Top Banner
Informasjon frå Samnanger kommune INFORMASJON OM EIGEDOMSSKATT Det skal med verknad frå 2015 innførast eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i Samnanger kommune I dag har kommunen berre eigedomsskatt på såkalla ”verk og bruk”. I denne brosjyren finn du informasjon om innføringa av eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar. Kvifor vert det innført eigedomsskatt? Samnanger kommune står framfor store økonomiske utfordringar i dei komande åra. For å greia å halda drifta på same nivå som no, og samstundes greia å byggja ny sjukeheim og senter for funksjonshemma, er det naudsynt å ta i bruk det inntektsgrunnlaget som finst. Kva tid vert eigedomsskatt innført? Utskrivinga av eigedomsskatt vil gjelda frå 01.01.2015., men kommunen har frist til 1. mars 2015 med å skriva ut eigedomsskatten for 2015. Kor mange eigedomar vil få eigedomsskatt? Utgangspunktet for kommunestyret sitt vedtak 18.12.2013 var at det er om lag 900 bustader og om lag 700 fritidsbustader i kommunen. Det vil verta eigedomsskatt på dei fleste av desse. I tillegg vil det også verta eigedomsskatt på ein del næringseigedomar. Det er per i dag ikkje klart kor mykje kommunen vil få inn i årleg eigedomsskatt. Kor stor vert eigedomskatten? Det er fleire faktorar som er med på å avgjera kor stor eigedomsskatten på ein eigedom vert. Utgangspunktet er at det er den forventa marknadsverdien på eigedomen som skal danna grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Kommunen har likevel ulike måtar å påverka kor stor eigedomsskatten skal verta. Nærmare informasjon om taksering av eigedomar og fastsetjing av eigedomsskatt finn du på side 2 og 3 i denne brosjyren. Juli/august 2014
4

Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt i Samnanger - juli/august 2014

Apr 01, 2016

Download

Documents

Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt i Samnanger - juli/august 2014
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt i Samnanger  -  juli/august 2014

Informasjon frå Samnanger kommune

INFORMASJON OM EIGEDOMSSKATT

Det skal med verknad frå 2015 innførast eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i Samnanger kommune I dag har kommunen berre eigedomsskatt på såkalla ”verk og bruk”. I denne brosjyren finn du informasjon om innføringa av eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar. Kvifor vert det innført eigedomsskatt? Samnanger kommune står framfor store økonomiske utfordringar i dei komande åra. For å greia å halda drifta på same nivå som no, og samstundes greia å byggja ny sjukeheim og senter for funksjonshemma, er det naudsynt å ta i bruk det inntektsgrunnlaget som finst.

Kva tid vert eigedomsskatt innført? Utskrivinga av eigedomsskatt vil gjelda frå 01.01.2015., men kommunen har frist til 1. mars 2015 med å skriva ut eigedomsskatten for 2015.

Kor mange eigedomar vil få eigedomsskatt? Utgangspunktet for kommunestyret sitt vedtak 18.12.2013 var at det er om lag 900 bustader og om lag 700 fritidsbustader i kommunen. Det vil verta eigedomsskatt på dei fleste av desse. I tillegg vil det også verta eigedomsskatt på ein del næringseigedomar. Det er per i dag ikkje klart kor mykje kommunen vil få inn i årleg eigedomsskatt.

Kor stor vert eigedomskatten? Det er fleire faktorar som er med på å avgjera kor stor eigedomsskatten på ein eigedom vert. Utgangspunktet er at det er den forventa marknadsverdien på eigedomen som skal danna grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Kommunen har likevel ulike måtar å påverka kor stor eigedomsskatten skal verta. Nærmare informasjon om taksering av eigedomar og fastsetjing av eigedomsskatt finn du på side 2 og 3 i denne brosjyren.

Juli/august 2014

Page 2: Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt i Samnanger  -  juli/august 2014

2

Taksering av eigedomar

Nye reglar frå 2014 Fram til 31.12.2013 måtte norske kommunar taksera alle eigedomar som det skulle betalast eigedomsskatt for. Frå og med 2014 er reglane endra, slik at kommunane no kan velja å bruka den forventa marknadsverdien som Skatte-etaten har fastsett på bustader/bustadeigedomar. Denne verdien vert gjerne kalla formuesgrunnlaget.

Eigedomar som ikkje skal takserast av Samnanger kommune Kommunestyret har vedteke at Skatteetaten sitt fomuesgrunnlag skal brukast som grunnlag for eigedomsskatt for bustader/bustadeigedomar i Samnanger. Dette vil gjelda for alle bustader/bustadeigedomar som Skatteetaten har registert formuesgrunnlag for. Kommunen har ikkje nokon påverknad på utrekninga av Skatte-etaten sitt formuesgrunnlag.

Eigedomar som skal takserast av Samnanger kommune Fritidseigedomar, næringseigedomar og bustader/bustadeigedomar som Skatteetaten ikkje har registrert formuesgrunnlag for, må takserast av kommunen. Taksten skal spegla ein forventa marknadsverdi for eigedomen. Både bygningar (til dømes bustadhus, garasjar og naust) og tomter skal takserast. Taksten som kommunen kjem fram til, vil danna grunnlag for utskrivinga av eigedomsskatt. Kommunen vil i løpet av august 2014 synfara fritidseigedomar og bustadeigedomar som Skatteetaten ikkje har registrert formuesgrunnlag for. Sjå nærmare informasjon om synfaring på neste side.

Kommunen kan påverka storleiken på taksten på slike eigedomar, mellom anna på følgjande måtar:

1. Dela kommunen inn i ulike takstsoner. 2. Fastsetja frådrag eller tillegg i takstgrunnlaget på grunn av til dømes alderen og tilstanden på

bygningar/eigedomar.

Det er kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt som har mynde til å gjera vedtak om verkemidlar som vist i punkt 1 og 2 ovanfor. Dette gjer dei gjennom å fastsetja takseringsreglar, basert på eigedomsskatte-lova. Den sakkunnige nemnda har per i dag ikkje fastsett takseringsreglar for Samnanger kommune.

Korleis kan kommunen påverka storleiken på eigedomsskatten?

Kommunen kan i stor grad påverka storleiken på eigedomsskatten, mellom anna på følgjande måtar:

1. Fastsetja kor mange promille eigedomsskatten skal vera på i forhold til verdisetjinga på eigedomen. Skattesatsen skal vera minst 2 promille, men ikkje større enn 7 promille. (Etter § 13 i Eigedomskattelova kan eigedomsskatten ikkje vera større enn 2 promille det første året det vert skrive ut eigedomsskatt i ein kommune. Som følgje av at Samnanger kommune allereie har eigedomsskatt på ”verk og bruk”, har kommunen høve til å fastsetja ein større skattesats enn 2 promille på bustader, fritidsbustader m.m. i 2015.)

2. Fastsetja eit botnfrådrag i eigedomsskatten. 3. Gje nye/nyare bustader fritak for eigedomsskatt.

Det er kommunestyret som har mynde til å fastsetja skattesatsen og gjera vedtak om verkemidlar som vist i punkt 2 og 3 ovanfor. Kommunestyret har per i dag ikkje gjort slike vedtak eller fastsett skattesatsen for 2015.

Page 3: Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt i Samnanger  -  juli/august 2014

3

Eigedomstypar som er fritekne frå eigedomsskatt

Ein del eigedomstypar er fritekne frå eigedomsskatt, mellom anna :

Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk. Fritaket gjeld ikkje bustader, hytter, naust m.m. på slike eigedomar.

Kyrkjer Dei fleste statlege og kommunale bygg

I tillegg har kommunestyret høve til å frita nokre andre eigedomstypar frå eigedomsskatt, med heimel i § 7 i Eigedomsskattelova. Kommunestyret i Samnanger har per i dag ikkje gjort vedtak om fritak etter denne paragrafen. Kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt vil fastsetja reglar for kva eigedomar som kjem i kategorien ”eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk”.

Synfaring av eigedomar

Dei fleste eigedomane som skal takserast av kommunen, vil verta synfarte i august 2014. Dette vil vera ei utvendig synfaring. Me er ikkje avhengige av at eigar er med under synfaringa, men eigar har høve til å vera med dersom han/ho ønsker det. Meir informasjon vil verta sendt ut til eigarane før synfaringane tek til i august. Ei tid etter synfaringa vil kommunen senda eit skjema til eigar. På skjemaet vil det gå fram kva relevante opplysningar kommunen har om eigedomen. Eigar vil etter dette få høve til å melda skriftleg frå til kommunen dersom han/ho meiner det er feil i kommunen sine opplysningar. Det er førebels ikkje bestemt når næringseigedomar skal synfarast. Bustadeigedomar som har fått formues-grunnlag fastsett av Skatteetaten, vil ikkje verta synfarte.

Fastsetjing av eigedomsskatt

Det er kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt som gjer vedtak om fastsetjing av eigedomsskatt. Dette gjeld for alle typar eigedomar. Nemnda har frist til 1. mars 2015 til å gjera vedtak om eigedomsskatt for 2015. Liste over takst og utskriven eigedomsskatt for 2015 vil verta lagt ut til offentleg ettersyn når den sakkunnige nemnda har gjort vedtak. Eigar vil samstundes får tilsendt informasjon om takst og utskriven eigedomsskatt på sin eigedom/sine eigedomar.

Eigedomar som vert taksert av Samnanger kommune For eigedomar som vert takserte av kommunen, vil eigedomsskatten verta rekna ut på grunnlag av taksten (verdien) som kommunen fastset. Bustadeigedomar som ikkje vert taksert av Samnanger kommune For bustadeigedomar som Skatteetaten har registrert formuesgrunnlag for, vil formues-grunnlaget vera utgangspunktet for utrekninga av eigedomsskatt. Nærmare informasjon om dette finn du på side 4 i denne brosjyren.

Page 4: Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt i Samnanger  -  juli/august 2014

4

Klagereglar

Klage på Skatteetaten sitt formuesgrunnlag Dersom du meiner at Skatteetaten sitt formuesgrunnlag er feil, er det Skatteetaten som er klageinstans. Nærmare informasjon kan du få ved å gå inn på Skatteetaten sine nettsider (www.skatteetaten.no), eller ved å ta kontakt med Skatteetaten. Klage på utskriven eigedomsskatt Etter § 19 eigedomsskattelova kan skatteytar klaga på den utskrivne eigedomsskatten. Det er kommunen som er klageinstans. Klagefristen vil vera seks veker. Nærmare informasjon om klagereglar vil verta sendt ut saman med informasjon om fastsett takst og utskriven eigedomsskatt.

Meir informasjon

Me viser til Lov om eigedomsskatt til kommunane (Eigedomsskattelova) for utfyllande informasjon om reglar for eigedomsskatt. Lovteksten finn du mellom anna på internett, www.lovdata.no. Du kan også finna meir informasjon på kommunen sine nettsider, www.samnanger.kommune.no. Du kan også ta kontakt med kommunen på telefon 56 58 74 00 eller på e-post [email protected] dersom du har spørsmål om innhaldet i denne brosjyren.

Informasjon om formuesgrunnlag

Skatteetaten fastset formuesgrunnlaget (bustadverdien) som eit anslag på bustaden/bustadeigedomen sin marknadsverdi. Formuesgrunnlaget vert rekna ut frå:

Bustadareal Byggjeår Bustadtype (primær– eller sekundærbustad) Kvar bustaden ligg (”beliggenhet”) Opplysningar/statistikk om omsette bustader i området

Samnanger kommune får tilsendt lister frå Skatteetaten, som viser kva bustader/bustadeigedomar Skat-teetaten har fastsett formuesgrunnlag for. Bustader/bustadeigedomar som ikkje er med på desse liste-ne, må takserast av kommunen før det kan skrivast ut eigedomsskatt. Årsaka til at Skatteetaten ikkje har registrert formuesgrunnlag på ein bustad/bustadeigedom, kan til dømes vera at dei manglar informa-sjon om bustadareal, byggjeår eller bustadtype. For bustader/bustadeigedomar som Skatteetaten har fastsett formuesgrunnlag for, er samanhengen mellom formuesgrunnlaget og likningsverdien som følgjer:

For primærbustader er likningsverdien 25 % av formuesgrunnlaget. For sekundærbustader er likningsverdien 50 % av formuesgrunnlaget

Eigedomsskattelova § 8 C-1 regulerer kor stor del av fomuesgrunnlaget som skal vera med i grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt. For skatteåret 2015 vil grunnlaget for dei fleste bustadeigedomar vera formuesgrunnlaget for 2013 multiplisert med 0,8. I tillegg kan kommunen bruka ulike verkemidlar for å påverka storleiken på eigedomsskatten, sjå side 2 i denne brosjyren.