-
B A K T E P P E T
Vår 2017Bygdeguten Pål Christian Eggen er på heimebane i Kan
nokon gripe inn basert på
Stein Torleif Bjellas musikalske skildringar frå livet i
utkant-Noreg.
R E P E R T O A R M A G A S I N
Goksøyr & Martens
Tar kvardagens drama til Hovudscenen
med 11 ÅR.
Stjerneregissør
Robert Wilson er tilbake i Noreg og set sin signatur på
Edda.
-
|| VÅR 2017 ||2
DET ER ALESBASERT PÅ Jon Fosses romanDRAMATISERT AV Maria Sand
NOREGSPREMIERE 28. januar på Scene 3. (Urpremiere i Italia 9.
september 2016.)Jon Fosses kritikarroste meisterverk dramatisert
for scenen. Det er Ales er ei lita, men stor forteljing om det å
gjennomleve gode og vonde minne etter å ha mista nokon ein er glad
i.
RØFFAV Samuel BeckettOMSETJING: Bjørn EndresonPREMIERE 21.
januar på Scene 2Poetisk, humoristisk og djupt tragisk om livet.
Bjørn Sundquist går med respekt og kjærleik nobelprisvinnaren
Beckett etter i saumane. Si tredje Beckett-oppsetjing
karakteriserer han som svart humor over ein avgrunn.
JAKOB OG NEIKOB AV Kari StaiDRAMATISERT AV Paul-Ottar
HagaURPREMIERE 13. januar på Scene 3Jakob seier alltid ja til alt,
Neikob seier alltid nei. Men tjuven bryr seg ikkje om kva nokon av
dei meiner. Ei framsyning om å setje grenser, men likevel vere ein
god venn. Og Kari Stais fargeglade og karakteristiske strek er også
med. For barn frå 3 år.
KAN NOKON GRIPE INNBASERT PÅ songar av Stein Torleif
BjellaMANUS: Lasse KolsrudURPREMIERE 14. januar på HovudscenenStein
Torleif Bjellas kvardagspoetiske låtar er som små noveller med
karakterar dei fleste både kan kjenne igjen og kjenne seg igjen i.
I Kan nokon gripe inn blir personane og historiene levande, med
fullt band og Bjellas låtar i ryggen.
OVERFØRINGURPREMIERE 22. februar på Scene 2MANUS: Tyra
TønnesenKorleis har psykoterapien påverka oss dei siste femti åra?
Eit forskingsprosjekt, der 13 erfarne psykologar deler raust frå
sin lange praksis, er utgangspunktet for denne teaterframsyninga;
med seks meritterte skodespelarar i rollene som aldrande psykologar
som reflekterer over både liv og yrke.
EDDAI EIN VERSJON AV Jon FosseURPREMIERE 4. mars på
HovudscenenDen verdskjende amerikanske regissøren Robert Wilson har
fått i oppdrag å setje sin karakteristiske signatur på den norrøne
mytologien. Det blir eit visuelt og sterkt møte med fortidas
menneskelike gudar, som vi er i ferd med å gløyme, men som enno
snakkar fornuft.
ÅSTADDIKTINGAV Eirik FauskeURPREMIERE 25. februar på Scene
3Augeblikket livet tar ei heilt anna retning. I ein vinterskog fyk
åttiseks hjarte gjennom lufta før det smeller. Kva gjer dei? Kva
tenkjer dei? Ei dramatisk hending opnar for tankar rundt dei store
spørsmåla, og viser kor skjørt livet kan vere.
EG HATAR PERSISKE TEPPE!AV Sara KhoramiURPREMIERE 5. april på
Scene 3Sara Khorami er ifrå Bærum, men har fleire kulturar og
personlegdomar i kroppen. Vi møter mellom andre Michael Jackson,
som ho eingong trudde ho var. Ein som var både svart og kvit og
song og dansa som ein gud.
PREMIERAR:
-
3|| VÅR 2017 ||
HAUGTUSSAAV Arne GarborgMANUS: Ane Dahl TorpMUSIKK: Sjur
MiljeteigFRÅ 3. mars på Scene 3Ei forteljing om lengt, ung kjærleik
og svik. Ane Dahl Torp og ektemannen Sjur Miljeteig har laga rocka
og musikalsk forteljeteater som på fjerde året tar oss med inn i
verda til den mystiske og synske Veslemøy.
DRAKE-ZOOAV Dieserud/LindgrenURPREMIERE 6. april på Scene
2Dieserud/Lindgren har tidlegare hatt suksess med babyteater, og
inviterer no dei frå 0 til 3 til å bli nærare kjende med drakar.
Dei tre drakane bur i ein sanseleg jungel med planter, røyk og
merkelege lydar.
PÅFUGLEN – EIN URETTFERDIG MUSIKALAV Tyra Tønnessen og Jovan
Pavlovic OMSETJING: Runar Gudnason, Tyra Tønnessen og Ola E.
BøSISTE FRAMSYNING 15. januar på HovudscenenEi fargerik,
humoristisk og musikalsk fengande familieframsyning om kor
vanskeleg det kan vere å tole kvarandre og å leve saman. Vi følgjer
ei fattig påfuglmamma og som reiser frå ungane sine for å tigge
pengar i Hundeland.
INKOGNITOAV Nick PayneOMSETJING: Gunstein BakkeFRÅ 5. januar på
Scene 3Kan hjernen fortelje oss kven vi er? Tre samanfletta
historier undersøker tema som identitet og minne – eller kva det
vil seie å vere menneske.
SOM LAUVET I VALLOMBROSAAV Lars NorénOMSETJING: Marit
TusvikPREMIERE 25. mars på Scene 2Komisk om det tragiske ved å
leve. Norén er ein meister i å skildre den dysfunksjonelle
familien. Her observerer han samtida med humorisktisk svartsyn på
ein familie i fire generasjonar som møtest i eit sommarhus ved
havet og slepper frustrasjonane laus.
I REPERTOAR:
11 ÅRAV Goksøyr/MartensURPREMIERE 23. mai på HovudscenenEi
historie om kjærleik, einsemd og fråskriving av ansvar. Publikum
sit på stillas rundt scenen, får på seg øyretelefonar og blir vitne
til eit møte mellom ein lærar, rektor og foreldra til ei jente som
er utsett for ei skjebnesvanger hending.
SONGFUGLENAV Jan Roar LeikvollDRAMATISERT AV: Demian
VitanzaMUSIKK: Sandra KolstadFRÅ 3. januar på Scene 2Jakoba er
ikkje som andre barn; han er forkledd som gut. I denne verda er
mennene drivne bort for fleire generasjonar sidan, og er no i ein
slags konstant geriljakrig med kvinnefellesskapet.
SJU DAGAR I AUGUSTAV Brit BildøenURPREMIERE 1. april på Scene
2Korleis leve vidare etter å ha mista sitt einaste barn 22. juli?
Korleis forheld dei næraste seg til den som har mista? I løpet av
ei veke opplever ekteparet Sofie og Otto fleire små ulykker. Held
alt på å falle frå kvarandre, eller er det ei større livskatastrofe
som ikkje er skikkeleg gjennomlevd?
ETTERLYST: JESUSAV Bjørn EidsvågI SAMARBEID MED Bjørn EidsvågFRÅ
21. januar på HovudscenenSaman med Svein Tindberg og det faste
bandet sitt prøver Bjørn Eidsvåg å finne ut om vi treng ein Jesus i
dag. I så fall: Kva for ein Jesus? Og kven er eigentleg den Jesusen
vi held oss med? Ein Jesus for vår tid blir etterlyst!
ROMEO OG JULIEAV William ShakespeareOMSETJING: Edvard HoemFRÅ
14. mars på Scene 2Romeo og Julie handlar kort og godt om
kjærleiken som overvinn alt. Også døden. Maren Bjørseth var
nominert til Heddaprisen for sin friske og ungdommelege regi, som
er krydra med sofistikert housemusikk, discolys og konfetti.
-
|| VÅR 2017 ||4
DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTAAV Mark
HaddonDRAMATISERT AV Simon StephensOMSETJING: Jon FosseFRÅ 10.
januar på Scene 3Når Christopher bestemmer seg for å etterforske
drapet på hunden til naboen, kjem han på sporet av sanninga om sin
eigen familie. Ei gripande forteljing om å tore møte livets
utfordringar, korleis handlingane våre får konsekvensar for andre -
og om å vere annleis og eksepsjonelt god med tal.
SVIKNE DAGARAV Elena FerranteOMSETJING: Kristin SørsdalFRÅ 3.
januar på Scene 3Om moderskap, ekteskap, svik og åleineliv.
Napoli-trilogien av pseudonymet Elena Ferrante har gjort furore i
det lesande Noreg, både hos kritikarar og bokelskarar. Dette er ein
av dei tidlegare romanene til den hylla forfattaren.
SIGDAV Ruth LillegravenFRÅ 17. januar på Scene 3Ei
dikt-forteljing. Om eit enkelt – men samstundes storslått – liv, om
dei universa bøkene kan opne, og korleis ein mann som er bunden til
senga, kan ta del i oppdagingar i land langt borte.
ABRAHAMS BARNAV OG MED Svein TindbergFRÅ 13. januar på Scene
2Svein Tindberg ser nærare på dei verdiane og førestillingane som
er felles for alle truande i dei tre store verdsreligionane. Over
100.000 har alt sett framsyninga, og folk strøymer framleis til for
å oppleve at når alt kjem til alt er vi alle ganske like, også når
det kjem til trua vår.
REPERTOARMAGASIN
VÅR 2017ANSVARLEG UTGJEVAR
DET NORSKE TEATRET, ERIK ULFSBY
REDAKTØR IDA MICHAELSEN
I REDAKSJONEN ÅSNE DAHL TORP, ERLEND
TÅRNESVIK DREIÅS
REDAKSJONSADRESSE DET NORSKE TEATRET, KRISTIAN
IVS GATE 8, 0164 OSLO
PRODUKSJON 07 MEDIA OPPLAG 20 000 FRAMSIDEFOTO
SIREN HØYLAND SÆTER
SPONSORAR
BILLETTBESTILLING DETNORSKETEATRET.NO ELLER TLF. 22 42 43 44
OPNINGSTIDER BILLETT-TELEFON:
MÅNDAG: 10.00 – 17.00 TYS.-FRE.: 10.00 – 19.00 LAURDAG: 11.00 –
17.00
SØNDAG: 2 TIMAR FØR FØRSTE FRAMSYNING
OPNINGSTIDER BILLETTLUKA: MÅN. – LAUR: KL. 11.00 SØNDAG: 2 TIMAR
FØR FØRSTE FRAMSYNING
GI EI TEATERGÅVE KJØP GÅVEKORT PÅ DETNORSKE-TEATRET.NO ELLER I
BILLETTLUKA.
FÅ TEATERINFO MELD DEG PÅ NYHEITSBREVET VÅRT!
DETNORSKETEATRET.NO
PARKERING SENTRUM P-HUS, INNKØYRING
VED MUNCHS GATE OG HAMMERSBORGTUNNELLEN
(RING 1).
PARKERING FOR FUNKSJONSHEMMA
VIS-À-VIS NASJONALGALLERIET I UNIVERSITETSGATA.
FØLG OSS
FACEBOOK.COM/ DETNORSKETEATRET
TWITTER: @DETNORSKETEATRE INSTAGRAM: DETNORSKETEATRET
SCAN QR-KODEN FOR MEIR INFORMASJON
OG BILLETTBESTILLING
B A K T E P P E T
I REPERTOAR: LESINGAR:
GJESTESPEL:
KALVØAV OG MED Are KalvøFRÅ 27. januar på Scene 2Kva nyttar du
timane i livet ditt til? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk
Sentralbyrås Tidsbruksundersøking for 2012, og funne fram til dei
raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på. Burde vi nytta tida
vår annleis?
DUS – DEN UNGE SCENENNasjonal festival11. – 13. maiEit
landsdekkjande ungdomsteaterprosjekt med nye scenetekstar skrivne
for ungdom, framførte av ungdom.
Før framsyning i BikubenVi byr på eit breitt sideprogram for deg
som er interessert i bakgrunnsstoff og utdjuping av repertoaret.
Som oftast er arrangementa knytte til kveldens framsyning, og det
kan vere introduk-sjonar, samtalar eller aktuelle debattar. Gratis
inngang! Du finn programmet på detnorsketeatret.no
Lunsj&Lyrikk er eit populært, litterært pustehol og har
blitt ein fast møte-stad for mange. Her blir det servert smørbrød,
kaffi og heimebakte kaker frå kl. 11.00 kvar vekedag. Lyrikken blir
servert kl. 12.00. Her stiller kunstnarar frå teateret med korte
opplesings-program. Gratis inngang! Du finn programmet på
detnorsketeatret.no
Kvar fredag frå 13. januar i BikubenFredagar kl. 22.30
inviterer vi til kveldsshow og bar-miljø i Bikuben. Du kan få
servert ein konsert, eit gjes-tespel, open mikrofon, eller
musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre –
eller noko heilt anna! Cc: 100,- Du finn programmet på
detnorsketeatret.no
BIKUBEBARNOgså denne sesongen vil vi tilby verkstader og eigne
teateraktivitetar for barn. Følg med på detnorsketeatret.no
TEATERPODDENKvar veke leverer vi ny innsikt, uhøgti-delege
samtalar med folk som jobbar på huset eller reportasjar frå innsida
av teateret. Abonnér på teaterpodden her:
Det Norske Teatret/Teaterpodden
-
5|| VÅR 2017 ||
DET NORSKE OG DET INTERNASJONALEDET NORSKE TEATRET har dei siste
åra brukt avgjerande ressursar på å redefinere «det nor-ske». Det
har vore naudsynt. Slik kan vi ta namnet vårt på alvor i ei ny tid.
Det skal forplik-te å heite Det Norske Teatret. Vi er glade og
stolte over at Norsk Publikumsutvikling i fjor kåra oss til vinnar
av publikumsutviklingsprisen, i skarp konkurranse med andre dyktige
aktørar i kulturfeltet. Og i grunngjevinga vart det særleg lagt
vekt på at teateret tar konse-kvensane av samtidas demografiske
kompleksitet, og at Det Norske Teatret redefinerer seg som eit
moderne storbyteater i prosessen. Slikt er kjekt å høyre.
VI HAR SATSA på å vere synlege nasjonalt og lokalt.
Teaterutdanninga vår, Det Multinor-ske, er halvvegs i det andre
kullet, og vi samarbeider med BUL og Noregs Ungdomslag om barne- og
ungdomstilbodet Den Mangfaldige scenen. Vi er òg stolte over at vi
på 13. året er administrativt vertskap for ungdomsteaterprosjektet
Den Unge Scenen (DUS) der bortimot 80 teatergrupper over heile
landet får bryne seg på spesialskrivne stykke av profesjonelle
forfattarar. I mai inviterer vi på ny til nasjonal festival der 12
produksjonar av desse teksta-ne blir vist.
VI LEVER I EI VERD som blir mindre og mindre, det gir oss både
utfordringar og moglegheiter. Dei neste åra vil Det Norske Teatret
i større grad enn tidlegare vende seg ut over landegren-sene. Mange
av framsyningane våre er etterspurde internasjonalt, og vi vil
strekke oss langt for å kunne vise fram noko av det beste i norsk
scenekunst på den internasjonale scenen. Eirik Stubøs versjon av
Sorga kler Elektra vart vist under Bergman-festivalen i Stockholm
sist haust, og skal no i april vidare til MITEK-festivalen i
Budapest. Vårens storsatsing Edda, i regi av Robert Wilson, skal
til Århus og Reykjavik, og suksessen frå nokre år tilbake,
Shock-headed Peter, står framleis på speleplanen til Staatstheater
Hannover i vår regi.
VÅRT SVAR på den meiningslause terroren vi har opplevd også her
i Europa må vere å styrke det internasjonale samarbeidet. Gjennom
teaternettverket ETC (European Theatre Convention) vil vi dei neste
to åra delta i to store samarbeidsprosjekt med sentrale euro-peiske
teater. Det eine tar opp ein av vår tids store trugslar;
radikaliseringa blant ungdom. Det andre handlar om bruken av ny
teknologi i teateret, både på og utanfor scenen. Begge desse
samarbeida er omfattande, og vil prege teateret dei neste åra.
VI HAR LAGT BAK OSS EIT ÅR med ei imponerande rad med
urpremierar. Det har vore fint å sjå at dette ikkje har skremt
publikum. Snarare tvert imot. Vi har aldri hatt større inntek-ter
enn i 2016. Publikummet vårt set heldigvis pris på nye perspektiv,
nye stemmer og nye innfallsvinklar. Denne bevisste innrettinga mot
ei ny verkelegheit og nye stemmer held
fram i vårsesongen 2017. Vi byr på 12 nye premi-erar. Heile 10
av dei er urpremierar. Det er med andre ord eit offensivt Det
Norske Teatret som byr på ein ny spennande sesong.
Velkommen i teateret!
Erik Ulfsbyteatersjef
INNHALD6 MELANKOLI, MARIMBA,
BLEIER OG TESTOSTERON Pål Christian Eggen er på heimebane i
Stein Torleif Bjellas bygdeunivers.
9 HALLVARD HOLMEN Aktuell som Hevnaren i Kan nokon gripe
inn.
10 GRYTTEN OG BJELLA Frode Grytten og Stein Torleif Bjella i
samtale om livet, musikk og teater.
12 KONTROLL OG KAOS Bli med Edda-regissør Robert Wilson på
prøve.
15 FRODE WINTHER Aktuell som den norrøne guden Tor.
16 OVERNATURLEGE DRAUMAR Indiebandet CocoRosie om musikken til
Edda.
18 GUDAR, JOTNAR OG EIT SKRAVLETE EKORN – Ein kort introduksjon
til norrøn mytologi.
22 GJERTRUD JYNGE Trer inn i Robert Wilsons estetiske verd for
andre gong.
24 EIT MØTE MED BECKETT PÅ CAFE LILLA Regissør Bjørn Endreson
knytte nære band mellom Beckett og Det Norske Teatret.
26 KVARDAGSDRAMA Kunstnarduoen Goksøyr&Martens tar
kvardagens drama til scenen.
29 JULIE MOE SANDØ Hugsar korleis det var å vere 11 år og ikkje
alltid passe inn.
30 KVA YRKESVALET HAR HATT Å SEIE FOR LIVET Toralv Maurstad og
Britt Langlie om eit langt liv på scenen.
34 BANEBRYTARAR I PSYKOTERAPIEN Ein forskingsrapport er
bakgrunnen for stykket Overføring.
35 EIRIK FAUSKE Skriv teater med utgangspunkt i konkrete stader
– åstader.
36 FABULERANDE FOR DEI MINSTE Kan det bli ei god forteljing med
to karakterer som berre seier JA og NEI? Ja!
40 SORGARBEIDAREN Da Brit Bildøen ga ut Sju dagar i august,
spurde mange om kvifor.
42 EI TID SOM IKKJE FINST Regissør Alan Lucien Øyen har vakse
opp i teatret.
45 EIN NÅDELAUST ÆRLEG DRAMATIKAR Om Lars Noréns forhold til Det
Norske Teatret.
-
|| VÅR 2017 ||6
I vår er Pål Christian Eggen aktuell som Optimisten i
framsyninga Kan nokon gripe inn bygd over tekstar og musikk av
Stein Torleif Bjella. Sjølv er Pål Christian ein jordnær type, med
mange prosjekt også utanfor scenerommet.
KAN NOKON GRIPE INNBASERT PÅ Songar av Stein Torleif Bjella
MANUS/REGISSØR Lasse Kolsrud URPREMIERE 14. januar på
HovudscenenMED Hans Rønningen, Hallvard Holmen, Hil-degun Riise,
Joachim Rafaelsen/Lasse Kolsrud, Kjersti Dalseide, Pål Christian
EggenStein Torleif Bjellas kvardagspoetiske låtar er som små
noveller med karakterar dei fleste både kan kjenne igjen og kjenne
seg igjen i.
-
7|| VÅR 2017 ||
Om natta, altså, det er viktig å presisere. Pål Christian Eggen
snakkar om grunnen til at han er litt sliten. Bleie-avvenning.
Eldstemann på fire er midt i ein prosess som
held foreldra vakne, og etter ein lang prøve-dag på teatret
begynner energien å nærme seg eit slags nullpunkt for skodespelaren
– og tobarnsfaren. Pappapermisjonen med yngste-jenta er over, og
skodespelaren frå Enebakk er i gang med prøver på ei framsyning som
ikkje liknar på noko han har gjort før.
FRIE TYGLAR – I dag har eg spelt marimba. Det var utruleg kult!
Eggen smiler. Det han og resten av ensemblet driv på med, er
nybrottsarbeid. Dei skal skape ei teaterframsyning av Stein Torleif
Bjellas tekstar og musikk, og har fått roller, eit stort live– band
å samarbeide med, ein togstasjon som scenografi, men elles gan-ske
frie tyglar. – Vi byggjer karakterane frå botnen av, og prøver å
skape eit univers som speglar Bjellas musikk. Den er jo både
moll-stemt og testosteronfylt, meiner Eggen. At handlinga skal gå
føre seg på bygda og mykje knytast opp mot livet og relasjonane på
ein liten stad, ligg alt i Bjellas tekstar. Berre ein halvtimes
busstur utanfor Oslo ligg Enebakk. Ein kunne tenkt på det som ein
forstad. Men det er bygda.
RÅNEGUTANE I ENEBAKKDa eg høyrde Stein Torleif Bjellas tekstar
før-ste gongen, kjende eg meg veldig godt igjen. For eksempel låta
«redningsmann», der han syng om jenta i klassa «som vart tidleg
vak-
sen» og blei kjærast med ein av dei kule eldre gutane. At ho set
seg inn i rånebilen med han fyren og viser fingeren til oss andre,
det er som tatt ut av ungdomstida mi i Enebakk – så å seie
ordrett!
– Kven var den unge enebakkingen Pål Christian?
– Hm. Eg var nok ein streiting. Eg drakk jo karsk og sånn på
fest som alle andre, men eg hadde ikkje med meg kniv på skolen, for
eksempel.
– Hadde dei andre det?– Somme, ja.
KLASSAS ENTERTEINARPål Christian var han fyren i klassa som
tulla og showa og imiterte læraren. Heime hadde dei alltid spøkt
med at «denna gutten burde blitt skuespiller». Men at han skulle
gjere alvor av det, låg ikkje i korta. Og det skulle ta mange år og
fleire omvegar før namnet Pål Christian Eggen stod på lista over
fast tilsette ved Det Norske Teatret. Ettersom dette ikkje er ein
biografi, men eit intervju med avgrensa plass, kan åra fram mot
dagen han kan kalle seg skodespelar, oppsummerast slik:
Ti år gammal drar Pål Christian til Oslo med foreldra og får si
første store og ugløy-mande musikal–oppleving med Les Misérables.
Pål Christian jobbar som kinomaskinist på Flateby kino. Pål
Christian begynner på Blindern, der han studerer sosialantropologi,
men kjenner seg ganske lost. Han drøymer om å bli yrkesdykkar, og
droppar eksamen for å dra til Egypt. Tilbake i Noreg kjem mor hans
med eit avisutklipp der det står «Søk Bergen teaterskole». Han
søker. Kjem inn. Blir eitt år på skolen før han blir nedlagd.
Får
jobb i marknadsavdelinga på Bergen kino. Blir sivilarbeidar på
Norsk filminstitutt. Tek mot til seg. Søker statens Teaterhøgskole.
Kjem ikkje inn. Jobbar som vestibyle-vert på Nationaltheatret.
Søker Teaterhøgskolen igjen. Kjem inn. Da er han 26 år gammal og
eldre enn mange av klassekameratane. Ferdig utdanna går ferda til
Trondheim og Trønde-lag Teater, der han blir i seks år, blir eit
heitt namn og får mange store roller. Flyttar til Oslo. Får jobb på
Det Norske Teatret. Giftar seg med dramaturgkjærasten Ingrid. Får
to barn. Voila 2017; skodespelar og familiefar Pål Christian Eggen.
For nettopp det å vere noko anna enn skodespelar er viktig for
han.
HANDYMANN OG PAPPA – Livet er meir enn teater. Eg er ein jordnær
type og vil ha eigne prosjekt utanfor teatret, seier Eggen. Han og
familien har nettopp kjøpt seg sommarhus – med stort
oppus-singsbehov. Eg er ein som likar å snikre og halde på med noko
som er litt meir handfast enn teater. Men ikkje misforstå, altså!
Eg elskar jobben min, og kjenner meg privile-gert som har fast
jobb, trygg inntekt, gode kollegaer og stadig nye utfordringar. For
meg er dette ein ideell situasjon, ha tryggleiken ved ein stabil
jobb og sjansen til bli godt kjend med folk som jobbar her. Eg er
jo der eg drøymde om å vere.
– Hender det du spør deg kvifor du driv med dette? – Gjer ikkje
alle det? Same kva dei jobbar med? Jau, det hender eg går forbi ei
grave-maskin og ser på han som sit der inne, og tenkjer at det
hadde vore fint å ha den jobben. Kunne sitje der, høyre på radioen
og grave eit
Melankoli, marimba, bleier og testosteron
Pål Christian Eggen leikar på jobben. Heime er det på
alvor.TEKST KIRSTI ELLEFSEN TIL NYNORSK VED ARNE TORP FOTO SIREN
HØYLAND SÆTER STYLING OSKAR ANDREAS PASK/YME/PALEET
-
|| VÅR 2017 ||8
hol, og gjere noko veldig konkret.– Du hadde kanskje blitt litt
lei på sikt?– Ja, det er fare for det. Og feit.
EIN SAMFUNNSNYTTIG JOBB?Men Pål Christian Eggen har tru på at
det han gjer betyr noko, om enn indirekte. – Eg håpar at eg gjer
ein samfunnsnyttig jobb og er med på å gi folk kulturelt påfyll i
kvardagen. Kanskje får ei framsyning dei til å reflektere over dei
store spørsmåla. Livet. Verda. Samfunnet? – Når eg ser godt
tea-ter, tenkjer eg: Dette trong eg! Jamvel om det handla om noko
eg visste frå før, så kan
teatret minne oss på ting det er viktig å tenkje over igjen og
igjen.
Pål Christian lurer ein slurk kaffi inn gjen-nom det kraftige
store skjegget. At han hadde
betre songrøyst enn dei fleste, visste ikkje Pål Christian.
Heller ikkje at han skulle bli ein etterspurd musikal–skodespelar.
Cabaret, Chicago, Rockeulven og Spelemann på taket, er dei
framsyningane der Eggen har briljert. Og no er det klart for nok ei
musikalsk fram-syning.
– Kva slags forhold har du sjølv til musikalar? Er du ein
musikal–elskande mann?
– Nokre musikalar er heilt fantastiske med god musikk og innhald
som loddar djupt. Men det finst også lettvektarar innanfor
sjangeren som det kanskje ikkje er like moro å jobbe med. Det
ideelle er jo å få jobbe med ein musikal som samtidig er eit himla
bra teaterstykke, seier skodespelaren, som ved-går at kompisar og
menn på hans eigen alder nok ikkje er dei som fyller salen når det
er musikkteater på programmet.
Kor Pål Christian og resten av ensemblet hamnar etter
prøveperioden på Kan nokon gripe inn, er uvisst. Men at det blir
ein slags musikal, og at både musikk og tekst er av høg kvalitet,
er det ensemblet held seg til.
– Bjellas tekstar er jo noko alle kan kjenne seg att i: Du legg
ein plan, men så går alt i dass.
– Men for deg har jo ting gått etter planen? Og lite i dass?
– Hehe. Jau, når det gjeld dei store tinga har du nok rett i
det.
Eggen ser på klokka. Det er snart på tide å dra heim. Familien
ventar.
–Kva med sonen din – forstår han kva pappa jobbar med?
– Ja. Han veit at jobben min er å kle meg ut og late som.
Eg er ein som likar å snikre og halde på med noko som er litt
meir handfast enn teater.
- Det ideelle er å få jobbe med ein musikal som samtidig er eit
himla bra teaterstykke, seier 40-åringen som har fått bryne seg på
fleire store roller i musikalsjangeren.
Pål Christian var den som skulle fylle skoa etter Lasse Kolstad
i Spelemann på taket, noko han klarte med glans i følgje både
publikum og kritikarar.
-
9|| VÅR 2017 ||
A K T U E L L
HALLVARD HOLMEN
SKODESPELAR
Aktuell som Hevnaren i Kan nokon gripe inn?
Det blir ei slags underfundig, melankolsk rock´n´roll-oppleving
med seks mann sterkt band på scenen. Eg vil kalle det ein
teaterkon-sert. Handlinga er eit skråblikk på livet og kor-leis det
kan vere. Ulike personar og skjebnar kryssar kvarandre. Tittelen er
ei verselinje, eit slags rop om hjelp til å fikse sorga, kjærleiken
– sjølve livet. Men det er ingen hjelp å få. Alle slit med sitt,
men må fikse det sjølve.
Som all god kunst er dette noko alle kan kjen-ne seg igjen i.
Stein Torleif Bjellas poetiske, men konkrete betraktingar over
livet er noko heilt spesielt. Musikken og tekstane er varme,
hu-moristiske og kloke. Bjella nytter bygda og folka som bur der
som motiv for å seie noko ålmeint. Når det kjem til stykket, er jo
Oslo også befolka av veldig mange med bakgrunn frå bygda. Byen er
ikkje så veldig urban.
Hevnaren er i djup sorg fordi kjærleiken har gått sund. Han og
kona Sorgfrid har mista eit barn og har sklidd ifrå kvarandre. Ho
har gravd seg ned i sorgkjensle, går i det destruktive spo-ret og
forsvinn i seg sjølv. Han har er blitt forban-na på alt og alle,
men prøver å gå vidare på sitt vis. Hans måte er å hemne seg på
samfunnet ved å hamstre og skaffe seg ting. Han vil ha hen-ne
tilbake, ho vil dra ifrå alt.
Han står på gyngande grunn og må heile tida skape eit breiare
fundament for å halde balan-sen. Jordsjuk, er tittelen på ein av
låtane. I vår framsyning kan dette ha ei dobbel tyding – både sorga
ved å ha lagt det kjæraste han eig i jorda, og besettelsen etter å
karre til seg mest mogleg jordeiendom, kjøpe seg bil, fikse
huset.
Det å opne blikket, sjå deg sjølv gjennom an-dre og sjå at du
ikkje er åleine, det trur eg på. Det positive i mennesket og
fellesskapet. Alt handlar ikkje om deg. Du må forsone deg med livet
som det har blitt før du kan gå vidare. Det er det dette Hevnaren
må finne ut av.
FORTALD TIL ÅSNE DAHL TORPFOTO SIREN HØYLAND SÆTERSTYLING OSKAR
ANDREAS PASK/YME/PALEET
-
|| VÅR 2017 ||10
Ein januardag i 2017 kjem Stein Torleif Bjella til å setje seg i
bilen, kjøre dei 22 mila til Oslo, ta på seg findressen, trimme
skjegget og gå inn dørene på Det Norske Teatret. Bygdisen
skal bli musikalstjerne i byen.
Nydelig vinterdag her. Er du heime, eller ute på vegen?Heime på
kjøkenet i dag. Prøver å ordne opp litt. Reiser til Oslo i kveld.
Vidare til Lyngdal, Stavanger, Haugesund og Bergen.
Kva tenker du om at du no skal bli musikal-stjerne? Mistar du
all kred ved å bli tatt inn i varmen på Det Norske Teatret?At eg
skal bli musikalstjerne er absurd spen-nande. Eg har jo laga desse
songane for lengst. Og sjøl skal eg jo ikkje vera med. Berre nyte
det frå salen. Det er også stort å følgje prosessen til det blir
teater. Trur forresten ikkje at Lasse Kolsrud kallar det musikal.
Han kallar det tea-ter, ser eg. Og kredsanking er stussleg
bisniss.
Men burde ikkje Det Norske heller spele Lars Norén der
karakterane drikk seg kanon og skrik forferdelige ting til
kvarandre, eller Jon Fosse, der dei ikkje seier noko som helst til
kvarandre. No har Dylan fått Nobelprisen, og songane dine blir
sunge på hovudscena midt i Oslo. Då eg gikk på skulen, las vi
artiklar av Andreas Skartveit om kor forferdelig det ville gå om
populærkulturen tok over.Det er sant. Det er mange undergangsteikn
om dagen. Frå høg BMI til låge vekttal. Kanskje Skartveit får rett.
Er det forresten popkultur eg driv med? Tippa Norén og Fosse har
betre årsløn enn eg.Endetida er her. Aftenposten fortel at
nord-menn ligg lågt på samleie-statistikkane, unge menn går på
Viagra og bare eitt polar-
brød får toppkarakter i ernæringstestane. Godt vi har songen.
Kva kan songen gjøre i slike tider?Hei, vart litt borte. Køyrde Ål
til Oslo, frå Oslo til Lyngdal, spelte, rigga, utladning. Jo, låta
har alltid vore der. I ei kaotisk tid ordnar låta opp. Perfekt i
lengde og form. Fiks ferdig som ein sirkel. Noko oversikteleg å
forhalde seg til. Innimellom får låta deg til å sjå skamfull ned i
bordplata. Andre gongar er det bensin på bålet. Den gir den
usympa-tiske kjensleliv og den sympatiske ein vek-kar. For meg er
det musikken som sorterer, set på plass og viser veg.
Morrissey syng om låtar som kan redde liv, og du snakkar om
songar som kan stanse tid. Skapar det eit litt for stort press,
både på songen og songaren?Eg er glad for alle tilbakemeldingar.
No-kre få kan vere koko. På ein spelejobb på Nordvestlandet for ein
del år sidan var det sitjande publikum med småbord. Litt ut i låta
«Psykisk kan du vera sjøl», reiste ei kvinne seg brått, kasta
vinglaset i golvet i tusen knas og gikk rett ut. Ein person ringte
nyleg og fortalde at han hadde høyrt meg på radioen, og at han
eigentleg arbeidde i all hemmeligheit for PST, og at han sat inne i
radiolyttestasjonen i eit fjell i Trøndelag. Så då songen min kom,
«Alt rundt er det samma», ville han berre ringe og seie at no var
det berre å setje i gang. Ko meiner du? spurde eg. Det veit du
godt, sa han. Høyrde aldri meir frå han.
Det er rart og fint korleis songane dine har tatt til å verke
for fullt ute i den verkelige verda.Eg har fått nokre konkrete og
fantastiske tilbakemeldingar som eg vil ha for meg sjølv. Dei mest
rørande handlar om at folk synest
eg ser det som har skjedd med dei. At dei ikkje er åleine med
tankar og trøbbel, og at det er trøyst i akkurat det. Eg føler
ikkje noko press om korleis songen skal vera eller verke. Der
forsøker eg berre å følgje mi eiga lyst. Det er berre då det vil
bli bra.
Eg er snart på båten til Odda. Så det blir ingen konsert på meg
i morgon. Dessverre. Rart med gamle foreldre. Konstant dårlig
samvit. Ferjetur her no. Frå Stavanger til Haugesund.
Du har jo utvida rommet for kva som kan skrivast i songtekstar
her heime. Det er bare å ta eit utval av ord du har putta inn i
tekstane: «bygdebøgen», «arbeidsdeling», «pleieassistent»,
«sjølstyr», «oppfølgings-prat», «tapserfaring»,
«trygdebygdeharrya», «sjølstyr», «tilstandsrapport». Det er nesten
eit readymade-dikt om Norge anno 2016. Er det eit ord som aldri
kjem til å dukke opp i songane dine?
For meg er det musikken som sorterer, set på
plass og viser vegFrode Grytten har sjekka lampefeberen hos
den
folkekjære songsmeden frå Øvre Ål. Her er deira epost-
utveksling nokre fine dagar i desember.
TEKST FRODE GRYTTEN FOTO SIREN HØYLAND SÆTER
-
11|| VÅR 2017 ||
Vil ikkje utelukke nokre ord, med kjenner at «autentisk» sit
langt inne.
No er du vel snart i Haugesund, men korleis ser Norge elles ut
frå Øvre-Ål?Norge ser vellykka ut. Komfortabelt og vel-fungerande,
for dei fleste då. Overraskande mange med problem, likevel.
Forståeleg nok. Snart lever me berre mentale liv. Kombinert med
destruksjon av gudsbilde er det solide endringar på gang. (Kan
utbrodere her om du vil ha meir).
Ja, kjør på! Eg er i Odda snart!Åleineliv bak gardina og
isolering kan umulig vera bra for flokkdyr. Trur me må på pub, på
konsert, teater, fjelltur, besøk, møte kvar-andre og snakke om det
som rører seg, både inni skallen og der ute i verda. Klarer ein
det, kombinert med eit så bærekraftig liv som mulig, ja, då dett
mykje på plass.
Så no skal du hylle utegubben?Trudde dei vart hylla ved å
skildre innegubben …
Sant nok. Men eg hugsar at eg blei intervju om Tom Waits ein
gong, og intervjuaren in-sisterte på at eg skulle seie at Tom Waits
song om regnhundane, fyllikane, dei prostituerte, altså dei andre.
Eg sa at han syng om meg, om oss. Slik tenker eg om dine songar
også.Sjølv om eg er fødd på Ål og Tom i California, har han alltid
sunge om meg, og til meg. Musikken til Waits verkar på meg fordi
han rommar alt. Akkurat som med Cohen. Sjøl er eg vel forresten
ingen innegubbe, håpar eg, men eg kjenner på det og ser ein del av
dei rundt meg. Er jo glad i dei, berre me slepp å bu under same
tak.
Er du heime igjen? Skal vi forsøke å komme i mål? Far min hamna
på sjukehus. Det var surrealistisk. Han fall ned i hagen til
nabo-en. Men han kom seg opp igjen, og vi fikk i han nokre glas
vin.Vart hektisk på turnéavslutning her. Bil og
hengar skulle til Oslo. Bandet tok fly. Eg køyrde. Så vart det
ekstra overnatting i Oslo til måndag. Men no er eg heime. Godt å
føle at ein er til nytte.
Så du må kjøre bil og hengar, resten av ban-det tar fly. Eg las
i biografien til Springsteen at han hadde som regel at han skulle
vere konge ute på vegen, aldri heime. Du er altså ikkje konge ute
på vegen ein gong?Dei andre har ikkje forstått at førarsete er det
beste i bilen.
Og den 14. januar sit du i setet på Det Norske Teatret?Veldig
spent. Synest det har vore fascinerande å høyre Lasse Kolsrud
snakke om stykket. Scenane. Karakterane. Tilhøvet dei har til
kvarandre. Kva jakke dei skal ha på, og korleis dei snakkar. Ikkje
minst var det stort å følgje korleis Siri Langdalen bygde opp
scena. Og orkesteret som skal lage musikkforteljinga. Er det i det
heile tatt mogeleg?
Stein Torleif Bjella på Ål stasjon i heimbygda. Kanskje er det
her
handlinga i vårens musikalske storsatsing føregår?
KAN NOKON GRIPE INNBASERT PÅ songar av Stein Torleif Bjella
MANUS/REGISSØR Lasse Kolsrud URPREMIERE 14. januar på Hovudscenen
MED Hans Rønningen, Hallvard Holmen, Hil-degun Riise, Joachim
Rafaelsen/Lasse Kolsrud, Kjersti Dalseide, Pål Christian
EggenKarakterane frå Stein Torleif Bjellas låtar blir levande i
vårens store musikalske framsyning på teateret.
-
|| VÅR 2017 ||12
F jerde mai, 2016: Idet Robert Wilson kjem inn i Prøvesal 1,
hoppar skodespelar Joacim Ra-faelsen paradis. Tenksamt og metodisk
hinkar han bortover, stoppar og let det eine beinet
henge kokett i lufta. Lenger bak øver Frode Winther på sine nøye
koreograferte rørsler, han går som ein robot med ein papp-hammar i
handa. Golvet under føtene deira er delt inn i eit rutenett, kvart
steg og kvar rørsle skal
gjerast på eit fast punkt på scenen, og det heile blir filma på
video, så skodespelarane kan sjekke rørslene sine og øve etter at
Wilson har dratt frå landet, før han kjem tilbake om åtte månaders
tid. Da skal alt sitje.
Desse to vekene i mai er Stage 2 av produk-sjonsprosessen med
Edda, og alle snakkar om Wilson og metodane hans i korridorane og
utanfor. Nokre fortel at berre dei næraste tør å snakke med han.
Andre seier han er ein triveleg og raus kar. Eg får både høyre at
han
styrer alle detaljar og at han er flink til å sleppe andre til.
Kanskje er det slik med alle som er så kjende og har så lang
karriere som Wilson, at mytane veks i alle retningar. Før
Edda-laget kom til Noreg, hadde dei alt hatt ei arbeidssam-ling i
Wilsons eige «laboratorium» Watermill, i New York, saman med Det
Norske Teatrets sjefdramaturg Carl Morten Amundsen, der dei valde
ut materiale frå Jon Fosses gjendikting av dei norske gudedikta i
Edda. Etter prøvane spør eg Wilson om det er sant som eg har høyrt,
at han har som prinsipp å aldri lese tekstane, men får andre til å
gjenfortelje dei for seg.
– Eg aner ikkje kor du har det frå, svarar han. – Eg arbeider
kollektivt, og vi snakkar ope om tekst, bilete, lyd, musikk, lys og
fargar.
Saman med eit kreativt lag jobba han fram visuelle forslag og
skisser til alle scenane,
KONTROLL OG KAOS
Når Robert Wilson lagar teater av den norrøne gudeverda, møtest
minimalisme og overraskande innfall.
TEKST BÅR STENVIK TIL NYNORSK VED ARNE TORP FOTO SIREN HØYLAND
SÆTER
EDDAI EIN VERSJON AV Jon Fosse REGISSØR Robert Wilson URPREMIERE
4. mars på Hovudscenen MED Henrik Rafaelsen, Gjertrud Jynge, Sigve
Bøe, Frode Winther, Eivin Nilsen Salthe, Marian-ne Krogh,
Paul-Ottar Haga, Joachim Rafaelsen, Ola G. Furuseth, Renate
Reinsve, Tiril Hei-de-Steen, Jon Bleiklie Devik, Unn Vibeke Hol.
Vår norrøne kulturarv får den verdskjende regissørens
karakteristiske visuelle signatur.
-
13|| VÅR 2017 ||
inspirert av alt frå bilete av bombenedslag i Beirut til
kvalfangst, fotorealistiske heste-måleri og vikingskipmodellar frå
London.
– Edda fasinerte meg fordi det var ei gammal nordisk forteljing,
ei verd som var ukjend for meg.
Med seg til Oslo i mai hadde Wilson og laget hans eit vakkert
kompendium med visuelle re-feransar til koreografi, scenografi og
kostyme.
UNATURLEG TEATERDei første skodespelarane ut på golvet i
prø-vesalen er Marianne Krogh og Frode Winther, presenterte av
Sigve Bøes stemme over høgta-larane: «Sjå der Odins kone, ho som
kjenner lagnaden like godt som Odin (…) Tor er den sterkaste guden,
Tor med hammaren Mjølne. Du har vel høyrt tora skralle?»
Tor rører seg stivt, som ei action-dokke, han smiler breitt og
slår med hammaren, mens Frigg skrik lydlaust. Begge følgjer
rutenettet på golvet nøye, og ser mest ut som mekaniske figurar i
eit klokkespel.
«With thunder there,» seier Wilson. Ein torelyd kjem over
anlegget.
«Nei, ikkje torelyd – den er for naturleg,» seier han.
Ein meir syntetisk smell lyder gjennom rommet.
«Meir som ein gammal lydeffekt, da dei laga uvêr med
blekkplater. Det må vere skikkeleg gammaldags. For da er det
morosamt.»
Dei prøver scenen igjen. «Crash!» roper Wilson. «Crash!»Han snur
seg mot pianisten og fiolinisten
som speler ein nesten orientalsk melodi.«Kan du gjere det meir
dramatisk?»Pianoet får fart på seg, og dramatiske triller
raser opp og ned tangentane.«Enda meir dramatisk, super
over-the-top!»Så til lydmannen:«Crash! Crash!»I løpet av få minutt
har scenen endra seg frå
noko som kunne minne om japansk minima-list-teater til meir i
retning av ein parodi-le-go-actionfilm. Wilson er ikkje redd for å
tulle med førelegga sine.
– Om du ikkje har det artig når du lager ei framsyning for
teatret, så burde du ikkje gjere det. Det er derfor vi kallar det
eit spel. Det er berre leik og spel.
Som tilskodar på teatret i meir naturalistiske
stykke endar ein ofte opp med å spørje seg: Trur eg på dette? Er
det realistisk? Flyt det naturleg? Og når det som skjer på scenen
grip tak, er det reint så ein er redd for at noko skal skurre i
neste augeblikk, så ein kjem ut av det.
Derfor er Robert Wilsons framsyningar så avslappande. For der er
slike sorger heilt fråve-rande. Vi treng ikkje vere det minste
redde for at scenane ikkje skal vere truverdige. Vi veit at dei
aldri kjem til å vere truverdige. Med Wilson er alt kunstig og
stivt og rart. Og det er akkurat sånn det skal vere.
– For meg er ikkje det å vere på scenen noko naturleg, forklarer
Wilson. – Det er noko kuns-tig, og om vi aksepterer at det er slik
det er, kan vi vere meir ærlege om kva vi gjer. Stemma vår er
annleis. Måten vi går på er annleis, måten vi sit og står på er
annleis.
TALANDE RØRSLERWilson stamma sjølv som barn, men då han var 17
år, greidde han å overvinne problemet med hjelp frå ei 70 år gammal
ballettlærarinne. Etter det blei han svært opptatt av rørsler, og
arbeidde seinare med elementære øvingar for å hjelpe pasientar med
hjerneskade. Seinare jobba han mykje med eldre og barn for å hjelpe
dei å oppdage sitt eige «rørsle-vokabular». Han hadde ord på seg
for å ha ei spesiell evne til å få kontakt med folk og få dei til å
opne seg for nye tankar.
Skodespelaren Robyn Anderson fortel om ein av dei første gongene
ho var på ein works-hop med Wilson. Ho var den einaste som
Frå dei tidlege prøvane på Edda i april 2016. Foto: Inga
Aleknaviciute
-
|| VÅR 2017 ||14
Robert WilsonRobert Wilson, fødd 1941, er ein av dei mest kjende
og prislønte
teaterregissørane i vår tid. Han arbeider også med skulptur,
sce-
nografi, video og lyskunst. Det store internasjonale
gjennombrotet hans kom
med operaframsyninga han gjorde med Philip Glass i 1976,
Einstein on the Beach. Han har arbeidd med folk som Tom Waits og
Marina Abramovic, og mange av oppsetjingane hans har turnert verda
rundt i fleire tiår. Det førre prosjektet hans med Det Norske
Teatret var Peer Gynt i 2005.
Den eldre Edda er ei samling gudedikt som vart attfunne på
1600-talet og inneheld mellom anna Voluspå, Vavtrudnesmål,
Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar. Nokre av
dikta er gudesegner og forteljingar, mens andre skildrar den
norrøne mytologien og gir råd om moral og levere-gler. Jon Fosse
har gjendikta tekstane for Det Norske Teatret på grunnlag av ulike
omsetjingar.
dukka opp, og i tjue minutt sat han berre heilt stille på stolen
sin. Akkurat da ho lurte på om han dreiv gjøn med henne, begynte
han å reise seg. Svært sakte. Han brukte femten minutt frå sitjande
til oppreist stilling, og «uttrykte dusin-vis av ting på same tid,»
ifølgje Anderson.
Ei viktig innsikt for Wilson kom da han opp-daga arbeidet til
psykiateren Dan Stern. Stern studerte spelet mellom mødrer og små
ungar ved å filme dei i sakte kino. Wilson oppdaga alle dei skjulte
nyansane i små rørsler som når mora plukkar opp ein unge som skrik.
Det som i vanleg tempo berre var ei kjærleg handling, skilde seg i
ulike delar. I sakte tempo kunne dei sjå at mora i den første delen
av rørsla formeleg kastar seg mot ungen, så han rykkjer bakover i
skrekk. Så, i neste augeblikk, roar både ho og ungen seg.
Slike kontrastar er det mange av i Wilsons arbeid, og dei kjem
til syne i spelet mellom tekst, rolle og rørsle. Joachim Rafaelsens
paradishoppande smågut viser seg å vere stridsguden Ty, som oftast
blir framstilt som stor og barsk. I Wilson-Edda står den leikande
ungguten i kontrast til teksten som blir lesen opp om den «Modige
Ty». På spørsmål om kva som ligg bak dette valet, seier Wilson:
– All stor kunst har eit barn i hjartet sitt. Baudelaire sa:
«Genialitet er barndom henta fram etter eigen vilje.»
APOLLON OG DIONYSOSWilson studerte økonomi og arkitektur, men
vart snart fanga opp av avant-garde teateret i etterkrigstida og
samarbeidde med folk som John Cage og Merce Cunningham. Han
arbei-der også med måleri og skulptur, og scenebilda hans hentar
inspirasjon frå både biletkunst og ekspresjonistiske stumfilmar,
mens sminka og kostyma kan minne om ein minimalistisk versjon av
Tim Burtons vampyr-estetikk.
I prøvesalen til Det Norske Teatret er sceno-grafien førebels,
men ikkje desto mindre er alle skodespelarane kledde i einsfarga
svarte kosty-me. Til og med assistentane som ber rekvisit-tar inn
og ut, har fått same framtoning.
På golvet set guteguden Ty seg i lag med dei andre gudane, og
Wilson ber om «happy, happy music».
«Alle rundt bordet burde ha ein slags reak-sjon her,» seier han
tankefullt. «Kanskje alle skulle lage ein dyrelyd eller noko?»
På oppmoding frå Wilson kjem alle skode-spelarane med ulike
lydar. Eivin Nilsen Salthe sin Loke mjauar, Marianne Krogh som
Frigg bjeffar, Paul Ottar Haga rautar som ei ku. Han speler
havguden Njord, så kanskje det skal vere ei sjøku? Dei begynner å
konkurrere, og all slags lyd kjem som ei skur: Papegøye, sau, esel,
ulv og slange.
Samstundes byrjar musi-karane å spele barnslege me-lodiar. Det
høyrest ut som om fiolinisten freistar å få ein kjend melodi til å
passe med akkorda-ne, og når ho endeleg klarer det, fell alt på
plass, i hop med dyrelydane. Old MacDonald had a farm.
I prøvesalen blir dei fleirtydige mytane om Wilsons autoritet og
rausheit som instruktør meir forståelege. Han er streng, men skaper
samstundes ei fri stemning, blir det sagt. Og nett slik ser det ut
under prøvane på Edda. I det eine augeblikket er salen eit kaos av
lydar etter at han har bede om «ein dyrelyd eller noko». Så, i
neste scene instruerer han ei en-kelt handrørsle, i noko som
fortonar seg som fleire minutt med andelaus konsentrasjon.
Wilson trur noko av det mest utfordrande for skodespelarar som
er mest vane med natu-ralistisk stil, er denne vekslinga.
– Dei må gå inn i arbeidet med eit ope sinn og vere i stand til
å assosiere fritt med tekst og bilete. Samstundes er det formelt.
Det er ein konstruksjon i tid og rom, som krev mange timar med
repetisjon for å bli heilt fri.
I neste scene sit Gjertrud Jynge og Henrik Rafelsen i minimale
kvite kostyme og rører seg berre så vidt. Ei lita vending med
hovudet, handa som senkar seg ei aning. Kvart moment har sitt
nummer, og Wilson ber om nummer ein, nummer to, forbi seksten og
tjue. Og frå starten igjen.
– Eg trur handa må litt opp, og så rører ho seg over, som om ho
flyt, seier han.
Han står stille og betraktar skodespelarane.– Nei, det er for
mykje rørsle, seier
han. – Det er for naturleg.
I februar 2005 sette Robert Wilson opp Peer Gynt i eit samarbeid
mellom Det Norske Teatret og Den Nationale Scene. Dette var første
gongen Wilson arbeidde i Noreg og framsyninga vart vist i New York
påska 2006.
-
15|| VÅR 2017 ||
A K T U E L L
FRODE WINTHER
SKODESPELAR
Aktuell som Tor i Edda.
Regissøren Robert Wilson sa ein gong at han berre kunne jobbe ut
ifrå stille. Det er ei heilt spesiell stemning på prøvene, nesten
meditativ. Når han kjem inn i prøvesalen, blir alle heilt tau-se
medan han går og set seg, kippar av seg mo-kasinane og sit heilt
roleg. Lenge. Gjerne i fleire minutt, før han seier «Good morning».
Dette skaper ei konsentrert stemning som speglar seg i det vi lagar
på scenen, som er eit heilt eigenar-ta, estetisk og visuelt
uttrykk.
Men dei gamle æsenes livsstil er tilsynelatan-de ikkje så
gudeleg og vakker. Dei likar å fråtse, ta seg ein fest og leve
livet. Vikingstil. Dei gamle norrøne gudane i Edda lever i ei
ganske speisa verd. Det er litt sånn drikke, pule, slåst. Dei er på
ingen måte nokre dydsmønster eller opphøgde førebilde. Og Tor?
Haha. Han er ein gud som veivar rundt med ein hammar. Hammaren
Mjol-ne, eller Mjølner, er som ei forlenging av han sjølv, som han
er heilt avhengig av. Derfor går det heilt i svart for han når
hammaren blir stolen. Han er ein levemann, machomann - og
fami-liemann. Det er jo den moderne mannen det; både mjuk og macho.
Han er «hot-headed», impulsiv, likar å få viljen sin og turar fram
utan å tenkje på konsekvensane. Han er menneskeleg, og er nok ikkje
den skarpaste kniven i skuffa.
Arbeidsfilosofien til Wilson er «la publikum komme til deg». Vi
jobbar mykje med energi-ar og konsentrasjon. Dersom du som aktør på
scenen har konsentrasjon og energi i det du gjer, vil publikums
merksemd bli trekt mot deg. Han set først opp eit strengt
rørslemønster og er pertentleg oppteken av korleis vi ter oss,
kroppshaldning og slike ting. Paradoksalt nok gir han oss mykje
fridom til å fylle inn etter at dei ytre rammene er lagde. Han
jobbar også mykje med kontrastar og å bryte forventningane våre. På
prøvane til no har Tor hatt ei litt lys og kvin-kande stemme og
rører seg litt sånn lett på fot med ein papphammar som Mjolne. Vi
har ledd ein del, for å seie det slik! Men det er nok litt slik han
er. Verkar veldig macho, og så er han ikkje så tøff likevel.
FORTALD TIL ÅSNE DAHL TORPFOTO SIREN HØYLAND SÆTER
-
|| VÅR 2017 ||16
I mange år har Robert Wilson vore kjent for å samarbeide med
musika-rar og komponistar innan samtids-musikk, rock og pop. Philip
Glass, Tom Waits, Lou Reed og David Byrne har alle laga musikk til
oppsetjingane
hans. Til Edda har han fått med seg Coco-Rosie.
Gruppa opererer i området mellom kunst, musikk og performance,
og vart grunnlagt av dei to søstrene Sierra og Bianca Casady. I
2003 var Sierra i Paris for å utdanne seg til opera-songar, og da
Bianca kom på besøk etter lang tid utan kontakt, starta dei straks
band. Dei spelte inn den første plata på badet i leilegheita til
Sierra. Begge systrene speler fleire in-strument, og Bianca har òg
bakgrunn frå biletkunst. På konsertar set dei seg sjølve i scene
med både manne- og dameklede, og blandar hiphop-stil med mote og
bruktklede. Tidlegare har dei spelt inn musikk på Island, og dei er
glade i å arbei-de med norrønt stoff, forklarer Bianca.
– Å arbeide med overnaturlege tema, som gudar og troll, set
fantasien vår i sving på nye måtar.
Som del av arbeidsdokumentet frå den før-ste workshopen hadde
CocoRosie fått utdelt ei liste med musikalske referansar, frå Björk
til Valkyrien Allstars.
Har de bestemt dykk for å bruke norske folketoneklangar, eller
halde dykk bevisst unna dei?
– Førebels har vi ikkje fordjupa oss i det, men vi har berre så
vidt starta den kreati-ve prosessen for dette stykket, og det kjem
mykje meir.
EKSPERIMENTUnder Edda-prøvene på Det Norske Teatret gjer dei to
seg sterkt gjeldande i utviklinga av
stykket. På eit tidspunkt speler Marianne Krogh «den døde mora»,
som vandrar stivt rundt som ein zombie, med bølgjande
blekksprut-fingrar fram-for seg.
– Ooh, spooky, seier Robert Wilson, frå scene-kanten.
Han snakkar med Bian-ca om skummel musikk og theremin, maskina
bak dei syntetisk syngjande tonane som introduserte
spøkelse og romvesen i filmar på femtitalet. Men det er ikkje
ein synthesizer som be-gynner å spele. Mellom alle dei svartkledde
skodespelarane kjem Sierra ut på golvet i ei romsleg rosa
selebukse, med den eine bukse-selen nonsjalant slengt bak seg, som
ein hale, medan ho syng klagande melodiar. Tonane bølgjer opp og
ned, Krogh hermar, og dei står ei stund og syng fram og tilbake,
før Sierra vinkar Gjertrud Jynge nærmare og instrue-rer dei to
gjennom song og gestar til å ha ein
ordlaus duett på golvet.– Vi skaper på ein spontan og blind
måte,
forklarar Bianca seinare. – Vi respekterer dei første lydane og
orda som kjem ut av mun-nane våre. Så gir vi dei til skodespelarane
og musikarane rundt oss og ser eit vilt kjemiek-speriment utfalde
seg.
SAMSPELSeinare kjem Sierra også ut på golvet for å demonstrere
dans og rørsler, så energisk at selebuksa dett av henne.
– Bob liker å byrje med rørsler. Når vi møtest, har vi berre
nokre få idear og prøver ting med heile teatergruppa i eit slags
labo-
OVER- NATURLEGE DRAUMAREdda har inspirert CocoRosie til å skape
ny musikk i «eit vilt kjemieksperiment» på Det Norske
Teateret.TEKST BÅR STENVIK TIL NYNORSK VED ARNE TORP FOTO LEX VAN
ROSSEN/MAI/CONTRIBUTOR
«Når vi møtest, har vi berre nokre få
idear og prøver ting med heile teatergruppa i eit slags
laboratorium.»
-
17|| VÅR 2017 ||
ratorium. I vårt eige arbeid begynner vi ofte med ein visuell
idé eller eit poetisk bilete, og vår eigen musikk er ei utforsking
av desse bileta. Når vi lagar musikk, tenkjer vi ikkje på musikk,
men mediterer over stemningar og dei føringane vi får.
Mens Sierra er ute på golvet under prøve-ne, held Bianca seg
mest bak med musikara-ne, der ho stadig må ta imot meir og mindre
konkrete utfordringar frå Wilson:
– Romantic music, love!Så, litt seinare:– Play as fast as you
can!Og seinare igjen:– Bianca, whatever you guys can think of
to
do, try something, anything!Bianca og musikarane hennar er
der
kvar prøvedag og improviserer, med piano, trommemaskin, song og
fiolin, etter Wilsons instruksjonar. På kveldane komponerer dei
tekst og musikk til neste dag, og skodespela-rane vaknar kvar
morgon med ei ny mp3-fil i innboksen sin, som dei må høyre på, og
lære seg tekst og melodi på trikken til jobb.
– Noko av materialet kjem frå det som skjer spontant under
prøvane, men det blir filtrert igjen og igjen gjennom oss når vi
arbeider i vårt eige rike. Vi er djupt innkapsla i denne verda, vi
drøymer ho, vi vaknar i ho. Det er ikkje noko skilje mellom arbeid
og fritid
– sinna våre held fram å syngje.Bianca forklarer at dei skriv
ned notar
nokre gonger, men dei er avhengige av å ha med seg musikarar som
er villige til å arbeide fort og lære musikken berre med å høyre på
dei to syngje.
– For melodiane kjem i augeblikket, og dei må leikast med i det
same augeblikket. Alle i rommet er del av det. Sånn liker Bob å
arbei-de. Alt skjer i augeblikket.
– Korleis er det å samarbeide med Wilson om musikken?
– Av og til blir han veldig involvert. Men om noko fungerer,
seier han ikkje mykje, da begyn-ner han berre å koreografere og
danse rundt i rommet. Og det er sånn vi veit at det fungerer.
CocoRosieCocoRosie, som består av Bianca «Coco» og Sierra
«Rosie» Casady, har gitt ut seks
album, laga filmmusikk, og musikken deira er blitt brukt i
oppsetjing av Hamlet på
Dramaten i Sverige. Dei samarbeidde først med Robert Wilson om
Peter Pan i Paris i
2013. Under prøvene på Edda i mai hadde dei med seg tre ekstra
musikarar: Vokalper-
kusjonisten Vincent Garlantezec, Takuya Nakamura på piano,
mellotron og trompet,
og fiolinisten Asia Sorshneva.
-
|| VÅR 2017 ||18
Gudar, jotnar og eit skravlete ekorn
– ein kort introduksjon til norrøn mytologi.TEKST CARLINE TROMP
TIL NYNORSK VED ARNE TORP
Guden Tor laga torevér når han var ute med hammaren Mjølner og
vogna, som kunne flyge over himmelen når han blei trekt av dei to
bukkane Tanngnjost og Tanngrisne. Tors strid med jotnane (1872),
måla av Mårten Eskil Winge.
-
19|| VÅR 2017 ||
Høyr meg no,høge, låge, alle ætter, Heimdalls søner.Soger vil
du, Valfar, eg seier, dei første eg minnest frå fjerne tider.*
Slik opnar Edda-diktet Voluspå: ei forteljarrøyst, som viser seg
å komme frå ei volve, ei som har evna til å sjå inn i fortid og
fram-tid, og ho innleier ei forteljing om det første ho minnest frå
fjerne
tider. Det er også ein god start på ein tekst om den norrøne
mytologien. Før ein gir seg i kast med Odin, Tor og Frøya, er det
greitt å min-nast at alt vi veit om dei og universet dei er en del
av, er basert på minne og attforteljingar som går over tusen år
attende i tida.
Det finst ikkje nokon «bibel» for den norrøne mytologien, som
forklarer alt frå opphav til ende. Det vi har, er fragment av
forteljingar frå ulike kjelder. Dei viktigaste er eddadikta (ei rad
dikt om norrøne gudar og legendariske heltar) og Snorre Sturlasons
Edda, men mytologiske referansar finst også i sagalitteraturen og
skaldedikt. I tillegg finst det spor etter den gamle religionen i
bilete og symbol, på runesteinar og gjenstandar, i stadnamn og i
graver.
Snorre var ein lærd kristen forfattar, som ville setje den gamle
gudelæra i system. Men framstillinga hans stemmer ikkje alltid
overeins med dei andre kjeldene. Av og til er historiene sprikande,
og somme ting blir aldri heilt klare for oss. Men kanskje det ikkje
gjer så mykje? «Mytens hjul er ikke noe i seg selv, spilenes sang
gjør hele jobben», skriv forfattaren Erling Kittelsen i boka
Fredsslutning. Samtale med Edda, og slik er det. La oss sjå nærmare
på nokre av spilene.
ÆSENEMange ulike vesen lever i det mytologiske universet. Æsene
er den gruppa søkjely-set ofte er retta mot. Tor og Odin, Frigg og
Heimdall er blant æsene. Dei lever i Åsgard, den høgste verda. Ei
anna gudeætt er vanane, og ein gong låg dei to gruppene i ein krig
som var så alvorleg at han berre kunne endast ved utveksling av
gislar. Æsene fekk Njord og hans barn Frøy og Frøya, som blei
buande i Åsgard. Vanane fekk Høne og den kloke Mime – eigentleg ein
jotun, som var klokare enn nokon annan.
JOTNANEAv eit heilt anna slag er jotnane, som er knytte til
sjølve jorda, til steinane og fjellet og havet. Det finst mange
jotnar i mytane, og det er stadig bråk mellom dei og gudane. Det er
likevel ikkje så enkelt som å seie at jotnane er «vonde» og gudane
«gode». Eit kjenneteikn
ved den norrøne mytologien er at figurane er tvitydige og
tvilrådige – menneskelege, kan ein seie. Dessutan er alle dei ulike
gruppene nødvendige for å halde verda oppe. Mytane fortel både om
krigar, konfliktar, samarbeid og ekteskap mellom gudar og
jotnar.
ULIKE SKAPNINGAREdda-dikta fortel også om dvergar og alvar. Det
finst også mange andre skapningar som det er vanskeleg å
kategorisere; t.d. nornene, tre kvinnelege figurar som vev lagnaden
til alle andre, og valkyrjer, som Odin sender til slagmarkene for å
avgjere kven som skal døy i krigen. Det er også en heil mengd dyr,
frå det skravlete ekornet Ratatosk, som spring opp og ned på
verdstreet Yggdrasil med nyhende og ein kvartett med hjortar som et
på det same treet, til Odins ramnar Hugin og Munin.
Odin som gudekonge på trone flankert av ramnane Hugin og Munin;
tanken og minnet, og ulvane Gere og Freke, som tyder grisk eller
grådig. Illustrasjon frå 1880-åra av Carl Emil Doepler. Foto:
akg-images /NTB scanpix
-
|| VÅR 2017 ||20
MENNESKAKva så med menneska? Ja, dei finst også. Voluspå fortel
korleis menneskeparet Ask og Embla blir funne og blåsne liv i av
æsene Høne, Lodur og Odin. Men menneska har el-les lite å bestille
i dei kosmiske dragkampane som mytane fortel om.
ODINMange av desse historiene involverer Odin, sjefsguden eller
«den Høge», som Snorre kallar han. Odin er ein krigargud som rår
for siger og tap og samlar falne krigarar heime hos seg i Valhall.
Men han er også guden for kunnskap og magi. Diktet Håvamål fortel
korleis Odin hengde seg i eit tre, i ni netter, «ofra seg sjølv til
seg sjølv», for å få hemme-leg kunnskap. Ei anna historie, som blir
for-tald i ulike versjonar, handlar om at Odin la det eine auget
sitt som pant i Mimes brønn for å få innblikk i ting som vanlege
dødelege ikkje får sjå.
VOLUSPÅDiktet Voluspå gir enda eit døme på Odins grenselause
tørst etter kunnskap. Her vit-jar han ei volve, ei kvinne som kan
sjå inn i både fortid og framtid. Odin får henne til å fortelje om
korleis verda vart til frå ingen-ting: Først var det berre
Ginnungagap, ein tom stad, utan gras, sand eller sjø. Andre kjelder
fortel at Yme oppstod, ein tvikjønna urskapnad av jotunætt. Odin,
Vilje og Ve drap Yme og skapte verda av kjøttet hans. Volva fortel
så om korleis gudane etter kvart skapte dvergane og menneska. Ho
ritar opp eit bilete av eit samansett kosmos: Det finst ni verder,
mellom anna Midgard, der gudane og menneska bur, og Utgard, verda
til jotnane. I midten står verdstreet Yggdrasil, som har røter i
underverda og strekkjer seg heilt opp.
TOR, LOKE, FENRISULVEN OG MIDGARDSORMENDet finst mange historier
om møte mellom gudar og jotnar. Særleg Odins son Tor, som flyg
rundt i ei vogn dregen av to bukkar så tora gjallar, er stadig ute
og slåst med dei. Tor er rå kraft, ikkje alltid den luraste, men er
der når han trengst. Hans rake motsetning er halvguden Loke, ein
usætande type med eit sjarmerande vesen og nokså uviss
kjønnsi-dentitet. Loke er far (eller mor!) til ei mengd mytologiske
monster: Med hesten Svadilfare avla han Odins åttebeinte hest
Sleipner, med jotunkvinna Angerboda fekk han Fenrisul-ven,
dødsgudinna Hel og Midgardsormen, ein orm så lang at han buktar seg
rundt heile Midgard. Ein gong på fisketur fekk Tor Midgardsormen på
kroken og drog så hardt i snøret at verda rista.
FRØY, FRØYA, FRIGG OG BALDERVanene Frøya og Frøy er knytte til
frukt-barheit, vekstane i naturen og avlingane på markene. Frøya
rådde også i spørsmål om kjærleik, fødsel og død. Ho køyrer i ei
vogn som blir dregen av to kattar og som går lydlaust. Frigg er
gift med Odin og veit liksom han alt om framtida både for verda,
gudar og menneske. Ho er ei av fleire åsynjer, kvinnelege gudar,
men dei fleste av dei veit vi dessverre lite om. Frigg er mor til
Balder, den vakraste av gudane, godt likt av alle. Den mest
dramatiske hendinga i gudeverda er når Balder på grunn av Lokes
list blir drepen i ein leik. Gudane sende bod for å hente han ut av
Hel, men til inga nytte.
RAGNAROKDet er byrjinga på slutten for gudane, slik det er
skildra i Voluspå. Gjennom heile diktet blir det sådd frø til ein
katastrofe som skal komme. Det er strid om gull og makt, det er
konfliktar og gamalt agg som veks seg større. Så gjallar
Heimdals horn, «lagnadstungt»: Det er signalet for den store
vinteren, for ein krig der alle slåst med alle, bror mot bror:
Ragnarok. Fenrisulven slit seg laus frå len-kjene og sluker Odin,
Tor og Midgardsormen drep kvarandre, verda blir lagd i øyde. Sola
sloknar, jorda sig i havet. Og stig så opp att, med ein ny
generasjon av gudar. Lyder dette kjent? Vi kan seie at kristne
førestellingar hos dei som skreiv dette om undergang og atterføding
blir blanda saman med gamle, og ganske universelle tankar om at
verdshistoria er syklisk og dømd til å gå i ring.
For å seie det, igjen, med volva sine ord: Veit de nok, eller
kva?
Sitata frå Voluspå er frå Eddadikt, Gjendikting og kommentarar
av Knut Ødegård, Cappelen Damm 2014.
Verdstreet Yggdrasil var ei ask eller ei barlind som breidde
greinene sine over heile verda. Treet var alltid grønt, og dogg
draup ned på jorda frå det. Røtene gjekk ned til æsenes rike.
Illustrasjon av Finnur Magnússon. Foto: Mary Evans Picture /NTB
scanpix
-
21|| VÅR 2017 ||
Frå lunsj til sein kveld fin
n du ein omfangsrik me
ny med kontinentale sm
ørbrød, fransk brasseri
og botnsolid à la carte.
Til barn er det halv pors
jon til halv pris. Det går
også an å feire bursdag
en
med framsyning og ma
tservering! For grupper
kan teateret tilby eigne
lokale om de vil sitje ufo
r-
styrra. Hugs å bestille d
rikke til pausen!
LØVE RESTAURANT
& BAREin uformell
møtestad i hjartet
av foajeen på teateret
GRUPPER, BURSDAGAR OG ARRANGEMENT
[email protected] ELLER RING 22 47 38 20
BORDBESTILLING OG [email protected]
ELLER RING 22 47 39 70
-
|| VÅR 2017 ||22
Første gongen eg møtte Robert Wilson, bad han meg lese eit
tekstutdrag frå Peer Gynt. Først skulle eg lese som ein tenåring,
så som ein fireåring og til slutt som ein atten månader gamal
baby. Eg hadde nummerlapp på brystet, det var audition til Peer
Gynt i Jon Fosse si gjen-dikting og vi var i ein av prøvesalane på
Det Norske Teatret. Året var 2004. Til slutt ville han sjå meg som
Marilyn Monroe syngjande Happy Birthday to you, Mr President, med
eine handa på hofta. Bak langbordet i salen sat Bob med mikrofon og
lytta og såg. Djupt konsentrert. Til stades. Eg kjende meg sjeldan
sett.
Eg fekk rolla som Den grønkledde i tillegg til nokre av dei
andre karakterane i Peer Gynt. Mykje av arbeidet var å sjå på Bob.
Sjå denne vakre, store, lette mannen trylle
fram karakterar. Det bur uendeleg mange kroppar inne i den store
texanaren. Troll, småungar, rasande gamle gubbar, poetiske
elskande, sexy manneetarar. Han har uen-delege variasjonar av
fysiske uttrykk for kjensler, alder og tyngde.
I Prøvesalen nede i kjellaren blei golvet teikna opp i
rutemønster. Så måtte vi sko-despelarane opp på golvet og prøve å
gjen-skapa rørslene til Bob. Han gjekk opp alle rørslene først,
viste oss korleis det skulle gjerast. Nokre gonger kunne vi få
instruk-sjonar av Bob gjennom mikrofonen, som i eit sjakkspel frå
rute til rute på golvet - og vips hadde han laga ein spiraldans av
møtet mellom Den grønkledde og Peer.
– Silence! Absolute silence! Wilson var nådelaus og kravde full
konsentrasjon og stille.
Teksten la vi på til slutt. Vi arbeidde ikkje
med psykologi eller analyse. Det var rørsler i rommet. I tid. I
stille. Så falt teksten på plass av seg sjølv til slutt. Heilt
magisk. Vi hadde knapt rørt ved teksten og allikevel stod den
krystallklart fram. Teksten blei tolka av rørslene i rommet, av
kroppane våre, av koreografien til Bob.
Det var heilt spesielt å få spele karakterane han hadde skapt
for oss; rasande, spyttan-de, bannande, krokete gammal sunnmørsk
kjerring med burka på veg til bryllaup, med ei høg, tynn flirande
jentunge i armkroken. Dansande bryllaupsgjest. Den grønkled-de med
lange neglar, tunge augelokk og slangetunge. Pennen i Galehuset,
som ei Marlene Dietrich i oransje fjørkappe, med korsett og ein
diger kniv. Det var så moro!
Eg kjem aldri til å gløyme Harald Heide-Steen jr. i rolla som
Dovregubben. Sonen min, som var fem år gamal den gongen, sat
hypnotisert i salen på alle laur-dagsprøvene, 4 timar kvar veke.
Favoritten var Dovregubben. No i sommar var eg på Berlinerensemble
med begge ungane mine. Sonen min som no er blitt 16 år gamal og
dottera mi på ni år såg Faust I og II i regi av Wilson, fire timar
på tysk. Dei var begge to heilt oppslukte av rørslene, fargane,
lyset, leiken og musikken oppe på scenen.
Og no skal vi spele Edda i Jon Fosses gjendikting. Vi har vore
gjennom Stage A i april. Dette er første delen av arbeidet der Bob
legg koreografi og prøver ut dei scenografiske løysingane. Bob som
no er 75 år, og like lett i kroppen, har leika fram uendelege troll
og gudar for oss. Vi har rutemønster på golvet igjen og videoopptak
av rørslene våre i tid og rom. Eg er Volva, ei spådomskvinne. Eg
veit mykje om rørslene mine og lite om teksten så langt. Men eg
veit at det blir visuelt, leikent, musikalsk og poetisk. Det blir
ei framsyning med mange overraskingar.
Gjertrud Jynge saman med Robert Wilson under prøvane
til Peer Gynt i 2005.
Han bad meg lese teksten som ein atten månader gamal baby
Gjertrud Jynge fortel om møtet med Robert Wilson.FORTALD TIL IDA
MICHAELSEN FOTO LESLEY LESLIE-SPINKS
-
23|| VÅR 2017 ||
ANNONSE
V isste du at den orgi-nale pizzaen kjem frå Napoli? Det blir
sagt at den aller første pizzaen skal ha blitt laga på den gamle
restau-ranten Antica Pizzeria Port’Alba i Napoli så langt tilbake
som i 1738. Etter den tid har vi sett ei rad variantar: Tjukke
kveite-mjølsbotnar, salatar på toppen, bearnés, rømme – eller den
feite amerikanske varianten med pommes frites på toppen. Men
korleis lagar ein eigentleg den orginale pizzaen?
Tomatane må vere frå San Marzano i regionen Campana. Olje er
ikkje tillate. Mjølet må vere av den ekstra finmalne typen «tipo 0»
eller «tipo 00». Deigen må formast med hendene etter heving – utan
å bruke kjevle. Piz-zaen skal steikjast i 60-90 sekund, helst på
485 gradar Celsius, i en vedfyrt steinomn. Reglane er mange og
rigide. I 1984 blei foreininga «Associazione Vera Pizza Napoletana»
etablert. Ho
føreskriv eit definert sett med reglar som skildrar dei heilt
kor-rekte handverkstradisjonane. Ein såkalla «master pizzaioli» vil
nok likevel leggje til enda fleire krav.
Framfor ein vedomn i kjel-laren på Paleet står soussjef
Francesco De Palma (41) frå Siena, Antonio Barbuto (32) frå Salerno
og Federico Maltese (29) som opphavleg er frå Sicilia, og
preparerer kjøkkenet på Pizza Crudo. Førebuingane til dagens
pizzabaking starta tidleg.
Det finst berre tre offisielle variantar av napolitansk pizza,
jamvel om det er lov å eksperi-mentere noko med toppingen. Ekte
Pizza Margherita blir laga med rå puré av San Marzano-to-matar,
«fior di latte» som er mozzarella laga av kumjølk, frisk basilikum
og extra virgin oliven-olje. Om ein nyttar Mozzarella di Bufala –
av mjølk frå vassbøffe-len som er oppfostra i Campana eller Lazio –
så har du laga den område-verna Pizza Margherita
DOP (Denominazione di Origine Protetta). Om du tek bort osten og
erstattar med kvitlauk og ore-gano, så sit du att med den tredje og
siste varianten som er kalla Pizza Marinara. Dette er dei tre
offisielle napolitanske pizzaene.
Botnen er tynn og sprø, men samtidig mjuk og elastisk – ak-kurat
slik ein ekte napolitansk pizza skal vere. På grunn av den høge
temperaturen har kanten bobla opp og det har laga seg små forkola
flekker som er med og skapar eit fantastisk angan-de sluttresultat.
En napolitansk pizza bør gjerne etast med kniv og gaffel. Den tynne
botnen er ikkje så god å halde i handa, men om du vil, så er det
lov å brette stykket i to så det blir enklare å handtere. Antonio
skyt inn at italienarar som kjø-per pizza som frå gatekjøkken,
gjerne brettar heile pizzaen i fire for å kunne kose seg med han på
vegen. Om italienarar gjer det, så er det lov.
Ein smak av NapoliSmaken av Napoli ligg berre nokre få minutt
frå teatersalen. Det Norske Teatret og Paleet er gode naboar i
sentrum. Ønskjer du å utvide teateropplevinga kan Pizza
Crudo lokke med ein rikhaldig italiensk meny. Berre ein kort
spasertur unna teater-salen finn du nokre av byens beste
pizzakokkar – i kjellaren på Paleet.
TEKST OG FOTO ANDERS HUSA
P I Z Z A C R U D O . N O / T L F 2 3 8 9 8 7 2 6
Denne sausen har eg jobba med
lenge, det tek fleire dagar å førebu han.
Francesco De Palma
-
|| VÅR 2017 ||24
Den såkalla «Beckettgjen-gen» på DNT, med omsetjar og regissør
Bjørn Endreson i spissen, produserte med velsigning frå meisteren
sjølv ikkje mindre enn 10
oppsetjingar av dei viktigaste større stykka hans og ulike
samansetjingar av småstykka, i åra frå 1970–1991, og med eit lite
etterspel så seint som i 1996. Dette var mogleg fordi Endreson fekk
til eit personleg og nært sam-arbeid med Beckett. I artikkelen
under fortel han om ein kveld saman med meisteren på ein stamcafe i
Paris heilt på slutten av 1970–talet. Her står det svart på kvitt
at Endreson der og da fekk rettane til tekstar som til da ikkje var
framførte – nemleg Teater I og Teater II, begge er med i sesongens
Beckett-framsyning Røff;
Eit svar på eit visittkort, 23 ord: Kom når du vil. Heime i
heile haust.
«Cafe Lilla», 139 Boulevard Montparnasse, halv åtte. Mildt yr,
ho–regn som indianarane seier. Blanke gater. Eg gjekk og nynna på
no-kre liner han hadde laga for tretti år sidan.
Eg ønskjer at min kjæraste døyddeOg at regnet fall på
kyrkjegardenOg på meg som går i gateneOg sørgjer over ho som
elska«Lilla» med stort vindauge der svarte hum-
rar kraup rundt i vatn mellom to glasruter blant steinar og
tang. Var det laga til ære for stamgjesten? Eller kanskje han hadde
sete der inne ved vindauget og skrive historia Dante og hummaren?
Hummar på land, levande kokt. – «Well thought Belaqua, it’s a quick
death. God help us all. It is not.»
Han stod der med ryggen til. Men eg visste det var han: Det
smale hovudet, det tettgrodde, gråstrie håret, kortklipt ved dei
store øyra bret-
ta litt framover, som på ein som har lydd mykje.– Mr. Beckett?
Han snudde seg.– Oh yes, there you are. Pause. Taus vand-
ring til bord som ein kveld for ti år sidan eller i går. Kelner.
Beckett sa noko og såg på meg. Cola–vodka, sa eg. Eg hadde ikkje
kome for å spørje om noko. Han hadde svart nok. Det var helst han
som spurde. Om oppsetjinga-ne heime, og om det vi skulle gjera.
Like låg røyst som eg hadde tenkt, lik rollene hans. Like knapp og
presis i formuleringane. Mild i måten. Sjølvsagt. Og pausane like
sjølvsagde. Til ein av oss braut. Tett. Interessert. Ingen
tolkingar og synsmåtar. Konkrete detaljar: Vladimirs lommerusk,
Clovs pigg, Arsenal – Ipswich 2–0, pappmånen i Godot som vi gjor-de
med berre lys. OK. Vindauga på bakveggen i Sluttspel–rommet som vi
let vera i veggen mot salen. Bra. Enda så nøye han er med
sceneskildringane. Som om vi spela sjakk. Plutseleg ei anna brikke
enn venta. Av og til i London. Nei, ikkje på teater. På
cricketmatch.
Drinkane kom. Kelneren gjekk. Høgt glas med whisky og store
isbitar. Han samla dei lange fingrane til eit hegrenebb som han
stakk ned i glaset, fekk tak i isbitane, lyfte handa høgt og sende
innhaldet i parketten med ein piskesnert så spruten stod. Kva var
det eg såg? Stumme Gløggs pisk i eit høyrespel, rolege Krapp som
plutseleg riv rullane av bandspela-ren og hiv dei siste dagboksorda
i golvet. Roleg vende Beckett seg mot meg og sa:
Merkeleg at ikkje folk skjønar kva eg seier.– Skjønar betre no,
sa eg. For tjue år sidan
gjekk folk midt under Sluttspel og smelte med dørene. I dag kan
stykket stå på plakaten i fleire månader.
Det måtte ha vore ein ny kelner. Han kom bort for å byte
drinken.
– No, no. It’s allright. Ice gone. Eg høyrde sidan at
irlendingar sjeldan vil ha whiskyen kald.
– Kor lang tid tok Not I? Nesten førti minuttar i Berlin.
Ufyseleg heilkveld.
– Atten.– Bra. Må vera ein stad mellom femten og
tjue. Folk skal ikkje gjespe seg heim.Eg sa vi tenkte å bruke
Pust som siste num-
mer av ein kveld med einaktarar (varer tretti sekund). Men nei.
Folk kunne tru det var det siste han hadde skrive. Mindre og
mindre.
– Bruk det før og etter og mellom dei andre. Pust er i alt eg
har skrive. Trekte det tilba-ke da det vart misbrukt som forspel
til Oh Calcutta. Der brukte dei nakne lår blant alt rasket. Det
finst ikkje kroppar i Pust, berre uorganiske restar, andedrag og
skrik.
Pause.Seia noko her og no. Ikkje om noko. Om-
snakking vart han ferdig med på skulen. Slut-ta som lærar fordi
han kjende at ingenting av det han sa var sanning. Gjekk ut og
leita og fann ut at det å ha «meiningar» er umogleg. Kan ikkje
kjenne seg sjølv, derfor heller ikkje andre, derfor heller ikkje
noko i det heile. Prøver å seia så presist som mogleg at det å seia
noko endeleg om noko ikkje er mennes-keleg mogleg. Krakken blir
sparka vekk frå ørkenvandraren i Spel utan ord i det han skal setja
seg. Kan ikkje seia noko, vil ikkje, tør ikkje, må. Og for å vri
litt på vennen Descar-tes: Veit ikkje, altså er eg. Har det vondt,
ergo er eg. Og så le litt, vera klovn. Ingenting er så morosamt som
det ulykkelege, seier Nell i søppelkassa mens ho ventar på døden
eller nirvana. Men Miltons utkasta Adam og Eva fann hendene til
kvarandre. Vera saman i elendet, lik Didi og Gogo, Nell og Nagg,
alle para i Becketts verd, ber ein over så mykje. Og varmen, der
han måtte finnast.
Eit dragspel ute på gata. Musikk?– Ja, musikk er alt eg har
laga. Nokre urto-
nar. Om att og om att. Med varia sjonar. Bur rett borti gata
her. Arbeider helst i hytta ved
Eit møte med Beckett på Cafe Lilla
Når Bjørn Sundquist no presenterer sin tredje Beckettproduksjon
på like mange år, akslar han ein solid tradisjon på Det Norske
Teatret,
som både set ein standard og inspirerer. TEKST BJØRN ENDRESON
(artikkelen blei publisert første gong i 1982) FOTO ROSEMARIE
CLAUSEN/ULLSTEIN BILD/GETTY IMAGES
-
25|| VÅR 2017 ||
Seinen, utanfor byen. Vinteren i Marokko. Du finn meg om du vil.
Eg har funne eit par småting i skuffen. Teater I og Teater II. Dei
kan du få spela. Som dei første.
Kvelden blir lang. Brune sigarettar med svart tobakk. Og i
sløret av røyk dette and-letet meisla i marmor, teikna i honning på
same tid, slite ned til sirlege fòrer, brunt som pensla med lys
tjære. Malmfuru. Like dei urokkelege grunntema hans, og forma. Utan
tvil, utan nåde, stein ved havet reinska for mose, slam og sniglar.
Rom utan tapet og nips, inne ved den inste kviskring der vi alle er
stakkarar i filler og tap og anger og uvisse.
Han tok vennleg farvel med kelneren med isen. Vi vart ståande ei
stund utanfor mellom ei østersbu og hummarvindauget. Lufta var
framleis yr og det berre hovudet hans fekk perler. Høghalsa genser,
ru lang skinnjakke med saueragg til fòr, hadde ikkje tatt han av
inne.
– Hels alle som arbeider for meg der oppe, sa han. Skriv eg meir
før eg fer, skal eg sende det til deg.
SAMUEL BECKETT PÅ DET NORSKE TEATRET
Mens vi ventar på Godot (1970), Sluttspel (1971) Seks Beckett
(1975), Pust og Fire (1980), Beckett 75 (1981), Vera saman (1983),
Katastrofe av og til Havel (med tekstar av Beckett, Václav Havel,
Arthur Miller og Eugène Ionesco, 1984), Glade dagar (1986), Trass i
alt (1991) og Ein sørgeleg
time med TT eller TD (1996).
I 1976 fekk Endreson Kritikarprisen for ei heil veke med
Beckettprogram.
RØFFAV Samuel Beckett OMSETJING Bjørn Endreson REGISSØR Bjørn
Sundquist PREMIERE 21. januar på Scene 2 MED Per Schaanning,
Sigmund Sæverud, Kyrre Hellum, Frank Kjosås, Øyvin BervenPoetisk,
humoristisk og djupt tragisk om livet frå nobelprisvinnaren
Beckett.
-
|| VÅR 2017 ||26
I11 ÅR handlar det om kvardagen; dei dagane det er flest av. Vi
er i skolegar-den, men ved hjelp av øyretelefonar kan publikum
samstundes følgje dialogen i eitt av klasseromma på skolen.
TVINGA SEG FRAM– Har barna våre det bra? Og er dei snille mot
dei andre? Spørsmål som alle foreldre stiller seg er utgangspunkt
for framsyninga 11 ÅR som pressa seg fram hos Toril Goksøyr og
Camilla Martens under arbeidet med eit anna prosjekt. Til slutt la
dei bort arbeidet dei satt med og gjekk i gang med ei større
undersøking rundt kvardagen til barn som står midt i den
brytningstida 11–årsalderen representerer.
Goksøyr og Martens har gjennom snart to tiår markert seg som
viktige teaterfornyarar i det norske scenekunstmiljøet.
Stillferdige og
tenksame har dei bevisst brukt og utnytta po-tensialet frå
fleire kunstformer. Sjølv om dei hadde bakgrunn frå teateret, lova
dei kvaran-dre da dei gjekk på Kunstakademiet at dei ik-kje skulle
produsere teaterframsyningar. Det heldt ikkje lenge. I studietida
kontakta dei like godt teatersjefen på Nationaltheatret og
debuten endra retninga på det kunstnarlege prosjektet deira for
alltid.
DOKUMENTARTEATER– Den første produksjonen vår på
National-theatret var Biografi med Monna Tandberg og Jon Øigarden.
Han spelte student hos den
KVARDAGS- DRAMA– Det må mange sanne historier til for å skape
ein endeleg fiksjon, seier kunstnarduoen som i vår skal reise eit
stillas på Hovudscenen. Fire meter over scene-golvet skal publikum
få kikke ned på skolegarden. Ein stad vi alle trur vi kjenner.TEKST
IDA MICHAELSEN FOTO UNA LINE REE HUNDERI
-
27|| VÅR 2017 ||
eldre læraren og skulle mellom anna sitere frå Hamlets monolog.
Den vi alle kjenner så godt. Det var eit slags forsøk på å utforske
korleis ein kan gjere seg sjølv udødeleg. Lars Wikdahl som var del
av prosjektet hadde gjennom sine 48 år ved teateret stort sett
ber-re gjort statistroller. Han skulle fortelje om
korleis han hadde opplevd dette og undervegs i prosjektet tredde
historia hans fram som mykje meir relevant enn alt anna. Der og da
fekk vi stadfesta verdien av det dokumenta-riske, seier
Camilla.
Det er nesten blitt signaturen til det vesle
kunstnarkollektivet; vekselbruken av kunst,
verkelegheit og teater. Og heile vegen har dei utfordra vinkelen
som publikum får. Dei har bevisst tatt med seg gallerierfaringa inn
i teaterrommet. Ved hjelp av snedige, i dag kanskje meir opplagde,
brot med konvensjo-nen har dei utforska dei store drama i vanlege
folks liv. Dei som går føre seg på foreldremø-
«Vi pleier å under streke at det har alltid vore ein stor fordel
å vere feilplassert,
anten det er som regissør i bilde kunstfeltet, eller som
bildekunstnar i teateret.»
11 ÅR AV OG I SAMARBEID MED Goksøyr & Martens URPREMIERE 23.
MAI PÅ HOVUDSCENEN MED Kjersti Dalseide, Julie Moe Sandø, Jon
Beliklie Devik, Agnes Kittelsen, Oddgeir Thune, Benjamin Haug
Haugen Ei historie om kjærleik, einsemd og forskyving av
ansvar.
-
|| VÅR 2017 ||28
ta, i omsorgsbustaden til gamle foreldre eller i parken. Kva
veit vi eigentleg om livet vårt. Om livet til dei vi treffer i dei
nære relasjo-nane? Oppsetjingane til Goksøyr og Martens er baserte
på grundige undersøkingar av menneske og miljø og kastar med sine
nær-studium lys over både samfunnsproblem og mellommenneskelege
relasjonar, og koplar ofte det djupt private med eit større bilde
på samtida. Gjennom denne forma belyser dei utfordringane moderne
menneske møter på ein tankevekkande og modig måte.
AVTRYKK FRÅ EIGNE LIV– I all hovudsak forblir arbeidet vårt ei
un-dersøking av eige liv. Dersom vi kan komme nærmare sanninga om
kvardagen vår, om livet vi lever, så har det langt større verdi for
oss, enn oppskrifta på korleis vi burde leve livet vårt, seier dei.
– Vi veit korleis det er å ha barn på 11 år. Utan den erfaringa
hadde vi aldri laga denne produksjonen. Men sam-stundes er det
viktig å understreke at dette
ikkje handlar om våre barn, eller andre sine barn for den saks
skyld. Det er ei historie som er skriven på bakgrunn av ei grundig
undersøking. Vi har snakka med psykologar, med foreldre og med
lærarar, og vi har lese mykje om tema-et. Dette har ført oss
vidare, vi har knytt nye kontaktar, og ut av dette nøstet har vi
vove saman ei forteljing som går føre seg på skolen. Det er på ein
måte veldig konkret og re-alistisk, men vi insisterer på å oppheve
det sanne i den. Det er fiksjon som mange nok vil kjenne seg igjen
i, ettersom vi alle har vore innom denne plassen.
NYTTIG FEILPLASSERINGSamanblandinga av bilde-kunsten, teateret
og den særskilde forsky-vinga av perspektiv, som kjenneteiknar
duoens arbeid, har også ført til nye måtar å presentere teaterfram
syningar på.
– Vi pleier å understreke at det har alltid vore ein stor fordel
å vere feilplassert, an-ten det er som regissør i bildekunstfeltet,
eller som bildekunstnar i teateret. Bak-grunnen frå bildekunsten
gjer at vi alltid har kopla bildeflata med scenerommet. Og i staden
for å vise scenebilde i rekkefølgje, om du vil, slik ein normalt
gjer i teateret, har vi vendt blikket i ei anna retning og
ved hjelp av ukonvensjonell plassering av publikum, i dei siste
produksjonane ved hjelp av høge stillas, vil publikum sjå prosjekta
våre i fugleperspektiv og flata dei observerer liknar den frå
bildekunsten. Dette er ein strategi vi bevisst har tatt med oss inn
i teaterarbeidet vårt.
Ei djup interesse for det offentlege rommet har óg vore viktig,
og har ført til framsyningar som OMsorg, Fri og no 11 ÅR, der
stillasa og fugleperspektivet har danna ramma rundt opple-vinga.
Kjensla av å vere i tea-teret blir utfordra. Publikum får ein slags
kikkarplass der dei kan observere dagleg-dagse hendingar som
likevel
er styrte frå regi pulten. Dialogen, spelet, samhandlinga mellom
karakterane og det tilsynelatande normale i alt som skjer,
for-størrar livet sjølv. Og plasseringa langt over bakken, gjer at
det er umogleg å bryte inn.
– Det er ikkje til å kome unna at dette prosjektet også er eit
resultat av frykt. Det er frykta for at det verste kan skje med
barna våre som tvinga fram dette arbei-det. Frykta var ein
føresetnad, kan du seie, avsluttar dei to.
Så kanskje er ikkje det dokumentariske ut-gangspunktet for 11 ÅR
så vanskeleg å spore.
Toril Goks
øyr
«Vi veit korleis det er å ha barn
på 11 år. Utan den erfaringa hadde vi aldri laga denne
produksjonen.»
It would be nice to do something political, Venezia - biennalen,
den nordiske pavilliongen, 2007. Foto: Stefano Campus.
Hva må gjøres?, Galleri UKS, Oslo, 27. November 1998.Foto:
Are Carlsen.
OMsorg, Nationaltheatret, premiere 24. oktober 2013. Foto: Gisle
Bjørneby.
-
29|| VÅR 2017 ||
A K T U E L L
JULIE MOE SANDØ
SKODESPELAR
Aktuell som mora i 11 ÅR.
Eg speler mora til ei jente på 11 år. Det har skjedd noko
tragisk på skolen, og eg og faren skal på skolen for å snakke med
læraren og rektoren. Hendingar i skolegarden har blitt hand sama
katastrofalt av skolen. No treng mora at dei tek ansvar, seier at
«dette var det som skjedde, og det var vår skuld». Kva gjer det med
deg som mor å oppleve at ungen din ikkje har det bra, og at du
ikkje kjenner henne så godt som du trudde?
Tematisk arbeider Goksøyr/Martens grun-dig med mykje
dokumentarisk materiale. Dei har utvikla ei form der publikum sit i
eit fugleperspektiv og ser ned på ein spelarena, og med
høyretelefonar får dei lyden. I denne forma kan du bygge opp
komplekse, parallelle handlingar, og som publikum får du ei kjensle
av å vere veldig nært. Som skodespelar kan eg også spele på ein
annan måte, nesten filmatisk. Eg ønskjer å gå like djupt inn i
tematikken som dei gjer og vere like kompromisslaus som dei er i
sitt arbeid. Og det er krevjande! Vi hadde eit forprosjekt der vi
improviserte fram mykje, og eg kjende det sat hardt i magen. Eg
drøymde om det om natta og tenkte på det heile tida.
Eg hugsar godt korleis eg var da eg sjølv var 11 år. Det var ei
brytingstid, på veg inn i ungdoms-åra. Eg begynte å bli meir
sjølvbevisst, tenkje på korleis verda ser på og oppfattar meg. Eg
skreiv lister i dagboka mi: «Ting eg må hugse», til dømes ei liste
over ord eg ikkje måtte bruke. Framandord som eg innsåg var for
vaksne, som fekk meg til å verke overlegen eller arrogant. Eg
begynte i den alderen å tilpasse meg. Begynte å lage ein versjon av
meg sjølv som eg trudde folk ville ha. Og det er ein pågåande
prosess. Ein blir jo til i møte med andre.
FORTALD TIL ERLEND TÅRNESVIK DREIÅSFOTO SIREN HØYLAND SÆTER
-
|| VÅR 2017 ||30
Kva yrkesvalet har hatt å seie for livet
Dei har stått på scenen i 50 og 67 år. Der har dei, i tillegg
til applaus, hausta yrkes- og livserfaring. I vår speler Britt
Langlie, 71, og Toralv Maurstad,90, to psykoterapeutar med så solid
livs- og yrkeserfaring at dei kan sjå seg tilbake over aksla og
tenkje gjennom kva
yrket har gjort med livet og kva livet har gjort med yrket.TEKST
ASTRID SLETBAKK TIL NYNORSK VED ARNE TORP FOTO SIREN HØYLAND
SÆTER
Regissør Tyra Tønnessen (t.h.) på prøvane til Overføring med
skodespelarane Kai Remlov, Erik Hivju, Toralv Maurstad og Britt
Langlie. I stykket spelar dei pensjonerte psykoterapeutar.
-
31|| VÅR 2017 ||
Dei to fann plassane sine i skodespelaryrket ut frå svært ulik
ståstad. Britt Langlie voks opp i Trondheim, ein sjenert og
innovervend jentunge som
berre kjende seg heime i song og musikk. Eit sceneliv ville ho
aldri ha mot til å velje. Toralv, son av dei namngjetne
skodespelara-ne Tordis og Alfred Maurstad, stod på scenen alt som
barn, men skodespelar var ikkje eit sjølvsagt yrkesval.
– Barndommen og ungdommen var moro-sam og spennande. Det var
Nordfjord og det var Oslo. Det var krig og det var Sverige.
18–åringen som møtte freden i 1945 visste ikkje kva han skulle
gjere med livet sitt. Da var det skodespelaren Johan Fillinger som
foreslo teaterskole i London, fortel Toralv Maurstad og held
fram:
– Det tende eg på. For London var både spennande og morosam, og
alt morosamt og spennande var tiltrekkande. Men eg kom ikkje inn på
første forsøk, og det gjorde noko med meg. Eg begynte å
arbeide.
Å FINNE RETNINGA– Og eg søkte aldri på nokon teaterskole. Eg var
stille og hadde dårleg sjølvtillit. Som dyslektikar hadde eg
problem på skolen, pro-blem med å lære så mykje som eit salmevers
utanåt. Men musikken hadde eg, og etter at eg begynte i koret ved
Trøndelag Teater, vart eg også hospitant ved elevskolen på teatret,
seier Britt Langlie.
Ho fortel at da ho ein gong fekk ein lang mono-log – som skulle
lærast utanåt – forma tankane seg rundt korleis det skulle gjerast,
korleis ho skulle røre seg og kva ho såg som viktig i teksten. Det
gav retning og form til presentasjonen.
– Da situasjonen stod klart for meg, losna det. Arbeidet med
monologen gav eit fantas-tisk løft til ein spinkel sjølvtillit. Da
oppdaga eg at eg kunne bidra med noko som ikkje var mine eigne
ord.
Dei første stega langs ein nyvald yrkesveg kan vere vanskeleg.
Nokre nye kodar må knek-kast før vi innser og forstår kva yrket
inneber. Britt Langlie og Toralv Maurstad vel begge dei same orda
når de fortelle om dei tidlege opple-vingane sine av faget
skodespelar:
– Eg var sikker. Det var her eg ville vere.
MÅ VERE MODIGI dag er begge mellom dei mest erfarne
scenekunstnarane i landet. Britt kom til Det Norske Teatret i 1967
der ho mellom anna har vore sentral i satsinga på musikktea-ter ved
teatret. Det går gjetord om hennar tolking av tittelrolla i Piaf,
og ho har også
OVERFØRING BASERT PÅ Intervju av Marit Råbu TIL TEATER VED Tyra
Tønnessen I SAMARBEID MED Nationaltheatret URPREMIERE 22. februar
på Scene 2 MED Wenche Elena Medbøe, Britt Langlie, Gret-he Ryen,
Kai Remlov, Toralv Maurstad, E