Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen www.sammen.no Studentbarnavisa Nr 3. 2018/2019 Vinter: Me fryser vatn til is i forskjellige fargar dersom det vert kaldt nok ute. Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 477 08 880 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 E-post: [email protected]
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Studentbarnavisa Nr 3. 2018/2019
Vinter: Me fryser vatn til is i forskjellige fargar dersom det vert kaldt nok ute.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Kort om stort og smått
Godt nytt år
Da håpar me alle har hatt fin jule og nyttårshelg og er klar for eit nytt semester og eit nytt arbeidsår.
Generell informasjon Sjå over korgene i garderobane. Har ein nok byteklede, og er dei passlege i str?
Ny tilsett
Silje Gassert vart tilsett i barnehagen 10.desember, og arbeidar i 100% stilling fram til sommaren. Ho skal vera på avdeling Måne.
Medverknad Hugs at de har moglegheit til å påverke kvardagen i barnehagen. Er det noko de saknar, noko de vil forandre, noko me gjer for lite av, eller anna – gje oss tilbakemelding så skal vi sjå om vi ikkje kan legge ønskjer de har inn i våre planar. Barnehagen skal reflektere og samarbeide med heimen om livssyn/ religion, tradisjonar og kulturarv, og det er viktig at de som foreldre kjem å fortel kva og korleis vi kan gjere dette. For barnehagen er dette ein fin måte å få kjennskap til andre på, få anledning til å føle eit mangfald, som er nært og konkret.
Skulestart Dei av dykk som har barn som skal starte i skulen til hausten må tenke etter kor dykkar barn skal skrivast inn. Barnehagen er behjelpeleg med å oppretta kontakt med den skulen barnet skal byrja i.
Solfest Fredag 15.februar vil vi markere at sola er tilbake i barnehagen. Då har vi ein kreativ barnehagedag med ulike aktivitetar (maling på store ark ute på veggen i barnehagen, sangleikar, dans og mykje anna moro), barna på alle avdelingane er blanda i grupper, dei voksen spelar skodespele om dronning Sol og kong Vinter. Sjå plakat på døra når tida nærmar seg.
Barnehagedagen 12.mars I 2019 arrangerast Barnehagedagen tirsdag 12. mars. Tema er for årets barnehagedag er barnehagens arbeid med barns undring og nysgjerrighet. Under
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
slagordet: «Jeg lurer på ...». Me vil derfor i slutten av februar starte å arbeida fram mot denne dagen.
Studentar/elevar Vi får 2 BLU student på avdeling Måne i veke 9-13. Ho var i praksis på Måne i haust, og heiter Karoline Urnes Storum. Sol vil òg få 2 BLU student. Helene var her i haust, og kjem att i veke 9-13. Srle er faga dei skal ha jobbe med den perioden.
Anna
Vi minner om at det er flotte skibakkar både i Hodlekve i Sogndalsdalen og på Heggmyrane på Hafslo. Begge skianlegga har skitrekk og lysløyper, og dei har ope alle helgar og nokon kveldar (når det er nok snø). For meir informasjon gå inn på deira nettsider, Sogndal skisenter.no og sognskisenter.no.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
EVALUERING AV NOVEMBER OG DESEMBER, SOL OG STJERNE:
Første veka i november hadde 3BLU student overtakingsveke på avdeling Stjerne.
Studenten var dyktig og hadde gode planar. Ho hadde og eit prosjekt med ei gruppe
barn med tema vatn. .
I november hadde me og siste prosjektdag med tema «inkluderande leik» som gjekk
på tvers på heile huset. Me hadde grupper både inne og ute med ulike aktivitetar, det
var matlaging, forming, songstunder og tur.
I midten av november starta juleførebuinga på avdeling. Me starta tidleg, slik at me
skulle ha god tid til dette arbeidet. Me har kost oss med både peparkakebaking og
julegåveproduksjon. Adventstund hadde me kvar dag, der barna kvar sin gong fekk
vera medhjelpar. Dei fekk halde songkort, vera nisse med nisselue på og henge opp
hjerte i glaset. Og det vart tent lys, lese adventsvers og sunge fleire tradisjonelle
julesongar. Barna gleda seg til adventstund og var stolte når dei fekk vera
medhjelpar. Mange lærte seg og nye songar og song ivrig med i samlinga og elers
iløpet av dagen. I desember var alle og ein tur for å sjå på juletrea og ulike nissar i
sentrum. Kjekt å gå på tur og dei eldste har blitt veldig flinke til å gå.
Lucia markeringa var kjekt med fullt hus og fin stemning. Stor oppslutnad frå foreldre
og stas for barna at dei er med. I forkant baka barna lussekattar og øvde flittig på
luciasongen. Nissefesten var fin med mange nissejenter og nissegutar,
fellessamling og nissegraut servert på langbord saman med Måne. Og alle fekk
helse på nissefar og nissemor. Det var både spennande og for nokon kanskje litt
skummelt. Men med eit vaksenfang gjekk det fint, og det var stas å få godtepose.
Nokre dagar i desember var det kaldt og glatt ute for dei aller minste. Då hadde me
leikegrupper inne for dei, og dei kosa seg med god plass og aktiv leik.
Bursdagar: I november feira vi Patrick 2 år, Maja 1 år og i desember Ava 1 år, hurra!
PLANAR FOR JANUAR OG FEBRUAR, SOL OG STJERNE:
TEMA INKLUDERANDE LEIKEMILJØ:
Me fortset å jobbe med tema inkluderande leikemiljø. Me vil dele barna i mindre
grupper for å få betre ro og at barna får færre å forholda seg til i leiken. Lettare for
barna og kommunisere og finne noko felles å leike med. For å skapa eit inkluderande
leikemiljø vil me bruke sosial kompetanse som verktøy. Det å tileigne seg sosial
ferdigheiter for å kunne samhandle positivt med kvarandre.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
«Å vera sosial kompetent vil seia og både kunne ta omsyn til andre og ha evne til
sjølvhevding. Denne kompetansen må lærast gjennom samvær både med vaksne og
barn», (Kommunikasjon og samhandling, Toft mfl.).
I gruppene vil me ha fokus på prososial åtferd og sjølvhevding. Prososial åtferd er
positive handlingar som å gi ros, vera vennleg, dele med andre, hjelpe og inkludere
andre. Sjølvhevding er å kunne hevde seg sjølv og eigne meiningar på ein god måte,
utan at det går ut over andre. Det er blant anna å kunne ta initiativ til leik og bli med i
leik og aktivitetar. Her er det også viktig å ha fokus på glede og humor. Det å kunne
la seg rive med, ha det moro og skape gode opplevingar saman. Viktig at me vaksne
skapar eit trygt leikemiljø der barna får oppleve å ha det kjekt og mestre leiken. Og at
me gir tilbakemelding på det positive me ser i leiken. Når barna opplever at det dei
gjer er positivt vil dei som regel bli motiverte til å gjere meir av det. I januar startar me
og med eventyr og det er eit tema som passar godt for å tilrettelegge for inkluderande
leikemiljø.
TEMA EVENTYR:
Elles i januar og halve februar har vi tema eventyr og forteljartradisjon. Dette startar
me opp med i veke 2. Barna blir delt inn i grupper etter alder. Gruppene får
presentert eventyr etter modning og alder på ulikt vis. Eventyra blir fortalt ved å
bruke ulike rekvisita for å skape spenning og betre forståing for kva som skjer.
Me lærer nye songar og det vert litt ulike formingsaktivitet i gruppene.
Sjå gruppeinndeling på vekeplan i gangen. Arbeidet med eventyr avsluttast med ei
enkel framføring for dei andre gruppene og for avdeling Måne. Gjennom eventyra får
barna ny næring til leiken og lærer ulike nye omgrep. Eventyret «Dei tre Bukkane
Bruse» blir hovudfokus for dei minste. Og eventyret «Skinnvotten» blir hovudfokus
for dei eldste. Når me jobbar med eventyr og dramatisering tek me omsyn til kvart
enkelt barn, som kva dyr vil dei vere, kva er spennande og kva kan vera litt
skummelt. Og barna skal kjenne at dei mestrar og at alle er viktige. Alle skal bli sett,
kjenna seg trygge i gruppa og tørre å utfolde seg. Skapa noko kjekt ilag.
TEMA VINTER:
I januar startar me med litt eksperimentering med vatn om det blir kaldt nok. At barna
får sjå og kjenne at vatn blir til is, og at det kan bli fine is-skulpturar, også med ulike
fargar på. Me frys vatn i ulike former, der me brukar blant anna ballongar,
mjølkekartongar og hanskar. Me syng vintersongar og har ulike formingsaktivitetar
med tema vinter. Me prøver og å få nokre turar ut av barnehagen, i store eller små
grupper. Sjå på vekeplanen på My Kid kva dagar dette blir.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
TEMA GUL VEKE:
Frå 11. til 15. februar har me gul veke. Me malar med sol fargane gult og oransje og
barna lagar ei felles sol som me heng opp på avdelinga. (Ei sol på avdeling Stjerne
og ei på avdeling Sol). Me et gul frukt som honningmelon, banan og ananas. Fredag
i veke 7 vert det Solfest ute i barnehagen, der me feirar at sola kjem tilbake etter
mørketida og at dagane vert lysare. Aktivitetane ute vert maling, musikk/dans og
songleikar. Me får besøk av Kong Vinter og Dronning Sol. Før me kosar oss med
pølse i lompe. På ettermiddagen slår me sola ut av sekken.
FAGOMRÅDA:
Fagområda vi har ekstra fokus på i januar og februar er:
Språk, tekst og kommunikasjon:
For å kunne støtte dei minste barna i deira språkutvikling, må dei vaksne vere
tilgjengeleg, og nær barna. Dei vaksne må vere medvitne om korleis ein bruker
språket, og at ein heile tida er modell i dei små barna si språkutvikling. Slik vil me få
til eit gjensidig samspel, og hjelpe og støtte deira måte å uttrykke seg på verbalt og
nonverbalt. I tillegg til daglege relasjonar er tema eventyr ein flott måte å nå dette på
med høgtlesing, songar, dramatisering og gjentaking.
Natur, miljø og teknikk:
Forandring i naturen, regn, snø, is, vind, undra oss saman, kva skjer?
Kunst, kultur og kreativitet:
Tema eventyr/drama, vinter og solfest med ulike formingsaktivitetar er knytt opp mot
dette i denne perioden. Me skal og motivere barna til å få uttrykkje seg gjennom song
og dramatisering. Laga eit spennande rom saman med kulisser til eventyra, og barna
skal få kle seg ut å gå inn i ulike roller.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Eventyrvisa:
Ja, kom alle sammen bli med. Vi flakser og bakser av sted til Eventyrland
for å se på jøtuler, nøkker og nisser og troll og dverger i tusende fold.
Vi danser og flyr gjennom eventyr, vi flakser og rir, vi synger og ler til
Askaladden, til Pål og Per og Mumle Gåsegg, å tvi tvi tvi tvi.
Og Tyrihans leker med gullhøna si, mens Smørbukken sitter fornøyd
og blid og gomler så lat på sin skolemat, og Veslefrikk spiller for
Tomme Tomme Tommeliten på fela si.
Regle skinnvotten:
Pilemus Silkehår fant en vott så pen,
flytta inn i våtten og vips så var der 1.
Friskefrosk Langhår frøs i vinden og snø,
så den varme votten og vips så var de 2.
Haremann Hoppsadans hoppet glad av sted,
stoppet opp ved votten og vips var de 3.
Revemor Silkesvans sette i å flire,
da hun fikk se votten og vips så var de 4
Storeulv Aldrimett ønsket seg et hjem,
spurte de i votten og vips så var de 5.
Villsvinet Trynebrett ville ha en kjeks,
tigge den i votten og vips så var de 6.
Bamsefar Labbdiger var så grum i hu, t
il hank om til votten og vips så var de 7
Nye songar i januar og
februar:
*Sjå opp snør det..
*Kom vesle kvite snøfnugg..
*Bustebartepinn.
*På ein kvit bakketopp..
*Huttetu så kaldt det er…
*Reven og Rotta og Grisen…
*Høgt opp i Lia
Regla om «Snøkrystaller»
Songar til eventyr:
*Lille Bukken Bruse
*Når trollmor har lagt sin
elleve små troll
*Songen om skinnvotten.
*Regle om skinnvotten.
*Eventyrvisa
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
JANUAR 2018 SOL OG STJERNE
Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
TEMA:
Vinter
1
1
2 PLANLEGGINGS-
DAG
Bhg. stengt
3
Startar med
vintersongar
4
Varmmat:
Lapskaus
TEMA:
Eventyr/
vinter
2
7
Dele i
grupper;
inne-/uteleik.
Tema;
inkluderande
leikemiljø.
8
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
9
10
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
Avd.møte Stjerne
11
Varmmat:
Kyllingskinke,
fullkornspasta
og grønsaker
TEMA:
Eventyr/
vinter
3
14
Dele i
grupper;
inne-/uteleik.
Tema;
inkluderande
leikemiljø.
15
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
16
17
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
Avd.møte Sol
18
Varmmat:
Fiskekaker,
fullkornspasta
og grønsaker
TEMA:
Eventyr/
vinter
4
21
Dele i
grupper;
inne-/uteleik.
Tema;
inkluderande
leikemiljø.
22
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
23
24
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
Avd.møte Stjerne
25
Varmmat:
Havregraut
TEMA:
Eventyr/
vinter
5
28
Dele i
grupper;
inne-/uteleik.
Tema;
inkluderande
leikemiljø.
29
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
30
31
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
Avd.møte Sol
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
FEBRUAR 2018 SOL OG STJERNE
Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
TEMA:
Eventyr/
vinter
5
1
Varmmat:
Lapskaus
Feire Olivia
2 år, hurra!
TEMA:
Eventyr/
vinter
6
4
Dele i grupper;
inne-/uteleik.
Tema;
inkluderande
leikemiljø.
5
Eventyrstund
Deler i grupper
etter alder.
6
Markere
Samefolkets dag
7
Framføring av
eventyr.
Avd.møte Stjerne
8
Varmmat:
Fiskekaker,
fullkornspasta
og grønsaker
TEMA:
Vinter/
gul veke
7
11
Gul veke
Me måler med
gult og oransje,
et gul frukt m.m.
Bake solbollar,
servering ved
henting
12
13
14
Avd.møte Sol
15
Solfest,
sjå oppslag på
døra.
Varmmat ute:
Kyllingpølse
og lompe
TEMA:
Vinter
8
18
Dele i grupper;
inne-/uteleik.
Tema;
inkluderande
leikemiljø.
19
20
21
Avd.møte Stjerne
22
Delt samling på
tvers av Sol og
Stjerne.
Varmmat:
Havregraut
TEMA:
Vinter
9
25
2BLU student på
Sol i 5 veker
Dele i grupper;
inne-/uteleik.
Tema;
inkluderande
leikemiljø.
26
27
Feire bjørk
1 år, hurra!
28
Avd.møte Sol
Vi nyttar uteområdet til Trudvang ein
dag (vinterferie der).
Barna lagar ei felles sol og me pyntar med
gult og oransje.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Evaluering november og desember Måne
I november og desember har me òg hatt fokus på vennskap og gode relasjonar. Me har delt barnegruppa i mindre grupper, der me har hatt som mål å skapa gode opplevingar og relasjonar med kvarandre. Innhaldet i gruppene har variert, og har vore både påverka av interessene til barna, og at me vaksne har bestemt innhaldet. Dette har vore ei god løysing.
I midten av november starta me med juleførebuing. Me starta tidleg, slik at me skulle ha god tid, og kjenne på at adventstida er ei tid for å roe ned tempoet. Me har kost oss med baking av lussekattar og pepperkaker, og ikkje minst juleverkstad. Me har hatt gode stunder med fin dialog og gode samtalar. Det har vore fine moglegheiter til å snakke om det å glede andre, som til dømes å lage ei gåve til nokon. I forlenging av dette, har 5- åringane gleda vaksne i barnehagen med hjarte og gode ord. Noko som vart sett stor pris på
«Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman skal oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk.» Rammeplanen s. 50.
I desember laga me oss ein adventskrok, med stjernehimmel og kalender. I adventsstunda har me opna julekalendar, tent adventslys og sunge kjente og kjære julesongar. Me telte ned mot julaftan, med både lucia-markering og nissefest.
Lucia-markeringa, med stor oppslutnad frå foreldre og høgtidsstemte barn, er eit høgdepunkt i desember. I år er det Vilde som er eldst på Måne, og ho fekk gå fremst i toget som Lucia. Eit lite Lucia-tog tok òg turen innom til vaktmeistrane og gleda dei med lussekattar og hjarter med gode ord. Dei vart skikkeleg overraska
Nissefesten med graut, fellessamling, nissebesøk og godteposar er òg eit høgdepunkt i desember. I år hadde heldigvis Nissemor tid til å vere med, for no kunne ungane ver aleine heime. Nissefar syns det var litt lite snø endå, so han måtte lande sleden og reinsdyra på Stedjeåsen. Då var det jammen bra dei fekk med seg kva si grautskål på turen opp att.
Tradisjon tru fekk me invitasjon frå Meny om å vere med å lage peparkakelandsby. Vennskap er eit tema me har jobba mykje med i haust, både formelt og uformelt. Difor valde me å laga nonstop-pynta hjarter med gode ord som barna sa sjølv. Dei gode orda vart forsterka med eit sitat frå Ole Brum, noko som me syns er lika viktig i peparkakelandsbyen som i barnehagen. Me vart kjempenøgde! Som takk vart me inviterte inn på frukost i Kafèen. Me oppførte oss so eksemplarisk at Nissen kom innom. Då vanka det song og julegodteri
I midten av desember fekk me vere med 2 blu på deira eksamen i drama. Me delte oss i tre grupper, og fekk sjå kvart vårt dramaforløp. Det var spennande og morsomt! Etterpå fekk me servert god graut med sukker, kanel, smør og rosiner.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Nest siste dagen før me tok juleferie, var me med på songstund saman med dei andre barnehagane i kommunen. Dette var ei flott oppleving, der me song kjente og kjære julesongar.
Rammeplanen seier at barnehagen skal bidra til at barn får kjenneskap til kristne høgtider og tradisjonar. Norge er i dag eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn, og barnehagen skal respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa (udir.no).
I løpet av november og desember fekk me nett helsa på vinteren med både frost og snø. Snøen fekk ligge nokre dagar og akebakken vart brukt flittig dei få dagane det gjekk an. Frosten utnytta me til å lage islykter. Dei fekk heldigvis stå nokre dagar før mildvèret kom.
I slutten av november var 4-5 åringane i storhallen og klatra. Det var lenge sida me hadde gjort, og me hadde det veldig kjekt. Hallvard har kurs som instruktør og det er fleire av personalet på Måne som har brattkort, so dette må me gjere meir Elles har me vore på Hagelin og samla naturmateriale, me har følgt med på elva og fossen ved HVL, vore i Fjøra og gått rundt juletreet, gått Fjordstien bort til Solhov der me klatra og trente i apparata, me har vore på Gammen og i stien og helst på hønene.
Me har feira Azhaar 4 år, Eliyas 4 år, Daniel 4 år og Olivia 5 år – HURRA!
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Planar for januar og februar
Inkluderande leikemiljø
Me fortset arbeidet vårt med temaet inkluderande leikemiljø. På Måne ser me at å dele barna i små grupper er positivt for inkludering, gode og nye relasjonar, og vennskap. For å nå måla for eit inkluderande leikemiljø, fokuserer me ekstra på ferdigheitene som god sosial kompetanse krev.
«Sosial kompetanse er ferdigheiter som gjer oss i stand til å samhandle med andre på ein god måte i ulike situasjonar og fungere sosialt i ulike miljø og samanhengar». (Kommunikasjon og samhandling, Toft mfl.).
Å vere sosialt kompetent vil seie å både ta omsyn til andre og ha evna til sjølvhevding. På Måne er me opptekne av å ta vare på og vere gode med kvarandre. Me rosar og hjelper kvarandre, deler med andre, er vennlege og anerkjenner, og inkluderer andre, i til dømes leik. Samtidig er me opptekne av at me skal hevde oss sjølve på ein god måte utan at det går utover andre. Me øver oss på å ta initiativ til eller bli med i leik og aktivitetar, og det å kunne uttrykkje og stå for eigne meiningar i leik og andre samanhengar.
Vinter
Vinteren er her, og me håpar at plussgradene blir til minus og at det snart kjem mykje snø. Snø og is er element som høyrer vinteren til og gir barna ny inspirasjon til leiken. Me gjer forsøk med vatn, is og snø, og bruker isen og snøen til å forme ulike figurar. Det blir lagt opp til formingsaktivitetar med tema vinter, og i samlingane filosoferer me rundt endringar i årstida, kva skjer med dyra, fargar, sola og liknande.
«I barnehagen skal barna få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måtar som gir barna høve til utforsking, fordjuping og progresjon.» Rammeplan for barnehagen 2017, s. 50.
Eventyr
«Det var ein gang», slik startar alle eventyr. Det fortel oss at det som skjer, skjer utanfor tid og stad. I folkeeventyra møter me både troll og trollkjerringar, og dyr som snakkar og oppfører seg som folk. I januar er det eventyr som er tema. Eventyr er ein viktig forteljartradisjon som er med på å gi næring til språket og leiken. Me vil dele i blå og raud gruppe, og dei vil jobbe med ulike eventyr. Blå gruppe jobbar med «Geitekillingen som kunne telle til ti». Raud gruppe blir delt i to og jobbar med «Dei tre små grisane» og «Bukkane Bruse». Me formidlar eventyr med høgtlesing, bruk av flanellograf og dramatisering. Når barna har vorte godt kjend med eventyret, får dei vere med på å dramatisere dersom dei vil. Temaet blir avslutta med at me viser dramatiseringa til Sol og Stjerne.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Gul veke
I veke 7 er det «gul veke», og me feirar at sola har komme tilbake i bygda. Fargane gul, oransje og raud er i fokus. Me pyntar avdelinga med sjølvlaga kreasjonar i solfargane, og et honningmelon, gule eple, banan og gulrøter til frukt. Det heile endar med ein solfest, der me er ute heile dagen. Me får besøk av Kong Vinter og Dronning Sol, har aktivitetar der me måler solbilete, dansar etter musikk, songleikar og pyntar barnehagen med solstrålar. Til lunsj har me pølser med brød og gul saft, og avsluttar med å slå sola ut av sekken.
Student
I veke 9 kjem Karoline Urnes tilbake i praksis på Måne. Ho var hjå oss i haust og er 2
blu student ved HVL. Ho skal vere hjå oss fram til og med veke 13. Ho har ulike
oppgåver som må gjerast i praksis, og det vil vera delar eller heile gruppa som deltek
på desse.
Melding heim
Me ønskjer fortsatt at de sjekkar korgene med jamne mellomrom. Pass på at det er bytekle som høver årstida, og som er rett størrelse. Me vil at det skal vere 2 sett av sokkar, truser, bukser, genserar/ulltrøyer og stillongs. Hugs òg å sjekke dressar og regnbukser for strikkar til å ha under skoa. Er dei på plass, er barna tørre og varme over lengre tid og utetida blir ei positiv oppleving.
Dagane det er varmmat er det kun naudsynt å ha med ekstra mat dersom de ønskjer at barnet dykkar skal ete på ettermiddagen, og om de er usikre på om barnet et det me serverer. Gi oss gjerne ein lyd om det er tilfelle
Lurer de på noko, ta gjerne kontakt.
Direkte tlf.nr på. Måne : 480 31 132
Kontoret: 90161334 eller
Sol/stjerne: 48064858
Helsing personalet på Måne
Nokre av sangane me syng i januar og februar
Eventyrvisa
Januar/februarsangane
Det snør, det snør
Sjå opp snør det
Bustebartepinn
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen