GUTTA PÅ TUR Tur til Litauen 1. – 8. juni 2012 Dette er reiser som i alderdoms elde er gode å minnes i ensomme kvelde. Når man pinfullt er fortøyet av isjias og gikt da er det godt å ihukomme slikt - at man på første klasse har reist! Arvid Mørch (Sildakongen) Etter intense førebuingar, som mellom anna omfatta intensivt språkkurs på Espevær - der me hadde lært korleis me skulle helsa høvisk både morgon, kveld og på dagtid - var det endeleg klart for vårens vakraste eventyr: Turgutane (med damer) på veg til det store utland. Morgontrøytte, men spente og opprømte starta me i hustre og gråkaldt ver. Innsjekkinga på Flesland gjekk greitt. Flyet var i rute og alle fekk vera med. Mellomlandinga i København gav oss akkurat nok tid til at me fekk sjekka taxfree-tilboda utan at det førte til nokon storhandel. I Vilnius regna det. Det regna skikkeleg. Store, våte dråpar. Det var ekstremvarsel på vêrmeldingane! Men når har litt regn skremt ein vestlending? Me kom oss nokolunde tørrskodde i bussen og fekk med oss ein rundtur gjennom gamlebyen før me sette kursen mot Birstonas og hotellet med det flotte namnet Royal Residence. Hotellet var nybygd i 2007 og viste seg å vera retteleg bra med store romslege rom, symjebasseng, spa-avdeling og rikeleg med fellesareal. Det ligg landleg til omgjeve av furuskog og like ved Nemunas-elva. Ein film med presentasjon av hotellet kan du finna på denne nettadressa: http://www.youtube.com/watch?v=8hUfZrlxnu4 Nesten alle gutane hadde damer med seg, berre ein reiste singel og måtte greia seg utan støttekontakt. Ved innsjekkinga beklaga dei at det berre var doble rom, men dei kunne alltids skaffa ei dame til han som reiste singel om han tykte rommet blei for stort. Om kvelden var det middag med påfølgjande sosialt samvær der Øyvind var forsongar og leia allsongen som omfatta dei fleste av dei ”gode gamle” frå Kråkevisa til Vesle Daniel. Etterpå drog Åsmund og Else i gong vitsestafetten der den eine etter den andre bidrog med gode historier. Her er eit døme: St. Peter hadde innført nye metodar ved mottaket i Perleporten. På
6
Embed
Tur til Litauen 1. 8. juni 2012 - turgutane.orgturgutane.org/Referat TUR til Litauen - ekip.pdf · allsongen som omfatta dei fleste av dei ”gode gamle” frå Kråkevisa til Vesle
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
GUTTA PÅ TUR
Tur til Litauen 1. – 8. juni 2012
Dette er reiser som i alderdoms elde
er gode å minnes i ensomme kvelde.
Når man pinfullt er fortøyet av isjias og gikt
da er det godt å ihukomme slikt
- at man på første klasse har reist! Arvid Mørch (Sildakongen)
Etter intense førebuingar, som mellom anna omfatta intensivt språkkurs på Espevær - der me
hadde lært korleis me skulle helsa høvisk både morgon, kveld og på dagtid - var det endeleg
klart for vårens vakraste eventyr: Turgutane (med damer) på veg til det store utland.
Morgontrøytte, men spente og opprømte starta me i hustre og gråkaldt ver. Innsjekkinga på
Flesland gjekk greitt. Flyet var i rute og alle fekk vera med. Mellomlandinga i København gav
oss akkurat nok tid til at me fekk sjekka taxfree-tilboda utan at det førte til nokon storhandel.
I Vilnius regna det. Det regna skikkeleg. Store, våte dråpar. Det var ekstremvarsel på
vêrmeldingane! Men når har litt regn skremt ein vestlending? Me kom oss nokolunde
tørrskodde i bussen og fekk med oss ein rundtur gjennom gamlebyen før me sette kursen mot
Birstonas og hotellet med det flotte namnet Royal Residence.
Hotellet var nybygd i 2007 og viste seg å
vera retteleg bra med store romslege rom,
symjebasseng, spa-avdeling og rikeleg med
fellesareal. Det ligg landleg til omgjeve av
furuskog og like ved Nemunas-elva. Ein film
med presentasjon av hotellet kan du finna på
denne nettadressa: http://www.youtube.com/watch?v=8hUfZrlxnu4
Nesten alle gutane hadde damer med seg,
berre ein reiste singel og måtte greia seg utan
støttekontakt. Ved innsjekkinga beklaga dei
at det berre var doble rom, men dei kunne
alltids skaffa ei dame til han som reiste singel om han tykte rommet blei for stort.
Om kvelden var det middag med påfølgjande sosialt samvær der Øyvind var forsongar og leia
allsongen som omfatta dei fleste av dei ”gode gamle” frå Kråkevisa til Vesle Daniel. Etterpå
drog Åsmund og Else i gong vitsestafetten der den eine etter den andre bidrog med gode
historier. Her er eit døme: St. Peter hadde innført nye metodar ved mottaket i Perleporten. På