Top Banner
Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET MØTEBOK Møtedato: 10.05.2016 Møtetid: Kl. 09:00 – 13:50 Møtestad: Heradshuset - kommunestyresalen Saksnr.: 048/16 - 056/16 Desse medlemmene møtte: Parti Magni Aa Berge Sp Bernt Reed Sp Svein-Ottar Sandal Krf Arnfinn Brekke Krf Venke Kollbotn Krf Arnar Kvernevik Ap Gunnvor Sunde SD Bjarte Gangeskar V Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Leidulf Gloppestad Sp Hege Lothe SV Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Arnar Kvernevik 52/16 6, 2. ledd Ingen Møteleiar: Magni Aa Berge Frå adm. møtte: - Rådmann Jan Kåre Fure - Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug under orienteringa om tidlegare Sandane Hotell (sak 49/16) - Rådgjevar Birte Fossheim i sak 50/16 Andre: - Arkitekt Annemieke Koopmans i sak 51/16 - Edgar Kvernevik i sak 52/16 - Per Ståle Husevåg (som er kommunen sin utsending til representantskapet i Firda Billag AS) i sak 53/16 Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 59/16 Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Møtet vart lukka under deler av sak 49/16 i medhald av kommunelova § 31, nr 5 Underskrifter: Magni Aa Berge
32

for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Mar 13, 2019

Download

Documents

buicong
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 1

GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET

MØTEBOK Møtedato: 10.05.2016 Møtetid: Kl. 09:00 – 13:50 Møtestad: Heradshuset - kommunestyresalen Saksnr.: 048/16 - 056/16 Desse medlemmene møtte: Parti Magni Aa Berge Sp Bernt Reed Sp Svein-Ottar Sandal Krf Arnfinn Brekke Krf Venke Kollbotn Krf Arnar Kvernevik Ap Gunnvor Sunde SD Bjarte Gangeskar V Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Leidulf Gloppestad Sp Hege Lothe SV Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Arnar Kvernevik 52/16 6, 2. ledd Ingen Møteleiar: Magni Aa Berge Frå adm. møtte: − Rådmann Jan Kåre Fure

− Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug under orienteringa om tidlegare Sandane Hotell (sak 49/16)

− Rådgjevar Birte Fossheim i sak 50/16 Andre: − Arkitekt Annemieke Koopmans i sak 51/16

− Edgar Kvernevik i sak 52/16 − Per Ståle Husevåg (som er kommunen sin utsending til

representantskapet i Firda Billag AS) i sak 53/16 Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 59/16 Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Møtet vart lukka under deler av sak 49/16 i medhald av

kommunelova § 31, nr 5 Underskrifter: Magni Aa Berge

Page 2: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 2

SAKLISTE Sak nr. Sakstittel

048/16 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste

049/16 Referat og orienteringssaker

050/16 Rapport frå studietur om sentrumsutvikling til Sunnmøre 30. mars 2016

051/16 Fjordtun - presentasjon av skisse over alternativ bruk av området på Øyrane

052/16 Cruise på Sandane - spørsmål frå Kvernevik Engineering om å gå vidare med prosjektet

053/16 Eigarmøte i Firda Billag AS med drøfting om aksjesal

054/16 Nasjonal og regional transportplan 2017-2028 - oppnemning av gruppe til å utarbeide uttale

055/16 Kommunal medfinansiering til breiband i Myklebustdalen og utviding av utbyggingsområdet

056/16 Arbeidet med økonomiplanen for 2017-2020 og revisjon av 2016-budsjettet

Page 3: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 10.05.2016 048/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 16/641-1

Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møtebøkene frå formannskapet sine møte den 18. og 28. april i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dagens møte.

ORDFØRAREN SI TILRÅDING : 1. Formannskapet godkjenner møtebøkene frå sine møte den 18. og 28. april 2016 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 10. mai 2016. 10.05.2016 FORMANNSKAPET 048/16 VEDTAK : 1. Formannskapet godkjenner møtebøkene frå sine møte den 18. og 28. april 2016 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 10. mai 2016. Vedtaket var samrøystes.

Page 4: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 10.05.2016 049/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 16/640

Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel

1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett i søknader om fritak for eigedomsskatt

2 16/5718 I 03.05.2016 Gloppen Ap Sak til formannskapsmøtet 10. mai FV 615 og KMD sin støtteordning til m.a fylkesvegar i samband med kommunereformen

Orienteringar: Vegmøte i Ørsta 9. mai Ordføraren orienterer. Fellesmøtet med formannskapet i Eid Ei kort oppsummering av møtet. Siste nytt om − Tidlegare Sandane Hotell − Elvaneset Ordet fritt…

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 10.05.2016 FORMANNSKAPET Arnar Kvernevik (Ap) gjorde greie for sitt framlegg om å søkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet om infrastrukturmidlar til fv 615 i samband med kommunereforma.

Page 5: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 5

Eit fleirtal på fem i formannskapet vil ha saka utgreidd av rådmannen før det blir teke stilling til søknaden. Saka kjem opp på møtet den 23. mai. Tidlegare Sandane Hotell Møtet vart lukka i medhald av kommunelova § 31, nr 5 under drøftinga. Under ordet fritt… Brosjyren om kommunereforma til ungdomen − Fleire var kritiske til brosjyren som rådmannen har laga Tilbodet «God start» − Informasjon om tilbodet – til møtet i oppvekstutvalet 1. juni Rehabilitering av Hyen skule − Prosjektet bør planleggast saman med opprustinga av bassenget – sak til neste møte i

oppvekstutvalet og formannskapet Brukonferansen den 23. og 24. mai − Formannskapet bør vere godt representerte. 049/16 VEDTAK : Det vart ikkje gjort vedtak i saka.

Page 6: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 6

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 10.05.2016 050/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Birte Fossheim

Objekt: Arkiv: 233 L05

Arkivsaknr.: 14/238-8

Rapport frå studietur om sentrumsutvikling til Sunnmøre 30. mars 2016

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: På formannskapsmøtet den 18. april i år orienterte rådmannen kort om ein studietur om sentrumsutvikling til Ulsteinvik og Fosnavåg på Sunnmøte den 30. mars i år. Formannskapet ønskte då ei litt grundigare orientering om turen og vårt arbeide med utvikling av sentrum, først og fremst på Sandane. Frå turen til Sunnmøre Tid : onsdag 30. mars 2016 kl 8.00 – 20.30

Deltakarar : Magni Aa Berge, Audun Mundal, Hege Lothe, Arnfinn Brekke, Annemieke Koopmans-Holtrop, Jan Kåre Fure, Jan Kjetil Øygard, Kjell Petter Solhaug, Knut Roger Nesdal, Beate Kornberg, Bjørn Aurlien, Roar Henden og Birte Fossheim.

Bakgrunn

Page 7: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 7

Gloppen kommune har fått utarbeida ein sentrumsanalyse i 2015. Denne skal i lag med flaumanalysa for Sandane sentrum, danne grunnlag for ny områdereguleringsplan for Sandane sentrum som vi no skal i gang med. Sentrumsanalysa peikar på fleire spennande grep for Sandane sentrum. Eit levande sentrum er avhengig av eit variert bustadtilbod, arbeidsplassar og at det er tilrettelagt for at folk skal kunne opphalde seg og bevege seg i sentrum. Tilrettelegging på gåande/syklande sine premisser, møteplassar og leikeareal. Korleis løyser vi utfordringar med parkering, arealdisponering og bygningar i forhold til havnivåstigning? Kva målgruppe ser vi for oss vil bu i sentrum framover? Hensikt Lære, hente idear og inspriasjon av naboane våre på Sunnmøre som har jobba godt med desse utfordringane. Ulsteinvik Ulsteinvik har jobba lenge med sentrumsutvikling. Ulsteinvik vart kåra som Norges mest attraktive stad i 2012 – ein nasjonal pris som vart delt ut av kommunalminister Liv Sign Navarsete. Prisen fekk dei for sitt utviklingsarbeid i Ulsteinvik sentrum, og for den samhandlinga dei får til mellom kommune, næringsliv og frivillige som igjen realiserer mange av utviklingsprosjekta. Verner Larsen – assisterande rådmann i Ulstein kommune – hadde sett saman ei orientering frå fleire ulike fagpersonar. I tillegg til Verner møtte vi Arne Runar Vik (teknisk sjef), Jon Ove Ringstad (dagleg leiar i Ulsteinvik utvikling As), Øyvind Amdam (dagleg leiar Ulstein fjernvarme AS) og Marit Botnen (kommunalsjef helse og omsorg) Bustadutvikling i sentrum – Sjøsida. Det at kommunen gjekk inn og kjøpte 13 omsorgsbustader i leiligheitsbygg i sentrum, var ein utløysande faktor for at utbyggjar gjekk i gang med prosjektet. Utbyggjar bygde 28 leilegheiter som blei seld på kort tid. Kommunen stilte krav om næring i 1 etg, byggehøgde maks 5 etg, arealet rundt bygget var offentleg areal.

Erfaringane med omsorgsbustader i sentrum var svært gode. Leilegheitene hadde ulike størrelse med 1-2 soverom. Det var felles stove/kjøken med vindu opp mot sentrum, og sansehage med balkon og utsikt mot sjøen. Omsorgsbustadane var utan fast bemanning. Husleiga låg på kr 8500 i mnd og oppover. Bebuarane kunne gå til butikk, lege og delta i kulturaktivitetar. Buforma gav også høg tryggleik og trivsel.

Sjøsida leiligheitsbygg Offentleg uteareal

Page 8: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 8

Finansiering: dei fleste bygg og utvikling i sentrum var finansiert gjennom offentleg og privat samarbeid (OPS). Kommunen jobba med samarbeidsparter i alle prosjekt og jobba etter «1/3-modellen» der næringsliv, fylkeskommune og ulike organisasjonar tok sin del av kostnadane. På denne måten fekk ein mykje utvikling for pengane. Parkeringsløysingar: kommunen har ei ordning der utbyggjar kan frikjøpe parkering til ein pris av kr 275.000 pr parkeringsplass. I dette ligg det at kommunen forpliktar seg å etablere felles parkeringsløysingar for desse midlane. Parkeringsløysingar under havnivå er kostbare prosjekt og ligg på omkring det dobbelte av summen for frikjøp. Kommunen hadde ikkje innført parkeringsgebyr i sentrum. Ulsteinvik utvikling AS var eit lokalpatriotisk utbyggingsselskap. Dei stod bak leiligheitsbygget på sjøsida. Dei gav kommunen skryt for godt samarbeid og som profesjonell byggherre. Havnivå: Nye bygg i sentrum av Ulsteinvik skal byggast på kotehøgde 2,7. Den nye utfyllinga i sentrum var tilrettelagt for dette, og berre med få unntak bar dette på utfordringar. Dei hadde nokre gamle naust som låg under denne kotehøgda. Identitet i sentumsutviklinga: Dei hadde lagt stor vekt på identitet i utviklinga av sentrum. Skulpturen «skipsbyggaren» var gitt som gåve til parken i sentrum frå lokalt næringsliv. Gatelyktene i sentrum var inspirert av masta på ein båt, og vannrennene var stål frå skipsindustrien.

Sansehage for omsorgsbustader Balkong sansehage med trimsyklar

Felles opphaldsrom omsorgsbustader mot sentrum

Page 9: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 9

Sentrumsutvikling på gåande sine premisser. Ulsteinvik hadde ei gågate som skulle binde saman handelsgata. Kommunen var no i gang med å sjå på forbindelsane for gåande på nytt. Kvar folk går er ikkje lett å forutsjå i forkant. Kan bli endra utifrå handel og butikkar sin lokalilsering.

Fjernvarmeanlegg som tener heile sentrum: Ulsteinvik hadde etablert eit fjordvarmeanlegg som serva alle nye bygg i sentrum i dag. Dei hadde støtta seg på ReNorway på Eid (og Gloppen) for utvikling av teknologien. Dei hadde bidratt med å finne eksterne midlar til finansiering av anlegget. Fjernvarmeselskapet var eit AS og 100% eigd av kommunen.

Fosnavåg I Fosnavåg fekk vi orientering ved utviklingssjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune. Fosnavåg har eit langstrakt sentrum, men tettstadprosjektet deira på var retta mot Fosnavåg hamn. Fosnavåg har vore ein av pilotane i eit nasjonalt prosjekt kalla Framtidens Bygder. Dette prosjektet skal gje auka kunnskap og få fram gode eksempel på berekraftig bygdeutvikling og korleis klimavennleg stadutvikling kan gjere bygdene meir attraktive . Gjennom dette prosjektet og i samarbeid med Norske Arkitekters Landsforbund (NAL) og Møre og Romsdal fylkeskommune, har dei fått levert eit parallelloppdrag for byutviklingsprosjekt for Fosnavåg i 2015. Her har tre arkitektfirma levert sine anbefalingar for korleis utvikle Fosnavåg til ein attraktiv og berekraftig by med urbane kvalitetar. Det har vore ein eigen evalueringskomite som har vurdert framlegga frå arkitektane og gitt

Skulptur av Skipsbyggjaren

Page 10: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 10

kommunen anbefalingar for vidare arbeid. Fosnavåg har no valt å jobbe vidare med det eine arkitektfirmaet Ghilardi + Hellsten Arkitekter, som skal lage ein masterplan for Fosnavåg hamn. For Gloppen er det interessant å lære av desse faglege anbefalingane Herøy kommune har fått, og høyre om korleis dei set desse om til handling gjennom sitt plan- og utviklingsarbeid for sentrum.

Fosnavåg hamn Byutviklingsprosjekt Fosnavåg Parallelloppdraget gav Fosnavåg fleire faglege anbefalingar og innspel å jobbe vidare med. Eit læringspunkt frå prosessen er at det er viktig med nye rundar med forankring når det er skifte av politikarar. Prosjektet var organisert med ei arbeidsgruppe som bestod av ordførar, varaordførar, rådmann, representant frå næringslivet, fylkeskommunen og utviklingsleiar i kommunen. Målsettingar i prosjektet • Vere ein attraktiv og bærekraftig stad med urbane kvalitetar • Vere ein blågrønn stad med maritimt preg som tek vare på bymiljø • Ha bærekraftige og innovative løysingar mot transport, val av materiale og energibruk • Ha sosiale møteplasser, bumiljø og arkitektoniske kvalitetar av høg klasse • Parallelloppdrag - Byutviklingsprosjekt for Fosnavåg - Oppgåveprogram 5. • Ha ein kvardag utan bil ved korte reiser • Ha eit folkerikt sentrum tilrettelagt for alle • Utvikle kvalitetane med nærleik til sjø • Ta omsyn til lokale klimatiske tilhøve. Hovudtema som parallelloppdraget skulle svare på for Fosnavåg var 1. Arealbruk og transport 2. Klimavenleg bygging

Page 11: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 11

3. Energi og bymiljø 4. Arkitektur og attraktivitet

Nytt Thon hotell med konserthall i Fosnavåg hamn i 2015. Næringslivets rolle: Fosnavåg jobbar på same måte som Ulsteinvik tett både med lokalt næringsliv og fylkeskommunen om lokal utvikling. (Offentleg og privat prosjekt – OPS).

Gåakser og møteplasser: Fosnavåg hadde i dag kvartalstruktur som skapte gode gåakser for gåande og syklane. Parkering: Fosnavåg hadde innført parkeringsrestriksjonar. Gratis parkering i 2 t i sentrum. Elles tilbod om parkeingshus for dagsparkering. Kommunen hadde frikjøpsavtale for utbyggjarar på kr 300.000 dersom dei ikkje laga tilbod om overbygd parkering i samband med nybygg i sentrum.

Møteplass ved hamna i Fosnavåg

Kvartalstruktur/ gåakser

Page 12: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 12

Tema ein var oppteken av i det vidare arbeidet: • Klyngetun – bygge leiligheiter tilpassa kystklima i Fosnavåg • Transformasjon av bygg • Meir grønt i sentrumsbilde • Laga bustadpolitisk plan som seier om kva type bustadutvikling ein ønskjer i sentrum

Leligheiter langs hamna i Fosnavåg

Oppsummering – viktig lærdom vi tek med oss tilbake til Gloppen Organisering/ kommunen si rolle: må organiserast slik at ein jobbar med plan og utvikling over tid. Dette arbeidet krev kontinuerlege prosessar. Kommunen må gå føre. Næringslivet har størst engasjement i å bidra økonomisk når det er snakk om konkrete prosjekt. Kommunen må vere god på utbyggingsavtaler. Der kommunen står som byggherre – sparar utbyggjar moms. Vinn – vinn for prosjektet. Kommunen si rolle i forhold til utbyggjar – krev profesjonalitet. Gå inn i prosjekt der det er aktivitet og initiativ – gir kommunen ein samarbeidspart med engasjement for å få realisert prosjektet. Samspel med næringslivet: ein kultur for utvikling som må skapast. Invitere inn til deltaking. Det lokale næringslivet – kjenner dei planane og forventningane om kva ein kan utvikle i lag? Kommunen kan invitere til seminar med næringsliv lokalt og fylkeskommune for å gå gjennom planer og forventningar.

Page 13: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 13

Ein strategisk næringsplan (Fosnavåg) kan samle næringsaktørar om sentrumsutvikling. Fylkeskommunen (i Møre og Romsdal) stiller krav om at næringslivet skal delta med 1/3 av kostnadane når dei går inn med finansiering. Legg press på næringslivet om å delta i lokal utvikling.

Finansiering: 1 kr utløyser 3! Samspel mellom kommune, næringsliv, fylkeskommune og frivillige. Mange av bygga vi såg var realisert gjennom eit «spleiselag» med 1/3 dels kostnad for kommunen. Alternative energikilder: må vurderast før ein gå i gang med utbygging. Identitet: viktig å avklare – kva særpreg har Sandane som må vise att i sentrumsutviklinga? Grunnleggande for all tettstadsutvikling. Parkering: dyrt å bygge parkeringsanlegg under havnivå. Skal ein bygge nye leiligheitsbygg i sentrum må parkeringa vere i bygget for ikkje å bandlegge store sentrumsareal til parkering. Diskusjon om 1 etg kan brukast til parkering – alternativt litt nedsenka løysing slik at 1 m opp på bygget kan vere parkering.

Frikjøp av parkeringsplassar – gjere at kommunen får kapital til å samordne og bygge felles parkeringsløysingar.

Page 14: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 14

God infrastruktur med gang- og sykkelvegar inn til sentrum vil redusere noko av behovet for parkering i sentrum. Andre parkeringsrestriksjonar: innføre 2 t gratis parkering for handlande, mens dagsparkering for jobbreiser vert samla i eit felles parkeringsanlegg. Må skilje mellom parkering for handlande, dei som bur i sentrum og dagsparkering for arbeidstakarar. Leiligheitsbygg i sentrum: samspel med næringslivet. Kan bidra til å realisere bygg om kommunen kjøper seg inn i delar av bygget t.d med omsorgsbustader. Kan vere utløysande for at utbyggjar sett i gong prosjektet. Leikeplassar/ leikeareal i sentrum opnar for at også barnefamiliar kan bu i sentrum.

Offentlege allmenningar: viktig å sikre fri ferdsel langs fjorden. Viktig at ein ikkje privatisere tilgangen til fjorden med leiligheiter.

Kvalitet i uterom: utsmykking og arkitektonisk kvalitet i uterommene kunne finansierast gjennom gåver og fordeling på fleire aktørar.

Page 15: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 15

Vidare arbeid etter studieturen Den 28. april vart det arrangert eit internt arbeidsseminar med to arkitektar frå NAL (Norske Arkitekters Landsforbund) der vi tok utgangspunkt i sentrumsanalysen, og fekk råd og rettleiing om vegen vidare for arbeidet med Sandane sentrum. Det vil i møtet bli gitt ei orientering om planen for arbeidet vidare, som igjen vil vere grunnlag for ei vedtakssak på møte i juni.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet tar saka til orientering. 10.05.2016 FORMANNSKAPET 050/16 VEDTAK : Formannskapet tar saka til orientering. Vedtaket var samrøystes.

Page 16: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 16

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 10.05.2016 051/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Knut Roger Berge Nesdal

Objekt: Arkiv: L05

Arkivsaknr.: 16/611-2

Fjordtun - presentasjon av skisse over alternativ bruk av området på Øyrane

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 272882 3D kartskisse - Fjordtun Bakgrunn for saka: Formannskapet har i sak 8/16 bede om å få lagt fram alternativ skisse over området Øyrane rundt Holvikjekta og småbåthamna med tanke på anna bruk enn det dagens reguleringsplan legg opp til. Vedtaket i sak 8/16 lyder slik:

1. Formannskapet viser til rådmannen si saksutgreiing og er samd i at det blir gjort ei ny vurdering av bruken av det aktuelle området på Øyrane.

2. Formannskapet ber rådmannen legge fram ei skisse over alternativ bruk av området innan 1. juni 2016. Skissa kan også omfatte aktuelle deler av Katthamrane industriområde.

3. På bakgrunn av dette godkjenner formannskapet at Sandane Småbåtlag får utsett igangsettingsfristen etter inngått avtale ut 2016.

4. Formannskapet gjev rådmannen fullmakt til å forhandle med eigarane av den tidlegare utstillingshallen på Øyrane om alternative løysingar for deira behov, her inkludert å drøfte kommunal innløysing av bygget.

5. Formannskapet skal gjennomføre synfaring på staden saman med interessentane i området. Det vert lagt opp til synfaring i samband med formannskapsmøtet 14. mars i år.

Saksutgreiing: Skissa som er utarbeidd vart raskt presentert for formannskapet på møtet den 18. april i år under saka om bustadfelt på Gloppestad (f-sak 32/16). Dette er ei meir formell framlegging av skissa slik formannskapet bad om i pkt 2 i vedtaket frå 25. januar i år i f-sak 8/16. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen som følgje av presentasjonen. Rådmannen si vurdering: Poenget med skissa er sjølvsagt å vurdere om denne skal leggast til grunn for ny reguleringa området. Før vi kjem så langt ønskjer rådmannen å drøfte skissa med formannskapet som planutval.

Page 17: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 17

Som formannskapet er kjend med er det fleire «hefte» på området som vi må handtere på ein god og føremålstenleg måte. Det gjeld både forholdet til småbåtlaget og avtalen med dei, forholdet til eigarane av pelshallen og sjølvsagt forholdet til museet. Rådmannen vil også bruke tid i sitt planforum før sak om oppstart av ny regulering blir lagt fram. I denne omgang ønskjer rådmannen å høyre med formannskapet om skissa som er utarbeidd svarar til forventningane og om dette er noko vi skal gå vidare med. Etter rådmannen sitt syn er skissa spennande og utbyggingane som denne legg opp til er realistiske å gjennomføre utan store kommunale kostnader. Rådmannen håpar formannskapet er av same oppfatning.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet viser til sitt vedtak i 8/16 og ber rådmannen arbeide vidare med Fjortun-prosjektet med framlagde skisse som utgangspunkt. 10.05.2016 FORMANNSKAPET 051/16 VEDTAK : Formannskapet viser til sitt vedtak i 8/16 og ber rådmannen arbeide vidare med Fjortun-prosjektet med framlagde skisse som utgangspunkt. Vedtaket var samrøystes.

Page 18: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 18

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 10.05.2016 052/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: P34

Arkivsaknr.: 12/1625-70

Cruise på Sandane - spørsmål frå Kvernevik Engineering om å gå vidare med prosjektet

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 240234 Moglegheitstudie Sandane 272625 Bygging av cruisekai ved gbnr 69/338 på Sandane Bakgrunn for saka: I førre valperiode vart det gjort ei utgreiing om Gloppen som cruisereisemål. Konklusjonen i sluttrapporten, som ligg ved, var at Gloppen bør ha cruise som satsingsområde. Rapporten vart drøfta av formannskapet i februar 2015 utan at det vart gjort vedtak i saka. Edgar Kvernevik i Kvernevik Engineering AS var med i arbeidsgruppa som lagde cruiserapporten, men fekk ikkje gjennomslag for sitt framlegg m.a. når det gjeld plassering av kaia. Cruiserapporten konkluderte med at ei cruisekai burde plasserast i såkalla «indre hamn». I tida som har gått etter at cruiserapporten vart lagt fram har Kvernevik Engineering AS arbeidd vidare med sin plan om å bygge ei cruisekai med landfeste til gbnr 69/338, som er parkeringsplassen ved sida av den tidlegare dampskipskaia på Sandane. I brev av 21. april i år presenterer Kvernevik Engineering AS planane, og ber om kommunen si godkjenning på å gå vidare med planlegginga av cruisekaia. Brevet følgjer saka. Saksutgeiing: Denne saka er i første omgang ei orientering til formannskapet, m.a. for å sette dagens formannskap inn i det arbeidet som har vore gjort. Tidlegare formannskap var ikkje innstilt på arbeide vidare med cruisesaka i kommunal regi. Det har heller ikkje blitt gjort. Etter møtet i formannskapet i februar 2015 sende ordføraren og rådmannen eit brev til Gloppen Næringsorganisasjon, der det m.a. heiter:

(…) Det vart ikkje gjort noko vedtak på dette møtet eller trekt nokon konklusjon for det vidare arbeidet, men det er brei politisk semje om at private aktørar no må kome fram og ta hovudansvaret for saka.

Page 19: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 19

Sagt på ein annan måte: Viss det no berre er opp til Gloppen kommune og andre offentlege instansar, blir det ikkje arbeidd vidare verken med å planlegge eller å bygge ei cruisekai på Sandane. Sett frå Gloppen kommune sin synsstad er Gloppen Næringsorganisasjon (GN) med sine medlemmer dei næraste til å «fronte» denne saka på vegne av næringsinteressene. Næringsorganisasjonen sitt syn og vilje til å ta tak i saka blir derfor heilt avgjerande. Derfor ber vi om at GN tar stilling til om cruise skal vere eit satsingsområde for Gloppen generelt og for Sandane spesielt. Viss GN meiner dette, ber vi om at næringsorganisasjonen avklarar med sine medlemmer om nokon er villige til å bruke tid og pengar på å arbeid med saka, og om det innanfor GN sine medlemmer er aktørar som kan vere interesserte i å investere i kaia og nødvendige anlegg på land for å realisere prosjektet.

Gloppen Næringsorganisasjon skriv i si tilbakemelding at dei ikkje har ressursar til å drive eit slikt prosjekt, verken som betydningsfull aksjonær eller som «pådrivar». Og vidare:

«Vi ser det som heilt avgjerande at dei som ser dette som ein forretningside og ser muligheten for på sikt å få avkastning på investert kapital, må vere pådrivarar i saka. Likeeins håpar vi at dei som meiner at andre reiselivssatsingar er viktigare enn denne, i alle fall ikkje motarbeider dei som gjerne vil skape noko ved å satse på cruise. Som på fleire andre område innafor næringssatsing, meiner vi kommunen først og fremst har ei tilretteleggarrolle.»

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Rådmanen har tidlegare sagt at det ikkje er realistisk å rekne med at kommunen ikkje vil få vesentlege kostnader både i planarbeidet og til sjølve kaiprosjektet. Det er i dag uråd å seie noko om storleiken på desse kostnadene. Rådmannen si vurdering: Rådmannen legg ikkje opp til ei realitetsbehandling av søknaden frå Kvernevik Engineering AS i første omgang. Noverande formannskap har ikkje drøfta cruisespørsmålet tidlegare, og må sjølvsagt få høve til det utan å ta stilling til saka med ein gong. Det hastar likevel med ei avgjerd i saka både fordi vi må tenke annleis i det vidare arbeid med sentrumsutviklinga viss cruiseplanane skal vere med, og fordi Kvernevik Engineering AS må få eit svar. Utan å svare vil rådmannen påpeike at ei kommunal godkjenning til Kvernevik Engineering AS til å arbeide vidare med saka nokså sikkert vil involvere kommunen, både i planarbeidet og ikkje minst viss planane skal settast ut i livet. Så vil rådmannen ta med at også eidarane arbeider med cruisekai på Nordfjordeid. Vi er no inne i sluttfasen med kommunereforma, der Eid er det einaste samanslåingsalternativet for Gloppen. Blir vi og eidarane samde om å slå oss saman, må vi nok også bli samde om kvar ei eventuell ny cruisekai skal ligge. Den nye kommunen kjem neppe til å få cruisekai både på Sandane og på Nordfjordeid. Det betyr i praksis at vi bør avvente resultatet av arbeidet med kommunereforma også når det gjeld spørsmålet om cruisekai. Rådmannen legg saka fram til orientering, men viss formannskapet har klare synspunkt i saka, er det sjølvsagt viktig å få desse på bordet no – gjerne i vedtaks form.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING :

Page 20: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 20

Formannskapet tar saka til orientering. 10.05.2016 FORMANNSKAPET Arnar Kvernevik bad om å få gå ifrå som ugild på grunn av slekt og vennskap til søkjar. Heimelen for dette er § 6, 2. ledd i forvaltningslova. Formannskapet var samd i dette. Framlegg frå Bernt Reed (Sp):

1. Formannskapet har ingen merknader til at Kvernevik Engineering kan gå vidare med arbeidet, her under å utarbeide ein privat reguleringsplan, for eventuell cruisekai som omsøkt i brev av 21. april 2016

2. Formannskapet legg til grunn at det i den vidare prosessen kjem fram ein finansieringsplan for prosjektet

3. Gloppen kommune forpliktar seg ikkje gjennom dette vedtaket verken å delta i finansiering av prosjektet eller stille planressursar til rådvelde for arbeidet.

Det vart røysta alternativt mellom − rådmannen si tilråding som fekk ei røyst og − framlegget frå Bernt Reed som fekk sju røyster. 052/16 VEDTAK : 1. Formannskapet har ingen merknader til at Kvernevik Engineering kan gå vidare med

arbeidet, her under å utarbeide ein privat reguleringsplan, for eventuell cruisekai som omsøkt i brev av 21. april 2016

2. Formannskapet legg til grunn at det i den vidare prosessen kjem fram ein finansieringsplan for prosjektet

3. Gloppen kommune forpliktar seg ikkje gjennom dette vedtaket verken å delta i finansiering av prosjektet eller stille planressursar til rådvelde for arbeidet.

Vedtaket vart gjort mot ei røyst.

Page 21: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 21

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 10.05.2016 053/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: N10

Arkivsaknr.: 14/1587-6

Eigarmøte i Firda Billag AS med drøfting om aksjesal

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å selje sine aksjar i Firda Billag AS og ber om eit eigarmøte i samband med representantskapsmøtet i selskapet den 25. mai i år. Fylkeskommunen skriv i invitasjonen til møtet at dei er kjende med at også fleire andre aksjonærar vurderer å selje sine aksjar. Det er då fornuftig å drøfte ein felles salsprosess, meiner fylkeskommunen. Det er berre Høyanger kommune som har sagt ifrå til fylkeskommunen at dei ikkje ønskjer å selje sine aksjar. Ordføraren i Høyanger har invitert til eit formøte til eigarmøte for å drøfte saka med dei andre kommunale aksjeeigarane i Firda Billag. --- Formannskapet behandla i 2013 ein førespurnad frå Stryn kommune om å kjøpe deira aksjar i Firda Billag. Saka vart presentert og behandla slik:

Bakgrunn for saka: Stryn kommune vurderer å selje sine aksjar i Firda Billag og har retta spørsmål til dei andre aksjonærane i selskapet om dei er interesserte i å nytte sin forkjøpsrett. Gloppen kommune eig 10,17 % og kjem dermed i posisjon til å nytte sin forkjøpsrett, viss ein finn det interessant. Saksutgreiing: Stryn kommune eig 6,51% av aksjane i Firda Billag. Dei vurderer å selje heile aksjeposten. Dei tre største aksjonærane i selskapet er Flora kommune, Førde kommune og Gloppen kommune – i den rekkefølga. Førde er einaste kommunen som til no har meld si interesse. På bakgrunn av dei endringane bussmarknaden er inne i med konkurranseutsetting av persontrafikkmarknaden frå og med 2014, står Firda Billag ovanfor relativt store

Page 22: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 22

utfordringar i åra framover. Basert på dette ba ordførar i Gloppen om eigarmøte for å få:

• ei drøfting av tilbodet frå Stryn. Spørsmålet er kva som er lurt å gjere: at aksjeposten blir kjøp av andre aksjonærar i selskapet eller om eigarane no samla sel aksjane for å bringe ny eigar inn i det

• ei orientering om styret sitt arbeid i høve den nye situasjonen som selskapet kjem i frå 2014, når det må begynne å konkurrere om persontrafikken.

Eigarmøtet konkluderte med å be Stryn vente med ev sal til etter generalforsamlinga i vår, då fleire av eigarane kan ver med på å selje aksjane sine samla for i bringe ny eigar inn. Signalet er at Stryn vil gjere dette. Skal ein selge aksjar må det gjerast ei verdivurdering av dei. Det har ikkje Stryn gjort. Når situasjonen til selskapet er usikker, vil det speglast igjen i verdivurderinga og prisen på aksjane. Verdivurderinga vil kome på plass etter kvart. Det er eit anna argument for å vente med salet og ei vurdering av om ein skal kjøpe. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Saka har ingen økonomiske konsekvensar for kommunen for tida. Viss Gloppen kommune bestemmer seg for å kjøpe aksjane må kjøpet finansierast. Prisen er som nemd ikkje kjend pr i dag. Rådmannen si vurdering: Eg rår formannskapet til å vente med å ta stilling til saka. Spørsmålet som kan kome, og som er like relevant å drøfte som kjøp av ny aksjepost, er om Gloppen skal selje sine aksjar for å bidra til å få ny eigar inn.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet tar ikkje stilling til førespurnaden om å nytte forkjøpsretten til kjøp av aksjepost frå Stryn kommune i Firda Billag. Gloppen kommune vil kome attende til saka når verdivurdering av aksjane ligg føre. 14.03.2013 FORMANNSKAPET 029/13 VEDTAK : Formannskapet tar ikkje stilling til førespurnaden om å nytte forkjøpsretten til kjøp av aksjepost frå Stryn kommune i Firda Billag. Gloppen kommune vil kome attende til saka når verdivurdering av aksjane ligg føre. Vedtaket var samrøystes.

Rådmannen legg til grunn at vi takkar ja til invitasjonane både frå fylkeskommunen og frå ordføraren i Høyanger. Kommunen sin utsending til representantskapet er Magni Aa Berge med Per Ståle Husevåg som vara. Rådmannen si vurdering:

Page 23: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 23

Rådmannen er ikkje kjend med om vi har noko «meining» med Gloppen kommune sin eigarskap i Firda Billag. Truleg er eigarskapen ikkje noko anna enn ei vidareføring av vår eigardel i billaget då dette var eit interkommunalt føretak, som vart etablert under heilt andre forutsetningar enn dagens situasjon for transportnæringa. Rådmannen meiner det derfor kan stillast spørsmål også til vår eigarskap. Eg ser ikkje føre meg at Gloppen kommune skal kjøpe seg opp på eigarsida. Det er vel meir aktuelt å selje seg ut, slik rådmannen skreiv i saka om kjøp av Stryn kommune sine aksjar i 2013. Rådmannen legg saka fram til orientering i denne omgang slik at formannskapet kan gje utsendinga til representantskapet signal om korleis Gloppen kommune stiller seg til spørsmålet om kjøp eller sal av Firda Billag-aksjane. Eit vedtak om sal eller kjøp av aksjar er sjølvsagt ei kommunestyresak. Blir dette aktuelt, må det naturlegvis ligge føre ei verdivurdering av aksjane. Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : …….. 10.05.2016 FORMANNSKAPET Kommunen sin utsending til representantskapsmøtet, Per Ståle Husevåg, var med på drøftinga. 053/16 VEDTAK : Formannskapet tar ikkje stilling til spørsmålet om sal eller kjøp av aksjar i Firda Billag AS no. Leiinga i Firda Billag AS bør utfordrast på strategisk tenking rundt utvikling av selskapet. Vedtaket var samrøystes.

Page 24: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 24

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 10.05.2016 054/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 113 N

Arkivsaknr.: 14/1077-21

Nasjonal og regional transportplan 2017-2028 - oppnemning av gruppe til å utarbeide uttale Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Nasjonal transportplan for perioden 2017 til 2028 er ute på høyring med frist 1. juli i år. Også planprogrammet for den regionale transportplanen for same periode er no på høyring. Her er fristen 27. mai 2016. Denne saka gjeld spørsmålet om oppretting av ei arbeidsgruppe som skal kome med framlegg til uttale frå Gloppen kommune. Saksutgreiing: Rådmannen legg opp til at vi kopierer Eid kommune sitt opplegg der formannskapet har peika ut ei arbeidsgruppe på tre som lagar til eit framlegg til uttale frå kommunen. Rådmannen i Eid la saka fram slik for sitt formannskap:

Arbeidet med grunnlaget til Nasjonal transportplan 2018–2029 er delt inn i to fasar: analyse og strategifasen og planfasen. Analyse- og strategirapporten vart presentert i 2015. Nasjonal transportplan er ei samanstilling av arbeid i planfasen, og samordnar planar for Kystverket, Jernbaneverket, Avinor og Statens vegvesen. Nasjonal transportplan vert revidert kvart fjerde år. Regjeringa planlegg å legge fram stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan våren 2017. Regjeringa sitt overordna mål for transportpolitikken er eit transportsystem som er sikkert, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Ut frå det overordna målet er det avleidd tre hovudmål: − «Framkommelighet» – betre «framkommelighet» for personar og gods i heile

landet − Transporttryggleik – redusere transportulukkene i tråd med nullvisjonen − Klima og miljø - Redusere klimagassutsleppa i tråd med omstilling mot eit

lågutsleppssamfunn og redusere andre negative miljøkonsekvensar

Transportetatane rår til at følgjande overordna prioriteringar vert lagt til grunn for Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029: − Bruk av insentiv for null- eller lågutsleppsteknologi, alternative drivstoff og betre

kapasitetsutnytting for å nå klimamåla utan redusert mobilitet

Page 25: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 25

− Satsing på samordna areal- og transportplanlegging, kollektivtrafikk og sykkelekspressvegar i dei større byområda for å nå nullvekstmålet, og for å bidra til reduserte klimagassutslepp og betre luftkvalitet

− Meir bruk av ITS (intelligente transportsystem) og ny teknologi for å auke effektiviteten og nå dei transportpolitiske måla

− Avklaring av at tredje rullebane på Gardermoen kan byggast når det ikkje lenger er kapasitet i eksisterande infrastruktur

− Eit effektivt, påliteleg og miljøtilpassa transportsystem for godstransport, der samspelet mellom transportmidla vert styrkas og potensialet for å overføre godstransport frå veg til sjø og bane vert utnytta

− Tiltak for å auke tryggleik i transportsystemet i tråd med nullvisjonen og med mål for vegtrafikken om maksimalt 350 drepne og hardt skadde per år innan 2030. Auka fokus på å redusere talet på drepne i fritidsfartøytrafikken

− Sikring av optimal standard på drift og vedlikehald som gir god «framkommelighet» og tryggleik. Satsing på fornying for å fjerne eksisterande forfall og få ein meir robust og påliteleg infrastruktur

− Prioritering av samfunnstryggleik, klimatilpassing og beredskap − Satsing på gode internasjonale samband for både persontransport og godstransport − Auka samarbeid over forvaltningsnivåa og støtte til fylkeskommunale og

kommunale transportsystem Vurdering: NTP er eit viktig politisk dokument, og styrande for samferdslepolitikken i åra framover. Det er viktig med eit politisk engasjement knytt til utforming av uttale frå kommunen. Det er ønskjeleg at kommunen tek del i høyringskonferansen på Skei før fråsegn vert utarbeidd. Dersom vi ventar med utarbeiding av fråsegn til høyringskonferansen er avvikla, inneber dette at vi ikkje rekk å handsame fråsegna i utval eller kommunestyre. Ved siste revisjon (2012) vart det vald ei politisk utval som fekk fullmakt til å utarbeide fråsegn til NTP. Administrasjonen rår til at denne løysinga vert nytta no og.

Formannskapet i Eid valde Alfred Bjørlo, Eli Førde Aarskog og Sigurd Reksnes til «uttalegruppe» ---- Planprogram for regional transportplan Her skriv fylkeskommunen:

Planprogrammet til RTP skal fastlegge kva tema som skal handsamast i planen, planen sitt føremål, organisering av arbeidet, planprosess, framdrift og opplegg for medverknad. RTP skal vere ein plan som legg grunnlaget for fylkeskommunen sine samferdslepolitiske prioriteringar på lang sikt. Det vert lagt opp til at planen skal omhandle heile transportsystemet i fylket, inkludert transportformer der ansvar og verkemiddel ligg til andre forvaltningsnivå enn det fylkeskommunale. Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag ein vedteken RTP frå 2013. Dei statlege transportetatane har lagt fram sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018 – 2029, som vil gje viktige signal for utviklinga av transportsektoren i åra som kjem.

Page 26: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 26

Det er lagt vekt på at nasjonale mål og føringar for transportpolitikken vert innarbeidd i revisjonen av planen. Revidert RTP vil erstatte gjeldande RTP m/handlingsprogram med verknad frå 2018. Vi ber om innspel på innhald, prosess, framdrift og opplegg medverknad i planarbeidet. Innspel på konkrete investeringstiltak/prosjekt vil vi kome attende til ved utlegging av transportplanen sommaren 2017.

Dersom formannskapet er samd med rådmannen i å sette ned ei arbeidsgruppe, bør gruppa også vurdere om kommunen skal kome med innspel til det fylkeskommunale planprogrammet. Dersom vi skal uttale oss om planprogrammet, må eit framlegg til uttale vere klar til formannskapsmøtet den 23. mai. Kommunen sin uttale til Nasjonal transportplan kan gjerast av kommunestyret den 17. juni. Eit framlegg til uttale bør då seinast vere klart til formannskapet sitt møte den 13. juni. Rådmannen tilrår at arbeidsgruppa får tre medlemmer.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet vel …………………., ……………………… og ……………………… til å utarbeide Gloppen kommune sin uttale til Nasjonal transportplan for 2018-2027. Formannskapet ber arbeidsgruppa også vurdere om Gloppen skal kome med innspel til planprogrammet for fylkeskommunen sin regionale transportplan. Framlegga til gruppa må vere klare til dei møta som er omtala i rådmannen si sakutgreiing. 10.05.2016 FORMANNSKAPET 054/16 VEDTAK : Formannskapet vel ordførar, varaordførar, Svein-Ottar Sandal og Arnar Kvernevik til å utarbeide Gloppen kommune sin uttale til Nasjonal transportplan for 2018-2027. Formannskapet ber arbeidsgruppa også vurdere om Gloppen skal kome med innspel til planprogrammet for fylkeskommunen sin regionale transportplan. Framlegga til gruppa må vere klare til dei møta som er omtala i rådmannen si sakutgreiing. Formannskapet ber rådmannen stille med sekretær til gruppa. Vedtaket var samrøystes.

Page 27: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 27

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 10.05.2016 055/16 Kommunestyret 17.06.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand

Objekt: Arkiv: N64

Arkivsaknr.: 14/1551-38

Kommunal medfinansiering til breiband i Myklebustdalen og utviding av utbyggingsområdet Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I 2015 vedtok formannskapet at det skulle søkjast om statlege midlar til utbygging av breiband i Myklebustdalen. Denne saka gjeld kommunal medfinansiering av utbygginga i Myklebustdalen. Utbyggjar har tilbydd seg å utvide området slik at det som ein del av prosjektet vert bygd fibernett i eit større område på Breim mot auka kommunalt tilskot og kommunal garanti for brukarbetaling. Saksutgreiing:

Gloppen kommune søkte i 2015 om statleg tilskot til utbygging av breiband i Myklebustdalen. Kommunen har fått tilskot på 364.115 kr og etter fordelingsnøkkelen skal kommunen yte eit

Page 28: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 28

tilskot på 156.050 kr til utbygginga slik at den samla offentlege finansieringa vert på 520.165 kr. I tillegg kjem 161.000 kr i brukarbetaling (5.000 kr per husstand) og dugnadsarbeid ved graving av grøfter. Utbyggjar har akseptert dette som ramme for ei fiberutbygging, men har tilbydd seg å utvide utbyggingsområdet då ei utbygging av breiband til Myklebustdalen vil krevje fleire nye tilførselslinjer gjennom Breim. Utbyggjar har tilbydd å knytte Reed, Breim og Byrkjelo til fiberkabelen og å gje alle innbyggjarane i området tilgang til fibernettet mot kommunalt tilskot og ein kommunal garanti for at 70 % av brukarane koplar seg på nettet. Høygardane, Årdal og Byrkjelo Sør er ikkje med i dette tilbodet (sjå kartskisse). Utbyggjar krev garanti for at nok husstandar koplar seg på fibernettet. Dersom det vert fleire som koplar seg på enn det utbyggjar krev garanti for, vil overskytande innbetaling til kommunen redusere kommunen sine tilskot tilsvarande. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Prosjektet i Myklebustdalen isolert krev eit kommunalt tilskot på 156.050 kr. Med eit kommunalt tilskot på 600.000 kr for eit utvida område og ein kommunal garanti på 2.065.000 kr, vil dei økonomiske konsekvensane for kommunen vere avhengig at kor mange som koplar seg på og kor stor eigendel dei som koplar seg på betalar til kommunen:

Eigendel 5000

Eigendel 6000

Eigendel 7000

Tilskot 756050 756050 756050 Garanti 2065000 2065000 2065000 Abonnentar Totaløkonomi for kommunen

0 2821050 2821050 2821050 100 2321050 2221050 2121050 200 1821050 1621050 1421050 300 1321050 1021050 721050 400 821050 421050 21050 500 321050 -178950 -678950 550 71050 -478950 -1028950 589 -123950 -712950 -1301950

For området utanfor Myklebustdalen vil ein kommunal garanti på 2.065.000 kr og ein eigendel på 6.000 kr per husstand gjere at garantiansvaret til kommunen slår inn dersom mindre enn 344 av 589 husstandar vel å kople seg på fiberen. Dersom ingen ønskjer å kople seg på, må kommunen betale heile garantien på 2.065.050 kr til utbyggjar. Dersom 400 husstandar koplar seg på, vil kommunen få inn 2.400.000 kr i eigendel. Det betyr at garantien ikkje blir gjort gjeldande og at vi i tillegg finansierer 335.000 kr av det kommunale tilskotet. Koplar 470 husstandar seg på, vert det ingen kommunale kostnader i det heile. Det er sett av midlar på næringsbudsjettet til å dekke utbetalingane i 2016 på 50 % av tilskotet, altså kr 375.000,-. Midlane må overførast til rett kostnadsstad (teneste), som er 28500 - tenester utanfor ordinært kommunalt ansvarsområde. Rådmannen legg til grunn at denne budsjettendringa kan gjerast administrativt. Resten av løyvinga må avsettast i 2017-budsjettet. Rådmannen si vurdering:

Page 29: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 29

Gloppen kommune har ved fleire høve løyvd midlar for å sikre fiber til innbyggjarar og næringsliv. Rådmannen vil halde fram denne praksisen og rår til at kommunen løyver 156.050 kr til medfinansiering av fiberutbygginga i Myklebustdalen. Rådmannen ønskjer å nytte denne sjansen til å sikre utbygging av breiband i større delar av Breim gjennom å utvide utbyggings-området. Rådmannen tilrår å løyve inntil 600.000 kr i tilskot og å stille ein garanti på inntil 2.065.000 kr for å realisere det store fiberprosjekt. Rådmannen har diskutert ein eventuell kommunal garanti med utviklingslaga på Byrkjelo og på Reed. Utviklingslaga ser på fibertilgang som viktig og vil arbeide aktivt for å få flest mogeleg av innbyggjarane til å kople seg på fibernettet. Rådmannen vil peike på at dette i verste fall vert eit dyrt prosjekt for kommunen. Samstundes så er tilgang til fiber i alle delar av kommunen etter rådmannen si meining viktig og rådmannen er trygg på at innbyggjarane på Breim stiller opp gjennom å kople seg på fibernettet. Rådmannen tilrår at kommunen yter tilskot og stiller garanti for å sikre fibertilgang til eit større område enn berre Myklebustdalen. Dersom det vert så mange som koplar seg på nettet at dette dekker meir enn kommunen sine utgifter til tilskot (756.050 kr) og garanti (2.065.000 kr), tilrår rådmannen at «overskotet» vert delt likt mellom utviklingslaga på Reed og på Byrkjelo. Dersom garantien blir gjort gjeldande, må vi truleg bruke av disposisjonsfondet. Løyvinga til tilskotet legg rådmannen til grunn at vi greier over drifta i 2017, slik vi gjer det i år.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : 1. Kommunestyret løyver inntil 156.050 kr til breibandutbygging i Myklebustdalen og inntil

600.000 kr for å utvide utbyggingsområdet til å omfatte større delar av Breim, som vist på kartet som føl saka

2. Gloppen kommune stiller garanti til utbyggar for inntil kr 2.065.000 kr i brukarbetaling 3. Kommunestyret legg til grunn at innbyggarane i Myklebustdalen betalar kr 5.000,- i

eigendel per husstand og at innbyggarane i resten av utbyggingsområdet betalar kr 6.000,- per husstand. Dersom innbetalingane frå dei som knyter seg til fiberen blir større enn kommunen sine utgifter, blir overskytande fordelt likt mellom utviklingslaga på Reed og på Byrkjelo

4. Dersom garantien blir gjort gjeldande, blir utgiftene dekka av disposisjonsfondet. Det kommunale tilskotet blir fordelt over 2016- og 2017-budsjettet

5. Formannskapet ber rådmannen følgje prosjektet tett og rapportere status undervegs. 10.05.2016 FORMANNSKAPET 055/16 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 30: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 30

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 10.05.2016 056/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 145

Arkivsaknr.: 16/602-3

Arbeidet med økonomiplanen for 2017-2020 og revisjon av 2016-budsjettet Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Ved behandlinga av årsbudsjettet for 2016 vart det lagt til grunn at budsjettet skulle reviderast før sommarferien samstundes med behandling av økonomiplanen for 2017-2020. Rådmannen meiner for mykje er uavklara til at ein økonomiplan kan behandlast på denne sida av sommaren. Saksutgreiing: Framlegg til årsbudsjett og økonomiplan skal leggast ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før kommunestyret gjer vedtak, og det er formannskapet sitt framlegg som skal leggast ut. Møteplanen for våren 2016 er sett opp med tanke på at formannskapet skal gjere sitt utleggingsvedtak om økonomiplanen på møtet den 23. mai med utleggingsperiode fram til om lag 10. juni. Dette betyr at eit framlegg frå rådmannen burde vere klart om kort tid. Det er det ikkje, det er fleire grunnar til dette: 1. Kommuneproposisjonen for 2017 blir lagt fram 11. mai. Proposisjonen presenterer

regjeringa sin politikk for kommunesektoren og det økonomiske opplegget for 2017 2. Sjølv om lønnsoppgjeret for kommunal sektor er i hamn med ei ramme på 2,4 %, har vi

ikkje full oversikt over kva konsekvensar oppgjeret har for vår drift. Oppgjeret vart klart 30. april.

I tillegg til dette kjem alt det usikre rundt kommunereforma, som også omfattar eit nytt kommunalt inntektssystem. Vi må få ei betre avklaring her før vi kan lage ein plan for perioden – som blir annleis enn det vanlege uansett om vi blir slegne saman med Eid eller ikkje. Rådmannen vil også peike på at vi dessverre ikkje har god nok oversikt over økonomien i investeringsprogrammet vårt. Vi har ikkje sluttfinansiert investeringsprosjekta våre på svært mange år. Dette har ført til at prosjekt som har overskridingar eller som ikkje er godt nok budsjetterte, har «ete opp» av finansieringa av nye prosjekt som ikkje har kome i gang som planlagt i budsjettet. Når vi no dei to siste åra har auka lånegjelda vesentleg, må vi få full oversikt over finansieringa av avslutta og igangsette nye prosjekt før vi kan gå vidare med

Page 31: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 31

fleire nye prosjekt. Rådmannen varslar derfor allereie no at mitt framlegg til 2017-budsjett vil bli eit kvileår på investeringane for å fullføre og avslutte den lange lista med investerings-prosjekt som i dag står uavslutta. Rådmannen er også usikker på om vi har hatt god nok oversikt over momsen i fleire av prosjekta. Momsrefusjonen på investeringane skal no gå inn i finansieringa av prosjekta. Det kan sjå ut som om vi på fleire prosjekt har inntektsført momsen utan å rekne denne med på utgiftssida. Det betyr i så fall at vi ikkje har full finansiering på alle prosjekt. Når dette kjem i tillegg til det som er sagt ovanfor om manglande sluttfinansiering over fleire år, er det nødvendig å skaffe seg betre oversikt før vi går vidare. Rådmannen si vurdering: Rådmannen ber om formannskapet si godkjenning av at den politiske behandlinga av økonomiplanen for 2017 til 2020 blir utsett til over sommaren. Rådmannen vil likevel gjere ferdig sitt framlegg før sommaren. Etter rådmannen sitt syn var det ikkje godt nok gjennomtenkt å planlegge politisk behandling av økonomiplanen før sommaren. Lønnsoppgjeret og kommuneproposisjonen er heilt avgjerande for kommuneøkonomien. Vi kjem ikkje til å ha kunnskap om desse to heilt avgjerande forutsetningane tids nok til å utarbeide og behandle ein økonomiplan før sommaren. Slik vil det alltid vere. Rutinen bør i standen vere at revidert årsbudsjett blir behandla før sommarferien og at økonomiplanen med rammer for neste års budsjett blir behandla i august/september kvart år. Rådmannen vil derfor legge fram forslag til revidert 2016-budsjett til utvalsmøta i juni med vidare behandling i formannskapet og kommunestyret i juni. --- Utan at kommunereforma skal få skulda for alt, tillet rådmanen seg å nemne at arbeidet med ein ny kommunestruktur har teke mykje tid. Noko av denne tida burde sjølvsagt vore brukt på å revidere 2016-budsjettet og på økonomiplanen…

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet tar til orientering at den politiske behandlinga av økonomiplanen blir utsett til etter sommarferien. Formannskapet legg til grunn at framlegg til revidert 2016-budsjett blir lagt fram for kommunestyret på juni-møtet som tidlegare forutsett. 10.05.2016 FORMANNSKAPET Framlegg frå Bernt Reed (Sp):

1. Formannskapet tek til etterretning at ein ikkje får framlagt økonomiplanen til handsaming på kommunestyremøtet i juni slik som tidlegare forutsett. Formannskapet ber om eit notat til neste møte som viser ein plan for handsaming av økonomiplan så tidleg som mogeleg hausten 2016

Page 32: for 10 05 2016 - Gloppen kommune · Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/4942 S 19.04.2016 Delegering av avgjerdsrett

Side 32

2. Formannskapet ber om å få framlagt ei sak for endeleg handsaming på kommunestyremøtet i juni 2016 med plan for årleg handsaming av økonomisakene i Gloppen kommune. Saka skal som minimum innehalde handsaming av sakene årsbudsjett og økonomiplan i tillegg til orientering på 1. og 2. tertial med mogelegheit for budsjettregulering

3. Formannskapet legg til grunn at framlegg til revidert 2016-budsjett blir lagt fram for kommunestyret på juni-møtet som tidlegare forutsett.

Ved alternativ røysting mellom framlegget for Bernt Reed og rådmannen si tilråding vart framlegget frå Bernt Reed samrøystes vedteke. 056/16 VEDTAK : 1. Formannskapet tek til etterretning at ein ikkje får framlagt økonomiplanen til handsaming

på kommunestyremøtet i juni slik som tidlegare forutsett. Formannskapet ber om eit notat til neste møte som viser ein plan for handsaming av økonomiplan så tidleg som mogeleg hausten 2016

2. Formannskapet ber om å få framlagt ei sak for endeleg handsaming på kommunestyremøtet i juni 2016 med plan for årleg handsaming av økonomisakene i Gloppen kommune. Saka skal som minimum innehalde handsaming av sakene årsbudsjett og økonomiplan i tillegg til orientering på 1. og 2. tertial med mogelegheit for budsjettregulering

3. Formannskapet legg til grunn at framlegg til revidert 2016-budsjett blir lagt fram for kommunestyret på juni-møtet som tidlegare forutsett.

Vedtaket var samrøystres.