Prosjektrapport«Identitetsutvikling av norske konsertarrangørar»
NORSK ROCKFORBUND 2008-2010
www.norskrockforbund.no Side 2 av 14
Innhald
Forord: Bakgrunn for prosjektet s. 3
Tidslinje s. 4
Fase 1: Identitetshandboka s. 5
Fase 2: Nasjonalt fagseminar om identitet s. 6
Fase 3: Pilotprosjekt vinter/vår 2010 s. 7-10
Fase 4: Utvkling og testing av kursopplegg s. 11
Fase 5: Evaluering av publikasjoner og kursmateriell s. 12
Regnskapsrapport s. 13
Oppsummering s. 14
Vedlegg:1. Detaljert økonomisk oversikt2. Noter3. Revisobekreftelse4. Timelister administrasjonen5. Timelister styrmenn6. Timelister arrangørar
© Norsk Rockforbund 2010Prosjektansvarleg: Eirik Høyme Rogn
Norsk RockforbundPostboks 4753 Sofienberg0506 Oslo
Telefon: 22 20 00 22E-post: [email protected].: 958 721 226
www.norskrockforbund.no Side 3 av 14
Forord - bakgrunn for prosjektetTilveksten i arrangør-Noreg har vore enorm det siste tiåret, spesielt på festivalfronten. Som følgje av dette har fokuset på identitet vorte stadig viktigare blant arrangørane, og ein ser mange eksempel på at dei som har arbeidd bevisst med å finne si eiga nisje ofte lukkast best i det lange løp.
Med den store oppblomstringa av festivalar vart også medias fokus på identiteten langt større. I avisene kunne ein ofte lese at festivalane vart likare og likare, og konkurransa bunna stort sett ut i kva slags artistar som sto øvst på plakaten. Med andre ord handla det til sjuande og sist om kor mykje pengar ein hadde på bok, og resultatet vart ein stadig sterkare – og til dels usunn – kamp om artistane.
Ut av denne festivalskogen spratt det opp nokre gode eksempel på arrangørar som gjekk mot straumen, og vendte fokuset over på andre satsingsområder. Alt frå sirkus til kortreist mat og høge fjelltoppar vart nytta som verkemiddel i jakta på vinnande festivalkonsept. Dette førte ofte med seg mykje merksemd - og dermed suksess, utan at budkrigen skulle setje heile standarden.
For å hjelpe sine medlemmar til å stå styrka for framtida tok difor Norsk Rockforbund initiativet til å starte dette prosjektet. Formålet var delvis å dokumentere det gode arbeidet som allereie hadde vore gjort ute i vårt langstrakte land, men like viktig var det å setje identitetsarbeid på agendaen, og bevisstgjera arrangør-Noreg på viktigheita av å jobbe målretta med temaet. Ved å forsterke dyrkinga det unike og ikkje-kopierbare er sjansene større for at ein kan skape levedyktige arrangement, utan at alle må slåss om å få dei same namna på toppen av plakaten.
Trondheim, 10. november 2010Eirik Høyme RognProsjektleiar
www.norskrockforbund.no Side 4 av 14
Tidslinje
2008
SEPTEMBER
Produksjon av boka «Kunsten å være seg selv - Identitetshåndbok for konsertarrangører»
OKTOBER
NOVEMBER
DESEMBER
2009
JANUAR
FEBRUAR
MARS 25.-27.: Nasjonalt fagseminar om identitet i Bergen
APRil
MAi 6.: Offisiell lansering av Identitetshandboka i Oslo
JUNi Tilsetjing av prosjektleiar
JUli 7.-8.: Oppstartssamling for pilotprosjekta
AUGUST
Gjennomføring av seks pilotprosjekt
Utvikling av prosjektmodell
SEPTEMBER 15.: Utlysing av prosjektet
OKTOBER Utveljing av søkjarar
NOVEMBER Rekruttering av styrmenn
DESEMBER Oppstartsmøte med styrmenn
2010
JANUAR
Gjennomføringsperiode utehjå arrangørane
FEBRUAR
MARS
APRil 16.: Pilotsamling i Trondheim, avslutning av pilotprosjekta
MAi
Utvikling og testing av kursopplegg
Utarbeiding av kursmodell
JUNi Utlysing av testkurs
JUli Utveljing av søkjarar
AUGUST
SEPTEMBER
Gjennomføring av testkursOKTOBER
NOVEMBEREvaluering og kvalitetssikring av info- og kursmateriell, inkludert revidering og opp-trykk av Identitetshandboka.
DESEMBER
2011JANUAR
FEBRUAR 15.: Relansering av den reviderte Identitetshandboka
www.norskrockforbund.no Side 5 av 14
Fase 1: IdentitetshandbokaFyrste del av prosjektet var å skrive ei handbok, som skulle dokumentere gode døme på identitetsarbeid, i tillegg til å gje praktiske tips til korleis ein kunne gå fram for å arbeide med – eller vidareutvikle – sin eigen identitet.
Boka fekk tittelen «Kunsten å være seg selv -
Identetetshåndbok for konsertarrangører», og vart
skrive av Stein Andreassen i samarbeid med Norsk
Rockforbund.
I handboka definerer ein ulike typer identitetar
– og effekten av dei – i tillegg til organisasjonskultur,
merkevarebygging og omdømmehandtering. Sist
men ikkje minst er det via mykje plass til gode
historier frå arrangørar gjennom bilete og tekstar.
I tillegg til dokumentasjonen er det også lagt vekt på
praktiske framgangsmåtar i arbeidet med å styrke
og vidareutvikle identiteten. Temaet er komplisert,
fordi det ikkje finst nokon fasit, men det er også
akkurat det som gjer det så interessant å jobbe
med.
Boka vart internlansert på Norsk Rockforbunds
fagseminar om identitet i Bergen 28. mars 2009.
Fyrstekonsulent Ingrid Wiik frå Kommunal-
og regionaldepartementet avduka det fyrste
eksemplaret i samarbeid med forfattaren.
Offisiell lansering av boka for presse og publikum
skjedde under Norsk Rockforbund sitt festivalslepp i
Oslo 6. mai 2009.
Boka vart seinare lansert i nettbasert versjon.
p Boka «Kunsten å være seg selv - Identitetshåndbok for arrangører», skrive av Stein Andreassen.
Heile boka er tilgjengeleg i nettbasert utgåve på
www.identitetshandboka.no
www.norskrockforbund.no Side 6 av 14
Fase 2: Nasjonalt fagseminar27.-29. mars 2009 vart det gjennomført eit nasjonalt fagseminar om identitets-arbeid i Bergen. Fagleg input om tema som identitetsutvikling, merkevarebygging og omdømmehandtering sto på programmet, og heile 125 deltakarar var med.
Seminaret gjekk av stabelen på ulike arenaer i
Bergen by. Vertskapet var studentklubben Hulen,
som feira 40 år i 2009. Andre deler av programmet
tok plass på Grand Hotel Terminus og Fløyen.
På seminarprogrammet stod blant anna:
• Presentasjon av «Nisjelandet»
• «Hulen gjennom 40 år»
• Lansering av Identitetshandboka
• Case frå boka: «Vinjerock i Jotunheimen»
• Hovudinnlegg om identitet ved Paal Fure
• Workshops
• Presentasjon av to bergensfestivalar med
tydelig identitet: «Hole in the sky» og
«Ekkofest»
• Konsertar med Kaada, Lyd og
Megaphonic Thrift
Antal deltakarar var rekordhøgt, og etter ei helg
med fullt fagleg fokus på identitetsbygging går
seminaret inn i historia som eit av dei flottaste
Norsk Rockforbund har arrangert.
p Forfattar Stein Andreassen og Ingrid Wiik frå Kommunal- og regionaldepar-tementet avdukar den fyrste identitets-handboka.
p Seminardeltakarane er samla på Fløyen for presentasjon av to bergens-festivalar med sterk identitet: «Hole in the sky» og «Ekkofest».
www.norskrockforbund.no Side 7 av 14
Fase 3: PilotprosjektFor å få eit best mogleg grunnlag for varige kursopplegg med identitet som hovud-tema var det naudsynt å gjennomføre pilotprosjekt for å hauste erfaringar. Seks ulike identitetsbyggjande pilotprosjekt vart gjennomført vinteren og våren 2010.
Prosessen byrja med tilsetjinga av Eirik Høyme
Rogn sumaren 2009, som då skulle ta over
oppfølgjinga av dei resterande prosjektfasane.
Prosjektleiaren og eit stjernelag av kreative
personar frå arrangør-Noreg samla seg deretter i
ei hytte på Vestlandet 7.-8. juli 2009, for å idémyldre
eit par dagar i identitetens ånd. Målsetjinga med
samlinga var å få strukturert tankar og idear kring
prosjektet, og finne ut korleis vi kunne få mest
mogleg ut av midlane til det beste for landets
konsertarrangørar. I tillegg til at grunnlaget
for pilotprosjekta vart lagt, danna ein også eit
søknadsutval og ei oppstartsgruppe som skulle
fungere som rådgjevarar i prosjektet.
Tilstades på samlinga var:
• Stein Andreassen (forfattar av boka)
• Arne-Kristian Teigland (Bygdalarm)
• Tor Åge Eikerapen (Eikerapen Roots Festival)
• Ivar Mykland (Nisjelandet)
• Louis Holbrook (TrashPop)
• Stein Bjelland (NuMusic/Great Moments)
• Eirik Høyme Rogn (prosjektleiar)
• Line Endresen (dagleg leiar NRF)
• Gry Bråtømyr (fagsjef NRF)
p Arne-Kristian Teigland, Gry Bråtømyr, Stein Andreassen og Louis Holbrook idémyldrar ved vasskanten på Vestlandet.
p Ivar Mykland slengjer gode identitetstankar over bordet.
www.norskrockforbund.no Side 8 av 14Made with Philcarto - http://perso.club-internet.fr/philgeo
Kommunal- og regionaldepartementet
Sone I - Utenfor virkeområdet
Sone II (tilsvarende D-sonen)
Sone III
Sone IV
Sone
1: Bygdalarm
2: Fjæra Bluesklubb
3: 4/4 - Forum for takt og tone
4: Ålvik Rock
5: High Voltage Rockeklubb
6: Jorddunstfestivalen
7: Kroa i Bø
8: Meieriet i Sogndal
9: Norway Rock Festival
10: RaumaRock
11: Studenthuset Rokken
12: Siradagane
13: Smøla Bluesklubb
14: Steinkjerfestivalen
15: Trænafestivalen
16: Hadeland Rockeklubb
17: Musikklosjen Hamar
18: TEIP/Radio Revolt
19: Sentral Festival
20: Det akademiske kvarter
1
2
3
4
56
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
1920
Alle medlemmar i Norsk Rockforbund som befann
seg innanfor Kommunal- og regionaldepartementet
sine virkeområde på kartet vart invitert til å
søke. Totalt utgjorde dette litt over 60 aktive
medlemsorganisasjonar.
20 søknadar låg i bunken ved fristens utløp, og av
desse hadde fem si kjerneverksemd innanfor grå
felt på kartet. Juryen sat difor til slutt igjen med 15
kvalifiserte søkjarar å velje mellom, og variasjonen i
prosjekta var stor – men kvaliteten og originaliteten
gjennomgåande høg.
Juryen bestod av:
• Torbjørn Valum (UiO)
• Kari Skippervold (Hovefestivalen)
• Louis Holbrook (TrashPop/Nisjelandet)
• Eirik Høyme Rogn (prosjektleiar)
I juryeringa vart originalitet høgt vegtlagt, men
gjennomføringsevne og overføringsverdi var også
viktige kriterier. I tillegg var det
viktig å få ei størst mogleg
sjangerbreidde.
På kartet til høgre er alle
søkjarane merka av.
Dei utvalde er
markert i rosa.
I etterkant av
utveljinga
byrja arbeidet med
å skaffe ein
styrmann til kvart
av pilotprosjekta.
Totalt 20 arrangørar søkteom å bli med i pilotprosjektet.
Dei utvalde er utheva.
1 Bygdalarm 2 Fjæra Bluesklubb 3 4/4 Forum for takt og tone 4 Ålvik Rock 5 High Voltage Rockeklubb 6 Jorddunstfestivalen 7 Kroa i Bø 8 Meieriet i Sogndal 9 Norway Rock Festival 10 RaumaRock 11 Studenthuset Rokken 12 Siradagane 13 Smøla Bluesklubb 14 Steinkjerfestivalen 15 Trænafestivalen
Pilotprosjekt forts.
www.norskrockforbund.no Side 9 av 14
Pilotprosjekt forts.
BygDalaRm KVAM, HORDALAND
JORDDUNSTFESTIValEN FRØYA, SØR-TRØNDELAG
KROa I BØ BØ, TELEMARK
STyRDamE:Kjersti Vikør
Kjersti var tidle-gare styreleiar i NRF, og jobbar til dagleg i Bergen Live. Ingen kjen-ner Bergen betre enn Kjersti.
STyRmaNN:Eivind Hålien
Eivind er dagleg leiar i Fagforum for mat og drikke i Stavanger, og Noregs offisielle matambassadør i Nordisk Råd.
STyRDamE:
Kari er sjefen for alle kreative krumspring på Hovefestivalen, og har ei entusiasme som smittar over på alle ho omgås.
Bygdalarm sin idé handla kort og greit om å «vekkje åtgaum» i Bergen by. Avstanden derifrå til festivalen i Hardanger er kort, og byen er eit viktig marked for Bygdalarm. Festivalen sin profil er tufta på det glade bondelivet, og ideen gjekk ut på å setje i stand ein traktorsymfoni og basar på Torgallmenningen i Bergen. Gisle «Ugress» Martens Meyer tok utfordringa med symfonien, og den 12. juni fekk eit regnblautt bergenspublikum oppleva elektronika og John Deere i herleg symfoni. Festivalen, som gjekk av stabelen nokre veker seinare, vart for fyrste gong totalt utseld. Målsetjinga var dermed nådd, og Bygdalarm var strålande nøgde med resultatet.
Dette er ein alternativ rockefestival langt ute i havgapet, med tilhald i ei av landets viktigaste fiskerikommuner – Frøya. Festivalleiinga ville jobbe med mat tufta på lokale råvarer, og prosjektet var spanande av fleire årsakar. Ved sidan av god mat på festivalen hadde dei også ei målsetjing om at prosjektet skulle auke interessen for den matfaglege linja på øyas vidaregåande skule, og i tillegg ville dei jobbe med integrering av dei mange arbeidsinnvandrarane på øya gjennom maten. Resultatet? Maten gjekk ned på høgkant, og endar opp i ei kokebok. Søkjartala til matlinja er rekordhøge, og prosjektet har utløyst andre store matsatsingar på Frøya.
«Gøy på landet» har vore Kroa i Bø sitt mantra gjennom fleire titals år, og studentstaden har vore landskjent på grunn av genuint god stemning. Men ein suksessformel varar ikkje evig, heller ikkje i Telemark. Kroa i Bø hadde lyst på ei revitalisering, og prosjektet gjekk enkelt og greit ut på å kle Kroa i Bø i ny drakt – både internt og eksternt. Kroa har i det siste vore «gøy på landet» utad, men ein svartmåla og sliten rockeklubb innad. Tida var moden for ein ny og gjennomgåande raud tråd. Arbeidet med utforming av den nye profilen pågår framleis, parallelt med ei større oppussing av konsertlokalet.
Kari Skippervold
www.norskrockforbund.no Side 10 av 14
Pilotprosjekt forts.
STUDENTHUSET ROKKEN VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
SmØla BlUESKlUBB SMØLA, MØRE OG ROMSDAL
STEINKJERFESTIValEN STEINKJER, N-TRØNDELAG
STyRmaNN:Tor Å. Eikerapen
Tor Åge er man-nen bak Eikera-pen Roots Fes-tival, og ukrona norgesmeister i dugnadsånd og rekruttering av frivillige.
STyRmaNN:morten gjerde
Morten har lang fartstid i det nor-ske bluesmiljøet, blant anna gjen-nom fleire år som leiar for Notodden Bluesfestival.
STyRDamE:Hilde Berntsen
Hilde jobbar med byutvkling og produktde-sign på NTNU i Trondheim, og er i tillegg fødd og oppvaksen midt i Steinkjer by.
Rokken i Volda er eit ungt studenthus, med berre 5 års historie bak seg. Etter hektiske oppstartsår fann dei ut at det var på tide å sjå seg attende, og konklusjonen var at dei trengte ein tydelegare identitet og eit djupare engasjement. Dette måtte byggast opp frå botnen av, og arbeidet tok difor utgangspunkt i alle dei frivillige – som skal vera med å skape dei gode historiene for framtida. Det vart ein fruktbar prosess på Sunnmøre, med stort engasjement og mykje kjensler. Sluttresultatet vart ein godt gjennomarbeida tiltaksplan, som skal syte for breiare eigarskap til studenthuset, og ikkje minst større interesse for å bli ein del av Rokken-gjengen.
Smøla er ei fiskerikommune yttarst på mørekysten, som har slitt med stor fråflytting dei siste tiåra. Øysamfunnet har i dag berre litt over 2000 innbyggjarar. Men blant desse finst ein engasjert gjeng som nyleg starta ein bluesklubb. Dei er deirmot bekymra for rekrutteringa, og ville skape blest om bluesen ved å skipe ein liten festival i fiskeværet Veiholmen. Med kyndig hjelp frå styrmann Morten Gjerde kom festivalen i stand, og den fyrste Skjærgårsbluesen fann stad 29. juli - 1. august i sumar. Ken Hensley og Vidar Busk var blant artistane, og festivalen vart ein suksess. Bluesklubben er allereie i gang med planleggjinga av neste års festival.
Steinkjerfestivalen hadde sine fire fyrste år tilhald på ein fotballstadion i utkanten av byen, men ville gjerne flytte arrangementet ned i sentrum. Steinkjer er Noregs best bevarte etterkrigsby, noko festivalen ville spele på både i val av arenaar, og i måten dei profilerte seg på utad. Med styrmann Hilde Berntsen frå NTNU på laget fekk festivalen ei heil skuleklasse med seg i prosessen, som resulterte i fantastisk mange gode idear. Av praktiske årsaker lot ikkje alt seg gjennomføre til festivalen i sumar, men fleire nye arenaar og ny grafisk profil vart take i bruk med stort hell – til trass for at elendig festivalvêr sette sitt preg på arrangementet.
www.norskrockforbund.no Side 11 av 14
Fase 4: Utvikling av kursoppleggMed bakgrunn i dei ulike pilotprosjekta var neste steg å utvikle eit varig kurs-opplegg til Norsk Rockforbund si kursportefølje. Til forskjell frå dei omfattande pilotprosjekta skal kursa kunne gjennomførast i løpet av ein eller to dagar.
Den største utfordringa med å lage eit universelt
kursopplegg om identitet er naturlegvis at det ikkje
finst nokon fasit, og at prosjekta og målsetjingane
kan vera utruleg varierte. Det vart difor tidleg fast-
slege at ein måtte lage ein generell kursmal, som
enkelt kan skreddarsyast etter behova hjå dei ulike
arrangørane.
Hjå dei fleste som vil ha identitetskurs syner det
seg derimot å vera behov for å «røske litt i rota»
til organisasjonen, og jobbe med kjerneverdiane
framfor heilt konkrete prosjekt (som t.d. mat,
grafisk profil etc). På bakgrunn av dette utvikla vi
nokre konkrete øvingar som vil vera nyttige i alle
identitetsprosessar.
Det fyrste testkurset vart gjennomført for den
godt etablerte Buktafestivalen i Tromsø i midten
av oktober. 15 deltakarar frå organisasjonen var
med, og attendemeldingane frå kursdeltakarane
i etterkant var særs gode. 80% meldte at kurset i
stor grad hadde hatt betydning for motivasjonen
deira, og like mange ga toppkarakter til det faglege
innhaldet. Det må vi vera særs godt nøgde med.
Det neste testkurset skal haldast for Studenthuset
Folken i Stavanger, og deretter står æreverdige
Notodden Bluesfestival for tur.
p Ivrige testkurs-deltakarar frå Buktafestivalen har fått oppdraget med å teikne festivalen i form av ein person. Artig og lærerik øving.
p Tromsø-ordførar Arild Hausberg seier si meining om Buktafestivalen på film. Videointervju med omgjevnadane er eitt av virkemidla i kursa.
www.norskrockforbund.no Side 12 av 14
Fase 5: Evaluering, revidering & kvalitetssikringFor å sikre maksimal utnytting av kunnskapen ein har tilegna seg gjennom prosjektperioda er det lagt stor vekt på å dokumentere undervegs, for at ein skal kunne revidere og kvalitetssikre informasjons- og kursmateriell for ettertida.
Den viktigaste delen av dette arbeidet er å revidere
innhaldet i Identitetshandboka, med bakgrunn
i all den praktiske erfaringa vi har fått gjennom
prosjektet. Ein snakkar då både om nye, gode døme
frå arrangørane i pilotprosjekta, men ikkje minst
verkemiddel og framgangsmåtar i arbeidet med å
utvikle og styrke identiteten sin.
Boka, som har vore eit særs viktig verktøy i arbeidet
med pilotprosjekta og testkursa, kan for ettertida
bli eit enno betre verktøy med kunnskapen vi har
tileigna oss mellom permane.
Revideringa er i full gang, og det er planlagt ei
relansering av boka med oppussa innhald og ny
visuell drakt i samband med by:Larm i februar 2011.
p Identitetshandboka «Kunsten å være seg selv» skal reviderast, med nylanse-ring under by:Larm 2011.
www.norskrockforbund.no Side 13 av 14
RegnskapsrapportIdentitetsprosjektet 2008-2010
Budsjett Regnskapsført inkl. dugnad
Prosjektleiar kr 120 000,00 kr 120 000,00
Identitetshandboka kr 250 000,00 kr 323 747,82
Fagseminar kr 385 000,00 kr 408 755,66
Pilotprosjekt kr 450 000,00 kr 637 161,24
Kursopplegg kr 130 000,00 kr 49 950,00
Evaluering og spredning kr 100 000,00 kr 44 200,00
Sum kr 1 435 000,00 kr 1 583 814,72
For detaljerte regnskapstal, sjå vedlegga til rapporten.
www.norskrockforbund.no Side 14 av 14
OppsummeringEtter snart to år med identitetsfokus i Norsk Rockforbund sit vi att med uendeleg mange inntrykk, mykje kunnskap og nye impulsar. Men også ein vissheit om at dette arbeidet berre såvidt er i gang.
Etter kvart som me kom djupare og djupare ned i
materien forstod vi både kor viktig identitetsarbeid
er for arrangørane, men også kor komplekst og
vidt dette temaet er. For som vi har vore inne på før
finst det ingen fasit, det finst berre uendeleg mange
moglegheiter. Men samstundes er akkurat det eit
framifrå utgangspunkt.
Arbeidet med dei seks ulike pilotprosjekta lærde oss
veldig mykje. Både om vellukka framgangsmåtar
og samarbeidsformer, men også om fallgruver og
problemstillingar som ein møter undervegs. Alt
dette var veldig viktig for at testkursa vi køyrer no i
haust har vorte så bra, og at vi får så gode skussmål
frå arrangørane som deltek.
Når ein ser attende på prosessen er det spesielt
moro å tenkje på resultatet ute på forblåste
Frøya. Prosjektet i seg sjølv var ganske konkrét og
lettfatteleg, men arrangørane av Jorddunstfestivalen
hadde vyer og ambisjonar langt utover sin eigen
festivalmat. Og når prosjektet kom i gang, og ballen
byrja å rulle, så fekk den vesle ideen plutseleg
mange og kraftige bein å stå på. Ringverknadar
som får betydning for eit heilt lokalsamfunn. Det er
vi utruleg stolte av å ha fått vera med på. Men det
minner oss også om eit ubestrideleg faktum: Utan
eldsjeler som set seg høge mål kjem vi ingen veg.
All honnør skal difor rettast til dei eineståande og
entusiastiske arrangørane ute i heile Noreg.
Stå på!
p John Deere’n frå Hardanger er trygt planta på Torgallmenningen i Bergen, og klar for å spele hovudrulla i Ugress sin traktorsymfoni.
p Studentane på Institutt for produkt-design på NTNU, som heile vårsemes-teret 2010 jobba med Steinkjerfestiva-len som case.
NORSK ROCKFORBUND
Regnskapsrapport identitetsprosjektet 2008- 2010
Budsjett Regnskapsført inkl dugnadProsjektleder 120 000,00kr 120 000,00kr Identitetshåndboken 250 000,00kr 323 747,82kr Fagseminar 385 000,00kr 408 755,66kr Pilotprosjekt 450 000,00kr 637 161,24kr Kursopplegg 130 000,00kr 49 950,00kr Evaluering og spredning 100 000,00kr 44 200,00kr
SUM 1 435 000,00kr 1 583 814,72kr
BUDSJETT REGNSKAP noter
KOSTNADER
PROSJEKTLEDER
Eirik Høyme Rogn 2009/ 2010 120 000,00kr 120 000,00kr 1
SUM 120 000,00kr 120 000,00kr
IDENTITETSHÅNDBOKEN
Research/ reise/ opphold 15 000,00kr 14 352,57kr
Honorar redaktør 2008 + 2009+ arbgavg 120 000,00kr 118 664,00kr
Honorar bidragsytere/ korrektur 5 000,00kr 7 130,00kr
Foto/ design/ trykk 70 000,00kr 101 131,25kr
Webtilpasning 40 000,00kr 38 720,00kr
Timebruk administrasjon (ref timelister) 43 750,00kr 2SUM 250 000,00kr 323 747,82kr
FAGSEMINAR OM IDENTITET
Innledere/ avvikling 30 000,00kr 26 613,40kr
Reisekostnader 60 000,00kr 59 099,79kr
Lokaler/ overnatting/ bevertning 295 000,00kr 208 732,47kr
Timebruk administrasjon (ref timelister) 114 310,00kr 2SUM 385 000,00kr 408 755,66kr
PILOTPROSJEKT
Reisekostnader 25 000,00kr 21 869,25kr
Prosjektledelse 70 000,00kr
Pilotene 355 000,00kr 275 291,99kr
Timebruk pilotene (arrangør og styrmenn) 340 000,00kr 3
SUM 450 000,00kr 637 161,24kr
UTVIKLING KURSOPPLEGG
Utvikle pedagogisk materiell 40 000,00kr 27 500,00kr 1
Produksjon kursmateriale 20 000,00kr 20 000,00kr 1
Uttesting av kursopplegg 70 000,00kr
Timebruk administrasjon (ref timelister) 2 450,00kr 2SUM 130 000,00kr 49 950,00kr
EVALUERING OG SPREDNINGProsjektledelse 80 000,00kr 40 000,00kr 1
Presentasjon og spredningstiltak 20 000,00kr
Timebruk administrasjon (ref timelister) 4 200,00kr 2SUM 100 000,00kr 44 200,00kr
SUM IDENTITETSPROSJEKTET 1 435 000,00kr 1 583 814,72kr
Vedlegg 1: Detaljert økonomisk oversikt
REGNSKAP IDENTITETSPROSJEKTETNORSK ROCKFORBUND 2008- 2010
NOTER
Note 1Prosjektleder
Eirik Høyme Rogn 2009/ 2010 120 000,00kr Utvikle pedagogisk materiell 27 500,00kr Produksjon kursmateriale 20 000,00kr Prosjektledelse 40 000,00kr Sum 207 500,00kr
Note 2Timebruk administrasjonen, ref. timelister
Bok Seminar Kurs Spredn. SUM TIMER
Gry Bråtømyr 202,5 417,7 620,2
John Olav Hovde 34,5 115,5 150,0
Lars Tefre Baade 13,0 14,0 24,0 51,0
Mariann Skjerdal 40,0 40,0
Monica Larsson 40,0 40,0
Runa Lunde Strindin 40,0 40,0
250 653 14 24
SUM TIMEANTALL ADMINISTRASJONEN 941,2
KOSTNAD ADMINISTRASJONEN (time * kr 175) 43 750,00kr 114 310,00kr 2 450,00kr 4 200,00kr 164 710,00kr
Som buffer er timeantall til daglig leders timebruk utelatt. Dette innebærer at vi i realiteten har brukt mye mer tid på prosjektet enn det som rapporteres.
Til grunn legges en snittinntekt på ca 340.000 per år. Dette er lavere enn de faktiske lønningene.
Tilsvarer en timelønn på ca 175 kroner pr time pr ansatt
Note 3 Timebruk Piloter (arrangør og styrmenn), ref.timelister
KOSTNAD
Netto timebruk styrmenn (timelønn kr 150)Netto timebruk arrangører (timelønn kr 100)
SUM KOSTNAD PILOTENE 340 000,00kr
336 400,00kr 3 600,00kr
Vedlegg 2: Noter
Vedlegg 3: Revisorbekreftelse
TIMELISTER ADMINISTRASJONEN
Total antall timer Ref innleverte timelister/ estimat gjort av hver medarbeider 941,2
Total antall kostnad Basert på snitt timelønn 340.000 pr år/ tilsvarer timelønn kr 175 164 710,00kr Har trukket fra Line Endresens timer, samt basert utregning på timelønn lavere en faktisk lønn (snittpå 385.000) for å legge inn buffer
JOHN OLAV HOVDEDato Hva Timer brukt
02.03.09 Korrektur Kunsten å være…. 7,503.03.09 Korrektur Kunsten å være 7,504.03.09 Bildejobbing Kunsten … 805.03.09 Bildejobbing Kunsten… 7,506.03.09 Bildejobbing Kunsten… 409.03.09 Admin fagseminar 7,510.03.09 Admin fagseminar 6,511.03.09 Admin fagseminar 823.03.09 Admin fagseminar 7,524.03.09 Admin fagseminar 7,525.03.09 Admin fagseminar 7,526.03.09 Admin fagseminar 7,527.03.09 Admin fagseminar + reise 1028.03.09 Fagseminar Bergen 929.03.09 Fagseminar Bergen 1130.03.09 Fagseminar Bergen 831.03.09 Etterarbeid fagseminar 7,501.04.09 Etterarbeid fagseminar 10,502.04.09 Etterarbeid fagseminar 7,5TOTAL TIMEBRUK 150
LARS TEFRE BAADETallene er ca tall basert på innleverte timelister, kallender og e-post korrespondanse Dato Hva Timer brukt01.08.09 Oppstart med Eirik, legge fremdriftsplan Beskrivelse 515.08.09 Bildeinnhenting ID bok nett Telefon, epost 2August Korrektur ID bok nett Epost/telefoner 4August Lansering ID bok nett Kontoret 208.09.09 Utarbeidelse PPT / Pilot Brosjyre Kontoret 115.09.09 Planlegge Id Workshop Tromsø Epost/telefon Eirik 825.09.09 Gjennomføring Id Workshop Tromsø Utarbeide caser, kopiere 807.10.09 Lage PPT til Unionsmøte 109.10.09 Presentasjon ID prosjekt Unionsmøte 123.10.09 Møte med Nisjeland /Bylarm 123.10.09 Arbeidsdag med Prosjektleder Møte 230.10.09 Møte med Ekstern evaluerer Kontor 211.10.09 Søknadsoppfordring / push til medlemmer 221.10.09 Telefonmøte vedr. lansering Epost/telefon/kontor 220.10.09 Møte vedr. søknader Div telefonmøter 201.12.09 Innhente kursledere Epost/telefon/kontor 511.12.09 Coachledersamling Telefon, Epost, møte 3TOTAL TIMEBRUK 51
Vedlegg 4: Timelister administrasjonen (s 1/2)
MARIANN SKJERDALDato Hva Timer brukt26.03.09 Admin fagseminar 927.03.09 Admin fagseminar + reise 1128.03.09 Fagseminar Bergen 929.03.09 Fagseminar Bergen 11TOTAL TIMEBRUK 40
RUNA LUNDE STRINDINDato Hva Timer brukt26.03.09 Admin fagseminar 927.03.09 Admin fagseminar + reise 1128.03.09 Fagseminar Bergen 929.03.09 Fagseminar Bergen 11TOTAL TIMEBRUK 40
MONICA LARSSONDato Hva Timer brukt26.03.09 Admin fagseminar 927.03.09 Admin fagseminar + reise 1128.03.09 Fagseminar Bergen 929.03.09 Fagseminar Bergen 11TOTAL TIMEBRUK 40
GRY BRÅTØMYRDato Hva Timer brukt
01.08.2008 – 17.12.2008Reaserch, idemyldring og redaksjonelt arbeid med Kunsten å være seg selv i 2008 – 20% av totalarbeidstid: 881,5t x 0,20 176,5
01.01.2009 – 01.05.2009Utvikl, programmering, tilrettav Idseminar og videreutv/overføring av idprosjekt i 2009 – 60% av totalarbeidstid: 577t X 0,60 346,2
Div møter/seminar/Lansering 2009:13.01.09 Arbeidsmøte Identitetsbok m Stein Andreassen – 13.00 – 17.00 – 4t 415.01.09 Planlegging identitetsseminar m BRAK – 11.00 – 14.00 – 3t 321.02.09 Arbeidsmøte Kunsten å være seg selv m Stein Andreassen – 3t 321.02.09 Møte innleder “Engelen” identitetsseminar – 1t 102.03.09 Gjennomlesning/ korrektur Kunsten å være seg selv – 09.00 – 14.00 – 5t 504.03.09 Gjennomgang Kunsten å være seg selv m Stein Andreassen - 09.00 – 12.00 – 3t 304.03.09 Overlevering Kunsten å være seg selv m designer – 12.00 – 14.00 – 2t 205.03.09 Gjennomgang Kunsten å være seg selv – 2 t 209.03.09 Tlfmøte Kunsten å være seg selv m designer – 11.00 – 12.00 – 1t 126.03.09 Planleggingsmøte seminar 11.00 – 13.00 – 2t 227.03.09 Admin identitetsseminar + reise – 13t 1328.03.09 Identitetsseminar Bergen – 14t 1429.03.09 Identitetsseminar Bergen + reise – 11t 1121.04.09 Møte KRD – 1t 123.04.09 Møte KRD – 1t 106.05.09 Lansering Kunsten å være seg selv på Rockefeller – 11.00 – 16.30 – 5,5t 5,507.07.09 Idemyldringsmøte ID prosjekt Nedstrand – 14t 1408.07.09 Idemyldringsmøte ID prosjekt Nedstrand – 12t 12TOTAL TIMEBRUK 620,2
Vedlegg 4: Timelister administrasjonen (s 2/2)
Timelister pilotprosjektene- STYRMENNsamlet
Total antall timer Ref innleverte timelister 824
Total antall kostnad Basert på timelønn 300.000 pr år/ tilsvarer timelønn ca kr 150 123 600,00kr
Trekk for 20.000 pr styrmann (40% av sum utbetalt pr pilot) * 6 120 000,00kr
NETTOKOSTNAD STYRMENN- til regnskap 3 600,00kr
Bygdalarm styrmennDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt3.mars 2010 Kjersti Vikør, Brit Aksnes og AK Teigland 3 2 530.mars Kjersti Vikør, Brit Aksnes, AK Teigland, Alvin Vestrheim, Gisle Meyers, Per (Made) etc 6 3 18mars-mai Heimearbied, utarbeiding av skisser 1 5 5heile perioden Div epost og oppfølging 1 3 3
Planlegging pilotframsynsing Landsmøte i Trondheim 1 2 2TOTAL TIMEBRUK 33
Smøla styrmennDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt TotaltDes 2009? Orienteringsmøte Oslo, Norsk Rock Forbund 8Januar 2010 Diverse administrativt forarbeid i forbindelse med forbredelsen til første arbeidshelg 815-17 januar Arbeidshelg og planlegging på smøla: 36
Arbeidsgruppa ble konstituert. Første møte med ulike aktører utenfra (idrettslaget, lydfolk etc)Befaring på alle aktuelle lokaliteter
18.01-30.05 Hovedsakelig mail og telefonsupport/Rådgivning. Mye arbeid i forbindelse med kontraktsinngåelser. 4030.04-02.05 Statusmøte med styringsgruppa. Gjennomgang og rådgivning i forbindelse med praktiske løsninger og festivalprofil 43.05-27.07 Oppfølging og status hver uke i perioden. Konkret rådgivning vedr. kontraktsproblemer med headliner som førte til en 20
krevende runde 14 dager før festivalen. Rådgivning med tanke på ”plan B” løsning om ”worst case” skulle bli resultatet.Redaksjonelt arbeid med artikkel til Blues News om pilotprosjektene generelt og smøla BK spesielt.
28.07-1.08 Gjennomføring. Her var jeg til stede og tilgjengelig for festivalen. Det meste gikk av seg selv og jeg bidro ikke noe særlig 30 utover å være der som en backup.
TOTAL TIMEBRUK 146
Steinkjer styrmennDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt
Styrkvinne Hilde Østerås Berntsen17.01.10-‐19.05.10 Studentprosjekt: faglæreransvar og veiledning 1 150 15007.02.10 Oppstartmøte på Steinkjer: Studenter (15) + Steinkjerfestivalen (3) + HINT (4) + NRF (Eirik) 1 8 819.02.10 Samling under By:Larm: Hilde + Steinkjerfestivalen (3 -‐ timer ført under Steinkjerfestivalen) 1 4 403.03.10 Samling på Steinkjer: Hilde + div aktører (timer ført under Steinkjerfestivalen) 1 5 507.03.10 Samling i Trondheim: Studenter og Steinkjerfestivalen 1 3 316.04.10 Hilde m studenter: Årsmøtet i NRF 1 6 617.04.10 Hilde og Steinkjerfestivalen: Årsmøtet i NRF 1 6 618.05.10 Presentasjon av endelig prosjekt: Studenter + Steinkjerfestivalen + NRF (Eirik og Gry) 1 4 412.12.2009 -‐ d.d Hilde Østerås Berntsen for og med Steinkjerfestivalen 1 300 300TOTAL TIMEBRUK 486
Jorddunst styrmennDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt10.12.09 Eivind Hålien 1 10 1020.12.09 Eivind Hålien 1 2 210.01.10 Eivind Hålien 1 1 121.01.10 Eivind Hålien 1 12 1228.01.10 Eivind Hålien 1 2 201.02.10 Eivind Hålien 1 1 114.02.10 Eivind Hålien 1 8 824.02.10 Eivind Hålien 1 2 211.03.10 Eivind Hålien 1 1 125.03.10 Eivind Hålien 1 1 108.04.10 Eivind Hålien 1 1 1TOTAL TIMEBRUK 41
Rokken styrmennDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt11.12.2009 Tor Åge Eikerapen 1 2 215.12.2009 Tor Åge Eikerapen 1 1 107.01.2010 Tor Åge Eikerapen 1 1 120.01.2010 Tor Åge Eikerapen 1 1 124.01.2010 Tor Åge Eikerapen 1 2 221.01.2010 Tor Åge Eikerapen 1 10 1022.01.2010 Tor Åge Eikerapen 1 10 1007.01.2010 Tor Åge Eikerapen 1 1 108.02.2010 Tor Åge Eikerapen 1 10 1009.02.2010 Tor Åge Eikerapen 1 10 1010.02.2010 Tor Åge Eikerapen 1 1 116.04.2010 Tor Åge Eikerapen 1 4 4TOTAL TIMEBRUK 53
Kroa i Bø styrmennDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt20-21.1.2010 Kari Skippervold, Heidi Elise Kvale, Kristian Rantala, Linda Olsen 4 13 5225.1.2010 Strukturering av første gjennomgang 1 3 315.1.2010 Fremdriftsplan 1 4 418.2.2010 Seminar By:Larm 1 2 201.3.2010 Fremdriftsplan oppsett 1 4 4TOTAL TIMEBRUK 65
Vedlegg 5: Timelister styrmenn
Timelister pilotprosjektene- ARRANGØRERsamlet
Total antall timer Ref innleverte timelister 5164
Total antall kostnad Basert på timelønn kr 100 516 400,00kr
Trekk for 30.000 pr styrmann (60% av sum utbetalt pr pilot) * 6 180 000,00kr
NETTOKOSTNAD ARRANGØR- til regnskap 336 400,00kr
Bygdalarm arrangørDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt2009 Søknad, ideprosess, idemyldring styre 6 4 2407.03.10 AK + Alvin, møte 2 3 609.03.10 AK + Alvin + Brit, møte 3 4 1224.03.10 AK. Budsjett, søknad kommune 1 3 326.03.10 Styremøte, arbeidsdeling 6 2 1228.03.10 Møte marknadsføring, AK, Brit, Higren 3 2 602.04.10 Møte Bergen kommune 1 2 210. - 25.04.2010 Tilrettelegging og oppfylging FB-kampanje 2 10 2025.04.10 Oppfylgingsmøte artist 1 3 326.04.10 Oppfylgingsmøte produsentgruppe 3 3 905.05.10 Opptak traktor + Bygdedyr, Øystese 3 8 2409.05.10 Oppfylgingsmøte styret 6 2 1225.05.10 Styremøte. Prosjekt postkort 6 4 24Veke 22 Prosjekt basar 1 8 8Veke 23 Oppfylging alle kontaktar (artist, produksjon, frivillege, marknadsføring, media). Ferdigstilling. 6 4 2407.06.10 NRK Hordaland 2 3 611.06.10 Arrangementsdag 12 10 120TOTAL TIMEBRUK 315
Smøla arrangørDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt
30.09.09 Anker Møllerop. (lage programblad, plakater, klistermerker og annonser) 25024.03.10 Anker Møllerop. (utorming av kontrakt til Hensley + mailer frem og tilbake) 10024.03.10 Ranja Eivindsdatter. (utorming av kontrakt til Hensley + mailer frem og tilbake) 10019.04.10 Anker Møllerop. Kontrakter øvrige band 1219.05.10 Anker Møllerop. Oppsetting av budsjett for festivalen 2019.06.10 Anker Møllerop. Sette opp plan for gjennomføring 1019.06.10 Arne Aure. Sette opp plan for gjennomføring 1014.07.10 Linn Jeanette Møllerop. Sette opp plan for matlaging og salg i buer 20
25/7-1/8-10 Jon Sivertsen,Tonny Iversen, Øyvind Rene Grøvdal, Arne Aure, tilrettelegging og gjennomføring 4 25 10027/7-1/8-10 Bussjåfører, Ola Sivertsen, Roger Bakk, Arne Aure 3 10 3027/7-1/8-10 Alle vakter og de som solgte mat i matbodene. 30 5 1501 og 2 aug. Etterarbeid med rydding etc. Jon Sivertsen, Anker Møllerop, Arne Aure, Sivert Holberg ++ 10 10 10018.09.10 Anker Møllerop. Justering av budsjett, møte med Smøla Kommune kl 17:00
TOTAL TIMEBRUK 902
Steinkjer arrangørDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt TotaltStudenter ved Institutt for produktdesign NTNU17.01.10-19.05.10 Studentprosjekt 15 150 225007.02.10 Oppstartmøte på Steinkjer: Studenter (15) + Steinkjerfestivalen (3) + HINT (4) + NRF (Eirik) 20 8 16007.03.10 Samling i Trondheim: Studenter og Steinkjerfestivalen 15 3 4516.04.10 Presentasjon på Årsmøtet i NRF 8 6 4818.05.10 Presentasjon av endelig prosjekt: Studenter + Steinkjerfestivalen + NRF (Eirik og Gry) 17 4 68
Steinkjerfestivalen07.02.10 Oppstartmøte på Steinkjer: Studenter (15) + Steinkjerfestivalen (3) + HINT (4) + NRF (Eirik) 3 8 2419.02.10 Samling under By:Larm 3 4 1203.03.10 Teamledersamling på Steinkjer: Hilde, SF ledelse + SF frivillige 50 5 25007.03.10 Samling i Trondheim: Hilde, studenter og Steinkjerfestivalen 1 3 317.04.10 Årsmøtet i NRF 2 6 1218.05.10 Presentasjon av endelig prosjekt: Studenter + Steinkjerfestivalen + NRF (Eirik og Gry) 2 4 8
I TILLEGG:
12.12.2009 - d.d. Svein Bjørge 1 20 20Kristel Knutsdatter 1 20 20Stig Ørnvall 1 20 20
TOTAL TIMEBRUK 2940
Jorddunst arrangørDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt
Møte med Eivind 3 3 9Møte Trondheim med Oi Trøndersk mat inkludert reise 1 8 8Frøya videregående skole forberedleser 12 15 180Egne forberedelser 1 10 10Festivalgjennomføring 10 10 100
TOTAL TIMEBRUK 307
Vedlegg 6: Timelister arrangørar (s 1/2)
Rokken arrangørDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt17.12.09 Camilla Auflem Vik 1 1 111.01.10 Camilla Auflem Vik 1 2 218.01.10 Camilla Auflem Vik 1 3 320.01.10 Camilla Auflem Vik 1 1 121.01.10 Camilla Auflem Vik 1 10 1021.01.10 Styret 5 4 2021.01.10 Hovudansvarlige 4 2 822.01.10 Camilla Auflem Vik 1 4 423.01.10 Frivillige 4 2 826.01.10 Camilla Auflem Vik 1 1 107.02.10 Camilla Auflem Vik 1 1 108.02.10 Camilla Auflem Vik 1 10 1008.02.10 Frivillige 30 3 9009.02.10 Camilla Auflem Vik 1 10 1009.02.10 Frivillige 25 4 10015.02.10 Frivillige 15 3 4516.02.10 Camilla Auflem Vik 1 1 118.03.10 Styret 8 1 812.04.10 Styret 8 1 816.04.10 Camilla Auflem Vik, Jan Ola Ellingvåg, Roar Hide Klausen 3 8 24TOTAL TIMEBRUK 355
Kroa i Bø arrangørDato Namn på deltakarar Antal Timar brukt Totalt20-21.1.2010 Kari Skippervold, Heidi Elise Kvale, Kristian Rantala, Linda Olsen 4 13 5226.01.10 KK møte (11 stk i styret) gjennomgang av hva Kroa er, hva vi kan bli etc 11 2 2209.02.10 Per Magnus Sandsmark, Heidi Elise Kvale- gjennomgang av stikkord og levering 2 1 218.02.10 Heidi Elise Kvale, Kristian Rantala- seminar på By:larm om pilotprosjektet 2 2 404.03.10 Heidi Elise Kvale, Kristian Rantala- gjennomgang av framdriftsplan fra Kari 2 3 6mars.10 Per Magnus Sandsmark- lage frivillighetsrapport om Kroas frivillige 1 15 15januar- d.d. Per Magnus Sandsmark- infoskriv fra KK møter til hele huset, 20 min hver tirsdag 1 5 5apr.10 Henriette Hope, Linda Olsen- Kroaguiden 2 15 30apr.10 Kristian Rantala- Kjøreplanmal til arrangement- for bedre oversikt/info flyt 1 2 2apr.10 Heidi Elise Kvale- Framdriftsplan identitetsprosjektet 1 6 609.04.10 frivillige på Kroa- identitetsworkshop 50 3 15013.04.10 gjennomgang av workshop på KK møte, 11 stk 11 2 2215.04.10 Powerpointpresentasjon til landsmøte, Heidi Kvale, Kristian Rantala 2 6 1216.04.10 mailversjon av presentasjon- Heidi Kvale, framføring av Eirik H.R. På landsmøte 2 1 217.04.10 Presentasjon av identitetsprosjektet, NRF landsmøte: Heidi K., Kristian R. 2 0,5 1januar-d.d. mailkorrespondanse: Heidi Kvale (fra Kroa) 1 5 502.03.10 Telefonintervju ang pilotprosjektet- Heidi Elise Kvale 1 2 2mai.10 Designbrief til Kreativ Strek. Heidi Elise Kvale 1 7 7aug.10 Implementering av ny logo/design/ visuell profil 0sommer 2010 Frivillige på Kroa/ KK styret: dugnad 0TOTAL TIMEBRUK 345
Vedlegg 6: Timelister arrangørar (s 2/2)