Top Banner
God jul LUSTRA nytt Nr. 2 • 2014 19. årgang KOMMUNALT INFORMASJONSMAGASIN FRÅ LUSTER KOMMUNE
68

Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Oct 16, 2020

Download

Documents

dariahiddleston
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

God jul

LUSTRAnyttNr. 2 • 2014 19. årgang

KOMMUNALT INFORMASJONSMAGASIN FRÅ LUSTER KOMMUNE

Page 2: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

L U S T R A N Y T T

Ordføraren har ordetDagane går no raskt framover mot høgtid og jule-feiring, og soli har krope bakom himmelsjå fleire stader i kommunen vår. Godt å tenkje på at om få dagar snur soli og dagane lengnar att. Samstundes er det mykje bra med mørke kveldar og, tempoet i kvardagen vert litt slakkare, me held oss meir i ro og kan drive med aktivitetar me elles ikkje gjer så mykje av.

Reformer i landetOgså denne hausten har det vore rikeleg å ta tak i frå ordførarkontoret. Fleire store reformer «rullar» utover landet, oslomakta har bestemt at alt skal sjåast på, med noverande regjering i spissen, men truleg har dei også god støtte for dette i Stortin-get. AS Norge skal effektiviserast, noko som med slik ordlyd tyder sentralisering. Alt frå høgskule, brannberedskap, flyplass, helseberedskap og inn-tektssystemet til fylkeskommunen og kommunane samt mykje meir vert no gjennomgått med mål om å omstrukturere. For eit fylke som Sogn og Fjor-dane vert dette spesielt utfordrande, med 100 000 menneske fordelt i eit vidstrakt og kronglete fjord- og fjellfylke.

I tillegg til alt dette går kommunereforma. Det skjer mange svært store ting på ein gong. «Land-skapet» no er relativt uoversiktleg, og av og til undrar eg meg på om Staten sjølv heilt har kon-troll på alle parallelle reformer og prosessar. For meg som ordførar har det vore viktig å stå opp for det som betyr noko for oss i Luster, men også for oss i Sogn. Me er ein felles bu- og arbeidsmarknad og arbeidsplassar i Leikanger og Sogndal er også viktige for oss. Det er difor flott å sjå den fine utviklinga me har hatt på nordsida av Sognefjorden, me har jamn fin folketalsvekst i alle tre kommunane. Spesielt gledeleg er det å sjå at for Luster er det no i tillegg til gode fødselstal auka tilflytting som gjev resultat. Fleire og fleire vel å etablera seg i Luster med hus og heim. Dette er ei utvikling me alle ynskjer vel-kommen. Og om trenden ikkje endrar seg mykje i siste kvartal, vil me framleis vere over 5100 lus-tringar no ved årsskiftet.

Stor satsing på bustadfelt i LusterKommunestyret har i denne perioden vore svært opptekne av å få på plass nye attraktive bustad-område og ledige tomter i heile kommunen. Dette har me no i stor grad lukkast med å få til. For-

mannskap går i forslaget til budsjett for 2015 inn for å investere 32 millionar kroner på bustadfelt. Dette er ei svært stor satsing. Truleg den største me har hatt nokon sinne innafor dette området på eitt år. Men eg meiner denne satsinga er rett og avgjerande om me ynskjer å trekke til oss nye lustringar samt tilby ungdomane våre attraktive buplassar.

Borhaug i Solvorn er ferdig opparbeidd og der er det alt seld to tomtar og det er førespurnad på to til. På Beheim 2 på Hafslo er arbeidet med oppar-beiding i full gang. Her legg me ut 22 einebustad-tomter og 3 rekkehus med til saman 7 bueiningar, i tillegg er det planlagt 2 terrassehus med til saman 16-20 leilegheiter. Dette vil gje mellom 45 og 50 nye bueiningar på Hafslo. I tillegg er det nokre mindre private reguleringsområde, samt eit pro-sjekt med å utnytte resttomtar i Beheim 1. På Indre Hafslo er no byggjefeltet i Lundshau-gen fullt. Her har me alt byrja sjå på utviding av byggjefeltet gjennom arbeidet i kommuneplanen. Målet er å gå i gang med regulering av nye tomter når ein er klar med grunnspørsmålet, det same gjeld også for Marifjøra. I Gaupne er me godt i gang med Verket 2. Må-let her er å komme i gang med opparbeiding av området så snart konkurransegrunnlaget og anbodsrunde er gjennomført, det same gjeld også for området Salen. På Nes er det eit privat felt

Dei folkevalde i Luster prioriterer bustadfelt høgt, og legg til rette for bustadbygging fleire stader i kommunen. Beheim 2 på Hafslo er nyss lagt ut for tomtesal, og her på Borhaug i Solvorn har me selt to tomtar og har førespur-nad på to til, fortel ordførar Ivar Kvalen.

Page 3: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Rådmannen har ordet

Budsjettarbeidet IIJa, budsjettarbeidet var tema i Lustranytt i fjor og no er det innspurt på eit nytt budsjettarbeid og det er gjerne endå større grunn til å skrive litt om arbeidet dette året. -Dette fordi at i kommunen så er dette den viktigaste saka i året, det er her me planlegg tenester, tilbod og utvikling i kommunal regi i det kommande året og vidare framover. -Dette og fordi kommuneøkonomien i Luster denne hausten møter endå større utfordringar enn me tidlegare har hatt i budsjettarbeidet.

I utgangspunktet har Luster hatt og har ein solid kommuneøkonomi. På nær sagt alle område har me gode tenester og tilbod og driv eit aktivt utviklings- og næringsarbeid. Det er og slik at den gode økonomien har gitt høve til å ha ein desentralisert struktur på fleire område og spesielt dei store kommunale tenesteområda oppvekst og omsorg. Overskotsøkonomi har og vore nytta til eit aktivt nærings- og utviklingsarbeid. Det generelle driftsnivået i Luster er elles ikkje så mykje ulikt andre kommunar.

Reduksjon i kraftinntekteneDen gode kommuneøkonomien må i all hovudsak tilskrivast kraftutbyggingane og inntektene derifrå. Det er her det no er svikt. Det kan tydeleggjerast med desse tala;-I 2010 hadde kommunen ved sida av rimeleg straum til eige forbruk 20 millionar kroner i

gevinst på sal av konsesjonskraft, i år kan me rekne med 7,5 millionar kroner i gevinst. - I 2013 fekk me eigedomskatteinntekter, i hovudsak frå dei store kraftverka på 65 millionar kroner. Neste år må me rekne med at eigedomsskatten vert under 60 millionar kroner.

Me har dei siste åra budd oss litt på denne situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde vil ikkje vere tilstrekkelege og det vert krevjande arbeid å skape balanse i økonomien

som har flott utvikling. Fleire nye hus er under oppføring her. Inne i Luster har kommunen kjøpt eit ferdig regulert område på Kvitevollen. Arbeidet med konkurransegrunnlaget er i gang og målet er å få det ut på anbod så fort som mogleg. Bolstadmoen i Skjolden er ferdig regulert. Her ventar me på arkeologiske utgravingar før me kan ta stilling til vidare prosess, men målet er å få tilgang til nokre tomter raskt og som ikkje er i konflikt med arkeologane. I Fortun legg med no til rette for bustadbygging på feltet vårt på Drægni. Me har arbeidd med å få på plass kommunalt drikkevatn. Den kommunale gjennomgangsbustaden vert og lagt til byggefeltet på Drægni. I arealdelen i kommuneplanen som kommunestyret skal vedta utpå nyåret, har me og lagt inn nye område for bustadbygging. Dette for å

vera i forkant med nye tomter når behovet melder seg.

Eg meiner at med dei konkretet grepa me no har gjort, er kommunen godt rusta til å ta imot mange nye lustringar i åra framover. No har me lagt til rette for at kommunen kan halde fram med den fine utviklinga me har hatt glede av dei siste åra.

Til slutt vil eg ynskje alle ei god og fredeleg jul og alt godt i det nye året!

L U S T R A N Y T T

1

ordførar

Page 4: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

framover.For å avhjelpa situasjonen, løyser me opp og brukar av reservar. Me nyttar avdragsutsetjing på lån, då me har betalt noko meir enn kravet. Me skubbar og fordelar pensjonsplikter, som det er lov til, og me brukar av oppsparde fond.

Skal ein få betre balanse i økonomien igjen så må tiltaksarbeidet for reduksjonar og endringar vidareførast då det ser ut til at den svekking av rammevilkåra som har råka Luster vert av meir permanent karakter. For økonomiplanperioden så er det ingen prognosar på betre kraftprisar og auke i eigedomsskatt som vil heva inntektsnivået igjen.

Det vil og vere slik at på mange av driftsområda er dei «enkle» innsparingstiltaka nytta og det vert stadig meir krevjande å hente innsparingar. Rådmannen skal vere open for

at ein framleis kan effektivisere innan eksisterande strukturar og dette arbeidet må halde fram. Men rådmannen kan vanskeleg sjå at ein god balanse i økonomien kan nåast utan at ein er villig til å drøfte og gjennomføre strukturelle grep og tilpassingar på område der kommunen har eit høgt kostnadsnivå. I budsjettet ligg det noko utgreiingsarbeid som kan gi grunnlag for å realisere tiltak på fleire område innlagde i økonomiplanen. Skal ein unngå å bruke for mykje fond/bruke opp fonda i drifta er det heilt naudsynt at dette arbeidet vert teke på alvor. Rådmann syner elles til meir detaljert informasjon i «budsjettboka» som ein finn på heimesida till kommunen.

Investering- og utviklingsarbeidHeldigvis så handlar ikkje alt om nedskjeringar sjølv om ein fort vert prega av den økonomiske nedturen.Ei stor utbygging av Hafslo barne- og ungdomskule,

nødvendig renovering av rådhuset og tilrettelagde tomtar i alle bygdelaga i kommunen er prioriterte investeringstiltak. I drifta skal me få til den nye kjøkenordninga, etablere oppvekstbibliotek i skular og barnehagar, betra integreringsarbeidet for flyktningar og innvandrarar, og i regi av bustadstiftinga gå i gang med ei større bustadbygging i Gaupne som lekk i det bustadsosiale arbeidet. Me vil få eit godt budsjett for Luster kommune også neste år.

Det skal bli gode tenester, forsvarleg drift og utviklingskraft også i 2015.

Eg ynskjer og jul og godt nytt år!

Jarle Skartunrådmann

Byggjer utleigebustader i GaupneLustranytt har tidlegare hatt omtale av bustadprosjekt på gamle barnehagetomten attmed ungdomshuset i Gaupne. No har kommunestyret vedteke reguleringsplanen for prosjektet, og

godkjent stiftinga Luster Utleigebustader sitt utbyggingsprosjekt på til saman 18 husvære. 12 av husværa har 2 soverom og 6 har 1 soverom. Husværa som har 2 soverom er på vel 70 kvadratmeter.

Kva skjer vidare?– Bygget vert planlagt i 2 etasjar med etasje- og leilegheitskilje i betong.– Anbod vert sendt ut i mars 2015.– Ferdigstilling vert planlagt til mai 2016.

2

L U S T R A N Y T T

Page 5: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Opningstider i jula

Luster legekontor held stengt på julafta og nyårsafta. 29/12 og 30/12 er kontoret ope kl. 09.00-14.00. Legevakt 57681555.

Teknisk drift har ope som vanleg i jula, dvs. 24.12 og 31.12 kl.07.30 – kl.12.00. Kommunalteknisk vakt 481 02120 kan nyttast til meldingar/ beskjedar om viktige hendingar på veg- vatn- og avløpsnettet.

SimasÅpningstider for Miljøstasjon:Måndag 22. desember kl. 12.00-18.00Måndag 29. desember kl. 12.00-16.00

Rådhusetheld stengt på julafta og nyårsafta. 29/12 og 30/12 er rådhuset ope kl. 09.00-14.00.

NAVheld stengt på julafta og nyårsafta. 29/12 og 30/12 er NAV kontoret ope kl 10.00 – 15. 00Telefontid kl 10.00 – 1530.

BiblioteketHovudbiblioteket Gaupne:Søndagsope 14.des kl 14.00-18.00Stengt julafta og nyårsafta. Ope tysdag 30.12 kl 11.00-14.00 Bibliotekavdelingane på Hafslo, Skjolden og Veitastrond er stengde i skuleferien.Kommunestyret handsamar sak om bibliotektenesta i møte den 18. desember. Det er tilrådd endringar i tilbodet. Informasjon vil kome på heimesida og i avisa.

Framleis vekst i folketalet

Folketalet for 3. kvartal 2014 syner framleis vekst for Luster kommune. Det er fødd heile 20 barn i dette kvartalet, og 9 personar døydde. Det flytte 81 personar til kommunen, medan 66 flytte ut. Det gjev ein folkevekst på 26 personar, slik at den 1. oktober 2014 budde det 5105 personar i Luster.Dei fyrste 3 kvartala i 2014 er det fødd 55 barn i Luster, det er faktisk berre 4 kommunar i fylket som har fleire fødde i denne perioden.

Vi toler godt å bli fleire. Driv gjerne reklame for Luster om du veit om nokon som vurderer å flytte!

Folketal pr.01/01 -98: 5095Folketal pr.01/01 -99: 5035Folketal pr.01/01 -00: 5003Folketal pr.01/01 -01: 4954Folketal pr.01/01 -02: 4968Folketal pr.01/01 -03: 4924Folketal pr. 01/01-04: 4926Folketal pr. 01/01-05: 4927Folketal pr. 01/01-06: 4889Folketal pr. 01/01-07: 4884Folketal pr. 01/01-08: 4870Folketal pr. 01/01-09: 4879Folketal pr. 01/01-10: 4945Folketal pr. 01/01-11: 5023Folketal pr. 01/01-12: 5026Folketal pr. 01/01-13: 5041Folketal pr. 01/04-13: 5049Folketal pr. 01/10-13: 5114Folketal pr. 01/1 - 14: 5089Folketal pr. 01/4 - 14: 5076Folketal pr. 01/7 - 14: 5079Folketal pr. 01/10 - 14: 5105

Endringar i 2014 : Fødde: .. 55Døde: .. 35Innflytte:.. 159Utflytte:.. 163

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå, kvartalsvis befolkningsstatistikk.NB! Talmaterialet for endringar siste kvartal er førebelse tal.

Breiband på Skjolden

Luster kommune saman med 22 andre kommunar i Sogn og Fjordane sende i sommar søknad om å få statlege løyvingar til breibandutbygging. Post og teletilsynet løyvde midlar i oktober, 39 millionar til fylket vårt. Formannskapet i Luster kommune har prioritert utbygging til innbyggjarane på Skjolden.

Det vert no jobba med konkurransegrunnlaget i samarbeid med fylkeskommunen. Etter at utbyggar er vald, mars 2015, vil det bli halde eit informasjonsmøte.

L U S T R A N Y T T

3

Page 6: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Nye lustringar- Fortel litt om dykk/deg sjølv?Me er ein familie på fire som består av Larisa (42) frå Ukraina, Sasha (21, bur og jobbar i Oslo), Stina (9) og meg (43). Me håpar også at Sasha kjem til Skjolden etter kvart, og kanskje også mor til Larisa. I tillegg til oss har me to chihuahuaar å ta oss av: Emil og Miley.- Kvifor flytte de til Luster og kva er det beste med å bu her?Me flytte til Skjolden for å komme nærare familie og vener, og så trur eg at Luster kommune er ein trygg og god plass å vekse opp. Det er gode tilbod her i Skjolden, god skule med gode lærarar, hyggeleg nærbutikk.Etter å ha budd i Oslo sidan 1995 flytte me heimatt til Skjolden no i mai månad. Eg

vaks opp i Mørkridsdalen og kjøpte sommarhus i Skjolden i 2006 ved sida av Bolstad Camping. Det hadde heile tida vore i tankane å flytte tilbake, men den endelege avgjerda tok me i vinter. Me sa opp jobbane våre og tok ein sjanse på at det ville ordna seg etterkvart. Det skulle vise seg at me var heldige. Larisa fekk jobb i SFO i Skjolden oppvekstsenter og eg fekk prøve meg som dagleg leiar i Luster Grønt AS. Dette var ein stor kontrast til bylivet i Oslo, men me har ikkje sakna byen eit sekund i ettertid. Stina (9) fann seg fort til rettes også. Med oss på lasset kom også birøkt som felles prosjekt (SogneHonning). Det var ei utfordring å få tak i bier her i Sogn på grunn av den tøffe vinteren året før, men

med litt ”detektivarbeid” gjekk det i orden. Det har vore ein spennande og lærerik sommar både med bær og bier. Neste år håpar me å auke kubetalet etter avl og vil drive meir aktivt med pollinering hjå bær- og fruktdyrkarar. Karrieren i Luster Grønt vart dessverre kortvarig. Eg måtte seie opp stillinga på grunn av ny jobb i Sognekraft i Sogndal der eg starta i november. - Kva kan bli betre i Luster?Det dårlege med Luster kommune er vel vegane. Det har blitt betre litt etter litt, men det går for seint. Sognefjellstunnelane bør komma snarast.

Terje, Larisa og Stina flytta til Skjolden i mai månad og trivst godt.

Terje Anton Gudmundsson flytte med familien sin frå Oslo

4

L U S T R A N Y T T

Page 7: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Odd-Geir Høyheim og Christianne Kvam byggjer hus på Neshøgdi og håpar å flytte inn sommaren 2015. Borna Sivert (4) og Mikkel (1) skal få vekse opp nær besteforeldra sine.

Me er ein familie på fire. Christianne (31), Odd-Geir (32), Sivert (4) og Mikkel (1). Me flytta attende til Luster i fjor sommar. Me bur no i Gaupne, i ei kjellarleilegheit hjå flotte husvertar. Me er i startfasen på husbygging, og håpar å kome i eige hus sommaren 2015. Odd-Geir jobbar som NDT-operatør på LMI i Gaupne. Ein arbeidsplass med godt miljø og hyggjelege kollegaer. Fram til midten av januar skal han ha farspermisjon med minstemann. Christianne jobbar som lærar ved Luster ungdomsskule, noko som er draumejobben med kjekke fag og greie elevar. Dessutan er kollegane svært greie og hjelpsame.Sivert går i Gaupne barnehage og er nøgd med det. Flinke barnehagetilsette gjer kvardagen enklare for store og små. Mikkel er heime med far og kosar seg med det. Me håpar på barnehageplass på nyåret.- Kvifor flytte de til Luster?Me er begge oppvaksne i Luster, Odd-Geir på Høyheimsvik og Christianne på Hafslo. Me flytte til Bergen der Christianne studerte og Odd-Geir jobba. Etter Sivert kom til verda i 2010 tenkte me heile tida tanken om å flytta heim. Og i 2013, då me venta på Mikkel, bestemde me oss for at det var rett tidspunkt å venda nasen til Luster igjen. Det var hardt å forlata vener, familie og alle godene i Bergen, samstundes som det var svært godt å koma tilbake. Ikkje minst med tanke på dei

flotte besteforeldra på Hafslo og Viki som alltid stiller opp. Tanken på at ungane våre skulle vekse opp i nærleiken av dei var absolutt ein av dei viktigaste faktorane. Samstundes som me vaksne ynskte å flytta nærare både familie og mange av våre gode vener her. Den fantastiske naturen er noko me ynskjer borna våre skal få eit nært forhold til. I tillegg til dette stod det ei aldeles nydeleg tomt og venta på Nes. Huset byrjar i desse dagar å ta form, og husdraumen er eit faktum. Me gler oss til å flytta inn i eit triveleg nabolag på Neshøgdi.- Kva er det beste med å bu i Luster kommune?Menneska som bur her er absolutt det beste. Me likar å reise på besøk, og her er det mange med vidopne dører og kaffikoppen klar. Me vart godt mottekne på arbeidsplassane våre, og generelt er folk svært hyggjelege og hjelpsame.Naturen er også noko me verdset, og skal bli endå flinkare å nytta oss av til alle årstider. Lustrabadet er eit fantastisk tilbod, og me skal utan tvil fornye årskorta våre der.

- Kva kan Luster kommune bli betre på?Det er vanskeleg å få ein stad å bu, spesielt om ein ynskjer å leige for ein periode. Me har sjølv erfaring med dette, og veit om fleire som har sett etter husvære lenge. Ynskjer ein fleire tilflyttarar bør dette bli betre.

Christianne Kvam og Odd-Geir Høyheim ville attende til Luster

L U S T R A N Y T T

5

Page 8: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Valdagen blir måndag 14. september. Det kan du alt no krysse av i kalenderen din. Om du ikkje kan stemme den dagen, kan du stemme på førehand.

Lukke til med nominasjonsarbeidet!Partia som ynskjer å stille til val ved kommunevalet til hausten, må levere inn framlegg på valliste innan 31. mars 2015 kl. 12.00. Me gjer merksam på at listene må vere komne til rådhuset v/valstyret innan denne fristen. Det er ikkje nok at dei er poststempla denne datoen.Det er valstyret i kommunen som godkjenner listeframlegga.

16 og 17 åringane frå Luster får stemme på kommunevaletI Lustranytt i sommar kunne du lese at Luster søkte om å få delta i nytt forsøk med stemmerett for 16 og 17 åringar. Ungdomane frå Luster får ein unik sjanse, saman med ungdom frå 19 andre kommunar i landet.Dei ungdomane som gjekk ut av 10. klasse i vår, har hatt valinformasjon og demokratiopplæring.Dei som går i 10. klasse dette skuleåret, vil få besøk frå rådhuset ut på våren.

Framover mot valet vil det bli presentert valinformasjon på luster.kommune.no og i Lustranytt sitt sommarnummer.Følg også Luster kommune på Facebook.

Kommunebarometeret 2014 syner at Luster var sjuande beste kommune i landet i kategorien grunnskule. Sogn og Fjordane er elles godt representerte på topp 10. Førde, Eid, Fjaler og Leikanger ligg føre Luster på lista og Balestrand ligg rett bak.

Bakgrunnen for barometeret er offentleg statistikk om

nasjonale prøvar i lesing, engelsk og matematikk, standpunktkarakterar og eksamensresultat, gruppestorleik, utdanningsbakgrunnen hjå lærarar, spesialundervising, SFO, Elevundersøkinga og fråfall.

Kommunane i trivselsfylket er vanlegvis høgt oppe på

slike skulerangeringar. Dette gjer at Sogn og Fjordane vert sett på som annleisfylket i Skule-Noreg. Elevane her presterer så mykje betre enn forventa at det har vorte eit eige forskingsprosjekt kalla «Lærande regionar». Der vert Sogn og Fjordane samanlikna med fylka Aust-Agder, Oppland og Nord-Trøndelag.

Sogn og Fjordane og Lusterpå skuletoppen

Kommunevaltil neste haust

6

L U S T R A N Y T T

Page 9: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Sogn og Luster har gode røynsler med fagnettverk. Her er det kommunalt fagnettverkmøte i matematikk. Både skule og barnehage møter i nettverket, noko som gjer nettverket til ein særs viktig og nyttig fagleg møtestad.

Målet er at forskingsprosjektet skal gje kunnskap om kva som skal til for å betra grunnleggjande ferdigheiter for alle elevar. Resultatet av den omfattande forskinga skal leggjast fram neste år, og det skal verte spennande å sjå kva faktorar forskarane meiner gjer elevane i Luster og resten av fylket så gode.

Når lesingog skrivinger vanskelegFor mange skuleelevar stokkar det seg litt når dei les eller når dei skriv. Det kan vera at bok-stavane «hoppar» på papiret når dei les, det kan vera vanskeleg å forstå eller uttala lange ord eller det kan ta ekstra lang tid å lesa. Når dei skriv byter bokstava-ne plass, det vert ofte dobbelt konsonant når det berre skal vere ein. Til liks med resten av Skule-Noreg er det også i Luster mange elevar som har spesifikke lese- og skrivevanskar (dysleksi) eller generelle lese- og skrive-vanskar.

Omtrent 5 % av befolkninga har dysleksi. Det er mange fleire som har generelle lese-

og skrivevanskar. Dette er ei stor utfordring sidan lesing og skriving har vorte så viktig i samfunnet vårt, både i skulen og seinare i arbeidslivet. Det må seiast at det er ingen samanheng mellom dysleksi og evnenivå. Å ha ein vanske betyr ikkje at ein ikkje kan verta flink. Omfattande etterutdanning i LusterDette skuleåret tek 27 lærarar, skuleleiarar og PPT i kommunen eit lengre etterutdanningskurs i regi av DysleksiNorge. Målet er at kursinga skal gje meir kunnskap om dette feltet slik at ein vert betre i stand til å tilpassa opplæringa for elevar med lese- og skrivevanskar. Også fleire foreldrepar tek dette kurset. I tillegg tek 12

barnehagelærarar eit tilsvarande kurs om språkutvikling. At det har vore så stor oppslutnad om denne etterutdanninga er særs positivt og lovande.

DysleksiNorgeInteresseorganisasjonen DysleksiNorge har eit breitt og godt tilbod til både skular, føresette og elevar. Det er mange ulike typar kurs, og medlemsbladet har nyttige artiklar for både skule og heim. DysleksiNorge har eit lokallag i Sogn: Dysleksi Sogn

Lokallagsleiar er Ellen Berit Berg med kontaktinfo [email protected] / 95 14 89 88www.dysleksinorge.no

L U S T R A N Y T T

7

Page 10: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

God lesedugleik er ein sentral kompetanse i dagens kunn-skapssamfunn. Før skulestart i haust blei det innført ein overordna felles le-seplan for alle barnehagane og grunnskulane i Luster.

Den kommunale leseplanen er laga av skulane og barnehagane i fellesskap og set mål både for den grunnleggjande leseopplæringa og den andre leseopplæringa. Den andre leseopplæringa vil seie det å lese for å lære, å bruke bestemte lesestrategiar for lettare å forstå det ein les.

Hovudmåla er å få barn og ungdom til å like å lesa og til å bli dyktige lesarar. Lesing er ein grunnleggjande ferdigheit som er sentral i alle fag. Det gjer også at alle lærarar i skulen er leselærarar. Leseplanen seier noko om mål for lesinga på ulike alderssteg og korleis ein kan arbeide med lesing på ein strukturert måte.

I barnehagen dreier det seg mykje om høgtlesing og å stimulere til leselyst. Gjennom lesing og samtalar utviklar barna omgrep og får auka ordtilfang. Slik er lesing – både heime og i barnehagen – ein viktig ingrediens i språkutviklinga hjå barna. Å få foreldra aktivt med i barna si leseutvikling er eit mål både i barnehagen og i skulen.

OppvekstbibliotekI haust har folkebiblioteket, oppvekst og rådmannen samarbeidd om ein eigen bibliotekplan som skal handsamast i kommunestyret 18. desember. Dei mest aktive boklånarane i kommunen er barn og ungdom.

Eit hovudtiltak i bibliotekplanen er å forsterke alle skulebiblioteka, særskilt på oppvekstsentra gjennom oppretting av såkalla oppvekstbibliotek. Dette vil vera kombinerte skule- og barnehagebibliotek. Mellom anna er det føreslege at det skal vera mini-utlån av bøker i alle barnehagar. Biblioteka er også ein ypparleg stad for litteraturformidling, boksamtalar og andre spennande leseaktivitetar. Biblioteksatsinga kan innebera mykje lesemoro dei komande åra.

Oddbjørg Ese, Milla og Julia frå Jostedal barnehage demonstrerer metoden dialogisk lesing for politikarane på temadag Oppvekst i kommunestyret.

Systematisk lesesatsing i Luster

Mini-utlån av bøker i Jostedal barnehage.

8

L U S T R A N Y T T

Page 11: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Lotteri med gevinstar som du får med deg «på direkten» skapar ekstra stor spenning – og forbrødring. Marie Skamsar Aasen og Jasmin Kageni Namu gjorde ein flott jobb som loddseljarar.

Markering av FN-dagen

Arrangørane som i år var samansett av Luster Frivilligsentral, representantar frå busette flyktningar i Luster og Folkeakademiet Luster hadde fokus på tema: «Frå innvandrar til medborgar» under markeringa av FN-dagen i oktober 2014. Ein viktig del av motivasjonen for dette arbeidet ligg i den interessa som lokalbefolkninga viser, sa Mary Aasen på vegne av arrangørane.

Arve Bjørn Røneid på trekkspel godt hjelpa av elevar i 2. og 4. klasse ved Gaupne skule fekk heile forsamlinga med seg på Lustrasongen som allsong. I tillegg framførte dei fleire songar som dei hadde øvd inn til markeringa av FN-dagen.

Eritrea markerte seg under den internasjonale festen i år med musikarane Romi (nr. 1 bak frå venstre -song) og Romdan (nr. 3 bak f.v. - piano) Shefa.

L U S T R A N Y T T

9

Page 12: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Hafslo barnehage har vore under rehabilitering og utbygging, og den stod ferdig for innflytting att til oppstart 15. august 2014. I byggetida har borna og tilsette vore i lag med Gamlestova barnehage. Det har vore eit flott år prega av godt samarbeid. Vi fortset det gode samarbeidet, men er no i kvar vår barnehage att.

Hafslo barnehage har fått nye gode og flotte lokale, for både små og store. Det er gode tilhøve for læring, leik og omsorg for borna. Personalet har fått gode arbeidstilhøve i eigen personalavdeling. Barnehagen har utvida frå 36 til 60 plassar og har 3 avdelingar med born i alderen 0-6 år.

Fredag 21. november var det klart for opningsfest. Ordføraren vår, Ivar Kvalen, stod for den offisielle opninga på føremiddagen. Han opna ei pakke, inni den var ei pakke, inne den pakka var det også ei pakke…. Etter kvart fekk han god hjelp av ungane til å pakke ut. I den inste pakka var det ein nøkkel, den passa jammen til døra vår!Etter den offisielle opninga i lag med born og tilsette, hadde gjestene vår ei triveleg stund i lag med fine små talar og god mat. Vi fekk mange flotte gåver, tusen takk!Om ettermiddagen var det tid for å invitere inn born, sysken og foreldre til middag, kaker og kaffi. Foreldra kom med flotte bøker til oss - tusen takk! Vi koste oss med mat og prat, leik, og vi såg film. Nokre nytta også sjansen til å bli betre kjend i

barnehagen vår.Siste del av opningsfesten var onsdag 26. og laurdag 29. november då me hadde invitert til ope hus. Alle som ville kunne komme og sjå den flotte, nye barnehagen vår.

Ordføraren og ungane var ivrige og opna pakke etter pakke for å finne nøkkelen til barnehagen. Ungane måtte sjølvsagt få gå inn fyrst!

Opning av nye Hafslo barnehage – fest frå morgon til kveld!

10

L U S T R A N Y T T

Page 13: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Stine Sønnesyn har vore i lære på Indre Hafslo oppvekstsenter

Ny barne- og ungdomsarbeidar i Gaupne barnehageMarita har hatt læretida si i Gaupne barnehage der ho har fått erfaringar både på små og stor avdeling, ved Luster oppvekstsenter 1.-3 klasse og 5.-7. klasse og i tillegg ved Luster ungdomsskule. Dermed har Marita fått kompetanse og gjort seg erfaringar frå 1 til 15

år, noko som inneber eit langt lærespekter/perspektiv.

Marita fekk tema leik i fagprøven, men var òg innom tema som psykisk og fysisk helse og utvikling av barn og unge si sjølvkjensle og identitet. Meistringskjensle hos barn var noko av det Marita peika på i oppgåva si. I tillegg har Marita sett ord på det å ha planar, men korleis det vert i praksis når det oppstår situasjonar i kvardagen. Som Marita skildrar sjølv; dagen blei ikkje heilt som planlagt, men slik er det i ein barnehage. Fagprøven gjekk over tre dagar, ein dag til planlegging, dag 2 var gjennomføring og dag 3 var evaluering.Marita bestod fagprøven med meget godt. Gaupne barnehage ser kompetansen Marita har tileigna seg og sidan det var eit ledig vikariat i barnehagen, var det moglegheit for Marita å

fortsetta å gjera seg erfaringar hos oss.

Gaupne barnehage vil gratulera Marita med vel gjennomført læretid og fagprøve, og ynskjer ho lykke til vidare i arbeidet med barn og unge.

Gratulerer til Marita Thi Nguyen som har teke fagprøve i praktisk arbeid i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Etter to år i lære på oppvekstsenteret var det på tide å vise kva Stine har lært. Ho har studert barne- og ungdomsarbeidar ved Luster vidaregåande skule i to år før ho vidare tok læretida si på Indre Hafslo. Gjennom desse to åra så har ho vore i barnehagen, i skulen og to månader ved ungdomsskulen på Hafslo. I tillegg var ho så heldig å få bruke to månader av læretida si i Estland. Der jobba ho i barnehage og i løpet av perioden fekk ho sjå på skilnadene i dei to barnehagane. Det var store sosiale og økonomiske skilnader på dei to plassane, og ho kom

heim med inntrykket at det er betre på indrebøgdi.I fagprøven hennar fekk ho tema: Fysisk aktivitet og friluftsliv. Dette passa godt inn i vår kvardag der fysisk aktivitet og friluftsliv er ein del av satsingsområda våre.Fagprøven gjekk over tre dagar der dag 1 var planlegging, dag 2 var gjennomføring og dag 3 var evaluering. Til tross for at ho var nervøs så presterte ho godt og fekk den glade beskjed om at ho no kan titulere seg som barne- og ungdomsarbeidar.Me på oppvekstsenteret er stolte og glade for at Stine no har gjennomført læretida og fagprøven og ynskjer henne lukke til vidare.

Marita la vekt på meistringskjensle i oppgåva si.

Stine sitt tema på fagprøven: fysisk aktivitet og friluftsliv

L U S T R A N Y T T

11

Page 14: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Eg lurer på kva fugl eg har i sikte no?Liv Byrkjeland i Statens Naturoppsyn rettleiar med kikkerten.

Me har tenkt lenge på eit samarbeid med SNO, fordi me tykkjer dei har mykje lærerikt og kjekt å bidra med for elevane i skulen. Tidlegare har me vore på tur til Soget og Straumane for å få betre kjennskap til og læra meir om dette naturreservatet. No i haust bestemte me oss for at dette vil me ta meir tak i og bruka i undervisninga. Eit anna viktig argument er at me meiner elevane bør kjenna til og vita litt om fuglefredingsområdet og fuglane her, fordi det er ein del av nærmiljøet vårt.Sidan me har ein fådelt skule, føl ikkje elevane alltid det lærestoffet som er på eige trinn. I år jobbar 3. og 4. kl. etter 4. kl. si lærebok i naturfag. Der er det eit kapittel som heiter miljøvern, og då er temaet nasjonalparkar og naturreservat. Sidan me har eit naturreservat så nær oss og så tilgjengeleg, må me bruka det. SNO ved Liv Byrkjeland var med på ideen med ein gong, og me avtalte ein dag ved Soget og Hesvollen. Tysdag 21. oktober var 1.-4. kl. klare til utflukt. Dei var forventningsfulle og gledde seg til tur, spennande! Dei visste at dei skulle få bruka stor kikkert på «jakt» etter fuglar, og det høyrdest forlokkande ut!

Solvorn oppvekstsenter melder:

Det er spennande med Hafslovatnet fuglefredingsområde!

Me har avtalt ny tur, og då skal dei eldste elevane og kanskje dei eldste i barnehagen også få vera med. Me gler oss til vidare samarbeid med Liv og til nye turar.

3 elevoppsummeringar frå turen til HesvollenEg, Theodor og Steffen gjekk ilag. Me såg masse fuglar og to spesielle. Den eine heiter trane og den andre heiter fossekall. Fossekall er nasjonalfuglen til Noreg. Og tranen er ein sjeldan fugl. Guiden vår heiter Liv. Liv hadde med kikkert. Og når me var framme so åt me. Å midt i maten so ga ho oss buff og spurde oss om me ville vera med i BNO. Det står for barnas naturoppsyn. Og alle svarde: «Jaaaa!!!!!». Og når me skulle

tilbake igjen so gjekk Storm ilag med oss. Men me gjekk for langt! so me måtte gå tilbake igjen. Me kunne legga sekkane våre igjen i hjørne av svingen og me leikte militæret. Me gjekk til ein dam og me såg ein foss som fossa ned i dammen. Og etter ei stund so sprang me tilbake og sat på ned til Solvorn igjen. ------ Me var på eit fuglefredingsområde . Me gjekk langt. Me hadde med oss Liv. Ho passar på dyr. Me fekk ein buff. Eg hadde kakao. På slutten var me på ein kai. Der gjekk Veitastrondsbåten i gamle dagar. Me såg fuglen trane. Den var stor og kvit. Me drog halv 10, kom til bilane halv eitt. Me er barnas naturoppsyn!------Me reiste frå skulen ca klokka ni, me køyrde i bilar ei lita stund. Me gjekk resten av vegen. Me såg på fuglar, me såg ein trane og ravn, me såg på trane i kikkertar. Tranen er veldig stor, Liv sa at vinga til tranen var skada. Me gjekk litt vidare og sette oss og åt maten vår. Eg sat på ein stein og åt maten min. Når me var ferdige å ete tok Tone Helen og Liv bilete av oss. So gjekk me tilbake til bilane og køyrde tilbake til skulen.

Barnas naturoppsyn på kjekk tur til Hesvollen.

12

L U S T R A N Y T T

Page 15: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Kjenn på pulsen til Luster oppvekstsenter!Skuleåret 2014/2015 er eit av fokusområda våre FYSISK AKTIVITET. Me har eit viktig samfunnsmandat i høve til å ta vare på og betre den fysiske hel-sa til borna våre. Borna brukar store delar av dagen sin i barne-hagen og på skulen. Det må me ta vare på, og bruke.

Me trur at fysisk aktivitet bidreg til betre motivasjon, auka kapasitet, betre konsentrasjon i økta etterpå, betre uthald fysisk og mentalt. Dette får me stadfesta av UDIR:”Fleire undersøkingar tyder på at barn som er fysisk aktive har

betre konsentrasjonsevne. Dette kan vera med på å forklare positive samanhengar mellom skuleprestasjonar og fysisk aktivitet.Ei rekkje undersøkingar meiner å finne forklaringar på forholdet mellom motorisk kompetanse og språkleg funksjonsnivå.Undersøkingar tyder på at fysisk aktive barn blir motorisk gode, og god motorikk gjer barna tryggare på seg sjølv og meir populære i jamnaldergruppa. Dette kan igjen føre til at elevane blir meir motiverte for skulearbeid fordi dei trivst på skulen.

Slik sett kan fysisk aktivitet indirekte føre til betre prestasjonar i til dømes matematikk og språkfag.”

Korleis gjer me det på Luster oppvekstsenter? Kven seier at ein anten skal vera aktiv eller læra? Me klarar å gjere begge deler på ein gong.I nokon skuletimar sit elevane ved pultane sine og skriv ut i frå, til dømes tankekart. Dei kan lage ein faktatekst om det. I nokon norsktimar sit elevane i grupper og deler erfaringar om eit tema, og skal skrive ein tekst i saman, anten i bok eller på pc. Heile tida er lærar der som eit støttande stillas. Elevar og lærar har dialog om teksten undervegs i prosessen. I nokon timar bankar hjarta til elevane hardare og blodet strøymer raskare gjennom kroppen fordi dei har fysisk aktivitet i norsktimen. Læraren er støttande stillas her òg, men på ein anna måte.

1. og 2.klasse gjer seg klare til ei fagøkt med fysisk aktivitet. Her knyter lærarane Britt Kristin Schmidt og Kai Idar Morken matematikk og fysak saman: 1.klasse hentar tal og legg i rekkje, medan 2.klassingane hentar 10`ar vener.

L U S T R A N Y T T

13

Page 16: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Døme på Fysak-plan.

Læraren fokuserer på samhaldet i gruppa. Det er lettare å få til gode relasjonar gjennom aktivitet, og dei relasjonane held seg betre i klasserommet etterpå. Det er også ein god grunn til å ha fysisk aktivitet; for å auke trivsel og samhald i elevgruppa. Med gode relasjonar jobbar elevane betre i dei timane dei skal jobbe i grupper fordi dei kjenner kvarandre betre.

Fysisk aktive i norskfagetStjerneorientering er eit døme på korleis ein kan drive med norsk skriveopplæring og fysisk aktivitet på same tida. Lærar står midt på skuleplassen, og har på førehand lagt ut ulike oppgåver i nærleiken. Elevane blir delt i grupper, og skal starte med å springe ut frå lærar og til postane. Alle starter på ulike postar. Der skal dei løyse

oppgåver som kan ha ordlyd: ”Set komma på rett plass i denne setninga: Eg Elin Arvid Silje og Petter skal ut.” Elevene spring til lærar for å gje svaret. Er det rett svar, får dei springe til neste post. Er det feil, må dei springe tilbake og løyse den på nytt.

På dei ulike postane kan ein også ha differensierte oppgåver dersom ein treng det. Kunnskapsløftet understrekar

at undervisninga skal være tilpassa. ”Undervisningen må tilpasses ikke bare fag og stoff, men også alderstrinn og utviklingsnivå, den enkelte elev og den sammensatte klasse”. Leikprega fysisk aktivitet er som oftast lystbetont og det gjer at det blir lettare å lære og elevene er motiverte.

Ingen elevar er like, og ingen lærer på same måte. Difor er det viktig at me driv med variert undervisning.

Skulebakken opp!Me har eigne fysisk-aktivitet økter. På mellomtrinnet har alle elevane lærarstyrt fysisk aktivitet i 20 min, kvar dag i langfriminuttet. Elevane startar økta med å springe «Skulebakken opp» to gonger før det er varierande kva aktivitet som er etterpå. Dette sikrar at alle elevane får opp pulsen, alle er med, alle får gjer

Skulebakken opp.

Tur til Berge.

14

L U S T R A N Y T T

Page 17: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

det i sitt tempo og alle opplever ei meistringskjensle av å ha klart det etterpå. Skulen ynskjer å bli sertifisert som Olweus-skule innan eit par år og vonar at betre fysisk og psykisk helse er med på å førebyggje mobbing.

Me har flott natur rundt oss i Luster og det nyttar me oss av, mellom anna til motbakke-turar i kroppsøvingstimane. Me har vore til Berge, der me kan nyte den flotte utsikta over bygda, kommunen, fjella og fjorden. Lauvhjellene er ein gard oppe i dalsida som elevane har gått tur til. Luster oppvekstsenter vil vise elevane den flotte naturen me har rundt oss for å lære dei å bli glad i den, og for å telje,

ha begrep om avstand, finne naturfagobjekt som me kan ta med oss inn att i klasserommet osb. Me øver oss òg på å motivere kvarandre til å gjera ein innsats.

Det er viktig for oss på Luster oppvekstsenter at elevane sit att med ei kjensle av å ha brukt kroppen sin fysisk og mentalt kvar dag.

Fysisk aktivitet i barnehagenI barnehagen blir borna stimulerte til ulike formar for fysisk aktivitet alt etter alder. Dei fyrste åra skal borna bli kjende med kroppen sin, og det nære og elementære er i fokus. Finmotoriske og

grovmotoriske utfordringar ute på barnehageområdet kan vera nok for ein 1-åring. Me har variert underlag og kuppert barnehageområde, og det nyttar me oss av. Etterkvart utvidar me impulsane og vanskegradane.

Barnehagen nyttar òg mykje plassen i skogen; Huttiheiti. Borna får utfalde seg motorisk heile dagen, øve på samhald, relasjonar og kjenne at kroppen fungerer. Dei lærer seg samstundes å vera glade i naturen og å vera på tur. Borna går òg til Stuppelshagen og til strandkanten. Her finn me ulike underlag og vanskegrader til dei ulike aldersgruppene.

Gymsalen blir nytta når skulen ikkje brukar den, og innimellom friminuttane på skulen ”snik” barnehagen seg til bana for å knyte saman fysisk aktivitet og til dømes faggruppe-aktivitetar.

Vår visjon er: Luster oppvekstsenter; ein god stad og vera, leika og læra.

I barnehagen blir borna stimulerte til ulike formar for fysisk aktivitet alt etter alder.

Gymsalen blir nytta av barnehagen når skulen ikkje brukar den.

L U S T R A N Y T T

15

Page 18: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Ny kunstgrasbane på HafsloPå seinsommaren stod ei ny og flott kunstgrasbane klar på Hafslo. Bana ligg på skuleområdet, og er svært populær i skule-, barnehage- og fritida. Det er ei såkalla 7-ar bane med eit fantastisk kunstgras. Bana er såpass stor, at mange kan vere der samstundes. Skulen nyttar og bana til anna enn fotball. Den vert og nytta som ein utandørs gymsal med ulike aktivitetar. Det er mange mål der, det er flomlys, og bana/området er ein skikkeleg samlingsplass for innbyggarane. Det er skulen og litt Hafslo barnehage som er brukarar på dagtid, på kveldstid nyttar Hafslo IL den til trening og kamp. I tillegg er det plass og tid for mykje uorganisert leik og aktivitet der. Med såpass mykje bruk, er det viktig at alle tek vare på anlegget. Me vonar på det

sterkaste at alle tek sin del av ansvaret der. Skulen, barnehagen og alle innbyggarane på Hafslo skal vere veldig takksame for at Hafslo IL bygde bana i dette området av bygda. Den vil gi mykje god fysisk aktivitet.

Nytt frå skulane på Hafslo og Veitastrond

Småskulen sin kulturkafé20. oktober arrangerte småskulen den årlege kulturkafeen. I overkant av 300 foreldre, besteforeldre, sysken var tilstades, der dei fekk med seg flott underhaldning hjå elevane. Elevane song, dansa, hadde skodespel mm. Alle klassane frå 1.-4. klasse hadde underhaldningsinnslag. Etter underhaldninga var det tid for kafé, der ein selde kaffi, kaker, saft mm. Inntektene av kulturkafeen går til FORUT sin barneaksjon (FORUT er ein organisasjon som har som formål å medverke til sosial mobilisering av fattige og undertrykte i deira kamp for betre levekår og grunnleggande menneskerettar, gjennom bistandstiltak, haldningsskapande verksemd og politisk bevisstgjering). I år fekk me inn 15 900 kroner. Eit kjempegodt resultat.

16

L U S T R A N Y T T

Page 19: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Nytt frå skulane på Hafslo og Veitastrond

Aldersblanda på mellomstegetMellomsteget på HBU har kvar tysdag aldersblanda grupper i 3 timar. Elevane er då blanda på tvers av klassane til praktisk undervisning. Elevane har då naturfag, friluftsliv, IT/data, mat og helse. Dette er veldig gode undervisnings- og læringsøkter for elevane og lærarane. Me nyttar alle faga i denne undervisninga.

UngdomsstegetElevane på ungdomssteget jobbar og med praktiske oppgåver. Det er ulike elevbedrifter , der me blant anna kan nemne bruktbutikk (med opningstid kvar laurdag), det er kinokveldar, danseverkstad og andre arrangement. 10. klasse var i oktober på tur til Polen.

Inneverande barnehage- og skuleår er det fem born i barnehagen, og fem elevar frå 1.-5. klasse på skulen. Barnehagen er dette året open fire timar, fire dagar for veka. Opningstid frå kl. 09.00-13.00. Skuleelevane er på skulen fem dagar i veka,

onsdagane er dei på Hafslo. Då går elevane inn i det klassesteget dei høyrer til.På Veitastrond er det no ein gledeleg auke i barnetalet, og komande barnehage- og skuleår vil talet på barn og elevar auke.Barnehagen og skulen har

felles måltid ein gong for månaden, då lagar nokre av skuleelevane mat til alle. I oktobermåltidet vart det laga graut med tilhøyrande spekemat, flatbrød og saft. Alle åt godt, og det var ein god og positiv stemning rundt borda.

Veitastrond barnehage og skule

L U S T R A N Y T T

17

Page 20: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Bak høge murar og låste dører- Tenk korleis dei som var her hadde det…

9. september var tiande klasse ved Hafslo barne og ungdom-skule på besøk til konsentra-sjonsleiren Auschwitz. Mange av elevane tenkte nok over denne setninga fleire gonger denne dagen.

ForarbeidetHeilt sidan åttande klasse har elevane som no går i tiande halde på med dugnadsarbeid for å samle inn nok pengar til klasseturen. Dei har halde på med alt frå kakesal til fiskefestival, og no var dagen kommen. Dagen dei fleste av elevane hadde både gleda og grua seg til i lang tid. Dagen dei skulle besøke Auschwitz. 55 vaksne og elevar stod tysdag morgon ved inngangen til den kjende konsentrasjonsleiren. Alle hadde gjort seg opp sine tankar om kva som kom til å møte dei i det dei gjekk inn i leiren. Nokon hadde kanskje sett for seg at inntrykket kom til å bli sterkare enn det det var, og andre det motsette.

Auschwitz 2/BirkenauDå klassen kom fram til Auschwitz, stod det to guidar klar til å vise dei rundt. Klassen blei delt inn i to grupper, «Helge og Sesilie-gruppene», og dei byrja å gå inn i leiren. Det første ein la merke til då ein kom inn var alle jødane som var på besøk der. Du såg dei var jødar på grunn av ei jødestjerne enten på ryggen eller på armen deira. Dei gikk i store grupper rundt om og la blomster og las dikt på dei ulike minnesmerka. Guidane som viste klassen rundt var veldig flinke til å forklare og stoppa mange gonger for å sjå

om nokon hadde spørsmål. Ein av dei første tinga guiden viste var doen til fangane.

«Det såg ikkje ut som ein do i det heile tatt», seier Sandra Kalhagen som var sjokkert over forholda fangane levde i. Ei lang betong-stripe med nokre få hol i var det elevane såg då dei kom inn i det mørke triste rommet.

Historie frå verkelegheitaGuiden fortalte ei historie som ein av dei overlevande sjølv hadde fortalt henne. Ei ung jente hadde blitt plassert i fangeleiren for å reinse doane. Kvar dag frå morgon til kveld måtte ho stå der og reinske og tømme doane heilt til inspektørane var fornøgde. «Det som sjokkerte meg mest med denne forteljinga var at jenta var takknemleg for å ha fått denne jobben og bad kvar kveld om å ikkje måtte bytte», seier Sander Sterri. Grunnen til at jenta var så takknemleg for akkurat denne jobben var at i motsetning til andre jobbar hadde ho mulegheit til å jobbe inne.

Mens dei mange tusen andre fangane måtte stå ute i timesvis og jobbe i alt frå -20°C til 35°C, hadde ho i alle fall mogelegheita til å jobbe under tak. Ein anna fordel var at det bygget var omtrent det einaste der det gjekk an å snakke saman med andre fangar. Ingen SS-soldatar gikk frivillig inn i brakka på grunn av den forferdelege stanken. På denne måten kunne fangane dele tankar og opplevingar der inne utan at nokon fekk greie på det.

SovebrakkeneDet neste guiden viste klassen

var ei av brakkene der fangene sov. Rommet dei kom inn i var mørkt og dystert. «Det første som traff meg då eg kom inn i rommet var ei lukt som minna meg om gamle møblar. Rommet var kaldt og tomt. Det einaste som stod der var eit par senger», seier Ann Kristin Flatland som er påverka av det sterke besøket i Auschwitz. Brakka dei sov i var eigentleg laga for hestar. Det var senger som var plassert rundt om i rommet. Sengene var tre etasjar høge, og det var meint at seks til åtte fangar skulle ligge tett i tett attmed kvarandre. Umenneskeleg er nok det dei fleste tenkjer og meiner om dette.

Gasskammera«Den neste plassen guiden hadde tenkt å vise fram er nok det dei fleste kjem til å føle mest på, det gjorde iallfall eg», seier Helge Harkjerr alvorleg. Det neste guiden viste fram var gasskammera. Nazistane såg på gasskammera som den mest effektive utryddingsmetoden, etter å ha prøvd ut fleire ulike. Metoden dei hadde brukt før gasskamera var skyting. Dei fann fort ut at dette tok alt for lang tid. Nazistane ville utrydde mange millionar jødar, og å gi ei kule til kvar av desse syntes dei var for mykje. Gassen som vart brukt var blåsyregass frå eit produkt som heiter Zyklon B. Det er lett å sjå at det er denne gassen som er nytta, på grunn av dei blåe veggene inne i rommet. Gassen er heilt spesiell på denne måten at han gir frå seg denne blå fargen, og det er og slik han har fått namnet blåsyregass. Gassen blir i dag delvis brukt mot skadedyr og insekt.

18

L U S T R A N Y T T

Page 21: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Tiande klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule utanfor konsentrasjonsleiren Auschwitz. Det var mange og sterke inntrykk frå skuleturen, her skildra av Heidi Wergeland og Audun Kristian Oklevik. Foto: Magnus Viking Jåstad.

Gasskammera var utstyrt med store piper, og kvar gong ei gruppe med fangar blei gassa, kom det ei grå sky og ei søt, kvalmande lukt opp frå pipa. Lika som var igjen måtte dei andre fangane sjølv dra ut og brenne i store forbrenningsomnar. Nazistane heldt seg på god avstand i frykt for at det fortsatt satt igjen litt av den giftige gassen på lika.

Auschwitz 1Seinare drog klassen vidare til Auschwitz 1, som i dag er meir som eit museum. Briller, hår og barneklede er utstilt saman med bilete som gir eit bra inntrykk av kven som var

der og korleis dei hadde det. Dei same guidane gjekk saman med klassen i Auschwitz 2 som dei hadde gjort i Auschwitz 1. Seinare hadde Aktive fredsreiser, organisasjonen klassen reiste med, ordna eit møte med eit tidsvitne.

Arne Eilertsen kom til eit hotell som låg litt utanfor Auschwitz og fortalte si historie. 10.-klasse ved Hafslo sat saman med to andre klassar og høyrde på. «Det var veldig interessant, og alt blir mykje meir verkeleg når han som har opplevd det sjølv fortel det til deg», fortel Audun Oklevik. Etterpå åt klassen middag på det same hotellet som

dei hadde høyrt foredraget. Det var ein sliten klasse full av nye inntrykk som sette seg i bussen på veg til Krakow då dagen var over.

Av Heidi Wergeland

L U S T R A N Y T T

19

Page 22: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Det var ikkje eit brutalt, trist og isolert fengsel elevane i 10. klas-se ved Hafslo barne- og ung-domsskule hadde forventa seg i Berlin 12. september. - Eg får så medkjensle for fangane som var her, seier Alexander Nyheim med klump i halsen. – Dagen har vore så full av inntrykk…

Elevane skulle få eit innblikk i korleis fangar hadde det i det sovjetiske Stasifengselet. Der hadde mange politiske motstandarar av kommunismen lidd mykje vondt. Stasifengselet vart oppretta i 1951, for å halde kontroll over blant anna innbyggjarane i den austlige delen av Tyskland. I 39 år var Stasifengselet i drift, og det hadde vore over 20 000 politiske fangar i fengselet.Då elevane kom fram, blei gruppa delt i tre. Smågruppene fekk kvar sin guide, som ivrig begynte å fortelje kva som hadde skjedd på dei forskjellige stadene i fengselet. Det var fleire typar fangeceller som underjordiske celler, heilt mørke celler, isolerte gummiceller og vanlege celler. – Tenk at nokon har sete her inne for å roe seg ned, seier Johan Harald Hillestad tankefullt, og tek bilde av ei gummicelle. Kvar av cellene hadde kvart sitt bruk. Dei heilt mørke cellene vart brukt som straff dersom fangane gjorde noko dei ikkje hadde lov til. Vidare gjekk elevane inn i ein garasje. Der stod noko som elevane trudde var ein liten vanleg fraktebil. Men bilen viste seg å vere fangetransport for fem fangar i forkledning! Dette var ein heilt naturleg misforståing, fordi stasi hadde bevisst forkledd bilane sine så dei såg ut som isbilar, matbilar og fraktebilar. Fangane måtte

sitje samanklumpa i bekmørke og kjempetrange metallboksar. – Det er jo ikkje plass til ein vaksen mann inni der! seier Sander Sterri forskrekka, då han ser ein av metallboksane til fraktebilen. I eit passe stort rom mellom sjåførrommet og metallboksane i midten av bilen var ein benk der ei stasivakt kunne sitje og vakte over fangane. Guiden fortalde at dei hadde kjøpt ein av dei sju attverande fangebilane på eBay. – It’s funny what you can buy on ebay, seier guiden med eit smil.

Mange uskuldigeAv fangane som sat inne var relativt mange uskuldige. Stasi tok til fange alle med den minste antikommunistiske holdning eller handling. Såg ein kommunist nokon rakke ned på kommunismen på fjernsynet, blei personen oppspora og arrestert. Dei arresterte til og med ungar! Guiden fortalte at ei femten år gamal jente hadde blitt arrestert berre fordi ho hadde tulla med å teikne bart på eit bilete av Stalin. Alt dette gjorde kommunistane for å vere sikker på at ingen gjorde motstand mot kommunismen, sjølv om det førde til at mange uskuldige blei arrestert. - Dette var annleis enn pappa sitt kontor, seier Elise Selland og let auga gli over rommet. I kontora til dei stasitilsette blei dei arresterte avhøyrde. Dei stasitilsette brukte ulike metodar for å få dei arresterte til å tilstå noko dei kanskje ikkje hadde gjort. Dei var heller ikkje redde for å bruke vald. Sa den tiltale seg skyldig, var straffa gjerne fleire år i fengselet.

Ein vanleg dag i fengselet bestod av å berre sitje i cella og kanskje

bli torturert ein gong i blant. Då elevane gjekk tankefullt bortover gangen, var det nesten ikkje eit skritt å høyre. Det var fordi matter var bevisst plassert slik at ingen skulle høyre at nokon gjekk i gangane. Nettene var heller ikkje uproblematiske, for stasi hadde ein regel om at alle måtte sove på ryggen med hendene synlege. Blei ikkje denne regelen følgd, vart fangen vekka. Det var plassert videokamera i alle cellene. Difor kunne ein stasitilsett sitte oppe heile natta og vekke fangar med ein gong dei så mykje som rørte seg litt i søvne. Grunnen til denne regelen var at fangane ikkje skulle finne på noko tull om natta. Omvisinga til elevane vart avslutta i luftegarden til fangane. Det var eit lite rom med betongvegger og gittertak fangar kunne gå litt rundt i. Her kunne dei trekke frisk luft. Stasifengselet hadde ein nydeleg hage, men dette fekk fangane aldri sjå fordi dei aldri fekk gå ut av bygningen. Lufterommet var det nærmaste dei kom ute. Viss ein fange såg eit fly gjennom gitteret i taket, blei han gjerne ekstra trist. Å sjå på det frie flyet som var på veg ein anna stad når fangen ikkje kunne flykte sjølv, kunne vere tøft.Det var ein kunnskapsrik, tankefull og litt dyster gjeng som var ferdige med besøket og på veg bort til bussen. – Det var måten dei stasitilsette var på som gjorde mest inntrykk, seier Sandra Kalhagen og tek ein slurk frå drikkeflaska si. Denne turen kjem elevane til å hugse i lang tid framover.

Av Audun Kristian Oklevik

Besøk i Stasifengselet

20

L U S T R A N Y T T

Page 23: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Jostedal skule- og bygdeavisKvar haust brukar skuleelevane i Jostedalen mykje tid på sine bidrag til skule- og bygdeavisa som kjem ut før jul. I år har me mellom anna skrive om turen frå Mjølver til Liastølen som heile skulen var på i haust, der var òg 5.-7.trinn på ”Rydd eit kulturminne” før sommaren. Det er òg utførlege tekstar om det store grunnlovsprosjektet me hadde fram mot 17.mai og om Bergensturen til dei eldste elevane før sommarferien. Sist i november kjem avisa ut, og på sleppfesten på hotellet har elevane kviss og høgtlesing, og rockeverkstaden spelar - det er eit høgdepunkt den mørke tida før advent. Me vil oppmode alle om å kjøpe avisa vår!

Forutfestival 23.oktoberI samband med satsingsområdet demokrati/medverknad, har me prosjekt der me lærer om korleis ungar har det andre plassar i verda. I år var det Forutprosjekt til inntekt for ungar i Nepal som heile oppvekstsenteret jobba med fram mot FN-dagen 24.oktober. Både barnehagen og skulen såg filmsnuttar, høyrde historier, teikna flagg

og lærte masse om Nepal. Torsdag 23.oktober inviterte me heile bygda på Forutfestival med middagsservering på samfunnshuset. Me fekk inn meir enn 15000 kroner!

SpråkutviklingI barnehagen held me fram med målsettinga om at alle ungane våre skal vere glad i høgtlesing, med bokutlån i garderoben og mykje lesing i kvardagen. Nokre av oss var til og med i kommunestyret og synte fram ”Boka mi” og lærte politikarane kva ”Dialogisk lesing” er (sjå bilete til artikkelen om lesing). I år har me i tillegg fokus på song, rim og regler. På skulen har me sett av ein halvtime på timeplanen kvar dag til lesing, leseforståing og arbeid med lesestrategiar både med tanke på å ”lese for å lære” og for lystlesing. 6.-7.klasse er fadrar til 1.klassingane, og les høgt for dei kvar torsdag i lesetimen. 6.-7.klasse har òg lese utdrag frå 10 nye barne-/ungdomsbøker, og vore med og stemt på sine favorittar til ”årets bokslukar” som vert kåra på verdas bokdag, 23.april 2015.

Gåve frå Luster SparebankI haust har både foreldre og elevar komme med idear og ynskje om kva me skal nytte den flotte pengegåva

frå banken til. Det som kom fram var utruleg nyttig, ei slik idémyldring vil me ha kvart år! Noko kjem me ikkje til å satse på no og noko vil me satse på gjennom andre kanalar enn dei 100 000 me har fått, men MYKJE av det som vart skrive, vil me prøve å få til gjennom korleis me brukar desse pengane. Elevrådet var einstemmige om at me skal bruke ein liten del av pengane på å ruste opp skuleboksamlinga, og ein stor del av pengane på eit bygg mellom skulen og barnehagen som me ynskjer skal fungere både som møteplass, leikehus, utandørs klasserom og klatreapparat - og helst med ei fritthengande huske òg. Vidare skal me få hjelp frå fagfolk til å sjå kva som er mogeleg å få til av dette, men ein god og interessant prosess har det vore uansett!

Aktivitetar ved Jostedal oppvekstsenter i haust

Huske står høgst på ønskjelista når oppvekstsenteret skal bruke gåva frå Luster Sparebank.

Skulen og bygda jobbar saman om JSA som er til sals no før jul.

L U S T R A N Y T T

21

Page 24: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Mykje spennande å sjå i FortunDenne hausten starta Skjolden oppvekstsenter opp med tema Fortun. Målet er at elevane skal bli mest mogleg kjende med Fortunsbygda. Både historie, natur, geografi, aktivitetar og nyhende i bygda er aktuelt.

Den fyrste turen til Fortun var til Berge. Bussen stoppa i Svenskesvingen, der Svein Bjarne Steig fortalte kvifor svingen vart kalla Svenskesvingen. Så gjekk turen vidare til fots. Alle fekk gå ein del av den gamle Sognefjellsvegen. Det var historier både om vegen, troll, dronning Wilhelmina og korleis

folk fòr over fjellet i gamle dagar. Oppe i området rundt Berge fekk me sjå dei fantastisk flotte og store jettegrytene som er der oppe! Nokre er fylte med jord og gras og ikkje så enkle å sjå, andre er øydelagde av vegen, men dei finaste er som dei er klipt ut av eit eventyr: store, svarte, mørke, flotte og litt skumle. I ei av desse jettegrytene såg me bevegelse, var det fisk eller noko meir mystisk? Dette har me ikkje funne svar på, så dette må bli eit forskingsprosjekt.

På Berge er det ein plass som heiter Fantesletta, her overnatta fantane i tidlegare tider. Det ryktast at det kan vere nokre av fantane som går igjen her den dag i dag. Og noko av det siste me såg var sjølvaste Fortunstrollet som kom ut av steinastova si!

Ungane på oppvekstsenteret har hatt fleire turar til Fortun. Dei yngste borna hadde ein aktivitetsdag i Krukla, medan dei eldste var på Klekkeriet.

I etterkant av turane har elevane jobba med tema, her kan de sjå utdrag frå deira arbeid.

22

L U S T R A N Y T T

Page 25: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

JettegryteI Fortun på veg opp til Sognefjellet er det jettegryter. Ei av jettegrytane var 11 m og den andre var 10,5 m. Nokre av oss gjekk ned i ei jettegryte som var tørka inn. Jettegryte er ei rund grop som er grave i fjell. Jettegryter er danna av breelver mot slutten av siste istid ved at smeltevatn sette stein og grus i roterende bevegelse. Jettegrytene kan bli fleire meter djupe. Nokon jettegryter er uttørka. Det var jettegryter utan vatn og med vatn. Det var 19 jettegryter. Svein sa at 3 av jettegrytene var øydelagt av vegen. På turen fekk me sjå 3 flotte jettegryter. Jettegryter er nesten som ein dam, men større og djupare.

Laga av: Ole Arne 3.kl 2014

Tur til Nipene

Me gjekk på den gamle Sognefjellsvegen, sa Alex.Me såg på jettegrytene, sa Jonas.Det var vatn i nokre av dei, sa Anders.Me såg fisk i ei av dei, sa Alex.Me gjekk ned i ei stor, tom jettegryte, sa Nora.Eg såg rumpetroll, sa Maiken.Det var eit troll som kasta vedkubbar, sa Nora.Me var ved Haldis sitt hus og med fantane, sa Einar.Me køyrde buss til svenskesvingen, sa Linnea.Svein hadde laga ein natursti, sa Tiril.Eg åt bolle, druer og eit eple, sa Martine.Me såg ein steinmur som dei brukte til gjerding før, sa Alex.Me såg ein grill og nokre stolar, sa Tor Eldgrim.Me såg sauer, sa Maiken.

Fiskemerking i FortunNokre dagar etter me hadde vore ved jettegrytene reiste me på fiskemerking. Der merka me sjøaure. Dei skulle sjå kvifor det vart færre fiskar og dei ville sjå om det var feilvandring. Det var ein liten kjip som dei opererte inni buken på fisken.

Etter me hadde teke 3 fiskar fekk me lov til å gå inn på klekkeriet. Der hadde dei svære dunkar med 4000 fiskar i kvar dunk. Det var både laks og sjøaure. Ein halvtime etter me hadde vore der skulle fiskane bli sleppt ut i elva.

L U S T R A N Y T T

23

Page 26: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

SognefjellsveganeFrå eldgamal tid har vegen over Sognefjellet mellom Bøver-dalen og Fortun i Luster vore hovudsambandet vestover for Gudbrandsdølane. Den har vore saltveg, det betyr at det er den vestlege saltveg. Ein ferdesveg for innlandsbønder som reiste vestover mot havsida for å skaffe seg salt.

SkyssordningaFør då det ikkje var køyreveg, overnatta dei som reiste over fjellet på Øyene skysstasjon. Fantane torde ikkje overnatta der fordi dei kunne bli kjent igjen og bli straffa. Så dei overnatta på fantesletta.

Gamle SognefjellsvegenDen gamle vegen gjekk ved fantesletta. Den gamle vegen er godt synleg enda. Sognefjellsvegen er nemnd i skriftlege kjelder frå 1400-talet, då nokre bønder frå Lom vart pålagde å gjere vegen over fjellet farande. Dette tyder truleg at dei skulle merke vegen skikkeleg og hadde vedlikehaldsplikt på steinbruer - kan hende også

overnattingsbuer. Ved Krossbu finn ein enno restar etter ei gamal fjellbu der reisande har søkt ly i eldre tider. Grunnen til at folk frå Ottadalen orienterte seg så sterkt vestover, hang mellom anna saman med at desse bygdene ikkje fekk køyreveg fram til Lom frå austsida før kring 1865.

Nye SognefjellsvegenDen nye Sognefjellsvegen vart laga i 1938. To jettegryter vart øydelagde då den nye vegen vart bygd. Etter ei stund vart vegen fiksa, og då vart endå ei jettegryte øydelagt.

Galeberger like ved telegrafhytta. Staden fekk namnet sitt då ein av fantane (røvar) på fjellet vart hengd her.

Kor stor var trafikken?Trafikken og varebytet over Sognefjellet var stor før køyrevegen kom. I 1850 møtte ein Bøverdøl 47 kløvhestar på rekkje og rad ein gong han drog over fjellet. I 1889 vart det i Fortun talt 1600 hestar som kom over fjellet!

To namn på same fjellFjellet og vegen her er namnsett frå to sider. Det var folk frå Gudbrandsdalen som kalla fjellområdet for Sognefjellet. Der gjekk vegen til Sogn. Sogningane kalla fjellvegen Dølavegen.

Dronning WilhelminaDa dronning Wilhelmina og prinsesse Juliana av Nederland i 1924 reid over Sognefjellet med 16 hestar, uttalte dronningen seg svært rosande om utsikten her.

OpptunØvste gard på Sogne-sida heiter Opptun. Det er gamle bygningar der. Det er ein Vestlandsk storgard med freda hus. Det er ein gammal skysstasjon der og.

No har du lært litt om Sognefjellsvegen og kvar tid den vart bygd. So du må gjerne ta deg ein tur og sjå på den gamle Sognefjellsvegen, den er der enda. Oppvekstsenteret gjekk ein tur der den 2. september 2014 .

Laga av Eir-Hild Svanheld 4.klasse 2014.

24

L U S T R A N Y T T

Page 27: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

ASK er eit utviklings- og forskingsprosjekt som skal undersøke om auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle faga påverkar skuleprestasjon, skuletrivsel og helse hjå majoriteten av elevar i 5. klasse i Sogn og Fjordane gjennom skuleåret 2014-2015. Prosjektet vil truleg gje samfunnet verdifull kunnskap om organisering av skulekvardagen, metodar for betre læring og førebyggjande helsearbeid. Geir Kåre Resaland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF) er prosjektkoordinator.29 skular er intervensjonsskular, og på desse skulane skal om lag 600 elevar gjennomføre 60 minuttar med dagleg aktivitet fem dagar i veka, medan 29 andre skular med om lag 600 elevar skal vere kontrollgruppe. Desse skal halde fram som før. I Luster kommune er 5. klasse ved Gaupne skule, Skjolden oppvekstsenter og Hafslo barne- og ungdomsskule trekt ut som intervensjonsskular. Det er me svært glade for.Alle elevane, både frå intervensjonsskulane og kontrollskulane har gjennomgått intensiv testing frå starten av skuleåret. Testane er delt i fem kategoriar:

• Skuleprestasjon/kognisjon• Fysiskaktivitetsnivå,fysisk

form/motorikk• Blodprøvar/blodtrykk/

midjemål/vekt/høgde/BMI• Ulikespørjeskjema,t.d.

livskvalitet• Kvalitativetestar(nokrefå

utvalde elevar og lærarar frå fire skular vil bli spurd om å vere med.

Forskarar frå HISF vil leie og gjennomføre all testing. Dei same testane skal takast opp att ved skuleslutt. Utdanningsdirektoratet skal til og med lage nye nasjonale prøvar til deltakarane i

prosjektet slik at det skal vere lettast mogeleg å måle den faglege framgangen deira.

Frå og med veke 42 vart skuledagen til 5. klassingane våre endra. Då

var dei ferdige med dei nasjonale prøvane, og kunne setje i gong for fullt. I løpet av ei skuleveke skal dei gjennomføre følgjande:

• 2dagarx45minuttarmedkroppsøving

• 1dagx45minuttarmedfysisk aktivitet

• 3dagarmed30minuttarmed «Aktiv læring» (elevane er fysisk aktive utandørs og øver på fag; t.d. mattebingo

• 5dagarx5minuttarmed fysisk aktivitet i klasserommet (elevane er fysisk aktive fem minuttar i klasserommet kvar dag)

• 5dagarx10minuttarmedfysisk aktivitet i «aktiv heimelekse» (elevane er aktive i ti minutt kvar dag heime.

Me trur at elevane vil få eit ekstra kjekt skuleår, og håpar at dei vil oppleve gleda over å vere fysisk aktive. Dersom prosjektet i tillegg vil auke dei faglege prestasjonane deira, kan det vel ikkje bli betre?

5. klassingar frå Luster deltek i prosjektet ASK

Active Smarter Kids

9*9=81 eller? Elevane har kome springande att frå siste post, og ventar spente på om det vert bingo.

5.klasse ved Gaupne skule, Skjolden oppvekstsenter og Hafslo barne- og ungdomsskule skal gjennomføre 60 minuttar med dagleg aktivitet fem dagar i veka. Her er det elevar frå Hafslo.

L U S T R A N Y T T

25

Page 28: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Onsdag 10.september reiste 7.klasse frå Gaupne skule, saman med 5. – 7.klasse frå Luster oppvekstsenter opp på Sognefjellet. Der skulle vi få læra meir om villreinen i Vestjotunheimen.Tema for dagen var villrein – biologi, leveområde og fangst.Sognefjellet var fantastisk denne dagen. Sola skein og dei kvasse tindane var eit flott syn mot den blå himmelen.Då vi steig ut av bussen, stod Magnus Snøtun og Liv Byrkjeland og venta på oss. Dei viste vegen innover Ringsdalen, der dei hadde etablert ein liten leir, 1100 m.o.h. Rigmor venta på oss, saman med to hundar, ved lavvoen i leiren.Der fekk me servert kjempegodt reinsdyrkjøt og gode grønsaker frå bålpanna, til lunsj. Blåbærsaft smakte og godt etter gruppearbeid ute i felten.

Vi vart delte opp i tre grupper, etter tema. Denne dagen fekk vi læra mykje om villreinen i Jotunheimen. Det var mykje spennande å sjå og oppleva. Det var ekstra moro å høyra om korleis dei jakta på reinen og fanga han.

Fangst gjennom 10000 årFor ca. 10.000 år sidan hadde dei ikkje gevær, men dei brukte pil og boge, spyd og fangstfeller. Me fekk sjå kopi av ei gammal pil som dei brukte for 200 år sidan, den var kjempeskarp. Dei kunne skyta med pil og boge frå maks 40 meters hald, og dei trefte som oftast. På eine gruppa fekk me høyra korleis dei klargjorde og nytta fellene for 10 000 år sidan. Dei grov 2 meter djupe feller og så dekka dei til fella med greiner, blad og pinnar slik at reinen ikkje skulle leggje merke til fella.

Dei brukte ledepinnar for å leda reinen inn i fella.Ledepinnane var små flagg som var sette opp og som rasla sånn at reinsflokken skulle samle seg saman innanfor lede pinnane. Ledepinnane var stilt opp slik at

det var pinnar på begge endane, som ei trakt. Dei ytste punkta var breie og den inste var smale, slik at reinen lettare skulle gå i fella. Jegeren måtte vere 20 – 40 meter i frå fella, for å passa på at ikkje jerven eller andre rovdyr kom og åt på reinsdyret som var fanga, før jegeren kom til fella.

Me leikte at me skulle fange ein rein for titusen år sidan. Nokre var rein, nokre var ledepinnar og ein var jeger. Det var både lærarar og elevar som vart fanga i fella denne dagen.Me fekk høyra at det var fleire spor etter desse fellene på Sognefjellet. Då me skulle til å leita, såg me heile tretten fangstgroper. Sognefjellet er den plassen, der det er teke best vare

Spennande feltdag i Jotunheimen med Barnas naturoppsyn

Ringsdalen

Elevar frå Gaupne skule og Luster oppvekstsenter er Barnas naturoppsyn med Liv Byrkjeland.

26

L U S T R A N Y T T

Page 29: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Artikkelen syner at elevane har lært mykje om villreinen og fangstmetodar i eldre tid.

på fangstgropene opp gjennom åra. Det er forbode å ta opp noko frå dei tildekte gravene.

LeveområdeReinen har eit veldig stort leveområde. Dei tek dei raskaste vegane frå haug til haug. På området har dei faste kalveområde. Det har dei hatt i tusenvis av år. Det er reglar som seier noko om kvar me kan bygge hytter og vegar, for å beskytte reinen. Om sommaren går reinen til snøflekkane for og beskytte seg mot bremsen. Bremsen kan gå inn under huda, og kan legga egg i blodbanene.

Villrein – biologiReinen er eit hjortedyr. Begge kjønna har gevir. Til og med

kalvane får gevir første leveåret. Bukkane misser geviret rett etter paringa. Simlene beheld geviret til kalven er fødd, utpå våren. Dei treng geviret når dei konkurrerer om matressursane, som kan bli litt sparsame utpå ettervinteren og våren.Vinterpelsen til reinen er ekstremt tjukk og kraftig. Den isolerer godt mot vind og nedbør, og når reinen ligg på snøen vinterstid.Reinen har fire djupe klauver, og desse er spesialkonstruerte. Dei har hår under klauvene om vinteren, så dei fungerer som truger om vinteren. Klauvene veks og vert forma som ein spade, slik at reinen kan lettare grava i snøen etter mat.Luktesansen er spesielt godt

utvikla hjå reinen. Den gode luktesansen gjer at reinen kan finna lav, heilt ned til 60 cm under snøen.Den viktigaste maten til reinen er lav. Den et mange ulike lavarter, som reinlav, kartlav, kvitkrull og enda fleire.Om vinteren kan reinen gnaga på gamle gevir. Kan henda er det fordi den treng andre næringsstoff enn det som finst i lav.Me hadde ein superfin og lærerik dag på Sognefjellet.

Luktesansen er spesielt godt utvikla hjå reinen. Reinen kan finna lav, heilt ned til 60 cm under snøen.

Overrekkjer elevløfte til ordførarenTidlegare i haust deltok Gaupne skule i ein «Gå til skulen-aksjon». Denne vart arrangert av Barnas miljøvernorganisasjon. Alle veit at å gå til skulen er sunt både for oss og miljøet, men då er det viktig at skulevegen er trygg. I samband med aksjonen, var det mange elevar som saman med foreldra sine skreiv elevløfte. Her lova dei å halde fram med å gå til skulen dersom politikarane ville love dei å sikre dei ein trygg skuleveg. Dei kom med mange gode innspel til tiltak. Elevrådet gjekk i samla flokk bort til ordføraren og overleverte alle elevløfta til han. Ordføraren vart veldig glad for dette, og fortalde at kommunen no skal lage ein ny trafikktryggingsplan. Då er det viktig å få konkrete framlegg til kva som kan gjerast betre. Han tykte det var flott at elevane ville gå til skulen, og minna dei samstundes på at det er viktig å bruke refleks no i mørketida.

Elevrådsrepresentantane ved Gaupne skule hjå ordføraren. Frå venstre: Kristian Steinset Teigen, Marte Fardal Svangstu, Sandra Kvalsvik, Ingrid Flohaug Leirdal, Peter Tobias Stegegjerdet og Simon Bukve Gunnestad.

L U S T R A N Y T T

27

Page 30: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Fargerikt fellesskapGaupne skule har dette skuleåret heile 13 nasjonalitetar representert i elevgruppa. Siste tilskot på stammen er tre somaliske born som kom til oss i slutten av oktober. Desse får no intensiv norskopplæring nokre timar kvar dag. Opplæringa får dei saman med to sysken som er elevar ved Luster ungdomsskule, samt ein gut frå Polen som byrja hjå oss i haust. Dette er ei veldig kjekk gruppe å undervise! Det er utruleg å sjå kor motiverte dei er og kor raskt dei tileignar seg det norske språket. Dei har mykje å lære oss om kulturen dei kjem frå, og me gler oss til å bli godt kjende med dei.

Friidrettsdag for heile kommunenTysdag 16. september 2014 var det friidrettsdag på Gaupne stadion for mellomsteget på alle skulane i Luster. Over 200 elevar og 25 funksjonærar var i sving, og det var eit yrande liv på bana heile dagen. Strålande sol frå ein skyfri himmel laga ei fantastisk råme rundt arrangementet.

Kvart klassetrinn var delt inn i ulike grupper, og det vart teke omsyn til at alle skulane skulle vere representerte på kvar gruppe. Dette for at elevane skulle få høve til å bli godt kjende med kvarandre i løpet av dagen. Elevane konkurrerte i 60 m, lengdehopp, kulekast, høgde og stille lengde. I tillegg kunne dei velje om dei ville springe 800m eller gå ein runde på 3 km. rundt bygda. Midt på dagen hadde

me felles matpause ute. Både store og små kosa seg i det flotte haustveret. Samarbeid mellom skulaneTidlegare inviterte Gaupne skule elevane som sokna til Luster ungdomsskule til felles friidrettsdag om hausten, men for tre år sidan fann me ut av me ynskte å inkludere mellomsteget på Hafslo barne- og ungdomsskule, Veitastrond og Solvorn også. Dette har synt seg å vere svært vellukka! Til no har arrangementet vore på Gaupne stadion, men me er samde om å vere i Moane annakvart år. Denne modellen har me også overført til Tinestafetten. I

2013 vart alle skulane inviterte til Tinestafett i Moane, medan dei i 2014 sprang på Gaupne stadion. Me er svært nøgde med å samle elevar frå alle skulane eit par gonger i året, og meiner å kunne sjå at Lustraidentiteten blomstrar.

Lengde, fullt

firsprang.

Kreativitet i høgde.

Jentene i 6. klasse i full fart ut frå start.

28

L U S T R A N Y T T

Page 31: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Liv Endresen – vikar som ungdomskontakt

Liv Endresen er tilsett som vikar i eitt år som ungdomskontakt for Nanna Steinberg som har barselspermisjon.Liv byrja i stillinga 27. oktober.

Me`n`u program våren 2015

9. januar Heggmyrane skitrekket23. januar Heggmyrane skitrekket6. februar Akekveld med turlaget6. mars Lustrabadet20. mars Treningssenteret17. april Overnatting på Turtagrø16. mai Blås grønt på Soltun12. juni Viki- bading, grilling, padling - avslutning før sommarferien

Styret for Me`n`u Leiar: Maria Kalhagen

Nestleiar: Marita Holen Leirdal

Økonomiansvarlig: Ingelin Heen Veum

Styremedlem: Kjetil Matias Stegegjerdet

Styremedlem: Nina Sandvik Døvre

Styremedlem: Ronja Fet

Luster danseverkstadLuster danseverkstad er driven av dansegruppa Impression, som består av ni danseglade ungdomar frå heile kommunen. Dans utan grenser, som Luster danseverkstad ligg under, er basert på ung til ung-formidling. Dette vil seia at verkstaden er driven av ungdom, for born og andre unge. Impression har eigne dansetreningar ein gong i veka, der dei øver, planlegg og lagar nye koreografiar. Cirka ein gong i månaden har dei dansehelger, der det kjem inn koreografar frå andre kommunar. Dei lærer koreografiar som skal brukast på barneheimsturne. Denne turneen finn stad i Latvia vinteren 2015, og dette er noko gruppa ser veldig fram til. Dette halvåret har Impression instruert omlag 90 elevar mellom seks og 15 år. Det er eit stort spekter på koreografiane, alt frå hiphop, moderne, show, små skodespel og breakdance! Elevshowa er varierte og verkeleg verdt å få med seg. Dans er god trening og noko alle kan ha fordel av. Forbetra konsentrasjon, musikkoppleving, eit godt sosialt miljø og kjensla av å høyre til ein plass er berre nokre få eksempel. Dans uten grenser er ein plass for alle!

Dansegruppa Impression driv Luster danseverkstad. Desse ungdomane har instruert om lag 90 elevar siste halvåret.Bak frå v: Ivonn Brugrand, Silje Carlsen, Susanne Hesjevoll, Ingrid Alme og Eline Beddari Ørbeck. Framme frå v: Sarah Fiskaa Haugen Simen Weka, Aviaja Sagabråten og Åse Marie Behem.

L U S T R A N Y T T

29

Page 32: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Leiar i NAV Luster, Hanne Bisgaard og hennar stab flyttar våren 2015. Dei flyttar ikkje så langt, til nyaste delen av Nesgarden, nærare Luster ungdomsskule.

NAV Luster flyttarNAV Luster skal i løpet av våren 2015 flytta til nye lokale i Nesgarden 3. Me har hatt utfordringar med dei fysiske forholda ved kontorlokala våre, særleg i høve tryggleik og teieplikt. I tillegg har me hatt for lite kontorplassar, møterom og samtalerom.Me håpar difor at nye og meir tilrettelagte lokale vil hjelpe oss å ivareta desse utfordringane.

Har du økonomiske problem?Ring 800GJELD – økonomirådstelefonen i NAV. Her får du enkle råd og hjelp til sjølvhjelp.

800GJELD er det same som 80045353, det vil seie at tastaturbokstavane G - J - E - L - D samsvarar med talla 45353 på telefonen.Det er viktig å ta tak i økonomiske problem så raskt som mogleg, før dei blir for store. Økonomirådstelefonen kan hjelpe deg å finne ei løysing. Rådgjevarane driv ikkje saksbehandling, men gir deg enkle råd om kva du sjølv kan gjere for å løyse situasjonen. Dersom du har økonomiske problem av meir kompleks art og treng meir hjelp, losar rådgivarane deg til rett instans. Det er gratis å ringe oss frå fasttelefon. Ringer du frå mobiltelefon kan vi ringe deg tilbake dersom du ønskjer det. Du treng ikkje sei kven du er for å få snakke med oss. Du kan også sende ein e-post til [email protected].

Dette er noko av det vi kan gjere for deg:• Hjelpedegmedåfåoversiktoverdin

økonomiske situasjon• Svarepåkonkretespørsmåloggigenerelleråd

om gjeldsproblematikk, for eksempel om inkasso, tvangssal av bustad, lønnstrekk, rettsleg og utanrettsleg gjeldsordning osv.

• Gidegrådogrettleiingomkorleisdukanførebudeg til eit møte med NAV-kontor, namsmannen eller andre instansar.

• Synedegtilrettinstansdersomdutrenghjelputover det du kan få av oss.

• Viharogsådiverseinformasjonsmateriellvikansende deg.

Dette er noko av det vi ikkje kan hjelpe deg med:• Girettshjelpisakerfordomstolane• Gåinnigjeldsforhandlingarpådinevegneellerta

kontakt med kreditorane dine.• Takontaktmedoffentligeinstansarpådine

vegne

800GJELD er eit supplement til kommunen si gjeldsrådgjeving. Dette er eit lågterskeltilbod og gir hjelp til sjølvhjelp for brukarar med økonomiske problem eller som står i fare for å få økonomiske problem.

Startlån Regjeringa endra forskrift om startlån frå 01.04.2014. Ordninga med startlån vert no meir målretta mot personar med langvarige bustad og finansieringsproblem.Føremålet med endringa er at ein i større grad vil nå fram til dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, og som samtidig har økonomisk evne til å betene eit lån.Har du problem med å skaffe eigna leigebustad, (leige er klart dyrare ein å eige), og du har låg stabil inntekt og stabil livssituasjon? Då opnar den nye forskrifta for at du kan få startlån med opptil 50 års nedbetaling.

Unge i etableringsfasen Den nye ordninga fører til at unge utan barn som har høg nok inntekt til å få vanleg banklån, men som manglar eigenkapital, no ikkje vil få startlån som bidrag i eigenkapitalen. Dei unge må spare meir før dei kjøper seg eigen bustad.Du kan lese meir om startlån på husbanken.no

30

L U S T R A N Y T T

Page 33: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Integrering av flyktningar i Luster – språkpraksis og arbeidFrå 2010 og fram til no har Luster kommune teke mot om lag 50 flyktningar. Politikarane i Luster har vedteke å busetje 15 flyktningar i år, 15 i 2015 og 10 i 2016. I tillegg kjem familiesameining. Sentralt for dei «nye lustringane» er å lære norsk, noko vi veit er grunnleggande for å få arbeid og inntekt og bli ein integrert del av samfunnet vårt. Kommunen har ansvar for introduksjonsprogrammet, eit program som varer inntil 2 år og som har som mål at flyktningen lærer seg norsk og samfunnskunnskap, slik at dei kan byrje i arbeid eller vidare utdanning etter avslutta program. Ein viktig del av introduksjonsprogrammet er språkpraksis. Språkpraksis er ein metode i norskopplæringa som kan brukast i ein tidleg fase i introduksjonsprogrammet og gjev flyktningen høve til å praktisere norsk utanfor klasserommet.

Dei fleste norsklærarar snakkar roleg og tydeleg, men på arbeidsplassane må praktikanten forhalde seg til normalt samtaletempo med kollegaer, kundar, brukarar m.v. Dette gjev deltakaren høve til å øve seg på å lytte, snakke og innarbeide rett uttale. Når språkferdigheitene etter kvart vert styrka, vil det for mange vere naturleg at språkpraksis vert etterfølgt av arbeidspraksis, og på sikt ordinært arbeid.

Kan di verksemd tilby språkpraksis?Å busetje flyktningar er ei samfunnsoppgåve og eit samfunnsansvar. Ein måte for flyktningen å bli kjent med språk og samfunn, er språkpraksis. Flyktningen har unik erfaring og kompetanse. Kanskje språkpraksis kan vere aktuelt for verksemda dykkar? NAV vil nytte høvet å takke for at de opnar verksemdene dykkar for å ta mot språkpraktikantar,

og vert kjent med våre «nye lustringar».Dersom du ynskjer meir informasjon om språkpraksis, eller kan tilby språkpraksis ved dykkar verksemd, kan du ta kontakt med flyktningkonsulenten i Luster, Helge Veum, på telefon 41417031.

Flyktningkonsulent Helge Veum. Ta gjerne kontakt med han om di bedrift ynskjer å ha flyktningar i språkpraksis.

I år er det 50 år sidan kommunen overtok sjukestova i Luster, og 51 år sidan bygget stod ferdig. Dette bygget avløyste den gamle «Martastova» som var driven av Luster helselag.

SjukestovaI 1934 vart dr. Hvidsten distriktslege i Luster. Saman med kvinner i bygda fekk han stelt til to rom på gamleheimen som i lang tid vart brukt som ei lokal sjukestove. I 1950 vart sjukestova flytta over i den såkalla ”Martastova” og driven av Luster Helselag, som samla inn pengar til ombygging og drift. I samband med kraftutbygginga i Fortun ytte utbyggjaren Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) 150.000 kroner til bygging av ny sjukestove i Luster i 1963. Heile prosjektet gjekk i regi av dei lokale helselaga, og kommunen overtok drifta eit år etter at den opna.Biletet er henta frå avisa Sogn og Fjordane av 14. august 1963.

Sjukestova i Luster 50 år

L U S T R A N Y T T

31

Page 34: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Transporttilbod 2015

Kommunane får kvart år midlar frå fylkeskommunen til services-kyss og transportteneste for funksjonshemma. Tilboda er først og fremst retta mot eldre og/eller funksjonshemma, men Serviceskyssen kan nyttast av alle som treng transport og van-skeleg kan bruka buss.

Service-skyss Tilbodet vert organisert slik:Det er inga form for godkjenning for å nytta tilbodet. På faste dagar og til fast tid, enten kvar eller annakvar veke, vert det sett opp drosje i rute i ulike delar av kommunen. Alle passasjerar som ønskjer å nytta Service-skyssen må bestilla hjå Taxi-service 57 68 16 20 eller hjå Elvekrok 959 56 001 før kl. 18 dagen før turen. Dei som treng å verta henta på tunet avtalar dette ved bestilling. Rutene vil sjølvsagt gå i retur seinare på dagen. Eigenbetalinga er kr 15,- kvar veg. Rutene vert ikkje køyrde dersom ingen bestiller skyss.Du kan bruka ruta i motsett retning av det som er sett opp, t.d. følgja frå Gaupne til Luster om du har ærend dit, eller følgja ruta berre ein veg og nytta annan transport attende.

Rute-oppsettKvar eller annakvar veke går rutene til bygdesentrum, der ein finn butikk, post, kafé og liknande. Om lag ein gong i månaden vil rutene gå til Gaupne frå alle delar av kommunen.Alle tidspunkt er cirka-tider, fordi ein ikkje veit kor mange

som er passasjerar frå gong til gong, og kvar dei skal hentast. Eventuelle justeringar av rutetider vil drosjen informera om.

Sørheim-sida + Fortun + Skjolden. Ruta hentar passasjerar i alle deler av området ved behov. Ruta startar på Skjolden ca. kl. 10.30 torsdagar i partal-veker, (altså veke 2,4 osv., sjå vekenr. på kalenderen) retur frå Skjolden ca. kl. 14.30.

Skjolden – Gaupne følgjande torsdagar: 8.1, 5.2, 5.3, 16.4, 7.5, 4.6, 2.7, 30.7, 27.8, 22.9, 20.10, 17.11, 15.12. Frå Skjolden ca. kl. 12.30, retur frå Gaupne ca. kl. 15.30.

Jostedal. Tysdagar i partal-veker: Frå Gjerde ca. kl. 10.30, retur ca. kl. 12.30.

Jostedal - Gaupne følgjande tysdagar: 6.1, 3.2, 3.3, 31.4, 28.4, 26.5, 23.6, 21.7, 18.8, 15.9, 13.10, 10.11, 8.12. Frå Jostedal ca. kl. 11.30, retur frå Gaupne ca. kl. 13.30.

Veitastrond. Tysdagar i oddetal-veker: (veke 1, 3 osv.) Ruta startar frå Veitastrond ca. kl. 10, retur frå Hafslo ca. kl. 12. Til Gaupne: Sjå ruta Hafslo – Gaupne. Frå Veitastrond ca. kl. 10, retur frå Gaupne ca. kl. 13.30, ev. buss frå Hafslo.

Nes + Luster. Kvar tysdag frå Nes ca. kl. 13, retur ca. kl.

15.30. Lustrabygdi rundt kvar tysdag ca. kl. 13.30, retur ca. kl. 15.30.Lustringar og nesingar kan følgja ruta frå Skjolden til Gaupne følgjande torsdagar, sjå ruta Skjolden – Gaupne.

Solvorn – Hafslo. Kvar fredag: Frå Solvorn til Hafslo ca. kl. 9.30, retur ca. kl. 13.30. Til Gaupne saman med Veitastrond, sjå ruta Hafslo – Gaupne.

Indre Hafslo. Kvar onsdag: Frå Falkgjerdet ca. kl. 13.00, retur frå Gaupne ca. kl. 16.00.Mollandsmarki kan også bestilla på denne ruta.

Hafslo. Kvar fredag: Hafslo rundt frå Buene ca. kl. 9.30, retur frå Buene ca. kl. 12.30.

Hafslo – Gaupne ein dag i månaden saman med Veitastrond. Frå Hafslo ca. kl. 10.30, retur frå Gaupne ca. kl. 13.30: 13.1, 10.2, 10.3, 7.4, 5.5, 2.6, 30.6, 28.7, 25.8, 22.9, 20.10, 7.11, 15.12.

Gaupne. Kvar måndag: Start frå Pyramiden ca. kl. 13, retur frå Pyramiden ca. kl. 16. Ruta vil variera etter kvar passasjerane bur.God tur!

32

L U S T R A N Y T T

Page 35: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Heimetenesta ved team Grandmo har eit kontinuerleg og fint samarbeid med vernepleiarutdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er mellom anna jamnleg med studentar i praksis- og prosjektperiodar hjå oss. Vi får godtgjering i form av midlar som me kan bruke til vidareutvikling og påfyll av fagleg kompetanse.

I oktober hadde me besøk frå høgskulen i Sogn og Fjordane. Møtet var i nettverket Association of Care Educators in Europe (ACE Europe) beståande av ei gruppe frå ulike vernepleieutdanningar eller liknande utdanningar i Europa. Møtet hadde denne gongen stad i Sogndal og hadde tema om innhaldet i utdanningane. Sjå også http://krohnargument.no/2014/11/11/a-hidden-history/

Besøket i Luster var for å bli informert om tenestetilbodet til personar med utviklingshemming i Noreg, spesielt på bakgrunn av at institusjonane er lagt ned. Me nytta også høve til å presentere bilete frå den vakre naturen vår og ulike turistattraksjonar frå Luster. Dei besøkte også Harastølen for å sjå både plassen og naturen. Men også fordi vernepleiarutdanninga i Sogndal og kommunen har eit fint fagleg samarbeid.

Bak frå venstre står Jan Ølnes - Luster kommune, Gerhart Hofer - Austerrike, Christof Moelkner - Tyskland, Aud Jorunn Høyheim- Luster kommune, Peter Zaagman - England, Thomas Huelse - Tyskland, Ole Martin Hitland - Norge/Sogndal, Helen Atherton - England, Vigdis Reiseter - Norge/Sogndal og Tor Rynning Torp – Norge.

Vernepleiarutdanninga besøker Luster

TT-transport for funksjonshemma Brukarar av dette tilbodet må ha ei godkjenning. Grunnlaget for godkjenninga er funksjonshemming i høve til transport/utandørs forflytting over litt større avstandar. Det er ein føresetnad at funksjonshemminga varer minst eit år. Tilbodet er uavhengig av søkjaren sin alder og økonomi. Tilbodet skal vera ein inspirasjon til ”å koma seg utom døra», men det er på ingen måte meint å dekka heile transportbehovet til brukaren. Transportordninga skal ikkje vera ei erstatning for manglande

offentleg transport. Ordninga gjeld « fritidsreiser», dvs. reise til sosiale samkomer, butikk og liknande. Ordninga skal ikkje nyttast for transport til lege, fysioterapeut eller andre tenester som stort sett vert dekka av andre, td NAV. Transporten skal gå føre seg med bil som har godkjend drosjeløyve.

Søknad om å verta godkjend som brukar av transporttenesta kan sendast inn heile året, og vert handsama kvartal-vis. Brukarane vert godkjende av Omsorgsnemnda, og får tildelt reisesum for eit år. Reisesummane varierer etter kor

langt frå sentrumsfunksjonar ein bur og kor alvorleg funksjonshemminga er. Brukarane får tilsendt eit verdikort som inneheld den summen dei kan nytta til TT. Ev. tilleggsløyvingar vert lagt inn i kortet i løpet av sommaren. Eigenbetalinga er uendra, kr 10,- kvar veg.

Søknadsskjema og nærare informasjon kan ein få ved å venda seg til Servicetorget på Rådhuset tlf. 57 68 55 00 eller Ergoterapitenesta på Helsesenteret tel. 56 68 56 21.

L U S T R A N Y T T

33

Page 36: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

70 + ”I 100 mot 100”

Luster seniordansLuster seniordans er i aktivitet på tredje året. Gunnstein Kvåle frå Sogndal/Førde sette det heile i gang. Med si evne til å få folk engasjerte, med optimisme og sitt gode humør har han fått lustringane opp av godstolen.

Her er det ikkje viktig med par, han eller ho, for her er det raudt eller blått som gjeld og alle kan bli med. Trim og dansetrinn etter

musikk skjerpar både hovud og føter.

Etter kvart har Kristen Alsmo og Liv Helen Nystuen vorte læremeistrane som rettleiar og forklarar dei 20 til 30 personane kvar torsdagskveld i vinterhalvåret. Det hindrar ikkje at Gunnstein (80 år i sommar), køyrer frå Førde til Gaupne rett som det er, for å delta i ringdansen og sjå korleis det går.

På fylkestreffet i Førde i oktober var lustringane ein del av 150 deltakande, og Gunnstein ein av fleire instruktørar.

Det er plass til fleire, så vel møtt på Luster ungdomsskule torsdagane kl.18.00-20.00 alle som har lyst til å trimma etter musikk!, vert det meldt frå styret.

Fysisk inaktivitet er ei av dei viktigaste risikofaktorane i eldre alder. Ei kartlegging av fysisk aktivitet og fysisk form, viser at etter fylte 70 år er det eit markant fall i aktivitetsnivået. Men, det er aldri for seint å byrje med trening – og for mange eldre vil helsegevinsten vera større enn for yngre! Det er vist at fysisk aktivitet for eldre fremjar både mental og fysisk helse, betrar balanse og kroppskontroll, reduserer ei rekkje livsstilssjukdomar og hjelper deg å oppretthalde evna til å klare oppgåver i dagleglivet.På Luster treningssenter har me treningstilbod for alle som er fylte 16 år. Har du fylt 70 år, sponsar Luster kommune med sine Folkehelsemidlar deler av treningsavgifta det første treningsåret. Denne ordninga heiter ”I 100 mot 100”, og dette er ei gunstig ordning der målet er at ein opprettheld den fysisk aktiviteten trass auka alder.”I 100 mot 100” er eit medlemsskap der du sjølv betaler 100 kroner i månaden og Folkehelsemidlar dekkjer resten det første året. Ordninga gjeld for alle som har fylt 70 år. Du kan trene når som helst i senteret sine opningstider! På tysdag og fredag kl. 11.00 -12.00 er det fellestrening med eigentrening og 15 min fellestrening til musikk. Her er det god oppslutnad og du er både sosial og aktiv. Etterpå kan du kjøpe lunsj og kaffi - og la skravla gå! Er dette noko for deg eller nokon du kjenner, er det berre å kontakte Luster treningssenter eller kom innom og prøv heilt utan forpliktingar! Me ser fram til å sjå deg!

Bilete: Styrketrening, trim til musikk og ei kjekk og sosial matøkt etterpå.

34

L U S T R A N Y T T

Page 37: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Igjen var det duka for markering av FN sin internasjonale eldredag i Luster. Eldrerådet stod for markeringa saman med Pensjonistlaget og Luster kommune. Over 90 personar var samla på Pyramiden kafé, noko leiaren i Eldrerådet Johannes Lad, var godt nøgd med! - Eg får ei god kjensle av varme og ro ved å sjå så mange eldre, blide menneske samla på ein gong, sa eldrerådsleiaren. I tillegg til servering av god gryterett, kake og kaffi fekk dei frammøtte variert program med kåseri song og musikk.Ordførar Ivar Kvalen deltok med ei helsing frå kommunen. Han orienterte litt om kva saker kommunen arbeider med no, med planar og prosjekt. Han nemnde bl.a. revidering av kommuneplanen, arealdelen og ny bustadsosial handlingsplan som er under utarbeiding. Budsjettprosessen er i gang. Sjølv om Luster har god økonomi og gode tenester for innbyggjarane, har kommunen økonomiske utfordringar og det må gjerast strukturendringar. Den store saka framover no blir kommunereforma, om kommunane si framtid. Her må og Luster ta eit val til slutt.

- Kokko riddl ao ao i, kokkooo ! Henning Rivedal innleia eit fengande kåseri med jodlelåten «Jøkuret.» (Alice Babs frå 1954). Denne gamle låten høvde

godt til temaet han presenterte vidare, nemleg historia til GAMALOSTEN. Med utdrag frå boka «Gamalosten» som han har skrive saman med Kjerstin Risnes, fekk publikum ei rik oppleving om korleis denne matretten, med utfordrande lukt og eigen smak, har hatt si merksemd opp gjennom tidene. Ja, heilt frå vikingtida frå tungt slit med mykje kvinnearbeid og fram til i dag med moderne hjelpemiddel blir denne matretten framleis laga, elska og hata. Den helsebringande gevinsten produktet har, påvist gjennom forsking, syner at osten inneheld K- vitamin, har stoff som kan senke blodtrykk og kolesterol, og til og med vere bra for hukommelse og potens. Ikkje rart at osten er vide kjend. Den burde vore som medisin, utgitt på blå resept, meinte kåsøren.

Song og musikkArne Nesheim, gitar og John Halveg på trekkspel og solist Mirjam Tverberg framførde mange fine melodiar. Særleg den kjende låten til Olav Stedje frå 1981, «Vi vandrar saman», slo godt an. Og det skulle bli meir song! På sparket slo likså godt kåsøren Henning Rivedal til som solist, og det vart både allsong og slager. Det heile blei ei triveleg stund som publikum seint vil gløyma.Leiar Johannes Lad takka til slutt alle som hadde møtt fram og alle som hadde delteke for å få ei fin markering av dei eldre sin dag.

Bilete: Vel møtt til seniordans på Luster ungdomsskule på torsdagar!

Leiar i eldrerådet Johannes Lad.

Eldredagen med gamalost og flott song

Ordførar Ivar Kvalen helsa frå kommunen og Henning Rivedal (t.v.) kåserte om gamalosten.

John Halveg og Arne Nesheim sytte for musikken medan Mirjam Tverberg song.

L U S T R A N Y T T

35

Page 38: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

GLIMT frå Luster omsorgssenterPå Luster omsorgssenteret yn-skjer me å gi god omsorg, men også underhaldning og festlege tilstellingar er viktig for trivsel og kvalitet i kvardagen

Utdeling av medisin er ei viktig og ansvarsfull oppgåver. Venke syter for at alle på si gruppe får det dei skal.

Desse damene kosar seg ved festdekka bord 17. mai.

Vårfest 25. april. Denne kvelden var borda dekka til fest, og dei pårørande var invitert saman med sine. Lys og serviettar i grønt, vårblomster på bordet og fint vårvêr ute. Dette la ei fin ramme rundt kvelden. Kjøkkenet serverte gryterett, kaffi og kaker.

Avd.sjukepleiar Liv leia vårfesten, og Johan Heltne stod for det musikalske, med song og trekkspelmusikk til songane. Kjende songar som «Lustrasangen», «Kom mai du skjønne Milde» og «Drømmen om Elin» klang godt i rommet.Hans Lavoll var med og fortalde fleire småstubbar, også om den gamle fjordabåten Odden som gjekk på Lustrafjorden i eldre dagar fram til 1939. Fleire av pasientane hugsa nok den der han la til kai innover heile fjorden.

36

L U S T R A N Y T T

Page 39: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Sommaren 2014 gav oss mykje fint ver, og grilling i hagen for alle på omsorgssenteret og eldresenteret var kjekt. Å sitja ute og nyta nygrilla mat i skuggen av parasollane gjev trivsel og velvære.

Svein Tore og Karoline sytte for god grillmat til alle.

Hjarteleg takk for minnegåva me fekk i høve Ola Solvi si gravferd.

HelsingLuster sjukeheimsteneste avd. HafsloTurid Stegegjerdet LeirdalAvdelingssjukepleiar

*Hjarteleg takk for minnegåva me fekk i høve Astrid Vigdal si gravferd

Helsing Luster sjukeheimsteneste avd. GaupneOle Petter VeumAvdelingssjukepleiar

*Hjarteleg takk for minnegåva me fekk i høve Brita Yttri si gravferd.

Helsing Luster heimeteneste avd. GaupneTone Kjærvik KveaneLeiar Luster heimeteneste

Hjarteleg takk

L U S T R A N Y T T

37

Page 40: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

- No lyt me snart ha ein skikkeleg fest att, sa Eva Solstad, ein dag i haust til dei sty-rande på Gaupne omsorgssenter.

Mette Grov Ruud og Svanhild Teigen tende på ideen og tok utfordringa på strak arm. Og under planlegginga kom dei til å tenkje på at det hadde kome to gavmilde ungar opp på omsorgssenteret i sommar, Elisa Walaker Karoliussen og Sivert Saur, og dei hadde med seg 1000 kroner som dei ynskte å gi til dei gamle. Pengane hadde dei skaffa ved å selje vaflar under Lustramarknaden. No kunne desse pengane brukast til å lage fest for, tenkte Mette og Svanhild. Og som tenkt så gjort. Ein dag tidleg i november vart det dekka til fest. Feven, ei av våre nye lustringar, i lag med nokre frå Røde Kors besøksteneste tok ansvaret for pyntinga og dekkinga av dei flotte borda. Og snart var borda sessa med festkledde pensjonærane som fekk servert knakande god gryterett med kaffi og smågodt etterpå. Med på festen var også LHL sine «søndagsdansarar» og Indre Hafslo Spelemannslag. Dei sistnemnde rigga seg etter kvart klare for oppspel til dans. Og dans vart det – i eitt strekk i nesten to timar – med fullt golv heile tida!- Dette kjem me til å leve på lenge! sa Eva i takketalen sin då festen måtte ta ein ende.

Haustfest på Gaupne omsorgssenter

38

L U S T R A N Y T T

Page 41: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Kulturminneplanen for kommunen skal reviderast og i den samanheng inviterer Luster kommune til fotokonkurranse. Kva er ditt favoritt-kulturminne? Har du noko interessant å fortelje om dette kulturminnet? Veit du om eit kulturminne som få kjenner til eller som snart er vekke? Vil du visa fram din kulturskatt slik at andre får sjå den?

Kva er eit kulturminne? Det er du som avgjer kva som er eit kulturminne for deg. Det kan vere eit område, ein bygning, gjerne ein som det knyter seg historiar til som handtverk eller musikk, kulturminnet kan vise korleis ressursar vart nytta, gjenbruk av materialar, flytting av hus. Det kan vere bygningar til ulik bruk, frå stølshus og løer i utmarka til gardsanlegg og kyrkjer. Kanskje er kulturminnet til nedfalls eller det er berre ein liten rest. Kulturminnet kan ha noko med transport og kommunikasjon å gjere, kaianlegg, båtar vegar, bruer, grinder, stiar og vardar og veter. Det kan vere eit kulturminne som fortel om bruk av naturen slik som steingardar, kolgroper, tjøremiler, dyregraver, vatningsveiter og vaskeplassar. Det kan også vere spor etter tru og religion som gravhaugar, bautasteinar og skålgroper. I heile konkurranseperioden vert «Vekas kulturminnefoto» publisert på Luster kommune si heimeside og facebookside.

Konkurransereglar• Kvardeltakarkansendeinn

maksimalt tre bilete.• Dukanberredeltamed

bilete som du sjølv har fotografert.

• Biletetetskalveredigitalti jpg-format, og i så stor

oppløysing som moleg (1 MB - 7 MB)

• MotivetmåverefråLusterkommune.

• Detmåvereeittellerfleirekulturminne på biletet.

• Opplysomkvaduhartekebilete av og når og kvar biletet er teke.

• Dersomdeterpersonarpå biletet har innsendaren ansvar for å få samtykke til offentleggjering. Er det bilete av barn under 15 år må foreldre samtykke på vegne av barnet sitt.

• Kanpersonarpåbiletetidentifiserast skal namn på desse personane vera med.

• Personopplysningarvertlagra i tilknytning til bileta. Dette også for å kunne kreditere fotograf ved seinare bruk. Dersom du ikkje vil ha namnet ditt offentleggjort, kan du framleis vere med i trekninga om bokpremiar.

• Lusterkommunetildelersegretten til å offentleggjera alle innsendte bilete samt bruka bileta vederlagsfritt i eigne kommunikasjonskanalar (nettside, sosiale medier), i PR-samanheng og som

illustrasjonar i eigne publikasjonar.

• Lusterkommunestårfritttil å endre format/ta utsnitt av biletet.

• Alleinnsendtebiletevertvurdert av ein jury etter skjøn, der det vert lagt vekt på at kulturminna er avbilda på ein god og interessant måte, og er i samsvar med tematikken i konkurransen. Juryen si avgjerd er endeleg. Dei ti beste bidraga vert premiert. Juryen er samansett av Geirr Vetti, Inger Handegård, Norman Kjærvik.

Frist for innsending av bilete: 31. mai 2015. Bileta skal sendast på e-post til [email protected] skal vere digitalt i jpg-format, og i høg oppløysing slik at dei kan brukast på trykk etterpå. Hugs å skrive litt informasjon om kulturbildet du har teke bilete av.

Premiar: 1. premie: kr. 3000.- 2. og 3.premie: kr.1000.-4. - 10. premie: Bokpremie

Eitt av mange kulturminne i Luster. Gamalt sel i Røyteholet. Fotograf: Inger Handegård

FotokonkurranseL U S T R A N Y T T

39

Page 42: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Servicebygg på Bergset i Jostedal

Servicebygget på Bergset stod klart til bruk denne sesongen, og fungerer som informasjonstavle og toalett for turgåarar i området.Det er byggfag ved yrkesskulen i Sogndal som har bygt bygget, så har entreprenør Ernst Rune Melheim sytt for grunn- og betongarbeid, transport og montering på plassen. Luster Energiverk har lagt fram straum til bygget samt installert lys og varme, og Røyrleggjarservice Ola Skophamar AS har levert toalettsystemet. Luster kommune håpar med dette at turgåarar i området får ei ytterlegare forbetring av turopplevinga med dette tiltaket.

Fremst i Krundalen er det flott turterreng og godt tilrettelagt sti framover mot Bergsetbreen. Ved parkeringsplassen er det no kome flott servicebygg med toalett.

Hovudføremålet med arealdelen er å leggja til rette for ei overordna styring av arealbruken i Luster kommune. Både store og mindre utbyggingsoppgåver bør avklarast i dette arbeidet. Unnatak er område som allereie er regulert. Endra arealbruk i slike område må skje gjennom reguleringsendring.

I samband med oppstart hausten 2013 kom det inn vel 100 innspel. Mange av desse er tiltak som ligg i regulerte område eller er å rekna som budsjettsaker. Dei er difor ikkje teke med i vidare utgreiingar. I alt 34 område er konsekvensutgreidde. Kommunestyret skal etter høyringa ta endeleg stilling til om alle skal vera med i arealdelen eller om nokon skal takast ut.

Kommuneplanen sin arealdel er ein juridisk bindande plan som skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging og omfattar alt areal i Luster kommune.

Den juridiske delen av planen omfattar: • Plankart

• Omsynssonekart–(sikring-, støy- og faresoner)

• Føresegner

Retningslinjer og «Oppfylgjande planoppgåver» er ikkje bindande, men førande for administrasjonog folkevalde.

SlutthandsamingNår høyringa er avslutta vert merknader og nye innspel, som er kome inn, vurderte. Kommune-plannemnda skal så ta stilling til om nye tiltak skal takast inne eller ikkje. Dersom dei vel å ta inn nye område inneber dette at planen må ut på ny høyring. Dersom ikkje, er målet at planen skal slutthandsamast i februar 2015.

Planframlegget er lagt ut på www.luster.kommune.no. Karta ligg ute både i PDF-format og som Web-løysing. I tillegg er planen lagt ut i papirformat desse stadene: Servicetorget i Gaupne, biblioteka i Gaupne, Skjolden og Hafslo, butikkar på Veitastrond,

Jostedalen, Luster og Fortun og Fjordatunet i Kroken.

Har du synspunkt på tiltak som er utgreidd i arealdelen er det viktig at du gjev uttrykk for det overfor Luster kommune no og helst skriftleg. Frist for merknader er 19. desember 2014.

Kommuneplanen sin arealdel (KPA) 2015 - 2026

40

L U S T R A N Y T T

Page 43: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

AdressetildelingAdressering av vegar i kommunen har lege ute til høyring. Det er komme mange innspel, og alle innspela vil bli behandla i Namnenemda. Endelege namn vert vedteke av plan- og forvaltningsstyret. Mange har engasjert seg i dette, og det er flott med mange innspel. Me ser at det er nokon som trur dette har med endring av stadnamn å gjera. Dette er IKKJE tilfelle. Det er vegar som skal adresserast for at det skal bli lettare for utrykkingskøyretøy (ambulanse, brann, etc) å finna fort fram til rette staden. Stadnamna vil ikkje bli berørde av namnevala på vegane. Ein veg vil som oftast gå over ein strekning som har mange lokale namn, men ein vegparsell skal

kun ha eit namn. Derfor er det viktig å finne eit namn som kan vera dekkande for den aktuelle vegen. Dette er ikkje alltid like enkelt, og nokon vil alltid vera ueinige i namnevalet. Difor er det viktig å hugsa på at adressa er for dei som ikkje er kjende på staden og som eventuelt må finna fort fram.

Vatn og avløpDet har vore stor aktivitet innan vatn- og avlaupssektoren dette året. Mellom anna vart eit heilt nytt vass- og avlaupsanlegg i Hestehagen, Fortun sett i drift. Det vart sett inn nytt kloakkreinseanlegg i Solvorn.

VeitastrondI tillegg er det kome nytt vassbehandlingsanlegg på Veitastrond.Det gamle vassverket over tidlegare brønn vil bli fjerna.

Det er bora etter vatn på Drægni i Fortun, og det er planlagt ferdigstilling av ny avlaupspumpestasjon på Lyngmo, Hafslo.

I den bratte fjellsida mellom Storehaugmelen og Lustrafjorden står ei klynge av gamle graner, som for 100 år sidan vart verna som Noregs kanskje fyrste naturreservat under namnet Skogateigen. I dag er Skogateigen del av Luster allmenning naturreservat, som dekkjer vel 10 000 dekar av fjellsida utover frå Skophamar mot Ombandsneset. Dei gamle granene står der framleis som majestetar med praktfullt utsyn mot Lustrafjorden, dei høgste om lag 40 meter. Svært få besøker dei, og ingen veit heilt sikkert korleis forgjengarane deira kom dit for 4-500 år sidan.

På tematuren i anledning jubileet fekk me høve til å sjå skogateigen på nært hald og læra meir om denne førekomsten, som på grunn av sitt mystiske opphav er verneverdig, sjølv i ei tid då grana stort sett vert sett på som eit uønskt framandelement i naturen vår. Turen gjekk frå Kaupangersida via Vardaheii og Vatnasete 31. august.

Takk til Gjert Heiberg, Johannes Anonby (fylkesmannen) og Liv Byrkjeland (SNO), samt turlaga i Sogndal og Luster.

Gamle graner i Skogateigen som vart verna for 100 år sidan.

100-årsmarkering for Noregs kanskje eldste naturreservat

L U S T R A N Y T T

41

Page 44: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Interesse for lokalprodusert mat er stadig aukande blant forbrukarar, butikkar og serveringsbedrifter. I 2006 vart Lustramat danna. Det er ein samvirkeorganisasjon for produsentar av lokal mat i kommunen. Det er i dag om lag 20 medlemmer, dei lagar ost, mølsa, bakevarer, kjøtprodukt, honning, syltetøy, saft og jus. Produkta vert selt direkte til dei som tek kontakt, dei vert selt på marknader eller til butikk.I september starta eit 2-årig prosjekt opp i regi av Lustramat og Fjordatunet i Kroken. Målsetjing er:

• Utviklaogvidareføralokale matopplevingar og tradisjonar med mål om å gjere dette tilgjengeleg for folk flest.

• Fåoppeitbreiareutvalogmengder av lokalprodusert mat.

• Utviklaeit”hurtigmatkonsept” basert på lokale produkt.

• Etableraeffektivesalskanalarfor lokalmat-produsentar til serveringsbedrifter og butikkar i regionen.

• UtviklaLustramatsomeimerkevare.

Det hadde vore moro å få med fleire produsentar i Lustramat, enten gardbrukarar som er interessert i å selje råvarer direkte til kundar, eller nokon som tenkjer å satse på vidareforedling av mat. Kanskje

kan vi få kjøpt ferdiglaga rettar av lokale råvarer, t.d. kjøtgryter og suppe, i frysedisken på bui? Serveringsbedrifter er interessert i stykningsdelar av slakt og vakuumpakka ferdige rettar som er lett å lage til. Butikkane spør etter lefser og lomper, og vi får spørsmål om kven som har urter og grønsaker til sals. Som medlem kan produsentane nytte Lustramat sine strekkodar til merking av varene. Desse kriteriene er gjeldande for medlemmer:

• Produktaskalvereprodusertinnanfor Luster kommune.

• Produktaskalhaforankring i lokalt natur- og kulturgrunnlag.

• Produktaerbasertpåråvarerprodusert i det geografiske området nemnt ovanfor.

• Primærprodusentarmåoppfylle krava til KSL.

• Einkanikkjenyttaråstoffsom kjem frå dyr som er importert til Noreg.

• Produksjonavråvarerskalvere basert på ei helsemessig og etisk grunntenking.

• Råvarersomikkjekanskaffast i regionen, må vere norske. Unnateke er dei råvarene ikkje blir produsert i Noreg, eller som er sesongavhengige i Noreg.

• Allemedlemmarsomvidareforedlar råvarer må ha godkjenning frå Mattilsynet, og oppfylle krava til IK-mat.

Til dei som vil prøva seg med

produksjon, finst det lokale godkjent av Mattilsynet ulike stader i kommunen, kjøken til serveringsbedrifter kan lånast/leigast, Fjordatunet i Kroken har romslege lokale til kjøtproduksjon, baking, m.m. og hjorteslakteria på Ornes og i Mørkridsdalen har lokale til leige. Du kan få hjelp til å komma i gang frå oss, Kompetansenavet Vest, fylkesmannen si landbruksavdeling og Luster kommune. I prosjektet har vi starta å sjå på samarbeid om distribusjon, lager og sal, eige utsal, kanskje nettsal. Mange av butikkane i kommunen er flinke til å ta inn lokal mat, både ferskvarer som bær og potet i sesongen, bakevarer og dei andre produkta til medlemmene i Lustramat. Neste gong de er på bui kan de sjå etter kva produkt de finn. Alle produsentane finn du på heimesida, lustramat.com. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Luster kommune har løyvd midlar til prosjektet. Valborg Heløy har ei 40% stilling i prosjektet og har kontorplass i Fjordatunet. Er du interessert i å bli medlem i Lustramat, har idear som vi kan hjelpe til med, eller ynskjer meir informasjon, ta kontakt med Valborg på tlf.90919040. Du kan følgje med på Facebook kva vi driv med, søk på «Matopplevingar i Luster».

Lustramat har om lag

20 medlemer som lagar m.a.

ost, mølsa, bakevarer,

kjøtprodukt, honning,

syltetøy, saft og jus.

Matopplevingar i Luster

42

L U S T R A N Y T T

Page 45: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Vinteren/våren 2014 sette Adecco i samarbeid med Luster kommune i gang to kurs for utlendingar/arbeidsinnvandrarar som ynskjer å betre norsk-kunnskapen sin. Det har vore god interesse for kursa som framleis går. Om lag 25 personar har delteke, nokon har slutta og nokon har kome til. Nett no i starten av november 2014 er det 13 personar som deltak på kurs for vidarekomne og 5 som er på nybyrjarkurs. Eli Tjørhom som har lang erfaring med språkopplæring til utlendingar er kursleiar. Elevane er godt nøgde. Det er 3 timar skuleundervisning ein kveld i veka, i tillegg er det tilrådd å fylgje web-basert opplæring. Dei fleste av dei som deltek på kursa er i arbeid hjå ulike verksemder i Luster, dei kjem frå ulike land. I utgangspunktet skal deltakarane sjølve finansiere kurset, men ein del verksemder «sponsar» sine deltakarar. Luster kommune har

teke ein del av kostnadene med web-kurset. Etter jul er det planlagt å setje i gang eit nytt kurs for nybyrjarar, dvs personar med lite norskkunnskap.

Luster kommune meiner det er svært viktig at arbeidsinnvandrarar lærer seg norsk så fort som råd. Norsk språk er grunnlaget for å kunne kommunisere med andre og vesentleg for å bli aktiv deltakar i ulike tiltak i lokalsamfunnet.

Kurs i norsk for arbeidsinnvandrarar

Adventure Tours satsar vidareDet som tidlegare heitte Skjolden Tours AS heiter no Adventure Tours AS. I lag med namnendringa utviklar bedrifta nye tilbod. Sommaren 2014 stod 32 nye syklar i ulike storleikar klare til bruk for cruisepassasjerar og andre turistar. Syklane er typiske tursyklar med eit 7-girsystem som er høvelege på landevegar. Ved cruiseanløp har utleige av syklane blitt administrert frå same stad som avgangane for RIB-båtturar, ved Bryggjehuset på Skjolden. Som resultat har spesielt Mørkridsdalen fått fleire gjester i løpet av sommaren, der tilbakemeldingane frå cruisefolket har vore gode. Utanom cruiseanløpa har det vore mogleg for turistar å delta på sykkel-, vandre- og fisketurar innover i Mørkridsdalen. Kombinasjonen av flott natur, formidling av lokalhistorie og den fredlege vandringa i dalen ser ut til å falle i smak hjå turistane – sjølv ved varierande fiskefangst.For sesongen 2015 vil ein forsette å vidareutvikle tilboda og bedrifta. Ei av utfordringane er å bli

meir attraktiv og kome inn på nye marknadar sidan cruiseanløpa har hatt ei nedgåande formkurve. Trass i nedgangen ser ein positivt på framtida etter ein varm sommar med godt vêr, som er med på å minne om potensialet Luster har som reisemål. Gjennom å satse på fjord, sykkel og vandring, håpar ein å trekkje til seg fleire gjester til kommunen.

Det er stor interesse for å leige sykkel på Skjolden fortel Karlis Bremers i Adventure Tours.

Ein flott gjeng på norskkurs i Gaupne.Heilt fremst i biletet sit Vilija Malceviene (Litauen), til venstre for ho sit Wojciech Tomasikiewic (Polen), vidare rundt sit Hanna Giowecha (Polen), Wioletta Sajan (Polen), Izabela Grudka, Aureja Urbonaviciute (Litauen), Saulus Janukuas (Litauen), Milena Paltanaviciute (Litauen), Gediminas Zukauskas (Litauen), Joanna Szczypkant (Polen) og Ruslanas Malcevas (Litauen).

L U S T R A N Y T T

43

Page 46: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

BlueFjords bygger Jostedal datasenterNoregs mest moderne datasenterAlle trendar og vurderingar som handlar om korleis me i dag nyttar data og datarelaterte produkt fortel om eksplosjonsarta auke og dermed stigande krav til datalagring og prosessering.Kvart eit lite google-søk set i gang ei kjede av hendingar – som krev tilgang til nettverk, serverar, lagringseiningar og straum. Me nyttar oss av dette utan tanke for slike konsekvensar – og ein eller annan stad skal dette prosesserast mot lagra data og informasjonen skal transporterast. Dette skjer uansett kva liten eller stor hending me set i verk via internett. Me produserer slik aktivitet mest heile døgnet – og jobb og fritid går i stor grad hand i hand i måten me nyttar data og datautstyr på. Datasystem vert stadig meir kritiske for den enkelte bedrift og kravet til sikkerheit og miljøet som utstyret skal stå i vert skjerpa. Fleire og fleire bedrifter ønskjer derfor å sette vekk sine interne datasystem – leige seg inn ein plass der deira utstyr vert ivareteke på ein profesjonell og sikker måte. På Reiarmoen, 7 km frå Gaupne sentrum – retning Jostedal,

bygger BlueFjords eit slikt datasenter. Drift av systema er det driftspartnerar eller kundane med sitt driftspersonale som syter for.

Kvifor er Luster ein god plass for datasenter?Først og fremst har me rikeleg tilgang på straum, kortreist straum. Det å bruke straumen nærast der den vert produsert er ein stor samfunnsøkonomisk fordel. Det er mykje rimelegare å transportere data enn det er å transportere straum. I tillegg har me i Luster bra tilgang på fiberkommunikasjon og me har lokal kompetanse til å drifte eit datasenter. Luster kommune har vore svært velvillige på finansieringssida saman med Innovasjon Norge og Luster Sparebank. I tillegg

til alle lokale eigarar som har bidrege med eigenkapital. Det er derfor mange gode krefter som ønskjer at BlueFjords skal lukkast med dette. Til saman kostar bygget 35 millionar kroner før det er installert ei einaste datamaskin i hallen. Datautstyret er det BlueFjords sin kundar som kjem med. BlueFjords stiller med proff plass, sikker straum og effektiv kjøling. Bygget er totalt på om lag 600 kvm og innvendig er sjølve datahallen på 220 kvm. På sikt er det truleg 5-8 personar som direkte jobbar i BlueFjords. Ringverknadar i økosystemet kring eit datasenter - basert på erfaringar andre stadar tilseier 20 til 30 i indirekte effekt. I desember 2014 skal anlegget stå

44

L U S T R A N Y T T

Page 47: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

GaupnetunetDet er snart eit og eit halvt år sidan Gaupnetunet (tidlegare Gaupne Hotell) fekk nye eigarar, og har i den tida gjennomgått ei heller omfattande oppgradering. Dei nye eigarane er Hans Olav Sandvik saman med dottera Anja og sonen Jostein. Det er Anja som er dagleg leiar og hotellsjef.I tida som har gått etter namneskiftet, er ni av romma totalrenoverte, og to av dei er «dobbeltrom superior» som har det vesle ekstra, med god plass, massasjedusj, og spesiallaga møblar av vår eigen trekunstnar. Peisestove, bibliotek/møterom og resepsjonen har også fått ei oppgradering og framstår no som lyse og trivelege lokale.Gaupnetunet er heilårsope, og held stengt kun mellom jul og

nyttår. I tida no framover er det hektisk aktivitet med julebord og andre førjulsarrangement. Men det er også ein god del overnattingsgjester som har oppdrag for dei ulike bedriftene i kommunen. På vinterstid vil det vere stengt på laurdag og søndag dersom det ikkje er arrangement eller andre bestillingar.Når våren og sommaren

nærmar seg, vil ogso aktiviteten auke på. Den populære sommarrestauranten vil halde ope til langt på kveld kvar einaste dag. Her vil det, som sist sommar, bli servert heimelaga italiensk pizza, saman med eit utval av andre populære middagsrettar.

I oktober fekk Massiv Lust den fyrste Nordiske treprisen. Prisen vart delt ut i Trondheim under Forum Holzbau Nordic.Prisen vart oppretta i år og blir delt ut av foreninga Nordiske Trebyer, eit samarbeid mellom nordiske byar for å fremje bygging av trehus i byar.Det var arkitekt og gründer Jørgen Tycho som tok imot prisen på vegner av Massiv Lust.- For oss er dette ei stor ære, og vi er svært takknemlege for prisen, sa han i sin takketale.Tycho seier at dei i Massiv Lust ser tendensar til endringar i arkitekturen som gjer at tre i stadig større grad blir ein nøkkelkomponent. Tre er

også ein stabilisator og aktiv medhjelpar til betre inneklima og energiproduksjon.Den nordiske treprisen går til kandidatar under 40 år eller institusjonar som kan vise til gode prestasjonar innan arkitektur, ingeniørkunst eller innovasjon med bruk av tre.Massiv Lust får prisen fordi dei er unge entreprenørar som har satsa på massivtre og produkt som aukar bruken av tre i bygningar i Norden.

Lustranytt gratulerer med prisen.

ETTER PRISUTDELINGA: Frå venstre: Prosjektleiar Hans Andrén i foreningen Nordiske byer, prisvinnar Jørgen Tycho i Massiv Lust, Johanna Kairi i Holzindustrie Schweighofer GmbH og styreleiar Vesa Juntilla i foreningen Nordiske byer. Foto: Knut Werner Lindeberg Alsén.

Massiv Lust er tildelt den Nordiske treprisen

Sommarservering

L U S T R A N Y T T

45

Page 48: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Sognenett AS og Luster Energiverk rullar ut framtidsretta fiberteknologiSognenett AS og Luster Energi-verk, legg til rette for framtidsret-ta fiberteknologi til husstandar i Luster kommune.

Sognenett har levert produkt på «fiber til Heimen» fleire stader i kommunen alt, mellom anna Solvorn, Hestnes og Galden. I skrivande stund pågår planlegging av utbygginga i Gaupne sentrum og på Nes. Du som bebuar bør vere med «når toget går» - når det vert varsla om fiberutbygging i ditt bustadområde!

Kartlegginga skjer i form av avtaleinngåing med grunneigarar, og oppslutnaden dannar grunnlaget for kor kjapt ein kan starte utbygginga. Sognenett AS tek imot førespurnader og spørsmål om produkta, om det praktiske i høve framlegging av fiber.

Fibernettet gir stabil og høg kapasitet på internett, noko

som mellom anna gir ein husstand høve til å ha fleire på nett samstundes utan problem. Ein kan laste opp og ned, og overføre store filer med eit tastetrykk. Med slike kapasitetar opnar ein for mulegheita til å ha heimekontor i mykje større grad enn tidlegare. Erfaring viser at ved sal av bustad vil ein oppleve ei verdiauke på bustader som har fått ‘fiber til heimen’-oppkopling. Somme ser også på at det er ein fordel å få tenestene inn i huset via ein kabel, og

då kunne fjerne tallerkenar og antenner frå husveggene sine.

Fibernettet legg til rette for tenester som kjem i tida framover. I dag er det digital-tv til fiberkundar. I tida framover ser me det kjem fleire produkt på fiber, slik som ‘smart heim’-konsept, sosiale tenester og alarmar – rett heim.

Fiber er lagt i bakken. Foto: Oskar Andersen

På Nes vart fiber lagt i bakken i oktober 2013. No er det siste innspurt før kundar kan koble seg til.

46

L U S T R A N Y T T

Page 49: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Fyrste veka i november var ei rad verksemder frå Sogn på verdas største samling for «utviklingsretta bedrifter» i Dublin. Samlinga som heiter WEB SUMMIT er eit årleg arrangement og i år kom det ca 22.000 deltakarar. Det var ulike innleiarar på mange ulike

tema, og mange leiarar frå dei mest ekspansive bedriftene i verda heldt innleiingar. Det var og møteplassar og seminar med mindre verksemder som er i oppstart og vekstfase, nettbasert bedriftsutvikling og innovasjon er hovudfokus.Frå Sogn stilte fylgjande

verksemder: Avery Dennison NTP, Rocketfarm, Digital Etikett, Vestlandsforsking, Gasta, Bluefjords, Avinett, Sognefjorden Næringshage og Vardahei IT. Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og næringssjefane i Sogndal og Luster deltok og.Sognedelegasjonen fekk og organisert bedriftsbesøk med møte, til både Google og Facebook. Begge desse verksemdene har bygd opp store Europakontor i Dublin, som er i rask vekst.Målsetjinga med opplegget er å få ny kunnskap og motivasjon. Bedriftene som deltok fekk høve til å møte og utvikle samarbeidsrelasjonar med andre bedrifter som var med på Web Summit. Sognebedriftene utnytta og tida i saman til å vidareutvikle samarbeidsrelasjonane seg i mellom. Fleire av desse har forretningmessig samarbeid i dag.

Vitjing frå Eidfjord kommune

Formannskapet, rådmannen og assisterande rådmann frå Eidfjord kommune var på vitjing til Luster kommune i midten av oktober. Dei ynskte å få informasjon om korleis Luster kommune organiserer og driv næringsarbeidet sitt. Vitjinga starta med lunsj på Pyramiden, så var det «byvandring» i Gaupne sentrum. Ein rask tur innom Lustrabadet og kort synfaring forbi skuleområda og omsorgssenteret.

Etter ei orienteringsøkt på Rådhuset var det sett av tid til bedriftsbesøk. Fyrst gjekk turen til Fjordglas som har satsa mykje på teknologiutvikling dei siste par åra, så Massiv Lust som er ei «ung» etablering og til slutt Digital Etikett som nett hadde montert produksjonsutstyr i nyebygget sitt. Bygget er produsert av nettopp Massiv Lust. Det er flott å få vise fram offensive bedrifter, og Eidfjord kommune tykte det var interessant å sjå.

Eidfjord kommune har mange fellestrekk med Luster, og dei var godt nøgde med dagen.

WEB SUMMIT – bedriftsutvikling i Europa

Bilete: Sogningar på besøk hjå Google i Dublin

L U S T R A N Y T T

47

Page 50: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

BakgrunnKommunal- og moderniseringsdepartementet – KMD – ønskjer å legge til rette for positiv utvikling i byregionar. Byregionprogrammet skal auke kunnskapen om samspel mellom by og omland og det næringsmessige potensiale i regionane. Det er eit mål at den auka kunnskapen skal bidra til strategiar og tiltak som styrker regionen som heilheit.Prosjektet er no i fase 1. Fase 2 vert gjennomført i 2015-17. Det er eigen søknadsrunde om å få delta i fase 2, fortel prosjektleiar Tore Frimanslund, 95796518, [email protected]

Status for prosjektet vårtSidan kunnskapsinnhenting står så sentralt i fase 1 har vi fokusert på å skape møteplassar mellom næringslivet og prosjektgruppene. I desse møteplassane får vi førstehands informasjon om kva typar utfordringar bedriftene sit med rundt om i regionen. Dei utvalte bedriftene skal representere ulike næringar, alt frå primærnæringa, offentlig sektor, til industri og forsking.

I haust har vi besøkt fleire bedrifter i kvar kommune. Først ut var Leikanger i slutten av september der vi var invitert av Njøs Næringsutvikling som

representant for primærnæringa og NAV som representant frå det offentlige. I neste omgang stod Sogndal for tur der Vestlandsforskning og Nortura fekk besøk av prosjektgruppene. 24. oktober var Luster siste kommune ut, og denne gangen inviterte vi med oss representantar for næringslivet på omvising hjå NTP, Digital Etikett og Massiv Lust.

Vidare har vi engasjert ein ekstern forskar som vil få ansvar for å formalisere kunnskapsinnhentinga og samanstille den med eksisterande relevant forsking ut prosjektperioden.

I haust har fleire verksemder fått besøk gjennom prosjektet. Her ser dei innom til Digital Etikett, kontoret til Kjetil Hovland.

Utviklingsprosjektet for Leikanger, Luster og Sogndal

48

L U S T R A N Y T T

Page 51: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Kommunestyret heidra fleire nye norgesmeistrar då dei var samla til møte i september.Emma Nyløy frå Fortun vart norgesmeistar i Fjordhest-NM, lag. Arve Bjørn Røneid vann på toradar i durspel senior under landsfestivalen i gamaldans, og danselaget Lystringen vann i lagdans senior: Øygunn og Johannes Kjos, Eldbjørg og Arne Fossøy, Bjørg Molland og Arne Aasen Hauge, Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø.

Ferske noregsmeistrar vert heidra av kommunestyret:Frå venstre: Arve Bjørn Røneid, Emma Nyløy, Arne Fossøy, Bjørg Molland, Arne Aasen Hauge, Øygunn og Johannes Kjos, Anne Lovise Drevdal.Dessverre var Eldbjørg Fossøy og Tormod Øvrebø forhindra frå å møte.

Kommunestyret trødde takten og applauderte godt etter at Arve Bjørn spelte og Øygunn, Johannes, Arne Fossøy og Anne Lovise dansa for kommunestyret.

Luster har fleire norgesmeistrar

L U S T R A N Y T T

49

Page 52: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Luster kommune vart formelt oppteken som «pilotkommune» i prosjektet Krafttak for Song i 2014. Samarbeidet mellom pilotkommunane i Noreg gir oss spennande perspektiv på å utvikle ein aktivitet og tradisjon som for mange har vorte opplevd som «på defensiven».Målet med prosjektet er å gi kommunane eit verktøy til systematisk arbeid med opplevingar, opplæring og eigen aktivitet innanfor feltet song. Den faglege plattforma kviler delvis på dei fire kompetansane:

1. kunstnarisk utøvande kompetanse

2. pedagogisk kompetanse3. kulturell

produksjonskompetanse4. kulturell leiingskompetanse

I eit lokalsamfunn som vårt er det eit avgrensa tal personar som arbeider med kunstoppleving og kunstopplæring. Me ser det som viktig at desse inngår i eit felles fagleg miljø. Gjennom «Den syngande kommunen» ønskjer me å forplikte både kommune politikarar, administrasjonen og ressurspersonar innanfor feltet song til eit felles ansvar gjennom ein enkel «utviklingsplan». Kartlegginga til dette er i gang ved hjelp av ein analyse av situasjonen i kvar skulekrins der alle kulturkontaktane no registrerer «no-situasjonen» i ei matrise for song i lokalmiljøet.Organiseringa av prosjektet er bygt opp med «kulturkontaktar» i alle barnehagar, grunnskular (oppvekstsenter), på alle tre omsorgsentra i kommunen og «frivilligheita» representert ved Folkeakademiet Luster.Styringsgruppa er: Gunnhild

Holen, Gaupne barnehage, Håvard Vinda, Luster oppvekstsenter, Odd Bukve, Luster ungdomsskule. Styringsgruppa vert koordinert av Knut Åge Teigen, leiar Oppvekst. Kulturkontaktane ved omsorgsentra vert koordinert av Kari Paulsen, og «frivilligheita» er koordinert av Frode Stenberg-Eriksen. Kommunekontakten er Erling Bjørnetun.

Ein del lokale arrangørar har allereie fått eit visst tilhøve til denne satsinga gjennom Krafttak for song, men om det skulle vera fleire som kunne tenkt seg «å henga seg på» er det plass for både aktørar som kor, korps og musikkgruppe av ulik art, men sist og ikkje minst lag og organisasjonar som kan tenkja seg å vera med å arrangere lokale songprogram.

Olav Stedje er spesielt populær i heimefylket Sogn og Fjordane, og i perioden 1. – 3. desember var han på turne i den syngande kommunen Luster. Seks lokale arrangement i skular og barnehagar med allsong + tre allsong arrangement på omsorgsentra… Dette vart meir enn å snurra på barten -!

Luster kommune – ein syngande kommune

Luster omsorgsenter, måndag 1. desember kl. 16.30

Hafslo omsorgsenter, tysdag 2. desember kl. 16.30

Gaupne omsorgsenter,onsdag 3. desember kl. 16.30

Luster kommune i samarbeid med Folkeakademiet Luster inviterer til: «Krafttak for song» med Olav Stedje

50

L U S T R A N Y T T

Page 53: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Den gjeldande planen med handlingsprogram for fire år framover skal gjennomgå ein hovedrevisjon i 2015. Utfordringane og føresetnadene for alle som gjerne skulle sett at ideane deira skulle ha resultert i statstilskot til finansiering av anlegget er å koma med i denne planen og aller helst oppnå prioritet.Det som kan vera nyttig å kjenna til for potensielle søkarar (bygdelag, idrettslag, 4H, skyttarlag, turlag og natur- og friluftsorganisasjonar) er at i Luster kommune vert det lagt særleg vekt på kvaliteten til dei enkelte planane anten dette gjeld nærmiljøanlegg, ordinære idrettsanlegg eller anlegg for friluftsliv. Til dømes skal budsjettet for anlegget og finansieringsplanen vera godkjend av årsmøtet i søkarorganisasjonen før

prosjektet vert prioritert i planen og ev. søknad sendt inn. Arealavtalar for nærmiljøanlegg skal vera på minst 20 år (tinglyst), og for ordinære anlegg er kravet no 30 år (tinglyst).Innspel til den nye planen som skal gjelda frå 2016 skal førast på eigne skjema, og frist for å koma med innspel er 1. mai 2015.

Malar for utarbeiding eigne anleggsplanar i laget ditt, formelle krav til idrettsfunksjonell godkjenning og planleggingsverktøy og tips til korleis prosessane skal gå føre seg kan du få ved å kontakte Erling Bjørnetun tlf. 57685521, eller: [email protected]

Plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Dei seinare åra har Jonas Svåi sjølv overteke jobben med å tømme kassane.

Sidan 2002 har det hengt pantelappkassar på Prix og Spar i Gaupne. Tidlegare hengde det og pantelappkasse på Hafslo (Hestnes). I løpet av desse åra er det samla inn ca 225.000 kroner! Ei krone her og ei der, det blir pengar av det. Dette er kjærkome inntekter for Barnekreftforeningen i Hordaland og Sogn og Fjordane som nyttar pengane til å betre forholda og rettigheitene til kreftsjuke barn og deira familiar. Jonas har sjølv hatt kreft som barn og har opplevd gleda av tiltaka Barnekreftforeningen har kunna gjera, på grunn av at folk vel å legge pantelappen sin i desse kassane. Me ynskjer å sende takk til kvar og ein som har putta lappen sin oppi, og til butikkane som har vore villige til å bruke tid og ressursar på å summere lappane. TUSEN TAKK melder Jonas og foreldra hans.

Stor gjevarglede frå folk i Luster

L U S T R A N Y T T

51

Page 54: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Man 22.des 12.00-20.30Vesle julafta 10.00-16.00Julafta stengt1.juledag stengt2.juledag 10.00-17.0027.des 10.00-17.0028.des 10.00-17.0029.des 10.00-17.0030.des 10.00-17.00Nyttårsafta 10.00-16.001.nyttårsdag stengt2.nyttårsdag 10.00-17.003. og 4.jan 10.00-17.005. og 6.jan stengt

Opningstider jula 2014

Lustrabadet ynskjer velkomen til trening, leik og velvære i jula

Julekos i Lustrabadet No nærmar jula seg og me kan freista med sydentemperatur heile jula! OBS! Me hald stengd 5. og 6.ja-nuar pga. vedlikehald og trening for tilsette i basseng.

Besøkstal i LustrabadetLustrabadet har no vore ope i

meir enn 2 år. Ved utgongen av 2014 kan me rekne med at 130 000 personar har vore på besøk i Lustrabadet! Talet inkluderer vanleg betalande, skulesymjing, grupper og kurs. Det er eit bra tal for eit badeanlegg i ein kommune med 5100 innbyggjarar! Me får høyre av mange at dei

tykkjer Lustrabadet er eit lite luksusavbrekk i kvardagen. Dette kan me vere stolte av.

Helsegevinst frå symjing og trening i vatnDei tilsette i Lustrabadet får stadig høyre frå ulike kundar at dei er so glade for at dei endeleg har funne seg ei treningsform som passar deira føresetnader og som dei føler dei meistrar. Dei finn me som oftast symjande i idrettsbassenget eller tøyande i varmebassenget.

Me har tilbod om morgonsymjing kvar onsdag og fredag kl. 06.30 – 8.30. Her får du ein god start på dagen. Det er om lag 20 personar som startar morgonen i badeklede.Symjing er nemleg ein kjempegod aktivitet som kan gje betre kondisjon, meir styrke i musklane og er utmerka for dei som slit med overvekt. På www.svomlangt.no finn du meir informasjon.

Mosjonskampanje «Svøm Langt 2015»1.januar har du verkeleg sjansen til å starte på ein Våt pakke. Gje gjerne eit gåvekort frå Lustrabadet.

52

L U S T R A N Y T T

Page 55: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

ny treningsform! Då startar Svøm Langt kampanjen 2015 der deltakarar kan vinna tur til Rhodos. Dette er Norges Svømmeforbund sin årlege mosjonskampanje, der føremålet er å skape gode mosjonsvanar for det norske folk ved å motivere dei til å bruke symjehallen som arena for fysisk aktivitet. Hovedmålet er å få flest mogleg vaksne til å symje 10.000 meter, funksjonshemma 5000 meter, i kampanjeperioden, og flest mogleg barn under 14år til å symje 2.500 meter, funksjonshemma 1500 m. Det blir meir informasjon å finne i Lustrabadet. Du kan registrere deg på Svomlangt.no.

Trening i LustrabadetHar du lyst å vere med på organisert trening i Lustrabadet? LHL Luster og Revmatikarforeninga har trening i vatn ein gong i veka. IL Bjørn har starta symjegruppe og har symjetrening for både barn og vaksne! Ta kontakt med den respektive gruppa dersom noko av dette kan passa deg. Me håpar og å få inn ein instruktør som kan ha vatngym for dei som ønskjer det. For dei aller minste har me oppstart på babysymjingskurs 4 gonger i året. Det er kurs for både nybyrjarar og vidaregåande så framt me har nok påmelde. Me jobbar med å skaffe meir kompetanse til å halde vatntilvenningskurs og småbarnssymjekurs for dei som er ferdige med babysymjekursa.

Lustramarknaden 2015Erfaringane med å arrangere Lustramarknaden har vist oss at det er både vilje og interesse for å vera med å skapa ei skikkeleg kulturveke i juni. I 2015 vert denne veka frå den 7. – 14. juni. Den store marknadsdagen i Gaupne vert laurdag den 13. juni. Arbeidet med å få på plass grovskissa til Kulturveka i 2015 er starta opp og me vil ha eit utkast ferdig til medio februar. Medarrangørar og andre som kan tenkja seg å vera med i programplanen for i år melder seg til Erling Bjørnetun, tlf.: 57685521 eller: [email protected].

Avrunding av prosjekt Grunnlova 1814-2014 i Luster bibliotekI haust har det vore fleire arrangement i biblioteket med støtte frå Nasjonalbiblioteket og frå Folkeakademiet i Luster.Oddmund Løkensgaard Hoel, til dagleg lektor i historie ved høgskulen i Sogndal, fekk oppdraget med å runde av Grunnlovsjubileet i Luster bibliotek. Det gjorde han med foredraget “1814 i Luster”. Når folk blir sittande att ei lang stund å diskutere etter at eit foredrag er over, da betyr det at vi har med ein spesielt dyktig formidlar å gjere. Det handla om haugianismen som lokal folkerørsle i opptakta til 1814, om dei som kalte dei for ”religiøst skadelig svermere”, om oppbyggelsesmøte med motstand mot ”overdådig pyntede klesdrakter med utenlandske tøyer”, reglar for gjestebod og elles det daglege liv. Foredraget bygger på eit kapittel i boka Med påhalden penn : 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark. Hoel sitt bidrag til boka har tittelen Dei fyrste valmenn og røysteføre i Sogn med vekt på Jostedalen og Luster.

Oddmund Hoel hadde i haust laurdagsføredrag på biblioteket.

L U S T R A N Y T T

53

Page 56: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Luster på topp igjenLuster bibliotek held stand som biblioteket i Sogn og Fjordane med flest registrerte utlån. 9,63 utlån per innbyggjar er eit svært godt resultat, også i landssamanheng. Gjennomsnitt for Sogn og Fjordane er 4,77, som inkluderer lån frå bokbåt. Høyanger bibliotek følgjer tett etter Luster (9,2), etterfølgt av Vik folkebibliotek (8,49) og Gloppen bibliotek (8,11). Typisk for biblioteka i topp er gode opningstider, gode mediebudsjett og samarbeidsavtalar med undervisningsinstitusjonar.Gjennomsnittlig låneresultat for alle norske bibliotek var 4,92 (besøk 4,1). Besøk i Luster bibliotek var 50.414, som er ca 10 per innbyggjar. Barnehagebarn frå Jostedal på besøk i hovudbiblioteket.

Prøysenfeiring med BarnehageteateretKvar haust har Luster bibliotek framsyning med Barnehageteateret, eit tilbod til barnehagane i kommunen. Mange barnehagar og skular har i år hatt spesielle opplegg i samband med at det er 100 år sidan Alf Prøysen blei født. Det passa difor fint at teateret hadde med seg framsyninga “I Bakvendtland”. Vel 130 store og små tok vegen til biblioteket for å synge Prøysen-viser, delta i fabuleringar og fine forteljingar om venskap og leik. Som vanleg var det stor stemning og mykje latter når Jarle Berentsen med følge underheldt. Til neste haust vil den vesle teatertruppa turnere med ei framsyning som passar best for dei yngste i barnehagen.I bakvendtland

Shariifo i språkpraksis i biblioteketEg heiter Shariifo. Eg kjem frå Baydhabo, ein by i Somalia. Eg kom til Noreg som flyktning i desember 2011. Då eg først kom til Noreg budde eg i asylmottak i nesten to år. Det var i Lunde i Rogaland, ca ein time utanfor Stavanger. Eg kom til Gaupne sommaren 2013.I sommar hadde eg sommarjobb på Hafslo omsorgssenter, eg vaska og serverte mat. Det er fint å hjelpe eldre. Eg er veldig glad i å lage mat og får ofte oppdrag med det ved ulike arrangement. På asylmottaket i Lunde hadde eg jobb med å passe barn.Eg lærer norsk på skule i Sogndal og gjennom språkpraksis i Luster bibliotek. Eg har ulike oppgåver, steller kjøkenet og ordnar med post og aviser. Eg hjelper også til på språkkafeane med servering og som tolk. Eg vil vere ferdig med obligatorisk introduksjonsprogram, med språkopplæring, i august 2015.

54

L U S T R A N Y T T

Page 57: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Luster bibliotek starta i januar 2013 opp med språkkafè. Tilbodet er for folk som ønskjer ein uformell stad å trene på norsk språk. Det er også høve for norskspråklege å delta, og det er behov for fleire frivillige som kan ta del i praten. Kvar kafekveld blir innleia med eit

aktuelt tema. Det er mykje interessant og nyttig å lære om andre kulturar.Frå hausten 2014 har det vore arrangert språkkafe kvar første onsdag i månaden. Det har vore ein populær møteplass med mange nasjonalitetar. Seinhaustes kom ein somalisk

familie med ni barn flyttande til Gaupne. Familien har berre så vidt starta med skule og norskopplæring. Det er difor kjekt at andre frå Somalia, som har budd ei stund i Noreg, kan hjelpe som tolkar.

Biblioteket vil rette ein stor takk til Olav Tuften som har stilt på nesten alle kafeane. Han gjer ein stor jobb med å få ut informasjon til flyktningane og køyre dei til og frå språkkafeane.

Shariifo frå Somalia har laga sambosa, her servert til Tatiana frå Litauen, Ruta frå Litauen og Lubica frå Slovakia.

Liv og røre på språkkafè med 18 store og små i november. Deltakarar frå Litauen, Noreg, Slovakia og Somalia.

Luster bibliotek inviterer fleire norskspråklege til språkkafé

L U S T R A N Y T T

55

Page 58: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Løer i Luster med i praktverkTre løer i Luster har fått særleg merksemd i praktverket Norges låver, som blei utgjeve denne hausten. Boka er unik i sitt slag og har fått mykje merksemd i nyhende på radio, fjernsyn og i mange trykksaker. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist land og strand i Noreg og samla kulturminne. “Det spøkjer for låven”, skriv forfattaren i forordet, bonden har for lengst skaffa seg andre typar driftsbygningar.Den store, raude låven er eit karakteristisk innslag i det norske landskapet, slik også i Luster kommune. Men det er ikkje for raudfargen låvane på denne kanten blir trekt fram. At Vestlandet har overflod av stein syner att i dei gamle løene. Det er gjerne høge grunnmurar av naturstein med tømmer i såkalla stavbygg over. “Heim for å redde kulturarven” er overskrifta på presentasjonen av løa i Hotla. Ellen og Olav Haugen starta på eit mangeårig

arbeid for å sette i stand garden dei arva i 1996. Løa er eit lokalt landemerke i Luster og det er mange som stansar for å ta bilete av praktbygget når dei fer forbi, seier ekteparet Haugen. På denne garden har det aldri vore traktor, derimot hadde dei som budde her opp mot seks hestar, seier Ellen Haugen. Løa blei bygd i 1870 av Ellen sin bestefar. Han fekk i si tid premie for bygget med mange fine kvelvingar i muren og innfelte jarnvindauge i fjøshøgda.Den gamle lensmannsgarden Uri, frå 1917, har steinvegger i tre etasjar. Berre trekantane i gavlen og dei framskotne arkane har trekledning. Løene frå denne tida blei tekte med store villheller, som gjerne kom frå hellebrot i Dalsdalen, men lensmannsløa har panner på taket. Embetsmennene var dei første som valde tegl i staden for helletak. Spesielt med denne løa er at muren er måla okergul, kanskje som eit oppstasingstiltak. I boka

er det også teke med ei løe på Stokkenes som eksempel på løer med dobbel ark og pulttak.” Vindauga er plasserte som sirupssnippar i veggen”, vert det kommentert i boka. Også denne løa er okergul.Luster bibliotek har boka til utlån.

Kjelde: Røyrane, Eva. Norges låver. Skald, 2014.

Ellen og Olav Haugen framfor den flotte løa i Hotla i Gaupne.

Busenteret i Gaupne har i samarbeid med vernepleiestudentar i praksis arrangert trim for brukarane ved busenteret.Studentane laga eit flott opplegg med dans og hinderløype der alle har synt stor innsats og trivsel. - Det har vore særs vellukka, fortel Anne Grete Fredheim ved busenteret, og rettar ein stor takk til studentane.

Fremjar fysisk helse for alle!

56

L U S T R A N Y T T

Page 59: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

I år har stovehuset i Hestaskårane fått sin gamle utsjånad attende, i alle fall slik det var i ”manns minne”, det vil sei rundt 1900. Det mest synlege, vindaugo, kledning og tak er delvis nytt etter mal av det som var der før. Berande og innvendige konstruksjonar som er reparert er ikkje like synleg, men er vølt og forsterka. Det gjer noko med heilskapen når hus får att sine opphavlege deler.

Under arbeidet kom det til syne detaljar og spor etter eldre hus som avdekkar ei spennande historie. Sota materialar fortel om røykstoveperiode, merke etter andre vindauge og andre dørar, eldre listverk og måling. Slikt syner kva for eit ”lappverk” mange hus var/er. Det er merkt 1802 på eine takbjelken i stova, medan kjøkentilbygget har kome seinare. Me skal ikkje langt attende i tid før det var tvingande nødvendig å bruka oppatt materialar og nytta alt brukande fleire gonger. Hestaskårane vil syna døme på det.

I tillegg kan truleg blyglasvindaugo på loftet i stovehuset, koplast til kyrkja og prestegarden. Fagfolk kan fortelja at maken vindauge finst i Moster kyrkje, som også er ei middelalderkyrkje i stein, som Dale kyrkja. Men kvifor har det kome slike kostesame glas i ei husmannsstove? Teorien kan vera at kring 1800 var der stor byggjeaktivitet på Dale, og det er ikkje urimeleg at husmenn under prestegarden og nabogardane fekk ryddeoppdrag, og at

bygningsdeler kom til nytte i andre hus.

Fagleg ansvar for prosjektet er leiaren i sogelaget, Geirr Vetti, snikkarmeistar har vore Vidar Aasen. Kristian Dalehaug har laga tru kopi av gamle vindauge og listverk der det originale mangla. Mykje dugnadsarbeid har vore utført og mange hender har vore i sving både ute og inne.

Å ta ned heller frå falleferdige tak, transport med traktor og å få dei på plass, det krev sine menn. No har stovehuset fått på helletaket, medan påbygget på oppsida, som truleg vart gjort tidleg på 1900-talet, er tekt med bylgjeblekk slik det var.

Me er serleg takksame for dei gode hjelparane, og at ”hellerullinga” gav så godt resultat!

Stor takk til dykk alle! Framleis er det rikeleg høve til å gje ei hjelpande hand og ta del i dugnader. Det trengst, då mangt skal ordnast og på plass. No byrjar moroa, når me ser resultat! Etterkvart skal Hestaskårane fortelja historie frå dei små stovene på ymse vis.

Fortidsminneforeningen oppmodar til Lys i gamle hus 14. desember, så det blir lys frå Hestaskårane sine stoveglas den kvelden! ”Lussi langnatt” er natta mellom 13. og 14. desember (- eller St.Lucia, om du vil).

Luster sogelag. Dugnadsansvarlege for Hestaskårane er Geirr Vetti, Astrid Fjøsne, Ragna Aud Leirmo, Trygve Martinussen, Torunn Løne Vinje og Bjørg Hovland.

Fortidsminneforeningen oppmoda til Lys i gamle hus 14. desember, så det var lys frå Hestaskårane sine stoveglas den kvelden, på «Lussi langnatt».

Hestaskårane - prosjektet til Luster sogelag og Luster bygdekvinnelag

L U S T R A N Y T T

57

Page 60: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Intervju med Trygve Martinus-sen, pensjonert bygningsingeniør og initiativtakar til restaurering av gamal røykestove på Gulbrands-garden i Skjolden. Røykestova er i hovudsak restaurert ved eigeninnsats, dugnadsarbeid og ved hjelp av SMIL- midlar (spe-sielle miljøtiltak i jordbruket). Den 10. oktober var det innviing av røykestova som etter restaure-ringa har fått nytt liv.

Kva var bakgrunnen for å restaurere røykestova?Ideen om å restaurera røykestova kom då eg i fjor sommar kjøpte bær hos Simon. Eg såg stabburet på tunet og lurte på kva for tankar han hadde om framtida for dette. Då traff eg nok eit ømt punkt, han hadde so mange hus å ta vare

på. Han synte meg røykestova som han meinte kanskje var den siste av sitt slag i Skjolden. Dette inspirerte meg til å lova han hjelp.Eg hadde sommaren i førevegen, saman med entusiastiske kompisar, organisert og utført ei langt meir krevjande restaurering av Øyrasélet på Kringla (tilhøyrande garden der mor kom frå), ein times gange frå bilveg. Røykestova ville etter dette bli berre kosearbeid. Utfordringa består i tilstrekkeleg førehandsplanlegging slik at tidsplanen held. Dei involverte har reservert eit visst tal dagar, og deretter vil ein bli ståande der åleine. Utan forkleining for andre som har gitt ei hand må nemnast at saman med meg vart brorparten av dugnadsarbeidet utført av Terje Lium (Bærum), Karsten Jacobsen (Fyn) og spelemannen på åpningsdagen, «oslolustringen» Johannes Øygarden.Kva betyding har SMIL- midlane hatt for gjennomføring av restaureringa?Avgjerande var det at me kjende til SMIL- midlane. Etter å ha fått positivt svar på søknaden vart avgjerda teken og planen lagt. Denne gjekk ut på å

Nytt liv for røykestove på Skjolden

For alle restaureringsprosjekt som vert stetta med midlar frå SMIL-ordninga, vert det sett vilkår om at restaureringa skal fylgja antikvariske prinsipp.

Slik såg røykstova ut før restaureringa.

Trygve Martinussen, pensjonert bygningsingeniør og initiativtakar til restaurering av den gamle røykestova på Gulbrandsgarden.

Kva er ei røykestove? Ei røykestove er innreia for røyking av mat, ein gamal skikk for konservering og foredling av mat. Huset har jordgolv, ein godt skjerma plass for røykproduksjon og store steinheller som hyller for plassering av produkta.

Endringar i SMIL-ordningaFrå 2015 blir det endringar i SMIL-ordninga. SMIL- midlane skal avgrensast til føretak som har rett på produksjonstilskot. Landbruksdirektoratet er i gang med ein revisjon av SMIL-forskrifta.

58

L U S T R A N Y T T

Page 61: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

invitera aktuelle kandidatar til Norges finaste plass (eg har fritidsbolig i Luster) til opphald ei midtsommarsveke med innlagte arbeidsøkter, kombinert med tilbod om mosjon, som Molden Opp . Kva var fyrste steget i restaureringsprosessen? Einaste innleigde fagmann, Håkon Skrindo, som driv eige laftefirma, vurderte det slik at heile byggja måtte demonterast. Heile sydgavlen måtte fornyast og mesteparten av vestveggen samt åsane og berestokkane for steinturkehellene innvendig. Målet for juniarbeidet blei nådd: Oppattreising og tett tak, til tross for sjukdomsforfall frå to mann.Har de gjort endringar undervegs i forhold til opphavleg plan?Innleiingsvis vurderte me å flytta Stova til ein meir sentral plass, nærare tunet for integrering med gardsbesøk-turisme eller ned mot fjorden/sentrum for allmenn nytte. Det einaste rette var imidlertid å behalda plassen, bl.a. for å markera at denne plassen vart opphavleg bestemt, sikkert av fleire gode grunnar, og dessutan ut frå omsynet til omnen. Denne er svært

gedigen, utført i gråstein med eit ”brennkammer” som er 1,4 m langt med botn ca 30 cm under golvnivå og tverrsnitt 40x50 cm. Denne må stå i original form!Korleis var opningsdagen? Oktoberveka med tid for finish og ”innkøyring” var òg avmerka i kalenderen lang tid i forkant. Vår danske medarbeidar hadde i juni med seg kverna hjortekjøt

heim for å laga spekepølse. Slutturking og røyking av pølsene vart utført i oktober saman med røyking av ca 50 kg kjøttpølser etter fire ulike reseptar som me produserte der og da med faglærd pølsemakar som meister. Ved sida av dette vart det røykt bacon og turka oksekjøt. Servering av røykestovemat saman med dansk æbleflesk, kaffi og blautkake synte seg å falla godt i smak hjå gjestene ved innviinga.Kva tankar har de om bruken av røykestova vidare?Kanskje ei nytting av Stova som blir gjenteken kvar haust i regi av Bygdalaget eller Sogelaget? Monika og Simon Page stiller Stova til disposisjon for alle.

Den 10. oktober var det innviing av røykestova som ligg på Gulbrandsgarden til Simon og Monika Page i Skjolden. Bygdefolk var invitert og dugnadsarbeidarane diska opp med mykje godsaker. Mange hadde teke turen for å sjå resultatet av den nyrestaurerte røykestova, og dei vart møtt med norsk flagg, trekkspelmusikk, god stemning og mykje heimelaga godsaker.

SMIL er ei forkorting for spesielle miljøtiltak i landbruket. Midlane vert fastsett i jordbruksoppgjeret. Luster er den kommunen som får tildelt mest SMIL- midlar i fylket. I 2014 fekk Luster tildelt 780 000 kroner. Det er løyvd midlar til SMIL- prosjekt for 1 077 000 kroner i 2014. Føremålet med ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. For meir om SMIL-ordninga, sjå tenesteomtale på heimesida til kommunen.

L U S T R A N Y T T

59

Page 62: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Sogn Skisenter i utvikling

Klugsbotnen der Sognaheisen er på plass.

Sogn Skisenter har jobba i 2,5 år med å utvikle skianlegget alpint med ny skiheis i fjellet og utviding av snøanlegg. Konsulentar og lokale folk har i lag kome fram til ei løysing saman med bank og kommune, slik at ein nyttar det ein kan av maskiner og mannskap i fjellet samtidig. Heis og utvidinga av snøanlegget ved Modvonipa er rett ved kvarandre, fortel styreleiar Øystein Veum til Lustranytt.

Snøanlegget har fått tippemidlar frå fylket samt støtte frå Noregs Skiforbund. Vi har tatt i bruk vatn frå Fjellstølstjødni som ligg på 984 moh og har difor god stillingsenergi til produksjon rett på snøkanonene. Volumet er på 25000 kubikk og gjev skisenteret ein heilt ny dimensjon og anna kvardag i planlegginga av legging av snø.

Sjølve røyrgata ned i eksisterande anlegg er 1300 meter og er samansveiste plastrøyr på toppen og stål i botn. Det vert sett opp 7 nye tårnkanoner som gjev oss produksjon til 750 moh i hovudbakken og trekktraseen.

Sognaheisen er namnet på den nye heisen som vert sett i drift i år. Den er 1150 meter lang og gir 250 høgdemeter til nesten 1000 moh. Herifrå er det tenkt skikøyring for alle, frå småtroll til bestefar og bestemor. Lengste løypa i Skandinavia kan du no køyre frå toppen i Sognefjordløypa via Tvangen og ned til kafeen. Heile 664 høgdemeter på 2 heisar er noko av det kvassaste i landet. Ikkje berre laussnøhungrige får 60% meir skiområde å ta av, men heile skifamilien kan nytte seg av det nye anlegget.

Øystein Veum, styreleiar i Sogn Skisenter fortel nytt frå skisenteret.

60

L U S T R A N Y T T

Page 63: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Utsikten frå flymerke på Modvonipa mot Sogndal og Bleia.

Sogn Skisenter er eigd av idretten og kommunen. Vi ser svært positivt på framtida ved å sikre oss eit anlegg i fjellet med nærast snøgaranti. Det vert bygd for både tilreisande turistar, og for dei lokale som støttar oss år etter år. Frå før har me godt og trygt barneområde nede, og fine langrennsløyper. Det vert i år testa å preparere langrennsløyper i området der heisen er bygd, der vi har godt med snø. I våre planar vil alltid ein stolheis vere aktuell i anlegget, der ein tidleg kan komme på snø, samt ha sommardrift med transport til fjells med turgåarar og syklistar.

Ny heistrasé.

Skisamling i Jostedalen

Laurdag 15. november var skigruppa til IL Bjørn samla til barmarkssamling i Jostedalen. Nesten 30 barn var med på to treningsøkter ved samfunnshuset. Felles matpause i samfunnshuset og bading i bassenget etter at treninga var ferdig. Ekstra moro var det å få besøk at skistjerna vår, Bertine Thorsnes Lefdal, som hadde den andre treningsøkta for 11-13 åringane. Mange nye ungar har byrja på langrennstrening i år, og me håpar at mange av desse og blir med når me går over frå barmark til ski.

L U S T R A N Y T T

61

Page 64: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Dette året er det 40 år sidan Dale Skulemusikk starta opp i Luster med Einar Bondevik som dirigent. I åra sine løp har skulemusikken bytta ut mange musikantar, og forbetra seg år for år. I det førtiande året som korps har dei gjort mykje sprell og moro, som kanskje skil seg litt ut frå det andre korps driv med.

I byrjinga av året inviterte korpset inn til ei feiring og markering av jubileet. Der var det mykje på programmet, og både små og store kosa seg i godt lag. Spesielt invitert til markeringa var sjølvsagt Einar Bondevik, og saman med dei andre inviterte smilte han då Kjell Einar Ormberg spelte, og Sigrun og Lars Vigdal dansa. I tillegg song Sprø Sangglede,

og Ivar Devold heldt ein flott prolog om korps i gamle dagar.

Som vanleg marsjerte korpset i strålande ver på 17. mai, og skapte liv og røre i toget til lustringane. I slutten av mai tok dei turen til Kulturdagane på Skjolden, slik dei har gjort i mange år no. Der mottok dei ein gåvesjekk på 5000 kroner, noko som blei sett utruleg stor pris på både av liten og stor i korpset. Evy Alme har vore leiar i korpset i 12 år no, og har berre lovord å koma med når det gjeld Kulturdagane og arrangørane. - Me føler oss alltid velkomne på Skjolden. Der har me det alltid kjekt, og me føler at me blir sett veldig pris på. Det var utruleg fint å få denne gåvesjekken hjå dei i år.

Ikkje nok med at Dale Skulemusikk er glad i å spele fin korpsmusikk, men dei er også særleg glade i å mosjonere medan dei spelar. På pinseaftan bestemde dei seg for å ta instrumenta på ryggen og gå opp til Fuglesteg. Der spelte dei opp til ein flott utekonsert, med masse variert publikum. - Det blei servert kaffi og pannekaker, og det var utruleg kjekt og veldig sosialt, fortel Evy. I juni var det klart for det årlege Lustraløpet, og korpset var ikkje i tvil om kva dei skulle gjere. Tidlegare har dei spelt på utvalde stader innover Lustrafjorden, men for fem år sidan byrja dei å marsjere og spele heile løpet. Dette året var ikkje noko unntak, og var eit syn for auga.

Dale Skulemusikk har feira 40-års jubileum

Frå jubileumsferinga, og kaka deira.

62

L U S T R A N Y T T

Page 65: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Det har vore mange turar for korpset med familiar, og mange ulike destinasjonar har vore målet. Jubileumsturen gjekk til Island, og der opplevde dei reisande mykje.

- Den Blå Lagunen med dei varme grottene var berre heilt fantastisk. Me var på kvalsafari, og sightseeing til Gullfoss, Geysir-området, og Thingvellir. Det var ein familietur der me

var 38 reisande til saman. Ein uforgløymeleg og minnerik tur!

Morgonen etter dei kom att frå Island hadde korpset bestemt seg for å leggje ut på ein ny fjelltur. Den lokale kjøpmannen i Luster, Øystein (Høyheim) på Sva er sponsor for Fanaråken Opp, og han ynskte korpsmusikk på toppen av fjellet. Skulemusikken var ikkje vonde å be, og marsjerte

opp til dei 2068 bratte, meter over havet med instrumenta på ryggen.

- Det var mange tunge tak, fortel Evy. Heldigvis hadde me med oss ungdommar som hjelpte oss å bere instrumenta. Me bar kvart einaste instrument opp, og Ole Geir Alme gjekk heile vegen med bassen rugande ein halvmeter over hovudet. Då me kom opp var det mange nyfikne som kom bort til oss og slo av ein prat, og i kaldt ver spelte me marsjar, og ikkje minst nasjonalsongen. Det var veldig flott, og særskilt.

I oktober inviterte dei inn til den årlege basaren i samfunnshuset i Luster, og som alle tidlegare år var salen fullstappa av forventingsfulle lustringar. Korpset lokka med ti trekningar, i tillegg til flotte premiar på bok. Alt frå spekeskinke på kvar trekning, motorsag, og høge summar i form av gåvekort blei delt ut til heldige vinnarar. Då basaren og korpset tok kvelden kunne dei opplysa om at dei

Frå Fanaråken Opp.

Frå Julespel på omsorgssenteret i 2013

L U S T R A N Y T T

63

Page 66: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

hadde fått inn heile 124 000 kroner!

- Me må berre få takke for all støtta. Takk til både bygd, kommune og utanforståande. Me er så heldige og har kjempegode sponsorar, og ei bygd som bidreg med gode premiar. Basaren blir berre betre og betre for kvart år.

Det er lita tvil om at Dale Skulemusikk har lagt bak seg eit år med markeringar, feiringar og gode minne. Som takk for at dei reklamerte for Øystein Høyheim og Joker på Fanaråken, spanderte den snille kjøpmannen pizza til korpset. Lustrabui spanderte kaffi og bollar, og saman kosa dei seg i det lune bakerilokalet.

- Som ein avslutning på året har me adventskonsert siste laurdagen før jul. Då spelar me på omsorgssenteret, Leresbui eller Joker, eldresenteret og Lustrabui. På eldresenteret blir me ofte ei stund, pratar og drikk kaffi med dei eldre. Det er eit veldig fint tiltak både for liten og stor. Denne dagen inviterer me alle som har verv i korpset, og me musikantane er utkledd som nissar. Ein veldig fin dag, og ei verdig avslutning på året som har gått.

Evy tykkjer jubileumsåret har vore flott, og er glad ho får halda fram i jobben som leiar for korpset. - Eg har slik iver for dette, og syns det er så kjekt. Me er eit godt styre, og samarbeider veldig bra i lag. I sjølve korpset er cirka halvparten vaksne, noko

som dannar grunnlag for ein god base i ei lita bygd. Alle er veldig flinke til å møta opp på øvingane våre, og difor fungerer alt veldig godt for oss.

I jubileumsåret har korpset husa 22 musikarar, og fem aspirantar. Saman med dirigenten sin, Jon Skjeldestad, kan korpset sjå tilbake på eit spanande år, og ser no fram til fleire år med sosiale samankomstar, gode minne, og fine tonar.

Frå Thingvellir på Island.

64

L U S T R A N Y T T

Page 67: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

L U S T R A N Y T T

Eige barnelotteri med flotte gevinstar. - Tenk om eg vinn ei dokkestove…

God, gamaldags marknad i Solvorn8. og 9. november skipa byg-delaget til marknad på grenda-huset i Solvorn. Arbeidet starta like etter sommarferien, og fem, seks personar hadde planlagt det heile i fleire veker. Mange fleire hadde vore med å samla gevinst-ar og selja lodd den siste tida.Små og store møtte opp laurdag ettermiddag. Gerd og Kirsten steikte vaflar og helle-kaker. Mona delte ut kaffi og selde pøl-ser og brus. Kjekke ungdomar køyrde lykkehjulet og tombo-laen. Og så var det ballkast og pilkast, skytebane og barnelotte-ri, gamle, gode aktivitetar.

Solvorn Bygdalag har hatt slike marknader annakvar vår i man-ge år. På siste årsmøte vart det vedteke å flytta marknaden til hausten. Marknaden er den stør-ste inntektskjelda laget har, og laget er veldig takksame for all støtte det får, både i form av ge-vinstar og loddsal. Det var meir enn hundre gevinstar i hovud-lotteriet i år. I tillegg til det laget kjøper inn, gir forretningar, næ-ringsliv og privatpersonar både i Luster og Sogndal rundhanda. Det må ha vore strikka og hekla i mange heimar, for utvalet var stort og fristande.

Hovudgevinsten i år var ein dags arbeid av den flinke, lokale snekkaren, Beat Friedrich i Solvorn Laft og Bygg, og mange kunne godt tenkje seg denne gevinsten. Elles var det alt frå lavvo og telt til blomster og strikkegarn. Det gamle lykke-hjulet og tombolaen snurra og gjekk, til stor begeistring for dei minste. Der kunne du vinna gåvekort og badehetter, kjeks og sjokolade, og nokre fristande drikkeflasker.

I barnelotteriet var ei nydeleg dokkestove og ei babydokke det som fekk mest merksemd.Ein av dei eldste i Solvorn hadde funne vegen opp bakkane med rullatoren sin. - Eg må ut litt og snakka med folk av og til, sa ho. - Dette er så kjekt! Og det er ein bi-effekt av eit slikt tiltak, som vi kanskje gløymer å ta med i den endelege rekneskapen; det sosiale ved slike uformelle møte-plassar det ikkje er så mange av i små bygdelag.

Søndagen vart den store mar-knadsdagen. Dørene opna klok-ka tre. Då var kaffien og pølsene alt klare. Mange hadde vore i sving med kakebaking, og mykje

godt var det på fata. Etter ein litt roleg start, strøymde folk på klokka fem då åresalet skulle ta til. Ole Henrik og Jørgen styrte sal og trekking med sikker hand, og mange fine gevinstar vart delte ut. Framfor skyteskivene og pilkastet var det kø rett som det var. Og heile tida kjøpte folk lodd i gjennomgangslotteriet.

Klokka sju starta trekkinga av barnelotteriet. Ei lita jente vann den fine dokka med heimestrik-ka klede. Det var visst midt i blinken. Så gjekk det slag i slag. Før klokka var blitt åtte, var heile lotteriet trekt, og folk rusla heim, mange med gevin-star under armen. Premiane for pilkast og luftgevær-skyting var delte ut til dei beste i kvar klasse, pølsegryta var tom og kakefata likeså. Akkurat slik det skal vera ein vellukka mar-knadsdag.

Solvorn bygdalag takkar alle som på eit eller anna vis var med å gjera dette til eit fint arrange-ment.

Grendahuset var fullt under åresalet.

Page 68: Luster kommune - Nr. 2 • 2014 19. årgang · 2020. 9. 27. · situasjonen, men ikkje på så stor svikt i inntektene som me no ser. Dei innstrammingane i budsjettet som er gjorde

Returadresse:Luster kommune,N-6868 Gaupne, Noreg/Norway

Informasjon

Viktige telefonnummerHelsesenteret/Lege i kontortida Tlf. 57 68 56 00

Sentralbordet i servicetorget på rådhuset er også sentral-bord for kontora på helsesenteret med unnatak for legane, dvs. for fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjonen og psykisk helse.

LEGEVAKT - snarleg hjelp utanom kontortida Tlf. 57 68 15 55TANNLEGEN i Nesgården Tlf. 57 65 63 90KOMMUNALTEKN. BEREDSKAP Mob. 48 10 21 20(Veg/vatn/kloakk). NAV Luster Tlf. 55 55 33 33

Andre viktige telefonnr.:Melding om brann Tlf. 110 Vakthavande brannbefal Mob.: 41 65 94 40Politi/Lensmann Tlf. 112

LUSTRAnyttNr. 2 - 2014

Opplag: 4.500. Vert distribuert gratis til alle husstandar i Luster kommune og til abonnentar utanfor kommu-nen. Magasinet vert også sendt til alle avdelingar på Lærdal sjukehus og Sentral sjukehuset Førde. Redaksjonen avslutta 25. november 2014.

Ansvarleg redaktør: Rådmann Jarle SkartunRedaksjonen er lagt til Servicetorget v/leiar Anita Bjørk Ruud.Alle tenesteeiningar har informasjonsansvar, og er bidragsytarar til redaksjonen.Tilbakemeldingar, tips osv. kan gjevast til nemnde adresser.

Redaksjonen si adresse:Luster kommune, Lustranytt, Rådhuset, 6868 Gaupne.Tlf. 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01E-post: [email protected]/trykk: Ingvald Husabø Prenteverk as. Tlf. 57 65 60 05

Framsidefoto: Ringsdalern med Barnasnaturoppsyn. Foto: Magnus Snøtun.

Styreleiar i Helberg-stiftinga Øystein Dahle, Geirr Vetti og styremedlem i Helbergstiftinga Tor Nicolaysen. Foto: André Marton Pedersen.

- Han er ikkje ein vanleg Geir. Han er ein Geirr med to r´ar! sa ein stolt prisutdelar, Øystein Dahle, under haustmøtet til Bergen og Hordaland Turlag.

Prisen vert delt ut ein gong i året til ein person eller organisasjon som på ein særleg beundringsverdig måte har bidrege til bevar-ing og synliggjering av kulturminne i skog og fjell.

I år fall valet på husdoktor, snekkermeister og fjellbonde Geirr Vetti, på grunn av “sin formidable innsats med istandsetting av eldre bygninger og kulturlandskap”.

Videre seier grunngjevinga at “... han har vært involvert i en rekke restaureringsprosjekter på forskjellig vis, både som pådriver, ideutvikler, rådgiver og konsulent mange steder i landet. Han har håndverkskompetanse og formidlingsevne som inspirerer og gleder andre gjennom sitt sterke engasjement for kulturarven.”

Dette er andre gongen prisen går til Luster. Første utdelinga av Helberg-prisen gjekk til Luster Turlag i 2009.

Geirr Vetti tildelt Claus Helbergs minnepris

Einar Fortun med velfortent miljøpris, her mellom fungeran-de regionlensmann Asle Karoliussen (t.v) og politimeister Ronny Iden.

Einar Fortun fekk miljøprisMe gratulerer mangeårig fjelloppsyn Einar Fortun med Mil-jøprisen 2014. Prisen vart utdelt på politiet sitt Miljøforum i Florø i oktober.

Einar Fortun fekk prisen for sitt langvarige engasjement innan miljøarbeidet i politidistriktet. Han har hatt begrensa politimy-nde i 30 år, og vore ein viktig pådrivar innan jaktoppsyn desse åra.

Einar var fram til i fjor fjelloppsyn i Luster kommune. I tillegg har han utført oppsynstenester for andre og vore staten og kom-munen sin forlenga arm inn i fjellheimen i Luster og Jotunhei-men. Han har framleis oppsynsoppdrag og er rovviltkontakt for Statens Naturoppsyn.