2018 -2021 Åse -Berit Nytun Strynkommune 2018 -2021 Tiltaksstrategi for nærings - og miljøtiltak i skogbruket
2018 - 2021
Åse - Berit Nytun
Stryn kommune
2018 - 2021
Tiltaksstrategi for nærings - og miljøtiltak i skogbruket
1
1. Bakgrunn Med heimel i forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket skal det fastsetjast overordna
retningsliner (tiltaksstrategi) for prioritering av tilskotssøknader etter denne forskrifta. Utarbeidinga
skal skje i dialog mellom kommunen, Fylkesmannen og dei lokale næringsorganisasjonane i
skogbruket. Stryn kommune sin gjeldande tiltaksstrategi varer ut 2017, og det vert difor utarbeida
ein ny for perioden 2018-2021. Denne tiltaksstrategien byggjer delvis på tiltaksstrategien for 2013-
2017.
Føremålet med ordninga tilskot til nærings- og miljøtiltak (NMSK-tilskot) i skogbruket er heimla i § 1 i
forskrifta. Ut frå regionale og lokale prioriteringar skal det stimulerast til auka verdiskaping i
skogbruket, på same tid som miljøverdiar knytte til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og
kulturminne i skogen vert ivaretekne og vidareutvikla.
Verkeområdet til forskrifta er i hovudsak alle skogeigedomar med meir enn 10 dekar produktiv skog.
2. Grunnlag
2.1. Generell statistikk og tal Stryn kommune har eit totalt skogareal på om lag 241 000 dekar, og om lag 133 000 dekar av dette er produktivt/driveverdig. Den totale kubikkmassa er på om lag 1 670 000 m3 – av dette er om lag 757 000 m3 gran, 483 000 m3 lauv og 434 000 m3 furu. Total tilvekst (det volumet trea aukar med frå år til år) er om lag 50 000 m3. Grana er det treslaget som utgjer mest kubikkmasse i kommunen. Det er også dette treslaget, som med den skogsmarka vi har, produserer mest og gjev mest igjen økonomisk. Vidare er grana også det treslaget som er mest etterspurt av industrien både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er likevel framleis noko vegring hjå skogeigarane i kommunen mot å plante gran. Balansekvantumet (kva som er berekraftig å hogge i hogstklasse 5 + 10 år pr. år i ein femårsperiode) for gran dei næraste fem åra er 22 000 m3. Neste femårsperiode går balansekvantumet opp berre til 25 000 m3, medan det ved femårsperioden etter der igjen gjer eit hopp heilt til 43 000 m3. Desse tala tek ikkje omsyn til areal som allereie er hogge. Totalt balansekvantum (for alle treslag) den førstkomande femårsperioden er om lag 43 000 m3.
2.2. Avvirkingstal i ein femårsperiode Oversikt over avvirka volum, og verdien av dette, i Stryn kommune i perioden f.o.m. 2012 – t.o.m.
2016. Tala er henta frå ØKS (Økonomisystemet for skogordningene).
År Avvirka volum (i m3) Verdi (i kr)
2016 33 000 9 900 000 2015 15 000 4 300 000 2014 36 000 11 200 000 2013 33 000 9 400 000 2012 25 000 7 100 000 SNITT 28 400 8 380 000 Tala er avrunda
2
2.3. Planting og plantekjøp i ein femårsperiode Oversikt over planting og plantekjøp i Stryn kommune i perioden f.o.m. 2012 – t.o.m. 2016. Tala er
henta frå ØKS (Økonomisystemet for skogordningene).
År Planta (ant. plantar) Plantekostnad (i kr)
Tilskot til planting (i kr)
Kjøpt (ant. plantar)
Kjøpekostnad (i kr)
Tilskot til plantekjøp (i kr)
Totalt tilskot planting og plantekjøp (i kr)
2016 53 000 (nyplanting) 219 000 124 000 31 000 106 000 53 000 177 000 2015 43 000 (nyplanting +
suppleringsplanting) 112 000 85 000 43 000 97 000 73 000 158 000
2014 39 000 (nyplanting) 112 000 90 000 39 000 106 000 85 000 175 000 2013 119 000 (nyplanting) 345 000 276 000 119 000 370 000 296 000 572 000 2012 5600 (nyplanting) 16 000 11 000 5600 17 000 12 000 23 000 SNITT 51 920 160 800 117 200 47 520 139 200 103 800 221 000 Tala er avrunda
2013-tala syner tydeleg verknadane av orkanen «Dagmar», og snittet for femårsperioden vert
fylgjeleg påverka av det.
3. Lokal medverknad og forankring Revisjon av tiltaksstrategien i 2017 (gjeldande frå 2018) medfører ei gjennomgripande endring av
dokumentet, då mest i struktur. Utkast har blitt sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Vikane
skogeigarlag og Stryn skogeigarlag, jf. forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket § 3
andre ledd. Strategien er vidare lagt fram for formannskapet for godkjenning.
4. Mål Hovudmålet i perioden vil vere at mest mogleg av avvirka areal vert forynga igjen. I dag vert ikkje alt
avvirka areal forynga, og det som vert forynga (gjennom planting) oppfyller i fleire tilfelle knapt
kravet om minste lovlege plantetal. Ofte kan det vere naturlege grunnar til at eit avvirka areal ikkje
kan/er ynskt forynga, men i dag opplever vi sjeldan at skogeigaren sjølv tek tak i å orientere om dette
og søkje fritak frå foryngingsplikta før kommunen sjølv set fokus på problemstillinga ved den årlege
foryngingskontrollen.
Problemet med mangelfull forynging kan etter vårt syn avhjelpast mykje med rette tilskotssatsar, i
tillegg til å bevisstgjere skogeigarane om deira plikt og kva dei må gjere dersom dei ikkje har høve til
å oppfylle foryngingsplikta si.
Vi vil likevel nemne at skogeigarane og også tømmeromsetjingsbedriftene ser ut til å vere meir og
meir bevisste på skogeigaren si foryngingsplikt, og tømmeromsetjingsbedriftene sel i dag
«pakkeløysingar» der også plantekjøp og nyplanting inngår i avtala etter hogst, dersom skogeigar
ynskjer det. Dette ser vi på som positivt.
I tillegg er det også sett i gang prosjekt retta mot skogeigarane, med fokus på forynging. Kommunen
har ikkje noko stor rolle i dette prosjektet/desse prosjekta, men er positive til tiltaka.
3
5. Prioriteringar
5.1. Generelt Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket legg føringar for kva tiltak det kan gjevast
løyving til, og kriterier for tildelinga. Ved forskriftsendring innafor perioden for denne
tiltaksstrategien vil dei gjelde framfor strategien.
I tillegg legg også Fylkesmannen årleg føringar for kommunen si tildeling av NMSK-midlar, og set t.d.
krav til rett plantemateriale på rett plass. Dei som distribuerer plantar skal vere orienterte om krava,
og det vil normalt sett bli selt rette plantar til dei rette høgdelaga.
Det er kommunen sjølv som fastset nivået på tilskotet til skogkultur, men Fylkesmannen tilrår (i brev
til kommunane 20.02.2017) opptil 50% ordinært tilskot utifrå knappe midlar og tilgang på skogfond
etter avverking.
Vi ville gjerne hatt ein noko høgare tilskotssats, serskilt på planting og plantekjøp, men vel å ikkje gå
utanom tilrådinga frå Fylkesmannen.
Vidare er kommunen i gong med utarbeiding av ein samla plan for skogbruket i kommunen. Dette vil
etter kvart vere eit dokument å nytte t.d. ved prioritering av tilskotssøknader.
5.1.1. Naturmangfaldlova
Naturmangfaldlova som kom i 2009 krev at det i endå større grad vert teke omsyn til biologisk,
landskapsmessig og geologisk mangfald i all offentleg forvalting, det har òg innverknad på
handsaming av NMSK-søknader. Ved løyving av tilskot vert tiltaket alltid vurdert opp mot reglane og
føringane i naturmangfaldlova.
5.2. Skogkultur Tilskot til skogkultur gjeld tilskot m.a. til ungskogpleie, planting, plantekjøp og andre
kvalitetsfremjande tiltak.
5.2.1. Tilskotssats
Tilskotssatsen for denne perioden er endra noko frå førre periode. I førre periode var tilskotssatsen
50 % - 80 %. Der det m.a. vart gjeve 80 % tilskot ved attplanting etter vindfallhogst (grunna orkanen
«Dagmar»), og 70 % tilskot ved planting med bruk av plantegjeng, men berre 50 % tilskot om ein
planta sjølv.
Vi ynskjer ikkje å differensiere mellom bruk av plantegjeng og eige arbeid, og set tilskotssatsen til 50
% til planting, uansett arbeidskraft og uansett type planting. Vi set også tilskotssatsen til 50 % for
plantekjøp.
Til andre skogkulturtiltak gjev vi for perioden 40 % tilskot. Dette er fordi planting er det mest aktuelle
skogkulturtiltaket i kommunen no.
Det vert ikkje gjeve noko ekstra tilskot ved attplanting etter vindfall. Eventuell tilleggsstrategi vert
utarbeida dersom det trengst t.d. ved orkanar i perioden.
4
5.2.2. Prioritering
- Prioriterast etter gjeldande føringar frå Fylkesmannen.
- Det bør vere rett treslag, rett plantetal og rett tiltak på rett plass – tilrådeleg skogfagleg.
- Det bør vere tilrådeleg økonomisk.
- Det skal vere teke naudsynte miljøomsyn; styre plantinga inn mot eigna eksisterande hogstareal og
relevante attgroingsareal, styr unna planting på nye areal med sterke interessekonflikter som t.d.
verdfulle kulturlandskap og viktige friluftsområde.
5.3. Veg Tilskot til veg gjeld tilskot m.a. til bygging av nye skogsvegar (både traktorveg og bilveg) eller
ombygging av eksisterande skogsvegar. Gjeld også dersom traktorveg vert ombygd til skogsbilveg,
eller ved opprusting av veg til betre vegklasse (standardheving).
5.3.1. Tilskotssats
Tilskotssats vert fastsett av Fylkesmannen.
5.3.2. Prioritering
Prioritering vert i hovudsak fastsett av Fylkesmannen, men i kommunen si tilråding bør det leggjast
vekt på:
- Kor stor grad vegen bidreg til heilheitsløysingar som gjev grunnlag for utnytting av skog- og
utmarksressursane.
- Større tiltak med fleire eigedomar (samarbeidstiltak), som utløyser meir skog, bør prioriterast.
- Det er berre vegar som er godkjende etter gjeldande forskrift eller plan- og bygningslova som kan få
tilskot.
- Vegen skal vere bygd etter gjeldande normalar for landbruksvegar.
5.4. Miljøtiltak i skog Tilskot til miljøtiltak i skog gjeld tilskot til
- dekking av meirkostnader eller tap ved å gjennomføre skjøtselstiltak for å ivareta og utvikle
miljøverdiar.
- delvis dekking av økonomisk tap knytt til langsiktig bevaring av spesielle miljøverdiar, der omsyn til
desse krev at skogeigaren avstår frå hogst eller legg om skogsdrifta.
- dekking av meirkostnader ved skogsdrift for å unngå vegbygging som vil redusere «villmarksprega
område».
5.4.1. Tilskotssats
Tilskotssatsen er vidareført frå førre periode, og vert fastsett etter skjønn i kvart einskild tilfelle.
Normalt skal tilskot til ein skogeigar ikkje overstige kr. 75 000, jf. forskrift om tilskot til nærings- og
miljøtiltak i skogbruket § 6 tredje ledd.
5.4.2. Prioritering
- Miljøverdiane må kunne påvisast og dokumenterast.
- Meirkostnader eller tap skal vere tilstrekkeleg dokumentert.
NB: skogeigar og kommunen skal inngå ei avtale om kva plikter og restriksjonar tilskotet forutset.
5.5. Drift med taubane, hest o.a. Tilskot til drift med taubane, hest o.a. gjeld tilskot til drift i vanskeleg terreng, med taubane, hest o.a.
5
5.5.1. Tilskotssats
I dag er tilskotssatsen slik:
- Ved hogst av gran: kr. 100 pr. m3, men avgrensa til maksimalt kr. 6000 pr. dekar.
- Ved hogst av furu og lauv: kr. 130 pr. m3.
Det vert gjeve tilskot berre til drift av skog i hogstklasse 5.
Tilskotssats vert fastsett av Fylkesmannen.
5.5.2. Prioritering
Prioritering vert i hovudsak fastsett av Fylkesmannen, men:
- Skogen må vere i hogstklasse 5.
- Det må vere føreteke registrering av miljøkvalitetar i området (evt. gjennomføring av «føre-var-
tiltak»).
5.6. Utdrift av skogsvirke til bioenergi Tilskot til utdrift av skogsvirke til bioenergi gjeld tilskot til utdrift av skogsvirke som skal nyttast til
energiproduksjon.
5.6.1. Tilskotssats
Tilskotssats vert fastsett av Fylkesmannen.
5.7. Andre tiltak i skogbruket Tilskot til andre tiltak i skogbruket gjeld tilskot til tiltak og prosjekt som bidreg til å utvikle skogbruket,
når tiltaket eller prosjektet ikkje er omfatta av andre etablerte tilskotsordningar i landbruket.
5.7.1. Tilskotssats
Tilskotssats vert fastsett etter skjønn i kvart einskild tilfelle.
5.7.2. Prioritering
- Tiltak og prosjekt som har som mål å auke aktiviteten og ressursutnyttinga i og frå skogen bør
prioriterast.
5.8. Oppsummert oversikt over tilskotssatsar for perioden 2018-2021 Tiltak Tilskotssats
Skogkultur Planting og plantekjøp Andre skogkulturtiltak
50 % 40 %
Veg Bygging Ombygging Opprusting
Vert fastsett av Fylkesmannen i alle tilfella
Miljøtiltak i skog Vert fastsett i kvart einskild tilfelle. Skal normalt ikkje overstige meir enn kr. 75 000 pr. skogeigar
Drift med taubane, hest o.a. Vert fastsett av Fylkesmannen Utdrift av skogsvirke til bioenergi Vert fastsett av Fylkesmannen Andre tiltak i skogbruket Vert fastsett i kvart einskild tilfelle
6
6. Søknadsfrist Det har så langt ikkje vore noko søknadsfrist i kommunen for søknader knytt til NMSK-tilskot, men
kommunen står fritt til å innføre slik frist/slike fristar, jf. forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i
skogbruket § 9.
Vi ser at det kan vere føremålstenleg å ha fristar. Mangelen på søknadsfrist kan føre til at dei som
leverar søknad seint på året kanskje ikkje får fullt tilskot, då den tildelte tilskotspotten på det
tidspunktet kan vere liten/tom – det er eit førstemann-til-mølla-prinsipp som gjeld. Fylkesmannen
har også sett fristar for søknader til tilskot til tettare planting (eit klimatiltak som vert handsama
saman med søknad om tilskot til skogkultur).
Det er likevel meir som talar for å ikkje innføre frist på tilskotssøknader til NMSK-tilskot.
Fylkesmannen har tilrådd at skogkulturtilskot vert tilvist fortløpande av kommunen, av omsyn til at
dei då får ei betre oversikt tidlegare mtp. eventuelle tilleggsløyvingar, jf. skriv av 20.02.2017. Vi ser
det også slik at dette er gunstig av omsyn til rask sakshandsaming. Ved at ein ikkje har søknadsfrist
kan søknader handsamast fortløpande, i staden for at søknadene skal samle seg opp.
Tilskot til tettare planting søkjer skogeigarane erfaringsmessig heller ikkje på sjølve, og det er opp til
sakshandsamar å undersøkje om ein søknad om tilskot til planting tilfredsstiller krava til tettare
planting. Det er også sakshandsamar som avgjer om søknader som er komne inn etter fristen for
tettare planting likevel skal takast med i den aktuelle runden eller utsetjast til neste runde.
Vi vel difor å ikkje innføre frist for NMSK-tilskotssøknader denne perioden.
Problemstillinga vil bli teka opp att ved neste revisjon av tiltaksstrategien.
7. Tilskotsbehov I 2016 fekk kommunen tildelt kr. 130 000 i NMSK-midlar. Då måtte kommunen allereie i august søkje
om tilleggsløyving, då om lag kr. 100 000 av dei løyvde midlane allereie var nytta. Som ei fylgje av
dette fekk kommunen ei tilleggsløyving på kr. 60 000 som kom godt med for haustsesongen.
I 2017 fekk kommunen tildelt kr. 170 000. Det ser ut som tildelinga for 2017 er den mest rette, og det
er pr. i dag om lag her tilskotsbehovet ligg. Vi viser også til brukt NMSK-tilskot til planting og
plantekjøp i ein femårsperiode, jf. tabell i pkt. 2.3.