Høre Barnehage – Vang i Valdres - Vi legg grunnlaget for framtida - Hørevegen 270, 2973 RYFOSS E-post: [email protected] Mobil: 94 80 29 27
Høre Barnehage – Vang i Valdres
- Vi legg grunnlaget for framtida -
Hørevegen 270, 2973 RYFOSS E-post: [email protected]
Mobil: 94 80 29 27
Styraren har ordet
Håpar alle har hatt ein super ferie og fått lada opp batteria sine. Vi har gleda oss til å møte dykk alle igjen. Det er alltid like spennande å koma attende i barnehagen etter eit avbrekk med mange ulike opplevingar.
19. august startar vi opp med eit nytt barnehageår, og nokre barn og foreldre har sitt aller fyrste møte med barnehagen. Andre er godt kjende og klare for ein ny start etter sommarferie.
Tida inneber nye barnegrupper og vi brukar mykje tid i starten til å "gripe" barna si interesse og deira behov, slik at vi best mogleg kan tilpasse det fysiske miljøet og innhaldet i kvardagen.
Vi legg vinn på at alle barna skal føle seg sett og at dei opplever kvardagen sin som inspirerande for leik, læring, omsorg og trivsel.
Det er gjensynsglede, vener møtast, og nye venskap blir til. Vi har mykje kjekt å sjå fram mot.
«En venn er noe av det beste du kan ha og det fineste du kan være» Vi ynskjer å vere motiverande og nysgjerrige vaksne, på jakt etter den gode barndommen for kvart einskild
barn!
Med ynskje om eit godt, innhaldsrikt og artig barnehageår!
Yvonne Solemsli, barnehagestyrar
Barnehageåret 2019-2020
FYSISK OG PSYKISK HELSE
Sang, musikk og bevegelse
Kroppen
Relasjoner
Tilvenning og overgangar
Friluftsliv
Dei 7 fagområda Mestring
Barnesamtalar og
medvirking
Tradisjonar
Grovmotorikk og
finmotorikk
Leik og læring
Kreativitet Formingsaktivitetar Matlaging og baking
Gruppeaktiviteter
Tverrfagleg samarbeid
Smart oppvekst
Likestilling og likeverd
Velkomne til eit nytt barnehageår!
Kvart år er like spennande, for små og store, foreldre og tilsette. Ingen dag er lik, og vi er takksame og stolte over alt vi får oppleve i lag med
«våre» ungar. Det komande barnehageåret har me ynskje om å jobbe på den måten me har gjort dei siste åra, ved at me tenkjer oss eit tema
som skal fylle heile året, og at dei punkta som strekk seg ut frå «bobla» på førre side skal fylle kvardagen.
Som de ser er det fysisk og psykisk helse som er vårt tema for dette året. Tankane bak dette er det arbeidet som allereie er i gang via «smart
oppvekst» og det fokuset me ynskjer å ha i kvardagen.
Målet for Vang Kommune er å «utvikle eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø i Vang, med robuste barn og unge som taklar medgang og
motgang».
Rammeplanen seier: I rammeplanen på side 49 står det; «Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur,
mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse». Dette gjer vi mellom anna ved å ha aktivitetar der dei bevegar seg, leikar og samhandlar med andre, slik at dei opplever motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader.
I rammeplanen står det også at barna skal verte trygge på eigen kropp, få ei positiv oppfatning av seg sjølve og verte kjende med sine eigne kjensler. I tillegg er det viktig at barna tileigner seg gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile.
Slik gjer vi det på storbarnsavdelinga:
Ut frå det rammeplanen seier vil me halde fram med utedagar kvar veke, skrivedans, førskuleklubb og regnbueklubb, og etter kvart symjing/klatring, i tillegg til andre pedagogiske opplegg. Elles er ungane med og førebur måltid ute og inne, bakar og hjelper til. Me bur i eit område der me omgås mykje landbruk og jakt. Vi ynskjer å verte kjende med tradisjonane rundt dette, samt gje ungane innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid. Vi fortsett også det gode arbeidet innanfor «Smart-Oppvekst», då det rommar både fysisk og psykisk helse. Innan tema kroppen har me særleg fokus på det med å setje grenser for eigen kropp og respektere andre sine grenser, og me samtalar om gode og vonde hemmelegheiter og gode og vonde berøringar.
Slik gjer vi det på småbarnsavdelinga
Vi fortset også med utedag ein gong i veka og anna pedagogisk opplegg. Vi skal ha fokus på song, musikk og rørsle. Det viktigaste er at borna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute. Borna skal utvikle sine motoriske ferdigheiter, kroppskontroll og koordinasjon. Vi legg til rette for at måltidet bidreg til matglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle.
Vaksne i barnehagen 2019-2020
Yvonne M. Solemsli Styrar 60%
Anette Tvenge
Pedagogisk leiar 100% Storbarnsavdelinga
Anne Gudbrandsen
Pedagogisk leiar 40% Småbarnsavdelinga
Heidi Kvale
Pedagogisk leiar 100% Småbarnsavdelinga
Patty Van Den Berg
Pedagogisk leiar på disp. 60% Fagarbeidar 20%
Småbarnsavdelinga
Bjørg Astrid Leithe Fagarbeidar 80%
Stor- og småbarnsavdelinga
Bente Søndrol Assistent 80%
Storbarnsavdelinga
Wenche H. Schanke Assistent 80%
Småbarnsavdelinga
Egil Haugen Vaktmeister
Marian Balog
Reinhaldar
Oversikt over veka
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Storbarn Utedag
m/matpakke Førskuleklubb Regnbueklubb
Skrivedans Regnbueklubb
Felles
Småbarn
Sanserommet Musikk, dans og bevegelse
Musikk, dans og bevegelse
Utedag m/matpakke
Fordeling av vaksne på avdelingane
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Storbarn Anette
Bente Bjørg Astrid
Anette Bente
Anette Bjørg Astrid
Anette Bente
Anette (kontor) Anne (kontor) Heidi (kontor)
Bente
Patty (Kontor ½ dag) Wenche
Bjørg Astrid
Småbarn Heidi Anne
Wenche
Heidi Patty
Wenche
Heidi Patty
Wenche
Heidi Patty
Bjørg Astrid
Yvonne (kontor)
Yvonne (kontor)
Yvonne (kontor)
GEBURSDAGAR GJENNOM ÅRET
Januar Sander 6 år 1/1 Lukne 6 år 28/1
Februar Peder 5 år 1/2 Amund 2 år 15/2 Silje Marie 3 år 25/2
Mars Sorati 6 år 28/3
April Eivind 3 år 3/4 Vilja 3 år 9/4
Mai Vebjørn 6 år 26/5
Juni Aksel 3 år 1/6 Emil 3 år 16/6
Juli Anne 4 år 1/7 Jørgen 4 år 1/7
August Natania 4 år 13/8 Selihom 4 år 26/8
September Dawit 1 år 2/9 Mattheus Gabriel 2 år 15/9
Oktober
November
Desember Ea 5 år 5/12 Embrik 2 år 20/12
Informasjon
Planlegging
Planlegging tek utgangspunkt i barnehagen sitt overordna mål, rammeplan og lov for barnehagar. Vidare baserer planlegginga på
kunnskap om barn si utvikling og læring, individuelt og i gruppe. Me nyttar observasjon, dokumentasjon, refleksjon og systematisk
vurdering, samt samtaler med barn og foreldre. Høre barnehage har utarbeida ein årsplan som beskriv fokusområde, mål, kva
rammeplanen seier og korleis me har tenkt å gjennomføre det. Planen er eit viktig arbeidsreiskap for personalet, samtidig som det er nyttig
informasjon til foreldra.
Med utgangspunkt i årsplanen utarbeidar personalet månadsbrev og planar, desse finn de som nyheitbrev på Mykid.no (Sjå eigen informasjon om
mykid lengre ned). Årsplanen vert fastsett av barnehagen sitt samarbeidsutval. Foreldra har her moglegheit til å delta aktivt i planlegginga av
barnehagen sitt innhald. Barna deltek og i planleggingsarbeidet, mellom anna ved å koma med direkte innspel på kva dei likar, og ved å uttrykkje seg
på andre måtar. Vi nyttar i tillegg organiserte barnesamtaler, for å få fram barna sine ynskjer i kvardagen.
Dokumentasjon
Barnehagen brukar dokumentasjon som grunnlag for refleksjon og læring. Eit etisk perspektiv leggjast til grunn ved dokumentasjon av barna sin leik,
læring og arbeid. Dokumentasjon knytt til enkeltbarn kan berre skje i samarbeid og forståing med barna sine foreldre/føresette. Slik dokumentasjon
er underlagt teieplikt. Me dokumenterer alt av barnehagen sitt arbeid I 1310.no. Det er “et system som hjelper skoleeiere å oppfylle kravet til et
forsvarlig system (Opplæringsloven §13-10). I tillegg bidrar løsningen til å gjøre enhetslederes og kommuneledelsens arbeid med dette enklere og mer
oversiktlig.»
Vurdering
Systematisk vurderingsarbeid legg grunnlaget for barnehagen som lærande organisasjon. Barnehagen som organisasjon bær på tradisjonar, samansett
kompetanse, innforståttheit og taus kunnskap. Dette er det er viktig å setje ord på og reflektere over for vidare kvalitetsutvikling. Barnehagen sitt arbeid
skal vurderast, det vil seie beskrivast, analyserast og fortolkast i forhold til kriterier i barnehagelova, rammeplanen og lokale retningslinjer og planar.
I Høre barnehage ynskjer vi å vurdere arbeidet på ein planlagt, systematisk og åpen måte.
Barna sitt utbytte av barnehagetilbodet vert vurdert gjennom kontaktskjema, barnesamtaler, observasjon og dagleg informasjon som utgangspunkt for
samtale heime med foreldra.
Personalet sin arbeidssituasjon vert vurdert ved kontinuerlig rettleiing, personalsamtaler, medarbeidarsamtaler og vurderingsskjema. Avdelingsmøter,
personalmøter og planleggingsdager er viktige ledd i utvikingsarbeidet. Vi jobbar heile tida med å skape samt oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Vi sett
difor av tid til eigne personaltema, der vi mellom anna tek opp korleis vi har det. Vi har også sosiale treff utanom arbeidstid for å skape samhald.
Foreldrekontakten er også viktig i vurderingsarbeidet. Vi prioriterer å ha høg kvalitet på hente – og leveringssituasjonane. Vi ynskjer samarbeid og god
kommunikasjon. To gonger i året innkallast foreldra til samtale i barnehagen. Her gjennomgår vi ALLE MED og eventuelt TRAS-skjemaet, og bruker desse
som rettleiing for det vidare arbeidet med kvart enkelt barn. Vi ynskjer at foreldresamtalene skal vere styrkebaserte. Vi har i tillegg eit foreldremøte kvart
semester. Her vert det gjeve informasjon, og det er anledning til å stille spørsmål og koma med idear, innspel og vurdering av arbeidet vårt.
Foreldresamarbeid
I følgje rammeplanen skal barnehagen legge til rette for foreldresamarbeid og god dialog med foreldre, både på individnivå og gruppenivå. På
individnivå handlar dette om det som blir nemnt over, til dømes foreldresamtalar og den daglege kommunikasjonen mellom heim og barnehage. På
gruppenivå har vi foreldreråd og samarbeidsutval. Intensjonen er at desse ordningane skal gje høve til å ivareta foreldra sin kontakt med barnehagen
på ein aktiv måte. Foreldrerådet skal fremje felles interessene til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar
eit godt barnehagemiljø. Samarbeidsutvalet er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Dei får inn saker som er viktige for
innhaldet i, og verksemda til barnehagen og for forholdet til foreldra. Det er samarbeidsutvalet som er med å fastset årsplanen til barnehagen.
Smart oppvekst i barnehagen
Smart oppvekst i barnehagen Kva er «Smart oppvekst»? Vang kommune, ved barnehagane og skulen, har no tatt fatt i arbeidet med «Smart Oppvekst».
SMART står for: S-styrkefokus, M-medverknad, A-anerkjenning, R-relasjonar og T-trening.
SMART er og skal vere ein naturleg del av kvardagen i barnehagen. Det handlar om dei verdiane me står for, og vil etter kvart bli ein del
av språket hjå både vaksne og barn.
Så kvifor skal vi arbeide med styrkefokus? Det å leite etter styrker og gode sider hjå kvarandre i staden for feil og manglar vil vere
avgjerande for kva verkelegheit vi skapar. Å ha fokus på suksess og suksessfaktorar vil gje betre resultat enn eit problemfokus. Vi skal
ikkje avvise problem og utfordringar, dei må også anerkjennast og bearbeidast. Forsking viser at om fokuset er å ha 5 positive mot 1
negativ vil det føre til ein oppadgåande spiral. Samtidig tenkjer vi og at det er viktig å ha fokus på gode eigenskapar som kan hjelpe oss å
stå støtt i kvardagen. Det er ikkje nok å bygge opp god sjølvtillit ved å få tilbakemeldingar på kor fin du er, kor flink du er osv. Livet er
ikkje ein «dans på roser» og vi kjem til å møte motgang. Derfor handlar det om å bli rusta til å takle denne motgangen på ein god måte. Vi
tenkjer at vi har behov for å bygge opp sjølvkjensla for eksempel ved å årsaksforklare dei gode handlingane vi gjer.
I Rammeplan for barnehagen står det: “I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om deira lyst til å leike,
utforske, lære og meistre.” Vidare står det at “personalet skal sørgje for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar og erfaringar,
utfordringar og meistringsopplevingar“. (Udir 2017:22)
Me i Høre barnehage brukar for eksempel «SMART ring» med tema kring dei forskjellige eigenskapane. Det er 20 forskjellige
eigenskapar knytt til ei forteljing. Me ser at dette fenga ungane. Dei hugsar og dei brukar eigenskapane i kvardagen. Me som vaksne har
vorte meir bevisste på vår eigen rolle i arbeidet med SMART. Me synleggjer arbeidet med bileter, plakatar osv.
Å TA ANSVAR
MOT
SJØLVKONTROLL
Å VÆRA HJELPSAM
SAMARBEID Å HALDE UT
RESPEKT
TAKKSEMD
SJØLVTILLIT
MÅLRETTA HUMANISME
Å VÆRA ÆRLEG
INTEGRITET
HUMOR
LÆRINGSGLEDEÅ VÆRA
NYSGJERRIG
KREATIVITET
LEIAREIGENSKAPAR
OMSORG
TOLMOD
Dei 20 karaktereigenskapane
Tilvenning og overgangar
Heim - barnehage Barnehage - barnehage
Barnehage - skule
I rammeplanen på side 33 og utover står det dette om dei ulike overgangane; «Når barnet begynner i barnehagen: Barnehagen skal i samarbeid med foreldrene legge til rette for at barnet kan få en trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutiner og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjoner og knytte seg til personalet og til andre barn. Når barnet begynner i barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging den første tiden slik at barnet kan oppleve tilhørighet og trygghet til å leke, utforske og lære. Overganger innad i barnehagen: Overganger skjer også innad i barnehagen. Personalet skal sørge for at barn og foreldre får tid og rom til å bli kjent med barna og personalet når de bytter barnegruppe/avdeling. Overgangen mellom barnehage og skole: Barnehagen skal i samarbeid med foreldre og skolen legge til rette for at barna kan få en trygg og god overgang fra barnehage til skole og eventuelt skolefritidsordning. Barnehagen og skolen bør utveksle kunnskap og informasjon som utgangspunkt for samarbeid om tilbudet til de eldste barna i barnehagen, deres overgang til og oppstart i skolen. Barnehagen må ha samtykke fra foreldrene for å dele opplysninger om enkeltbarn med skolen. De eldste barna skal få mulighet til å glede seg til å begynne på skolen og oppleve at det er en sammenheng mellom barnehagen og skolen. Barnehagen skal legge til rette for at de eldste barna har med seg erfaringer, kunnskaper og ferdigheter som kan gi dem et godt grunnlag og motivasjon for å begynne på skolen. Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetiden på en god måte og møte skolen med nysgjerrighet og tro på egne evner. Barna skal få bli kjent med hva som skjer i skolen og skole- fritidsordningen».
Mykid – barnehagen sin portal
MyKid sitt mål er enkelt – Gje meir tid til barna gjennom å forenkle kvardagen til barnehagen og foresatte.
Myndigheitene stiller krav til god informasjonsflyt som mykid ivaretek på ein fin måte. Dette er viktig for både barna, foreldre og barnehagens verksemd. Det er fyrst og fremst den daglege dialogen mellom foreldre og barnehagen som bidreg til god kvalitet for det enkelte barnet. Mykid skal være det eneste, det beste og det enkleste kommunikasjonsverktyet i barnehagen i tillegg til garderobetida. Barnehagen får kun ein arena å informere på, slik at det blir lettare å halde oversikt for alle. De finn mykid som eigen foreldreapp, eller innlogging i nettleser. Inne på mykid er det frammøteregistrering, soveliste, ferie og fravær, månadsplanar, bilder og løyver og beskjedar knytta til det enkelte barnet. Foreldra loggar inn med mobilnummer som er registert på sitt barn, får tilsendt passord og får tilgang til ein portal som kun syner det som gjeld sitt barn. Det er viktig at de nyttar mykid dagleg ved å lese «dagen-i-dag», sjå på bilder og fylgje med på det som skal skje. De har også moglegheit for å sende sms og beskjedar direkte i mykid. Barnehagen kan også sende ut sms frå mykid, og me kan sette opp «automatisk påminnelse» ved viktige arrangement.
Førskuleklubb og Regnbueklubb Nytt år, og nye born som er spente!
I år vert det førskuleklubb på torsdagar frå ca. kl. 0930-1100. Så alle må vere på plass til dette tidspunktet. Borna har eit eige førskulerom nede i kjellaren. Der har dei eigne pultar og stolar, me har ei tavle, oppbevaringshyller og det me måtte trenge til ulike formingsaktivitetar og spel. Førskuleklubben skal vere ein felles arena for dei eldste ungane, der me jobbar med skuleførebuande aktivitetar og med å skape fellesskap i gruppa. Me vil i hovudsak bruke ei aktivitetsbok som heiter «Trampoline». Det er eit praktisk verkty som vil gje borna ein felles kunnskapsmessig plattform innan ulike tema som dei også vil møte på skulen etter kvart. «Trampoline» er lagt opp med mange praktiske oppgåver, mykje leik og moro, og arbeidsmetodar som tek omsyn til at borna framleis går i barnehagen, og er på ulike ståstadar i utviklinga. Boka er laga for 5-åringane i barnehagen, og utvikla med rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver som grunnlag. I «Trampoline» legg ein vekt på leik, læring, undring og refleksjon, språkstimulering og begrepsforståing. Tema i «Trampoline» er: meg sjølv, mønster, formar, måling, tal, plassering, sortering, stavingar, rim, symbol og bokstavar. «Trampoline» er namnet på ein elefant som er gjennomgangsfigur i heftet. Ho held til i utkanten av ein liten by som heiter «Salaby», ilag med sine vener. I tillegg til å jobbe med «Trampoline», skal me samarbeide med dei andre førskuleborna i Vang, slik at alle er godt kjende med kvarandre når dei skal starte på skulen hausten 2020. Me vil også i år ha skrivedans med førskuleborna på onsdagar, der Hanne Kjersti Berge (ergoterapeut) er leiar. Regnbueklubben vil også i år være ei eigen gruppe som då er dei to yngste kulla på storbarnsavdelinga. Dei vil ha sitt eige opplegg når førskuleborna har sitt opplegg, men vi vil også være felles på avdelinga nokre dagar. Med ynskje om eit flott siste år i barnehagen til alle! Helsing oss på storbarnsavdelinga
Livet på småbarnsavdeling
Nytt år, og nye born startar i barnehagen! På småbarnsavdelinga er det 1 og 2 åringane som held til. Det er her dei fleste har sitt fyrste møte med barnehagen, og her dei vert kjende med rutinar og alt det som høyrer barnehagelivet til. Felles for dei fleste yngste borna er at det verbale språket er i utvikling, og dei er i full gang med å utforske det å leike og samarbeide med kvarandre. Vår jobb som vaksne er mellom anna å ta utgangspunkt i barna sine erfaringar og interesser i det daglege når vi arbeider med prosjekt og aktivitetar. Det at dei fleste ikkje enno kan gje uttrykk for alle behov og ynskjer verbalt, gjer det både utfordrande og spennande å få til dette. Vi må tolke signal dei gjev oss undervegs og gje barna opplevingar som skapar meistring og undring. Vi må bygge på kreativitet og leik, og være åpne for improvisasjon og medverknad . Vi skal gje barna varierte inntrykk og moglegheit til å uttrykke seg på ulike vis. Dagane består av faste rutinar som frileik, ryddetid, samlingsstund, mat, bleieskift, soving og uteleik. Det er mykje song og dans i kvardagen med dei yngste, det er alltid noko som fenger. Når ein byrjar å synge, tek det aldri lang tid før fleire heng seg på. Dei lærer mykje språk ved å synge og leike seg med lydar og ord. Det er på denne måten barna lærer best – gjennom leiken. Dei som høyrer til småbarnsavdelinga vil også bli kjend på storbarnsavdelinga, då me er felles frå morgonen, til alle vaksne er kome på vakt. Men de kan godt levere og henge av klede på barnets plass og kome med barnet opp på storbarnsavdelinga. Me gler oss til å ta imot «gamle» og nye born til småbarnsavdelinga i år også! Helsing oss på småbarnsavdelinga
Tradisjonar
GEBURSDAG Den som har gebursdag får krone og song på sjølve dagen, eller så nær dagen som mogleg SKI-OG AKEDAG Me kosar oss med skileik, aking og andre snø-aktivitetar heile dagen LUCIAFEIRING Me inviterer foreldre, besteforeldre, tanter, onklar eller andre vaksne som ungane er glad i på kaffe/te, gløgg og lussekattar i kafeteriaen. Me går luciatog og kosar oss ilag etterpå PYSJFEST Me kosar oss ilag med leik og mat. Alle tek på seg pysjen sin, og tek med ein bamse om de har. Kanskje finn me ein pinjata. SYKKELDAG Ungane får ta med seg ein to/trehjuling til barnehagen. Me lagar ei løype og syklar på plassen i barnehagen.
IDRETTSDAG Me reiser til Tveit Stadion saman med dei to eldste kulla i Fredheim Barnehage og har friidrettsøvingar som høgdehopp, lengdehopp, ballkast og 40 meteren. Utdeling av diplom høyrer sjølvsagt med MARKERING AV HØGTIDER Me markerer høgtidene til dei forskjellige religionane og livssyna som er representert i bornegruppa, samt grunnlovsdagen til Norge og samefolkets dag JULEFRUKOST Foreldra er velkomne på god frukost i barnehagen ein dag i desember
DEI ULIKE JULETRADISJONANE: - Juleverkstad - Adventsstund - Baking - Nissefest - Julefest med foreldra - Besøke kyrkja - Me ynskjer at desember skal
være ein roleg månad med mykje kos og lite stress i barnehagen
AVSLUTNING På sommaren før ferien er det avslutningsfest for førskulebarna som vert arrangert av foreldra. Høgtideleg overrekking av barnehageperm og kanskje eit lite dikt før dei byrjar på skulen. Korleis denne festen skal vere, er opp til kvar enkelt foreldregruppe OVERNATTING Førskuleborna overnattar i barnehagen ei natt før sommarferien. Me lagar felles middag og kosar oss ilag
Ferie og planleggingsdagar
Me viser til «vedtekter for barnehagane i Vang»; Alle barn skal ha 4 veker ferie pr. barnehageår, av desse skal minst 3 veker leggjast til perioden 1.mai til 20. august. Det er viktig at de melder
om ferie skriftleg innan 1.mai. Raude dagar gjeld ikkje som feriedagar.
Det er felles sommarbarnehage på Fredheim i juli (veke 27+28). Dette gjeld for alle barnehagebarn i Vang, med kjent personale. Begge
barnehagane er stengt i veke 29+30, og det har vorte vurdert frå år til år om det også skal være sommarbarnehage i Fredheim veke 31+32.
Eit anna alternativ dei to siste vekene er å være i Høre, men med redusert opningstid på grunn av bemanning og ferieavvikling.
Barnehagen er stengt i jul og påskeveka, dette blir rekna som den fjerde ferieveka for barna.
Det er i tillegg 6 planleggingsdagar kvart år, desse er lagt til grunnskulen sine planleggingsdagar. Dei som har valt å fylgje skuleåret har ferie
i alle skuleferiar (sjå link til skuleruta).
«Vedtekter for barnehagane i vang»
https://www.vang.kommune.no/_f/p1/i0f4091e3-a6c4-42d5-8cf4-7b0c9c6f0a08/godkjente-vedtekter-for-barnehage-mai-2018.pdf
«Skulerute 2019-2020»
https://www.vang.kommune.no/_f/p1/i637865b4-970b-4bd7-924e-e096e641bb08/skulerute-2019-2020.pdf
Progresjonsplan FAGOMRÅDER Småbarn
Kommunikasjon, språk og tekst
Kropp, helse, mat og bevegelse
Kunst, kultur og kreativitet
Natur, miljø og teknologi
Nærmiljø og samfunn
Antall, rom og form Etikk, religion og filosofi
Delmål Vi ynskjer å skape eit språkstimulerande miljø for alle barn
Vi skal bidra til at barna får motoriske mestringsopplevingar tilpassa sitt funksjonsnivå. Me skal bidra til eit sunnt, næringsrikt og godt kosthald, der barna bidreg i matlaging.
Vi skal bidra til at barna får uttrykke seg gjennom kunst, kultur og kreativitet
Vi skal bidra til at barna møter verda med nysgjerrighet og undring
Vi skal bidra til at barna får oppleve nærmiljøet utanfor barnehagen
Vi skal bidra til at barna opplever glede av å utforske og leike med tal, former og fargar
Vi skal legge grunnlag for at barna skal utvikle respekt og toleranse for mangfold innan forskjellige kulturar og religionar
Tiltak Lese Synge Samtalar Turtaking Dramatisering Rolleleik Tolke kroppsspråk Lytte Leike med lydar Rim Digitale verktøy Snakkepakken Undring
Mat med smak God hygiene Tur i ulike terreng Dans Bevegelsessangar Kvile Sansing Oppmuntring til sjølvstendighet: ete sjølv, smøre mat sjølv, kle på/av seg, pottetrening Leik og spel som gjev meistring og fellesskap
Varierte materialer og verktøy for skapande virksomhet Tilgang til: Bøker Bilder Instrument Fokus på prosess, ikkje produkt Aktivitetar ifht tema
Tilstedeværande vaksne som undra seg saman med barnet Uteleik Utforske miljø ute og inne saman med barna Sjå det store i det vesle Få kunnskal om dyr i naturen Konstruksjonsleik Tur i nærmiljø
Turar i nærmiljøet Stimulere til leik på tvers av tradisjonelle kjønnsrollemønster La barna få erfare at dei er verdifulle og viktige for fellesskapet Medverknad Være med på prosessen å dyrke eigne plantar/grønnsaker
Sjå på likhet og ulikhet Antall Størrelse Sortere og systimatisere Fargar Rekkefylgje Konstruksjonsleik Formingsmateriale Eksperiment
Markere tradisjonar og høgtider Møte barns tru, spørsmål og undring med alvor og respekt Hjelpe barn i konfliktsituasjonar til å finne konstruktive løysingar Lære empati Fange dei magiske augneblikka Finne det gode i kvarandre
FAGOMRÅDER Storbarn
Kommunikasjon, språk og tekst
Kropp, helse, mat og bevegelse
Kunst, kultur og kreativitet
Natur, miljø og teknologi
Nærmiljø og samfunn
Antall, rom og form Etikk, religion og filosofi
Delmål Vi ynskjer å bidra til at barna vidareutviklar si begrepssorståing og blir nysgjerringe på skriftspråket.
Vi skal bidra til at barna får ei positiv sjølvoppfatning og utviklar seg bevisst om eigne og andre sine grenser. Barna skal ha ei forståing om korlies sunn mat kan bidra til god helse
Vi skal bidra til at barna kan uttrykke seg gjennom kreativ tenkning, fantasi og skaparglede
Vi skal bidra til at barn opplever meistring i naturen og frå kjennskap til berekraftig utvikling.
Barn skal få innsikt i og erfaring med deltakelse i eit demokratisk samfunn
Vi skal bidra til at barna oppdagar realfaget i kvardagen
Vi skal bidra til at barna utviklar toleranse, respekt og interesse for kvarandre
Tiltak Lese Synge Samtalar Turtaking Dramatisering Rolleleik Tolke kroppsspråk Lytte Leike med lydar Rim Digitale verktøy Snakkepakken Skrive navnet sitt Undring
Turar i nærmiljøet Fjellturar Planlagte uteaktivitetar Øve på sjølvstendighet Øve på å bli sjølvhjulpen i på- og avkledning Store hjelpe små Sunt kosthald, samtale og tilberedning Kjøkkenhage? God hygiene Kjøkkenhjelp/være med å lage mat Sørege for veksling mellom ro og aktivitet
Bli kjet med forskjellige teknikkar Uttrukke opplevingar og historier gjennom ulike kunstformer Vi tilbyr varierte materialer og verktøy til skapande virksomhet Samtalar og tid tl undring Henge opp arbeid så det vert synleg
Turar i nærmiljøet Dokumentere og søke kunnskap med digitale verktøy Uteaktivitetar Medverke i friluftaktivitetar Dyrking og kompostering Lære om lokal og global påverknad
Medverkand Tørre å stå i fokus Lære at vi er forskjellige Være lojal mot fleirtalet Lære å ta hensyn til og hjelpe dei yngste barna Temasamlingar Gi erfaring med verdien av gjenbruk Sosial kompetanse
Førskuleklubb Spel Realfagsløyper (udir) Regelleik Turtaking Matlaging og bruk av måleenheter Sortere og klassifisere Symmetri, geometri, romforståelse, begrepsforståelse og arbeid med former
Arbeide med verdiar og haldingar Dele ut egenskapskort (Smart kort) Finne det gode i kvarandre Lære å løyse konflikter Markere trasisjonar og høgtider som er representert i barnegruppa Temasamlingar