Fylkesmannen i Møre og Romsdal Vår dato Vår ref. 11.05.2015 2015/2863/ASBU/433.5 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkardato Dykkar ref. Vi / seniorrådgivar Astrid Buset, 71 25 85 41 1‘ / ~,; I I Rauma kommune Vollan 8A 6300 ÅNDALSNES Rauma kommune Måseaksjonen 2015 - informasjon om høvet til plukking av måseegg Fylkesmannen viser til informasjon om Måseaksjonen 2015 på Rauma kommune sine nettsider og skriv frå kommunen til gardeigarar i Åndalsnes sentrum den 27. mars i år. Formålet med Måseaksjonen, er å redusere måseplagene i Åndalsnes sentrum gjennom eit samarbeid mellom kommunen og gardeigarane. Kommunen har gått breitt ut med informasjon om måseaksjonen og høvet til eggplukking til sine innbyggarar. Gardeigarane vert oppmoda om å setje i verk forebyggande tiltak i form av å spenne opp nett over hustaka og liknande tiltak. Kommunen har vidare, på generelt grunnlag, gjeve løyve til å sanke egg frå alle typar måsar fram til og med 20. mai. Etter det Fylkesmannen har fått opplyst frå miljøvernleiaren i kommunen, er det per dags dato ikkje fatta noko formelt vedtak i saka. Gjennom Måseaksjonen 2015 bidrar Rauma kommune mellom anna til at gard- og huseigarar skal kunne få hjelp til å plukke egg frå alle måseartar. Artane sildemåse, gråmåse og svartbak hekkar i liten grad i sentrumsområde, så dei konfliktane som Rauma kommune opplever som <<måseplager>>, er hovudsakleg knytt til fiskemåse. Fylkesmannen finn difor grunn til å presisere gjeldande regelverk knytt til plukking av måseegg. I naturmangfaldlova er det innført ein eigen aktsemdsregel, for å unngå skade på naturmangfaldet. Etter regelen skal ein: «opptre aktsomt og gjøre det som er rimelig for å unngå skade på naturmangfoldel í strid med forvaltníngsmålet for arter í lovens § 5». Målet i § 5 er at artar skal ivaretakast på lang sikt og i levedyktige bestandar i deira naturlege utbreiingsområde. Etter § 15 er det forbode å skade eller øydelegge reir og egg: «Unødíg skade og lidelse på víltlevende dyr og deres egg, reir, bo eller hi skal unngås». Å dekke til eigna hekkeplassar på bygningar i god tid før hekkesesongen, vil i utgangspunktet ikkje vere i strid med § 15. Høvet til å plukke egg er regulert i forskrift omjakt- og fangsttider. Av jakttidsforskrifta sin § 6 går det fram at det i Møre og Romsdal fylke kan plukkast egg frå måseartane gråmåse, sildemåse og svartbak i tida fram til og med 20. mai. Fiskemåse er oppført som nær trua (NT) i Norsk rødliste for arter 2010, og det er ikkje opning i gjeldande forskrift for å plukke egg frå denne måsearten. Kommunen kan ikkje dispensere frå reglane i forskrifta. Forskrift om felling av viltartar som gjør skade eller som vesentlig reduserer andre arters reproduksjon (skadefellingsforskrifta) har unntaksreglar frå yngletidsfredinga. Forskrifta Postadresse: Telefon: E-post: Web: Orgnr: Postboks 2520 71 25 84 00 [email protected] \\'w\\'.fi'lkesmannen.no/mr 974 764 067 6404 Molde