Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag, felles i Teams. Eg ber difor om at alle elevar er pålogga og klare 08.30 inne i klassegruppa. Tysdag 21.04.20 skal vi ha matematikkundervisning på morgonen, i tillegg til det vanlege møtet. Ekstra viktig at alle elevane vert med, sidan vi skal gå igjennom nytt emne. Minner om at alt som står på planen (inkludert fysisk aktivitet og lesestund) er obligatorisk skulearbeid (ikkje lekser) og skal gjennomførast. Ein kan altså ikkje velje bort dette. Dersom arbeidet på planen ikkje vert gjort og levert inn (der vi ber om det) må vi dokumentera det. Det er tenkt at kvar av arbeidsøktene skal vare i om lag 45-75 minutt (vil variere for kvar elev) og at øktene med fysisk aktivitet og lesestund skal vare i 30-60 minutt. Husk å ta pausar mellom øktene! Det står klare instruksar i planen om kva for arbeid som vert forventa levert inn dokumentasjon på at er gjennomført. Nokre stadar står det ikkje, til dømes ved multi smart øving og lesemeister. Dette er grunna at eg her får opp ei oversikt over kven som har vore inne, kor lenge der har vore der og kor mykje dei har gjort. De finn aktivitetsbingo og dei praktiske oppgåvene til gjennomføring nedanfor i dokumentet. Dei nye matematikkarka som vert lagt inn i klassegruppa i Teams kan elevane anten skrive ut og skrive rett på arka, elles så må dei ha dokumentet oppe på skjermen og skrive av oppgåvene i skriveboka si. Eg er tilgjengeleg for elevar og føresette på telefon, mail og Chat i Teams i den vanlege skuletida. Dersom det er noko de treng hjelp til, det er noko de ikkje forstår eller er usikre på kan de kontakte meg der mellom kl. 08 og 15 kvar dag. (Fredag til 14.00) Telefon: 47906213 Epost: [email protected]/ [email protected]Lukke til! Helsing Elin Ljones Mikkelsen.
7
Embed
Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. · 2020-06-12 · Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning. Vi held fram med å starte dagane i lag,
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Informasjon: Her er planen for veke 17 med heimeundervisning.
Vi held fram med å starte dagane i lag, felles i Teams. Eg ber difor om at alle elevar er
pålogga og klare 08.30 inne i klassegruppa.
Tysdag 21.04.20 skal vi ha matematikkundervisning på morgonen, i tillegg til det
vanlege møtet. Ekstra viktig at alle elevane vert med, sidan vi skal gå igjennom nytt
emne.
Minner om at alt som står på planen (inkludert fysisk aktivitet og lesestund) er obligatorisk
skulearbeid (ikkje lekser) og skal gjennomførast. Ein kan altså ikkje velje bort dette. Dersom
arbeidet på planen ikkje vert gjort og levert inn (der vi ber om det) må vi dokumentera det.
Det er tenkt at kvar av arbeidsøktene skal vare i om lag 45-75 minutt (vil variere for kvar
elev) og at øktene med fysisk aktivitet og lesestund skal vare i 30-60 minutt. Husk å ta pausar
mellom øktene!
Det står klare instruksar i planen om kva for arbeid som vert forventa levert inn
dokumentasjon på at er gjennomført. Nokre stadar står det ikkje, til dømes ved multi smart
øving og lesemeister. Dette er grunna at eg her får opp ei oversikt over kven som har vore
inne, kor lenge der har vore der og kor mykje dei har gjort.
De finn aktivitetsbingo og dei praktiske oppgåvene til gjennomføring nedanfor i dokumentet.
Dei nye matematikkarka som vert lagt inn i klassegruppa i Teams kan elevane anten skrive ut
og skrive rett på arka, elles så må dei ha dokumentet oppe på skjermen og skrive av
oppgåvene i skriveboka si.
Eg er tilgjengeleg for elevar og føresette på telefon, mail og Chat i Teams i den vanlege
skuletida. Dersom det er noko de treng hjelp til, det er noko de ikkje forstår eller er usikre på
kan de kontakte meg der mellom kl. 08 og 15 kvar dag. (Fredag til 14.00)