonger og forsøk å
gå heilt rett
etterpå.
Lag ein blink med
teip på ein vegg
ute. Stå 3 meter i
frå, og prøv å
treff blinken ved
å kaste ein ball.
Sett ei bøtte
nesten inntil ein
vegg. Stå 2 meter
ifrå. Prøv å få
ballen til å treffe
veggen og
deretter bøtta.
Hopp bakover så
langt du klarar.
Gjenta 10 gonger.
Kroppsøving veke 17
Oppvarming: Gå inn på www.nrksuper.no og finn BlimE-dansen for 2020. Øv deg gjennom dansen del
for del.
Styrketrening med kortstokk: Du skal trekkje eit og eit kort. Sorten på kortet fortel deg kva øving du skal gjere og talet
fortel deg talet på repetisjonar. Klarar du å jobbe deg gjennom halve kortstokken? Klarar
du kanskje heile kortstokken? Stå på!
= froskehopp
= armhevingar
= sit ups
= knebøyg
ESS (A) = 10 burpees (hopp
opp med armane og legg deg så heilt ned på magen –
gjenta 10 gongar)