Top Banner
Firma Sigurd Solberg AS er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike familiebedriftene i fylket, som er i drift. Med ei 100 år lang historie, har elektronikkfirmaet i Florø vore med på ei spennande utvikling. Ludvig Solberg starta bedrifta i 1912. Han var mellom dei første i landet med autorisasjon for radioapparat. I dag er dei mellom dei fremste på skipselektronikk. Tilpassingsevna og -viljen har vore stor – derfor feirar Solberg 100 år i 2012. Samtidig feirar Elkjøp-Norge, som starta som ein fagkjede i 1962, 50 år. Elkøp Fjordane, som er eigd av Solberg-gruppa – har butikkar i Florø, Førde og Måløy. Foto: Oskar Andersen side 8 Fiskepionerane satsar for framtida Banken er ein god sparringpartnar side 4 side 5 Frå glas og ramme til skipselektronikk side 12 Lokalt eigarskap – og tettare samarbeid
16

Firma Sigurd Solberg AS 100 år

Mar 22, 2016

Download

Documents

Firma Sigurd Solberg AS er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike familiebedriftene i fylket, som er i drift. Med ei 100 år lang historie,har elektronikkfirmaet i Florø vore med på ei spennande utvikling. Ludvig Solberg starta bedrifta i 1912. Han var mellom dei første i landetmed autorisasjon for radioapparat. I dag er dei mellom dei fremste på skipselektronikk. Tilpassingsevna og -viljen har vore stor – derfor feirarSolberg 100 år i 2012. Samtidig feirar Elkjøp-Norge, som starta som ein fagkjede i 1962, 50 år. Elkøp Fjordane, som er eigd av Solberg-gruppa– har butikkar i Florø, Førde og Måløy.
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

Firma Sigurd Solberg AS er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike familiebedriftene i fylket, som er i drift. Med ei 100 år lang historie, har elektronikkfirmaet i Florø vore med på ei spennande utvikling. Ludvig Solberg starta bedrifta i 1912. Han var mellom dei første i landet med autorisasjon for radioapparat. I dag er dei mellom dei fremste på skipselektronikk. Tilpassingsevna og -viljen har vore stor – derfor feirar Solberg 100 år i 2012. Samtidig feirar Elkjøp-Norge, som starta som ein fagkjede i 1962, 50 år. Elkøp Fjordane, som er eigd av Solberg-gruppa – har butikkar i Florø, Førde og Måløy.

Foto

: Osk

ar A

nder

sen

side 8Fiskepionerane satsar for framtida

Banken er ein god sparringpartnar

side 4 side 5Frå glas og ramme til skipselektronikk

side 12Lokalt eigarskap– og tettare samarbeid

Page 2: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 2 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2 S i g u r d S o l b e r g 3 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Side 2

Å feire 100-års jubileum er stort. Vi kan trygt seie at vi er ein stolt jubilant som marke-rar 100-års jubileet med eige jubileumsmagasin. Dette gjer vi for å fortelje litt om historia til 100 års jubilanten Sigurd Solberg og om Elkjøp i Fjor-dane.

Firma Sigurd Solberg starta med glas og ramme og sia vart det foto, leikar, parfymeri, radioforretning, båt og motor og maritim skipselek-tronikk. I dag er vi 14 tilsette og har oppdrag på heile norskekysten, men sjølvsagt mest i Sogn og Fjor-dane. Vi er ei lokal bedrift, men har klart å utvikle oss framover. Elkjøp i Norge feirar i år 50-års jubileum. Dette vil vi sjølvsagt også markere. Vi er stolte over å vere med å drive

Elkjøpbutikkar både i Florø, Førde og Måløy. For meg er det viktig at kundane, anten dei handlar skipse-lektronikk hos Solberg eller TV hos Elkjøp, så skal dei føle seg trygge. Vi lever av nøgde kundar. Hos oss skal du oppleve å få råd og tips. Eg sa vi er ein stolt jubilant, men vi er og stolte over produkta vi leverer. Takk til alle våre tilsette i Sunnfjord og Nordfjord. Takk og til alle våre samarbeidsfirma for god støtte og hjelp gjennom mange gode år.

I dette jubileumsmagasinet ser du at mange av kundane våre gjen-nom mange år kjem med gode ord om firma Sigurd Solberg. For oss er dette kjekt og gjer oss glade, og ik-kje så lite audmjuke. Eg vil legge til at dette samarbeidet har vi vakse på. Spesielt vil eg framheve Anker-

løkken i Florø (no STX), som også har gitt oss mange utfordringar. Det er slike kundar som har vore med og utvikla oss. I dag leverer vi kom-plette maritime pakkar.

I dag som før er også fiskeflåten viktig for oss. Eit firma speglar ofte næringslivet i sitt nærområde. For oss er det viktig med eit berekraftig fiskeri og havbruk. Vi er på ein måte ein del av denne verdiskapinga.

Vi ønskjer deg velkommen til å bli med på jubileumsfeiringa

Med vennleg helsing

John Sigurd Solberg- dagleg leiar -

Å vere styreleiar i ei verksemd som har vore i kontinuerlig drift i 100 år gjer ein audmjuk. VErkSEMDA har vakse og utvikla seg i ein marknad som har endra seg frå å vere dominert av primærnærin-gar, spreidd busetnad og primitivt pro-duksjonsutstyr, til i dag å vere ein mo-derne oljedriven nasjon med avansert produksjonsutstyr, hyppige marknads-endringar og digitalt fokus. koNSErNET framstår i dag som ei gruppe verksemder med sterk og opp-datert kompetanse på sine kjerneom-råde, som gjer at vi kan tilby kundane våre dei beste løysingane til konkur-ransedyktige vilkår.VårE FokuSoMråDE er maritim elektronikk, med spesiell vekt på navigasjon, kommunikasjon og fiske-leitingsutstyr som vi marknadsfører igjennom Sigurd Solberg AS, og Elkjøp Fjordane AS som er fylket sin største aktør innan forbrukarelektronikk av alle kategoriar innan kvitevarer, brunevarer, mobiltelefonar, data og tilleggsutstyr til desse kategoriane. VI DrIV ogSå med direkte import i konsernet, der vi gjennom dette kan tilby kundane våre betre vilkår enn kva vi kan gjennom meir tradisjonelle dis-tribusjonsmodellar. EIgEDoM er også ei viktig satsing som vi vil holde fram med for å dekke eigne behov for lokalitetar. I tillegg trur vi at dette er ein god måte å forvalte verdiar på for å sikre at konsernet har ein naudsynt soliditet for å kunne støt-te opp under vidare vekst. SoM STyrElEIAr ser eg det som ei både spennande og krevjande utfor-dring å ha ansvar for at det vert lagt ein kurs inn i framtida som ivaretek ei stolt historie, samstundes som den skal legge grunnlaget for vidare vekst og utvikling. Dette vil også i framtida krevje det beste av alle i heile verk-semda, då det er nøgde kundar som også i framtida skal vere vårt seglings-merke. MED DETTE vil eg gratulere ein sprek og oppegåande jubilant med ei strålande 100-års markering.

Vidar grønnevik- styreleiar -

Sigurd Solberg i Florø – ein nestorFrå starten og fram til i dag har det vore ei rivande utvikling. Nestoren Sigurd Solberg forte-ner heiderleg omtale i jubile-umsmagasinet for kva han har vore med og bygd opp gjennom eit langt liv.

Like før krigen reiste Sigurd til USA. Han interesserte seg meir og meir for fly. Ikkje utan grunn, sidan on-kelen hans Thor Solberg som var den første som flaug direkte frå USA til Norge. Sigurd hamna der-med i USA under 2. verdskrig, og starta med å jobbe på ein flyfabrikk i Kansas. I 1945 returnerte Solberg tilbake på ein fem år gammal bil-lett, fordi det var planar om reise tilbake til Norge då krigen braut ut.

Etterpå starta Solberg med skips-elektronisk avdeling. Firmaet fekk med seg starten på det rike silde-fisket utanfor stovedøra. Saman med Odd Skarstein var dei med på denne rivande utviklinga, på det tekniske opplevde dei tida på pul-sen. Det var ikkje få ekkolodd som vart levert på denne tida. Sigurd var oppteken av å få med seg dyktige fagfolk og forstå tida som kom for fullt spesielt innan maritim elektro-nikk.

Solberg fekk i si levetid med seg ei teknisk omvelting - større enn i alle generasjonar før. Nestoren og grundaren Sigurd Solberg døydde i 2002, og var aktiv i firmaet heilt fram til då.

Tradisjon – utvikling

100 år og full gass framover

100 ÅR MED KUNDEN I FOKUS

Page 3: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 3 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Sigurd Solberg har vore leve-randør til verftet i Florø heilt frå starten av fortel trioen Ola P. Skarstein, Torgeir Melvær og Morten Aune. - Eg vil seie det så sterkt at han var den beste underleverandøren i si tid, seier pensjonisten Skar-stein, som starta som skip-singeniør på Ankerløkken i 1964. Solberg var involvert under heile prosessen med nybygga, frå prosjektering til prøvetur.

Solberg har følgt utviklinga og his-toria til skipselektronikken på verf-tet i Florø. Tidlegare var det enklare løysingar med til dømes ekkolodd og radiopeilar som to fråskilte ei-ningar, som gjerne vart kjøpt hos forskjellige leverandørar. Etterkvart som utstyret er blitt meir avansert og integrert i kvarandre har vi fått ein leverandør å forholde oss til. Brua er det som synleg har utvikla seg mest på båtane, og Solberg er ein leverandør som heile tida held seg oppdatert.

Morten Aune som leiar designav-delinga på verftet dreg fram at Sol-berg har tatt heile prosjekteringa og koordinert alt med sine under-

leverandørar. Folk som leverer pak-keløysingar og som «fiksar alt» er lette å samarbeide med. Når John Sigurd i tillegg heile tide held seg oppdatert og à jour på utviklinga og lover og reglar, har han vore ei god avlasting for oss. - Eg meiner han har spart oss for ein heil stilling her på verftet, seier Torgeir Melvær, som er innkjøpssjef, og har jobba på «løkka» sidan 1973. Han ser og ein stor verdi i at det blir bygt eigne brupultar i Flora, og at Solbergfir-maet er lokalisert i byen. å ha ein leverandør som er 5 minutt vekke, og stiller på kort varsel, gjer det en-klare for både oss og dei. Sjølv om det ikkje lenger blir bygt nye båtar på verftet, så stiller Solberg også nå for å hjelpe til når det trengs.

Samarbeidet har vore ein vinn-vinn situasjon. Solberg har gjort ein ryd-dig og svært god jobb, som der-med har gitt dei vidare oppdrag hos reiarane. Dei ulike reiarlaga hyra inn Solberg for oppfølging, etter at ga-rantitida var gått ut. Når båtane for-let oss, så følgde på mange måtar firmaet Solberg med.

Har spart oss for

ei heil stilling

Samarbeidet har vore ein

vinn-vinn situasjon

på verftet

Historia om Ankerløkken er på mange måtar også ein viktig del av historia til firma Solberg i Florø. Bildet her er frå 60-talet. Verftet i Florø har vore den største enkeltkunden til firma Sol-berg. Samarbeidet med verftet har vore fagleg utfordrande for oss, seier John Sigurd Solberg.

Trioen Ola P. Skarstein, Torgeir Melvær og Morten Aune har berre godord å seie om Sigurd Solberg AS og samarbeidet dei har hatt i mange år

Magasinet er utgitt av Sigurd Solberg AS i Florø i samarbeid med A til Å Grafisk Design og Media.

Prosjektleiing, tekst, grafisk design og utforming: A til Å Grafisk Design og Media - www. atilaa.noFoto: Oskar Andersen og A til Å

Page 4: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 5 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2S i g u r d S o l b e r g 5 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Sparebanken Sogn og Fjordane er ein god sparringpartnar for oss, fortel eigar og dagleg leiar i Sigurd Solberg AS, John Sigurd Solberg. Firmaet har sidan starten for 100 år sidan vore gjennom mange omstruktureringar . – For oss er det viktig med ein open og konstruktiv dialog, der vi får snakke direkte med beslutningstakar.

Tom Staveteig, som er banksjef for bedriftsmarknaden i Spareban-ken Sogn og Fjordane, meiner det er imponerande at firmaet Sigurd Solberg har overlevd i ein såpass liten by og lite fylke i 100 år. – Det er teikn på at dei har evne og vilje til å handtere utfordringane som kjem. Dei har redusert risikoen ved å ha fleire bein å stå på, på same tid som dei har klart å behalde kjer-nekompetansen over lang tid.

- Største utfordringa vi har vore gjennom dei siste 20 åra, var nok å selje bygningane midt i Florø sen-trum, og flytte bedrifta hit vi er no, seier John Sigurd Solberg. Det var mange som var kritiske til å selje bygningane som hadde vore i fami-

lien heile tida, men det er ikkje byg-ningane som er bedrifta. Bedrifta er kundane, tilsette og relasjonane. Bedriftseigar og banksjefen er einige om at det er viktig å tore å sleppe tak. – Hundre år gammal historie er viktig å ha med seg, men det er like viktig å sjå framover. – Solberg er uredde, og har tort å satse på rett ting til rett tid.

Banken er ein god

sparringpartnar

... dei har evne og vilje til

å handtere utfordringane ...

Banksjef Tom Staveteig (t.v.) og Spareban-ken Sogn og Fjordane har vore ein god spar-ringpartnar for firma Sigurd Solberg.

Vi selde alt frå pennar og sku-lesaker til trekkspel, rammer og ekkolodd fortel Vesla. Familien dreiv butikk og budde i same hu-set, og ho minnest ei svært tra-vel tid under det rike sildefisket på 1950-talet. Då var det fiskarar innom butikken til alle døgnets tider, og dei var ofte ute etter pa-pir til ekkolodda eller noko som skulle reparerast.

Sjølv om det var ei hektisk tid hadde kundane god tid til å slå av ein prat. under sildetida var det til tider tusenvis av men-neske i gatene i Florø, og det førte til god handel, både for dei som selde skipselektronikk og dei som selde matvarer. Vesla

minnest at faren til tider jobba døgnet rundt, medan mor Jessie passa på at alle fekk i seg mat.Slik var det praktisk å ha alt sam-la i same hus.

Parfymeri var og ein del av sor-timentet til Solbergfamilien i Strandgata. Først var det Jessie som dreiv butikken, seinare had-de Vesla hovudansvaret for den-ne biten. - Det var ei hyggeleg vare å selje, smiler Vesla. kos-metikk og gode lukter gir alltid glade og fornøgde kundar. un-gane til Vesla har og vakse opp i butikken, der dei tidleg lærte seg å ta i eit tak.

Frå gode lukter

Dette fargerike bildet er frå 70-talet i parfymeriet til Solberg i Strandgata. F.v. Winnie Seljeseth, som jobba i ei årrekkje saman med Ida Louise (Vesla) Solberg.

Ida Louise Solberg, mest kjent som Vesla, er dotter til nestoren Sigurd Solberg og mor til dagens eigar John Sigurd Solberg. Ho kan fortelje om ei rivande utvikling, frå den tida ho var mest aktiv i bedrifta, og til ho pensjonerte seg i 2011.

S i g u r d S o l b e r g 4 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

til skipselektronikk

Page 5: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 5 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2S i g u r d S o l b e r g 5 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Eit verkeleg eventyr - i 3 akter Frå glas og ramme til skipselektronikk

Det var ein gong i 1912, ein ung mann som starta med glas- og rammeforretning i Florø. Ludvik Sol-berg kom flyttande frå garden Solberg i Urane. I 1916 kjøpte han Strandgata 38–40, der han starta agenturforret-ning, grossist- og detaljhandel, innan kortevarer *, såpe og parfyme. Solberg reiste rundt i båten «Bølgen», og lever-te varer til andre handelsmenn i Sogn og Nordfjord. Ludvik hadde mellom anna deleagentur med lager av smør frå Mowinckel Margarinfabrikk og Nidar Chokoladefabrikk. I 1925 fekk Solberg autorisasjon til å drive sal og utleige av radioapparat. Sonen Sigurd var spesielt interessert i radio og elek-tronikk, og han jobba ei tid hos Tand-berg radiofabrikk, før han kom heim og jobba saman med faren. I 1948 fekk skipselektronikk meir innpass i forretningsdrifta. Denne interessa og satsinga var avgjerande under dei rike sildeåra på 1950-talet.

I 1966 overtok Sigurd Solberg drifta etter faren, og 1968 skifta fir-maet namn frå Ludv. Solbergs Eftf. til Sigurd Solberg. Serviceverkstaden fekk ei stadig viktigare rolle, spesielt med

tanke på radioar og skipselektronikk. Sigurd Solberg fekk oppdraget med å levere skipselektronikk til Ankerløk-ken Verft i Florø frå 1953, og leverte til bortimot alle nybygga på verftet i byen. I starten var det enkle instal-lasjonar, men frå 1990-talet vart det meir komplette pakkar og brupultar. Sigurd Solberg var ein nestor innan radio- og TV-teknologi, og utvikla fir-maet til å bli den største innan elek-tronikk. Han var glødande interessert og følgde bedrifta han vaks opp i og som han sjølv var ein viktig vekstfak-tor for, frå han var fødd i 1912 til han gjekk av med pensjon som 90 åring. Kona Jessie dreiv byens første parfy-meri, fram til dottera Vesla overtok.

Året 1990 overtok John Sigurd - barnebarnet til Sigurd - ansvaret for firmaet. Han førte arven med meir spesialisering vidare, samtidig som kvitevarer, data og telefon fekk plass i sortimentet. Dei gamle forretningslo-kala vart utbygde på slutten av 60-talet og starten på 1980-talet, men før 1900- talet var omme var forretningslokala i Strandgata selde, og firma vart samla

lenger vest i byen, i Fugleskjær- gata. I dag er Solberg-gruppa eigar av Elkjøp Fjordane og har forretningar i Florø, Førde og Måløy. Sigurd Solberg er størst på skipselektronikk i fylket. I 2012 er det 100 år sidan familien Solberg starta forretningsdrift i Florø. Dei har klart å ta vare på tradisjonane gjennom fleire generasjonar, og har tilpassa seg svingingane og markna-den. Sigurd Solberg AS framstår som ein solid aktør i næringslivet i Florø og fylket, som framleis vil prege næ-ringslivet og eigedomsmarknaden i uoverskueleg framtid.

*) Store Norske leksikon: Kortevarer, gammel betegnelse på varer som ikke blir målt eller veid, men solgt stykkevis, dusin-vis el.l.: knapper, sakser, kammer og andre småsaker.

Page 6: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 7 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2S i g u r d S o l b e r g 6 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2 S i g u r d S o l b e r g 7 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Sigurd Solberg AS i Florø har vore

leverandør ved Ankerløkken sia verftet

leverte bygg nr 2. Dei første båtane

frå verftet var enkelt utstyrte med

radiotelefon og ekkolodd. Etter kvart

fekk båtane også peileapparat, radar

og elektrisk logg. Seinare har firma

Solberg levert komplette pakkar på

skipselektronikk.

Her ser vi byggenummer 10 av «Vestfjordbussen» frå 1955

Bergingsbåten «Sterkodder», levert av verftet i 1957 til Norsk Bjergningskompani.

Historia om Simrad starta i 1947. Då starta Willy Simonsen opp eit selskap for å produsere radiotelefonar for fiskeflåten. Firma Solberg vart forhandlar i 1955 – midt under det store sildefisket. Fiskarar over heile verda brukar i dag Simrad sine ekkolodd, for å sikre eit tryggare og meir effektiv fiske. Her ser du bilde av toppmodellen på 50-talet.

Ankerløkken leverte i 1963 ein laste- og passasjerbåt til Island som fekk namnet «Fagranes». Gudmor var Jessie Solberg frå Florø, kona til nestoren Sigurd Solberg. Båten vart sett i rute på den islandske vestkysten. På bildet ser vi ein representant frå rederiet, Jessie Solberg og kontorsjef Rolf Gundersen frå Ankerløkken.

Page 7: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 7 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2S i g u r d S o l b e r g 7 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Historia om Simrad starta i 1947. Då starta Willy Simonsen opp eit selskap for å produsere radiotelefonar for fiskeflåten. Firma Solberg vart forhandlar i 1955 – midt under det store sildefisket. Fiskarar over heile verda brukar i dag Simrad sine ekkolodd, for å sikre eit tryggare og meir effektiv fiske. Her ser du bilde av toppmodellen på 50-talet.

Ankerløkken leverte i 1963 ein laste- og passasjerbåt til Island som fekk namnet «Fagranes». Gudmor var Jessie Solberg frå Florø, kona til nestoren Sigurd Solberg. Båten vart sett i rute på den islandske vestkysten. På bildet ser vi ein representant frå rederiet, Jessie Solberg og kontorsjef Rolf Gundersen frå Ankerløkken.

Forretningsbygget i Strandgata. Her hadde firma Solberg både verkstad og butikk for parfymeri, skipselektronikk, brune- og kvitevarer. Butikken var på 250 kvadratmeter, på same tomt som forretninga vart grunnlagt. Seinare selde Solberg bygget og flytta til «Elkjøp-bygget» som det vert kalla på folkemunne.

Sertifikat var viktig

den gongen også. Her er

Kringkastingsbevis frå 1926

og autorisasjonsdokument frå

Telegrafstyret i 1925.

Interiør frå

butikken i Strandgata

frå gamal tid

Trålaren «Florø» fekk namnet sitt etter byen der

båten vart bygd. Levert av Ankerløkken i 1961 til

Sverige.

Fjerde generasjon

Solberg, son til dagens

eigar John Sigurd

Solberg. Martin

Solberg jobbar som

serviceteknikar i

firmaet. Her viser

Martin fram eit av

produkta som var

særleg populært på

70-talet.

Page 8: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 8 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2 S i g u r d S o l b e r g 9 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

- Skipselektronikken er heilt avgjerande for oss, og ikkje minst for å få ungdommen til å drive dette vidare, seier Kjell-Rune Nekkøy, og viser til dei 9 skjermane han har på brua om bord i Albacore. Før måtte vi skrive resultata ut på papir for så å tolke dei. I dag samlar vi alt på ein skjerm med 3D bilde.

Nekkøy fortel at dei kan registrere fiskestimar som er 4 kilometer vek-ke, og at dei har sensorar på nota som fortel kor tid dei må snurpe den i hop. Elektronikken er og viktig i for-valtingssamanheng, meiner Nekkøy. Før måtte vi ta opp fisken for å sjek-ke om det var rett storleik, i dag for-tel elektronikken vår kva storleik det er på fisken før vi fangar den.

I fremste rekkjekjell-rune og brørne hans som driv Bluefin, er opptekne av å følgje med i tida, og skryt av firmaet Sigurd Sol-berg, som er frampå og oppdaterer dei på kva som er på marknaden, og ikkje minst kva som er i vente. Nekkøy meiner at oljeindustrien er ein viktig pådrivar for den rivande utviklinga innan elektronikk, - og vi går gjerne arm i arm med oljeindus-trien.

kjell-rune Nekkøy har alltid sat-sa på å vere i fremste rekkje i den teknologiske utviklinga, og har lagt stor vekt på at ting skal vere funk-sjonelt. Brupulten på Albacore var den første firmaet Solberg bygde

til fiskeflåten, og dette var eit godt og grundig samarbeid med kjell-rune, fortel John Sigurd Solberg. – Vi skal dekke deira behov, men det er dei som har kompetansen som skal til for å få den mest optimale løysinga.

om bord på Albacore kan dei lett svitsje mellom kva slags instrument som viser på dei ulike skjermane.

Service jorda rundtFiskeskipparen frå Nekkøya i Flora fortel at han dreiv fiske i Australia i 7 år, og der låg dei langt etter på den tekniske sida. Eg hadde med meg erfaringar og teknologi frå Norge, og det skapte ein del misunning. Etter ei natt med landligge opplev-de Nekkøy at andre lokale fiskarar hadde ned dykker og knuste so-narkula på båten. Til og med då var

det skipselektronikk-firmaet i Florø som stilte opp. Det var ein telefon til Florø, og etter 4 døgn hadde han ny sonarkule på plass - i Australia. Det må kallast world-wide service.

FiskepionerarJohn Sigurd set pris på å samar-beide med karane frå Nekkøya, og fortel at dei er pionerar på fiskeri-fronten. No er det ny båt på beddin-gen, som skal erstatte dei to båtane Albacore og Bluefin. Nekkøykarane var først ute med fiskebåtar i kom-positt, og no blir dei truleg eigarar av den største fiskebåten i dette plaststoffet. Materialvalet er fram-tidsretta og avgjerande i forhold til vedlikehald og drivstoffforbruk. Den nye Nekkøybåten blir 10 meter lengre enn Albacore, og dobbel så brei – og full av elektronisk utstyr frå Sigurd Solberg.

– Det er maten vi lever av, og då er det viktig med rekruttering til fis-karyrket, seier kjell-rune Nekkøy. – Skal vi få ungdommen om bord må vi vere villige til å investere i nye tekniske løysingar.

Fiskepionerane- Skal vi få ungdommen om bord må vi vere villige til å investere

i nye tekniske løysingar.

satsar for framtida

Skreddarsaum i «fylkesprosjekt»Rederiet Lending i Solund har kontrahert ny fiskebåt, som er pro-sjektert hos Seacon i Måløy og skal utrustast hos Solund Verft. Sigurd Solberg i Florø skal levere den maritime elektronikken. Nyebåten blir eit solid Sogn og Fjordane-prosjekt med lokale leve-randørar frå heile fylket.

– Vi har samarbeidd med Sigurd Solberg i over 20 år, og synes det har fungert godt, fortel Magnar Lending. Båten skal riggast for fiske med snur-revad, ringnot og garn, og skal etter planen vere ferdig på nyåret i 2014. – Det er viktig å vere tidleg ute og komme fram til gode løysingar saman med leverandørane, meiner Lending. - Hos Sigurd Solberg er dei flinke til å lytte til våre erfaringar, slik at vi får gode og skreddarsydde løysingar.

Page 9: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 9 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Er du fiskar lyt du vere

optimist

Maskinist Harald Svanøe (t.v.) som har vore om bord i Skjongholm sia 1997. Her saman med John Sigurd Solberg.

Rune Nilsen, som driv garnbåten «Skjongholm» på 34 meter er oppteken av lokale og gode samarbeidspartar. Når du er heime-høyrande i Florø så er det mest praktisk å bruke lokale bedrifter. For oss er firma Sigurd Solberg ein slik samarbeidspart. Heilt frå vi samarbeidde med Odd Skarstein til den yngre generasjonen hos Solberg har vi alltid hatt eit godt kundeforhold, seier Rune. Dei held oss oppdatert på kva som er nytt, for oss er dette nyt-tig då vi heile tida er opptekne av å vere godt rusta for eit godt fiskeri.

Vi driv garnfiske og har på det mest hektiske 10 mann om bord. I staben vår har vi 16 til 17 mann totalt. Er du fiskar lyt du vere optimist når vi spør om korleis fiskeriet er.

Kontakt Sigurd Solberg AS

Gjør det muligTlf. 06001nordea.no

Gratulerer! Hilsen stolt bank for Elkjøp i Sunnfjord.

Vi gratulerer Sigurd Solberg AS med 100 års jubileet og som SIMRAD-forhandler i 57 år

Kongsberg Maritime AS

simrad.no

Leverandør av radiokommunikasjon • datamatik.no

Vi gratulerer Sigurd Solberg med jubileet

Vesla Eigedom Førde AS leiger ut vel 3000 m2

til dei to sterke merkevareaktørene

Elkjøp og Jysk

Page 10: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 1 0 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2 S i g u r d S o l b e r g 1 1 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Historia til FURUNO går tilbake til tida etter 2. verdskrig. To japanske brør med etternamnet Furuno starta utviklinga av fiskeleiteutstyr. Verdas første transistoriserte ekkolodd var utvikla så tid-leg som i 1948, omlag på same tid som Sigurd Sol-berg starta si satsing på skipselektronikk. I 1958 utvikla FuruNo sin første lorAN og 3 år seinare kom verdas første net sonde. I 1959/60 etablerte dei seg i Norge, som det første oversjøiske dot-terselskapet oppretta av Furuno Electric Co. ltd. I 1974 blei Furuno Norge AS grunnlagt.

Furuno Norge AS er i dag den største distribu-tøren (utanom uSA) for Furuno Electric ltd. Bak-grunnen for etableringa i Norge var den store nor-ske fiskeflåten og Norge sin posisjon som leiande maritim nasjon innanfor shipping og skipsbygging. Sigurd Solberg si satsing på skipselektronikk har gått hand i hanske med FuruNo si satsing.

- Sidan etableringa i 1974, har vi hatt Sigurd Solberg i Florø, som ein viktig samarbeidspart. Fiskeri er den viktigaste næringa vi er inne i, men vi er også inne i offshoremarknaden. I det siste har vi og opplevd ein aukande del i utanlandsflåten. Hovudkontoret i ålesund har rundt 30 tilsette, og vi har fine lokale for kursing av brukarar, teknikarar og forhandlarar. Petersen fortel at dei har teknikarar inne på kursing ein til to gonger pr år. Dei som job-bar med sal er innom her ein gong for året. Dette er avgjerande for å yte kundane god service.

- Vi har så stort og effektivt delelager at vi skal kla-re å dekke heile Norge på dagen, fortel Pettersen. - Produkta våre er av topp kvalitet, men det er like viktig å kunne yte rask og god service i denne bran-sjen. Fiskebåtar kan ikkje ha dagevis med landligge på grunn av ein liten del. Saman med firma Sigurd Solberg klarer vi å hjelpe dei raskt tilbake på sjøen.

- Det heile starta med utvikling og sal av ekko-lodd, men aller mest er nok FuruNo kjent for sine eksepsjonelle radarar. World wide anslår vi at marknadsandelen vår er ca 50 % på radar i fiskerisegmentet, og sidan starten har FuruNo utvikla heile 366 radarmodellar. Vi er eit innova-tivt selskap, og har nyleg utvikla ein ny trålsonar (TS-337A), og eit nytt skjermstyringssystem (FNMS). Vi vil heile tida tenke produktutvikling, og levere dei beste produkta innan maritim elektro-nikk. Saman med forhandlarar som Sigurd Solberg har eg stor tru på at vi skal halde på marknadsan-delane våre også i framtida, avsluttar ein fornøgd salssjef.

- Å sjå fisken, er avgjerande for om fisket skal lukkast, seier Terje Petersen, salssjef hos FURUNO. Selskapet med hovudkontor i Ålesund, har ambisjonar om å hjelpe fiskarar til å sjå det dei elles ikkje ser.

At FURUNO er størst i Norge på skipselektronikk, er takka vere firma som Sigurd Solberg, fortel Petersen. Dei er dyktige til å selje, montere og ta service på produkta våre om det trengs.

A t

il Å

- w

ww

.ati

laa.

no I

Fo

to: O

skar

And

erse

n, T

rond

Sag

en

www.furuno.no

FURUNO ser, det du ikkje ser

Page 11: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 1 1 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Sigurd Solberg AS klarer å konkurrere med møringane i ein tøff marknad, og det er tøft gjort, meiner senior-inspektør Trond Owesen i Fjord1, og viser til ei lang rek-kje med ferjer som reiarlaget har bygt på Sunnmøre. Skips-ingeniøren som har bakgrunn frå Ankerløkken, Skipskon-trollen og INC, før han starta hos Fylkesbaatane i 1990, har ansvaret for alle nybygg utan-om gassferjene.

Eg jobbar med nybygga frå pro-sjektering, til stålskjering og ferdige ferjer, og legg vekt på godt samar-beid med både mannskap og leve-randørar, for best muleg resultat. Solberg leverer alt til brua i tillegg til PA anlegg, fjernsyn og intern kom-munikasjon om bord. Dei er gode

på pakkeløysingar, og sjølv om dei truleg må strekke seg langt på pris i konkurransen, så har dei det igjen på service i etterkant.

For Fjord1 er det ein stor fordel med ein lokal leverandør, når vi skal ha service og vedlikehald på

utstyret. - karane hos Sigurd Sol-berg er lette å samarbeide med, og stiller til alle døgnets tider om det er nødvendig, fortel owesen. – Vi legg vekt på å bruke lokale leveran-dørar, men samtidig krev vi at dei konkurrerer på pris og kvalitet. Det er mange svært flinke lokale leve-

randørar her i fylket, og Solberg er Fjord1 sin viktigaste samarbeids-part på skipselektronikk. Dei er vel-dig opptatt av å oppdatere seg på sitt fag, og dei er flinke til å følgje oss opp, fortel ein fornøgd skips-inspektør.

Konkurrerer i ein

tøff marknad

– det er ein stor fordel med ein

lokal leverandør

Sigurd Solberg har levert skipselektronikk til mellom anna desse Fjord1 båtane:

MF DAVIK MF VÅGSØY

MF LIFJORD MF ÅRDAL

MF LOTE MS FJORDPRINS

MS SOGNEKONGENMF NORDFJORD

Vi gratulerer våre leigetakarar med jubileumet

Postboks 323, 6901 Florø

Page 12: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 1 2 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2 S i g u r d S o l b e r g 1 3 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

og tettare samarbeid

- Vi har eit tett og godt samarbeid mellom dei tre butikkane i Fjordane Elkjøp, og ser ein klar fordel med ein lokal eigar, seier butikksjef i Førde og driftsleiar for butikkane i Florø, Førde og Måløy, Espen loe

Haukedal. - Sjølv om vi er ein del av den store norske kjeda, er vi samti-dig eit lokaleigd selskap. Her er det kort veg til beslutningstakar og vi får tett oppfølging på mellom anna rekneskap.

Butikken i Førde er fylkets største elektromarked, og fokuset er å ha eit rikhaldig vareutval og gode prisar til kundane i Førde og om-egn. - Folk skal sleppe å reise til Bergen eller ålesund for å handle,

seier Haukedal. - Forretningsbyg-get som er ein del av eigedoms-selskapet til Sigurd Solberg er topp moderne, og ligg godt til for oss og kundane, mellom dei andre store her på Brulandsvellene.

NøkkeLPerSONANe, elkjøp Førde: Terje Steen, kristian Nyttingnes, øystein eriksen, knut-Ivar Sætrebakke, espen Loe Haukedal, karl-Martin Johannessen, Jorunn Hunskår Horstad og Arild russenes

GJeNGeN HOS eLkJøP I MåLøy. Bak frå venstre Ferdinand Flåten refsnes, Faruk ekip, Bjørn roger Hennøen, Vidar Nes-bakk, Ivan Gerhardsen Framme frå venstre: kim Nedreberg Silden, Anne Grethe Teige og Johannes evensen.

elkjøp i Måløy er etablert ved Måløy Stor-marked og har i dag flotte lokale på over 850 kvadratmeter. No er det tre år sia elkjøp flytta inn i dei nye lokala, og vi har opplevd ein formidable vekst sia vi flytta, seier vare-hussjefen kim Nedreberg Silden i Måløy.

Page 13: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 1 3 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

– Vi er nær kunden sjølv om vi er ein del av ein stor kjede, seier va-rehussjef Thor Eliassen i Florø. Elkjøp i Florø er saman med bu-tikkane i Førde og Måløy eigd av Solberg. Vi har lokal forankring, men samstundes kan kundane nyte godt av alle fordelane ved at vi er med i Elkjøp. For kundane betyr det at vi får ta del i dei gode

prisane til den suverent største kjeda i Norden. Hos oss får du dessutan råd og tips.

Vi er spesielt stolte over at vi kan vise fylket sin største «TV-vegg». Her er det eit kjempeutval av alle typar TV, samstundes som vi vil framheve det gode utvalet av PC, seier den smilande varehussjefen.

GJeNGeN HOS eLkJøP I FLOrø MeD TOMMeLeN OPP: Daniel Bjerck Olsen, Anders Bakke, Daniel Notø, Perry røren, Bjørnar Hovden, Thor eliassen, Terje Pettersen, Aleksander Gulbrandsen, Thomas Totland, Steffen refsnes, Jan Magne Aase, Birgitte Fredlund, Sondre Bjerck årøen, Fredrik Faye Matre og Svetlana Iudina.

Her får kunden Olav Steimler (t.h.) god hjelp av Bjørnar Hovden. Steimler seier at det gode utvalet i tillegg til at elkjøp har satsa på eige supportsenter for service og teknisk hjelp lokalt gjer at han brukar elkjøp når han skal handle TV, og ikkje minst datautstyr. «Dessutan er eg tryggare når eg handlar lokalt».

Fredrik Faye Matre viser stolt fram ein av dei nyaste Mac modellane. Matre seier at elkjøp har det beste utvalet i produkt frå Apple og tradisjonelle PC her i fylket.

Varehussjef i Florø, Thor eliassen.

Page 14: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 1 4 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2 S i g u r d S o l b e r g 1 5 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

Bosch sitt nye kjøleskap har beste energiklasse A+++ og er derfor en av våre beste grønne varer. Kjøleskapet bidrar til en holdbar livsstil på to måter. Dels gjennom lavere energi forbruk og dels gjennom at kjøleskapet forlenger matens holdbarhet, takket være oppbevaringsbokser som bevarer råvarenes fuktighet. Med det nye kjøleskapet fra Bosch slipper du med andre ord både unødvendig mat- og energiforbruk. Les mer om Bosch sine populære grønnevarer på www.bosch-home.no

Grønnere.Grønnevarer fra Bosch forbruker minimalt; vårt nye kjøleskap merket A+++ bruker mindre strøm enn en sparepære.*

Grønn.

* Sammenligningen er basert på en tent 9 watt sparepære og en standard måling av et Bosch kjøleskap A+++. I løpet av ett år forbruker lampen 79 kWh og kjøleskapet 75 kWh.

Page 15: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

S i g u r d S o l b e r g 1 5 1 0 0 å r • 1 9 1 2 – 2 0 1 2

ww

w. s

terk

kom

mu

nik

asjo

n.n

o -

foto

: iSt

ock

Kjøp Grundig Vision 9 hos Elkjøp TV MED RÅ LYD!

Grundigs nye 3-veis lydsystem overrasker alle. Kombinert med 3D bilde og Smart-TV får du en uslåelig kombinasjon som gir deg den beste TV opplevelsen. Kun en �ernkontroll og ingen ekstra boks nødvendig: Vision 9 har innebygget

.lobarap latigiD lanaC go VT-lebak latigiD lanaC ,VTskiR edåb rof rekattom latigidSe, og hør Grundig Vision 9 når du er innom jubileumsbutikken!

www.grundig.no

Grundig Vision 9 55 VLE BP

10846_GRUNDIG_ann_Jubileum-Solberg_216x305.indd 1 11.10.12 14:20

Vi gratulerer

med jubileetog takker for et godt samarbeid gjennom mange år.

Solberg og Elkjøp

Page 16: Firma Sigurd Solberg AS 100 år

ELkjøP I MÅLøyTelefon: 57851088 - Epost: [email protected]: Mandag, tysdag, onsdag og fredag: 10-17

torsdag: 10-18, laurdag: 10-15

ELkjøP I FørDETelefon: 57820750 - Epost: [email protected]

Opningstider: Mandag–fredag: 10-19Laurdag: 10-16

ELkjøP I FLorøTelefon: 57746777 - Epost: [email protected]

Opningstider: Mandag–fredag: 10-18Laurdag: 10-16

Maritim elektronikkpå Vestlandet

© A

til

Å -

ww

w.a

tilaa

.no

oFFSHorEHANDELSFArTøyFISkErIwww.sigurd-solberg.no

kjENTE MErkEvArEr TIL LÅGE PrISEr - www.elkjop.no

Maritim elektronikk er viktigaste satsingsområdet for Florøfirmaet Sigurd Solberg AS. Firmaet held til i sjøkanten i kystbyen, og tilbyr service og installasjon av maritim elektronikk til så vel lystbåtar som fiskefartøy, offshore- og handelsskip.

Våre kunnskapsrike og erfarne medarbeidarar ser på dialog og oppfølging av kundar som ein viktig del av kvardagen. Dei hjelper deg der du er.

Ecdis kart system - Sonar - Ekkolodd - Sat TV - Sat Com - Bropulter

John Sigurd SolbergDagleg leiar

Sigrun LarsenRekneskap

Ragna Elise Vestby SolbergLeiar rekneskap

Leni Fredheim BorgenRekneskap

Robin SolbergProsjektingeniør

Svetlana IudinaLærling

Martin SolbergProsjektleiar/serviceteknikar

Svein Tore S. LøkkebøAvdelingsleiar Sal

Tore BratbergsengenServicesjef/koordinator

Astor HugøyServiceteknikar

Aleksander G. StubLærling

Maxim GrachevProsjektleiar/serviceteknikar

Alexey DunaevServiceteknikar

Olav HålandServiceingeniør

SIGurD SoLbErG ASFugleskjærgt. 6, 6900 Florø

Telefon 57 75 13 00

[email protected]