1 Arnt Øyvind Siem Gjerdsetbygda 6320 Isfjorden SEMESTEROPPGÅVE I NORSK (NORDISK) FORDJUPINGSSTUDIUM PÅ NETT VED HØGSKULEN I VOLDA NRK Nynorsk mediesenter Bakgrunn og erfaringar INNLEIING, METODE OG PROBLEMSTILLING: For ei tid tilbake kom eg over eit kortfatta informasjonshefte frå NRK Nynorsk mediesenter (NRK-NM) i Førde. Dette gjorde meg nysgjerrig. Visjonen til senteret er STOLT NYNORSK, og ei viktig målsetting er at senteret ”skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i språket sitt”. Visjonen om stolt nynorsk blir underbygd slik i informasjonsheftet til NRK-NM: Gode nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på Internett gjer oss stolte av språket vårt og røtene våre. Vi skal ale opp fleire gode nynorskbrukande føredøme i etermedia. Det finst ikkje meir eigna kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio og fjernsyn. NRK Nynorsk mediesenter skal òg medverke til at nynorskbrukarar flest blir trygge nok til å bruke språket sitt. På den måten vil vi auke det språklege og kulturelle mangfaldet i medie- og samfunnsdebatten.
Av Arnt Øyvind Siem. Semesteroppgåve i norsk (nordisk) fordjupingsstudium på nett ved Høgskulen i Volda.
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
1
Arnt Øyvind Siem Gjerdsetbygda 6320 Isfjorden
SEMESTEROPPGÅVE I NORSK (NORDISK) FORDJUPINGSSTUDIUM PÅ NETT VED HØGSKULEN I VOLDA
NRK Nynorsk mediesenter Bakgrunn og erfaringar
INNLEIING, METODE OG PROBLEMSTILLING:
For ei tid tilbake kom eg over eit kortfatta informasjonshefte frå NRK Nynorsk mediesenter
(NRK-NM) i Førde. Dette gjorde meg nysgjerrig. Visjonen til senteret er STOLT NYNORSK, og ei viktig
målsetting er at senteret ”skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i språket sitt”.
Visjonen om stolt nynorsk blir underbygd slik i informasjonsheftet til NRK-NM:
Gode nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på Internett gjer oss stolte av språket vårt og
røtene våre.
Vi skal ale opp fleire gode nynorskbrukande føredøme i etermedia. Det finst ikkje meir eigna
kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio og fjernsyn.
NRK Nynorsk mediesenter skal òg medverke til at nynorskbrukarar flest blir trygge nok til å
bruke språket sitt. På den måten vil vi auke det språklege og kulturelle mangfaldet i medie-
og samfunnsdebatten.
2
I informasjonsheftet står også dette:
Dyktig, frodig, framfus.
Dette er verdiane NRK Nynorsk mediesenter byggjer på. Dei skal prege både dei som arbeider her, og
dei som får opplæringa si ved senteret. Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet, ein kultur
og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar og for
å ta sjølvstendige val.
Dette gjorde meg endå meir nysgjerrig.
Og på nettsida til NRK Nynorsk mediesenter kunne eg lese at sidan dåverande kulturminister
Valgerd Svarstad Haugland opna senteret 2. september 2004, har nærare 100 praktikantar
gjennomført det som dagleg leiar ved NRK-NM, Magni Øvrebotten, kallar ein seks månader lang
hestekur i nynorsk og journalistikk.
Svein Ove Hansli var ein av fem praktikantar i det aller første kullet ved NRK Nynorsk mediesenter
hausten 2004. – Eg drog frå Førde som ein stolt og rakrygga nynorskbrukar, er Hansli sitert med i det
omtalte informasjonsheftet frå NRK-NM, og han formidla det same synet i intervjuet eg gjorde med
han i samband med semesteroppgåva. Hansli er i dag fast tilsett vaktsjef ved redaksjonen i NRK
Dagsrevyen.
Som nemnt, dette emnet ville eg gjerne vite meir om: Kva var motivet og bakgrunnen for
etableringa av NRK Nynorsk mediesenter? Kvifor kom dette initiativet i gang, og kven stod bak
arbeidet i startfasen? Kor mykje var etableringa av senteret språkleg motivert for å styrke
nynorsken, og kor mykje var journalistisk eller mediepolitisk motivert?
Ein annan viktig del i arbeidet med denne oppgåva har vore erfaringane ulike NRK-redaksjonar har
med NRK-NM og praktikantane derifrå, og ikkje minst kvar det har vorte av praktikantane etter endt
praksisperiode. Har senteret lukkast i målsettinga si om å bidra til å «utdanne» dyktige
nynorskjournalistar og spreie dei ut i NRK og andre redaksjonar rundt om i landet?
3
Eg har i stor grad nytta meg av intervju som metode i arbeidet med denne semesteroppgåva. I
tillegg har eg brukt fagbøker og artiklar frå pensum som grunnlag og bakgrunnsstoff, og artiklar,
utgreiingar og rapportar som er utarbeidd og nytta i forarbeidet med etableringa av NRK Nynorsk
mediesenter. Eg har også brukt informasjonsbrosjyrar, statusrapportar og nettartiklar som
omhandlar NRK-NM, dette også i innhentinga av opplysningar om praktikantane.
I informasjonen om kvar dei 100 praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter kjem ifrå geografisk
(fylkesvis) og kvar dei arbeider i dag, har eg først og fremst fått god hjelp frå leiinga ved NRK-NM, i
tillegg til at eg sjølv har intervjua ein del av praktikantane i arbeidet med oppgåva.
BAKGRUNN OG HISTORIKK
Det er mange personar som har vore både sentrale og avgjerande i arbeidet som til slutt førte fram
til etableringa av NRK Nynorsk mediesenter i 2004. Men den personen som peikar seg mest ut, er
nok Magni Øvrebotten.
Øvrebotten starta sin journalistiske karriere i 1971, som 17 år gammal sommarvikar i nynorskavisa
Gula Tidend. Ho arbeidde seinare som journalist både i Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og
Dølaposten, og ho tok journalistutdanninga si ved Norsk Journalisthøgskole frå 1976 til 1978. I 1980
byrja ho i NRK Sogn og Fjordane, der ho fem år seinare vart redaksjonssjef. I 1990 vart ho tilsett som
distriktssjef i Sogn og Fjordane, og ho var leiar ved distriktskontoret heilt fram til ho tok til som leiar
ved NRK Nynorsk mediesenter 14 år seinare, hausten 2004.
I festskriftet Med hjartet på rette staden i samband med 50-årsjubileet til Kringkastingsringen i 2005,
skriv Magni Øvrebotten:
NRK Sogn og Fjordane eksporterte vel 50 nynorskbrukande journalistar frå 1990 til 2000,
som drog vidare til andre riks- og lokalredaksjonar i NRK, TV2 og fleire aviser.
Distriktskontoret satsa medvite på nyhende og folk som snakka lokale dialektar og nynorsk.
Det vart eit kvalitetsstempel å ha vore ved kontoret i Førde, og det var rift om gode
nyhendejournalistar som brukte nynorsk. (Kringom 3/2005: 124)
4
Å rekruttere dyktige nynorskjournalistar har vore ei utfordring heilt sidan oppstarten av Norsk
rikskringkasting i 1933. I dei fleste redaksjonar har det ikkje vore sett på som ein god karriereveg å
bruke nynorsk. Også i NRK vart det gjerne trekt fram at det ikkje var lett å få tak i nynorskbrukarar.
Mange meinte at tilfanget av dyktige folk var for lite.
Likevel hadde nynorskbruken i NRK auka jamt og trutt heilt sidan oppstarten i 1933 og utover mot
starten av 60-talet.
Rett før krigen hadde nynorsken mindre enn 10 prosent av sendetida i NRK. I midten av 50-
åra byrja prosenten å nærme seg 14-15, og i siste delen av 50-åra auka han vidare til 16-17,
skriv Ola Normann Nedrelid i Noregs Mållag si jubileumsbok i samband med laget sitt
75-årsjubileum (Målreising i 75 år. Oslo 1981: 458).
Saman med dyktige programmedarbeidarar var dei to nynorskbrukande kringkastingssjefane Olav
Midttun og Kaare Fostervoll sentrale personar i arbeidet med å styrke nynorskbruken i NRK i mest
heile perioden frå 1933 til 1962, med unnatak av krigsåra frå 1940 til 1945.
Pendelen byrjar å snu
Trass i ein del usemje om kvaliteten på språkstatistikken i NRK og kor påliteleg han var, vart det
likevel meir og meir tydeleg at nynorskbruken i Norsk rikskringkasting gjekk ganske kraftig tilbake
utover på 60-talet.
I 1960, same året som fjernsynet vart innført i Noreg, bad kyrkje- og undervisingsnemnda på
Stortinget om at NRK måtte ta tak i situasjonen for å få ei jamnare fordeling mellom dei to
målformene i sendingane sine.
I første halvdelen av 60-talet kom Kringkastingsringen, som vart oppretta i 1955 for å ”hjelpe
nynorsken til å få sitt rettkomne rom i Norsk rikskringskasting”, og Noregs Mållag med fleire målkrav
overfor NRK. Dette hang mellom anna saman med at bruken av nynorsk i kringkastinga hadde byrja
å gå kraftig tilbake etter at bokmålsmannen Hans Jacob Ustvedt tok over som kringkastingssjef i
1962.
5
I ein artikkel i ei særutgåve av Norsk Tidend i 1963, kravde Magne Rommetveit i Kringkastingsringen
at NRK måtte tenkje nytt og leggje om måten institusjonen rekrutterte medarbeidarar på.
Rommetveit var ei sentral drivkraft i skipinga av Kringkastingsringen i 1955, og var sekretær i
organisasjonen fram til 1969.
Den 1. januar 1972 vart han tilsett som NRK sin første konsulent for nynorske programspørsmål,
dette omfatta også rekrutteringa av nynorskbrukande programfolk.
Etter at nynorskbruken i NRK byrja å gå kraftig nedover i første halvdelen av 60-talet, påpeikte
Kringkastingsringen og Rommetveit at hovudgrunnen til at NRK brukte lite nynorsk, var kort og godt
at det var for få tilsette som var nynorskbrukarar, og Rommetveit lanserte ein idé som har mange
likskapar med mediesenteret som vart starta opp i Førde litt over 40 år seinare:
For å bøte på dette kan NRK til dømes oppretta eit aspirantkurs, der folk kan få prøva seg.
For nynorskfolk er det vanskelegare å få foten innanfor i NRK, skreiv Rommetveit i artikkelen
i Norsk Tidend, der han også hevda at Kringkastingsringen hadde tipsa NRK om flinke
nynorskbrukarar, men at desse ikkje hadde vorte kalla inn (Kringom 3/2005: 34).
Det var altså ikkje berre mangel på flinke nynorskfolk som var problemet, men minst like mykje
viljen til å bruke dei, hevda Kringkastingsringen.
Register over flinke nynorskfolk
Frå 1965 førte Kringkastingsringen eit register over unge, flinke nynorskfolk som kunne tenkje seg å
arbeide i NRK, og opplysningar om ledige stillingar og vikariat vart formidla ut i dette nettverket.
Dette hadde ein viss positiv effekt, men framleis var det langt igjen for at nynorskbruken i NRK var i
samsvar med den faktiske måltilstanden her i landet, meinte Kringkastingsringen og stilte seg bak
kravet om klårare retningsliner for målbruk og rekruttering av nynorskfolk til NRK.
6
I 1969 vedtok årsmøta både i Noregs Mållag og Kringkastingsringen fråsegner som vart oversendt til
kringkastingssjef Ustvedt der det vart vist til at nynorskprosenten i radioen hadde gått ned frå 16,5
prosent i 1962 til 10 prosent i 1969! Noregs Mållag meinte at nedgangen hang tett saman med
måten NRK rekrutterte medarbeidarane sine på, og haldningane bak dette arbeidet. Mållaget
utfordra NRK til å ta tak i dette mishøvet.
”Den viktigaste hendinga i målrørsla den siste mannsalderen”
I mai 1970 vedtok Stortinget det som filmregissøren, nynorskforkjemparen og samfunnsdebattanten
Olav Dalgard meinte var kanskje den aller viktigaste hendinga i målrørsla den siste mannsalderen.
I tilrådinga frå kyrkje- og undervisningsnemnda hadde Kringkastingsringen og målrørsla fått
gjennomslag for at NRK måtte få ei språkfordeling i samsvar med den faktiske språksituasjonen i
Noreg, altså ei meir rettferdig deling mellom nynorsk og bokmål i tekst og sendetid i NRK.
Fleirtalet i kyrkje- og undervisningsnemnda meinte at språkstatistikkane talte for seg, og dei slo fast
at nynorsken hadde for liten del av den samla sendetida i rikskringskastinga. Nemnda ville i
tilrådinga ha tiltak som skulle ”styrke nynorskens stilling både i radio og fjernsyn slik at nynorsk kan
få en sendetid som svarer til den stilling denne språkform har i samfunnet” (Målreising i 75 år, Oslo
1981: 460).
Minst 25 prosent av ordsendingane
Og dermed var det duka for eit endeleg gjennomslag for nynorsk i Norsk rikskringkasting, gjennom
eit formalisert og talfesta vedtak i Stortinget frå mai 1970: ”Hovedregelen må være å gi nynorsken
en plass som i det minste svarer til en fjerdedel av ordsendingene” (Målreising i 75 år, Oslo 1981:
460).
Vedtaket vart omfatta med stor interesse, ikkje minst i språkkrinsar og fagmiljø. I målrørsla vart det
stor jubel, og Olav Dalgard meinte som nemnt at dette kanskje var den aller viktigaste hendinga i
målrørsla ”den siste mannsalderen”.
7
Forsiktig framgang på 70-talet
Etter at Magne Rommetveit i 1972 kom i gang med arbeidet som den første programkonsulenten
for nynorsk i NRK, vart det meir orden og system både i føringa av språkstatistikken i NRK og i
rekrutteringa av nynorskbrukande programfolk. Etter ein ganske kraftig nedgang i store delar av
60-talet, byrja nynorskprosenten i NRK å gå noko framover igjen på 70-talet.
25-prosentregelen tryggja stillinga til nynorsken innanfor NRK-systemet. Å sikra nynorsken i
allmennkringkastinga, var viktig for stillinga til nynorsken som eit jamstelt nasjonalspråk.
Nynorsken vart ikkje berre eit språk for dei som kom frå nynorskstrok, eit språk folk frå
bokmålsområde berre møtte i norskundervisninga på skulen. Nynorsken vart også eit språk
alle fekk møta i tidas mest populær medium, i tv- og radiosendingane, skriv leiaren i Norsk
Målungdom frå 2000 til 2002, Astrid Sverresdotter Dypvik, i Kringkastingsringens festskrift
Med hjartet på rette staden (Kringom 3/2005: 37).
Regelverk åleine er ikkje nok
25-prosentregelen i etermonopolet NRK sette den nasjonale medieinstitusjonen overfor nye krav,
målsettingar og vedtekter. Men ettertida har likevel vist at eit regelverk åleine ikkje er nok for å
sikra auka bruk av nynorsk. NRK har aldri klart å oppfylle prosentkravet sidan vedtaket i mai 1970.
NRK sette i gang ei større utbygging av distriktskontora og distriktssendingane på 70-talet. Og
bruken av normert nynorsk i NRK var på sitt aller høgaste på denne tida, med ei ”bestenotering” på
18,5 prosent normert nynorsk i radioen i 1977, ifølgje Nynorsk faktabok 2005 (Grepstad 2005: Tabell
15.1).
Dialektaksjonar og meir dialekt i NRK
Snakk dialekt – skriv nynorsk var eit slagord som gjekk igjen i nesten alle dialektaksjonane utover på
70-talet, der kampen for norsk talemål stod sentralt i heile målrørsla. Dette fekk gradvis også
innverknad på Norsk rikskringkasting.
8
Dialektane har teke over meir av sendetida i radio og fjernsyn dei siste par tiåra. Det er her
dialektaksjonane frå 1970-åra kanskje har sett dei djupaste spora. Den posisjonen nynorsk
hadde fått som nyheitsspråk i NRK, rydda veg for liknande redaksjonell profil i både TV2 og
TV Norge, trass i utsegner frå riksaviser om at nynorsk høver dårleg som tabloid
nyheitsspråk. Men NRK har no vesentleg færre nynorskbrukande medarbeidarar enn på
slutten av 1980-talet, skreiv Ottar Grepstad i Nynorsk faktabok i 2005 (Grepstad 2005: 557).
I 1988 hadde NRK 116 nynorskbrukande programmedarbeidarar. På distriktskontora utgjorde dette
19 prosent av alle redaksjonelt tilsette, i riksredaksjonane var fordelinga nesten den same. I 2003
var dette talet stabilt på distriktskontora; 19 prosent av alle tilsette brukte nynorsk. Men i
riksredaksjonane utgjorde nynorskbrukarane berre 10 prosent av dei tilsette i 2003.
Negativt tal i sentralredaksjonane
I 2003 arbeidde godt og vel 430 personar i redaksjonane på distriktskontora i NRK. I
riksredaksjonane arbeidde det over 870 personar i 2003. Og den språklege delinga var slik at over
halvparten av nynorskbrukarane i NRK arbeidde på distriktskontora.
Det var i sentralredaksjonane dei negative tala skjulte seg. For sjølv om det samla talet på
nynorskbrukarar i NRK hadde auka med 35 prosent frå 1988 til 2003, frå 65 til 88, har talet på
bokmålsbrukarar i sentralredaksjonane vorte meir enn dobla i det same tidsrommet. Ottar Grepstad
meinte dette viste at NRK i 2003 var på veg tilbake til der institusjonen var før utbygginga av
distriktskontora på 1970-talet.
Samstundes stod bruken av nynorsk i NRK generelt i fare for å bli innsnevra til nyheiter og
det regionale. Heile ni av 33 redaksjonseiningar var fri for nynorsk. Særleg kritisk var det i
barne- og ungdomsredaksjonane, og i underhaldningsavdelinga (Grepstad 2005: 560).
Frustrasjon, draum og oppstart
Det språkhistoriske bakteppet var også mykje av bakgrunnen og inspirasjonen for ei gruppe NRK-folk
i Førde, midt i nynorskens kjerneområde. Utover på 90-talet følte dei meir og meir på frustrasjonen.
9
At noko måtte skje. Og dei visste at ingenting gjer seg sjølv. Seinhausten 2001 vart draumen lansert
som idé: eit nynorsk kompetansesenter ved NRK i Førde.
Mannen bak ideen var avtroppande redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Arve Sandal.
Eg er veldig glad i nynorsken og kanskje minst like glad i NRK Sogn og Fjordane, desse to
tinga heng vel naturleg i hop. Nynorsken er meir enn eit språk, det er historie og identitet
også. Me som har identiteten vår i distrikta har mykje å slåss for, og nynorsken blir ein del av
motmakta, det kjennest både rett og naturleg å gå på barrikadane for nynorsken, seier Arve
Sandal, som slutta som redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane i 2001 etter åtte-ni år i
stillinga.
På den tida var det mange omstillingsdiskusjonar i NRK, og dei små distriktskontora var heile
tida under press. Me såg utover på 90-talet kva som kunne skje, og visste at me heile tida
måtte fornye oss, utvikle oss til noko meir.
Distriktskontoret i Førde fekk ord på seg for å vere dyktige på nyhende, samtidig som
journalistane som kom derifrå var skarpe og stødige i nynorsk. Me utvikla vel nærmast ein
mal på korleis våre folk skulle bli dyktige både språkleg og journalistisk, fortel Arve Sandal.
NRK Sogn og Fjordane vart stadig dyktigare innanfor dei felta kontoret hadde sine sterkaste fortrinn.
NRK i Førde fekk også ord på seg for å vere dyktig til å velje ut dei rette folka, dei med rett bakgrunn
og naudsynte kvalitetar for nynorsk journalistikk i etermedia.
For kvar ein som reiste, starta rekrutteringa og opplæringa av nye talent, ofte frå grunnen av.
Det var eit slit, for den faste kjernen av tilsette måtte i tillegg til å vere journalistar i radio,
fjernsyn og internett, også vere lærarar for nye kollegaer. Enkelte i NRK kalla det Førde-
skulen, skreiv Magni Øvrebotten i 2005 i Kringkastingsringens festskrift Med hjartet på rette
staden (Kringom 3/2005: 124).
10
Allereie på 90-talet hadde NRK Sogn og Fjordane tatt fleire initiativ for å styrke opplæringa av
nynorske journalistar, og for at Førde-kontoret kunne ha eit utvida ansvar for opplæring av
nynorskpraktikantar. Også overfor medieutdanninga ved Høgskulen i Volda vart det tatt initiativ om
eit samarbeid rundt dette.
Då me tok kontakt med medielina ved Høgskulen i Volda med spørsmål om hjelp til å
rekruttere nynorskbrukande journalistar, fekk me som svar at dei ikkje ville profilere seg på
fisk og nynorsk. Då skjønte me at me måtte gjere denne jobben sjølve i Førde, seier Magni
Øvrebotten.
NRK hadde tidlegare oppretta ei ordning med praktikantkurs for nynorskjournalistar. Ordninga låg til
hovudkontoret på Marienlyst i Oslo, men vart lagt ned på midten av 1980-talet.
I 1992 la leiinga ved NRK-kontoret i Førde fram eit forslag om å opprette to nynorskpraktikantar ved
NRK Sogn og Fjordane, men dåverande kringkastingssjef Einar Førde var redd for at dette kunne bli
tolka slik at alt skulle leggast til Førde. Dette mellom anna med bakgrunn i at NRK Sogn og Fjordane
og NRK Hordaland nett hadde vorte prøvekontor for nysatsinga med distriktsfjernsyn
(Vestlandsrevyen). Dermed vart praktikantstillingane i første omgang lagt til Ålesund.
Fleire bein å stå på
Dei små distriktskontora i NRK hadde mørke skyer hengande over seg. I avskilstalen sin på
seinhausten i 2001 lanserte redaksjonssjef Arve Sandal ideen om eit nynorsk kompetansekontor lagt
til distriktskontoret i Førde. Posisjonen var ledig, meinte Sandal.
Det var dette som var hovudmotivet bak ideen. Koplinga mellom nynorsk og nyhende var
berebjelken i dette, dette var det største fortrinnet og den tyngste kompetansen NRK Sogn
og Fjordane hadde. Det måtte plukkast ut ekstra dyktige folk som hadde bakgrunn i lokale
dialektar og nynorsk, folk som hadde talent til også å kunne bli dyktige nynorskbrukande
nyhendejournalistar, seier Sandal.
11
Folkeopprør mot samanslåing
Så kom forslaget som mange hadde frykta. Dåverande distriktsdirektør Anne Aasheim i NRK ville at
distriktskontoret i Førde skulle leggjast inn under NRK Hordaland, med redaktør og administrasjon
lagt til Bergen.
Dette førte til eit stort folkeleg opprør i heile Sogn og Fjordane. Nær 12.000 personar
signerte på protestlistene mot samanslåinga. Politikarane i fylket engasjerte seg også sterkt,
og det vart starta ulike former for protestmarkeringar som fekk stor merksemd både i NRK
og andre riksmedia, fortel Magni Øvrebotten.
I tillegg vakna nynorskfolket. Dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland fekk mange
innspel og gjorde seg godt kjend med saka. Sommaren 2002 vart ho for første gong presentert for
ideen om å etablere eit nynorsk kompetansesenter ved NRK Sogn og Fjordane i Førde.
Nei til distriktskontor, ja til nynorsk kompetansesenter
Den 26. august 2002 vedtok styret i NRK at sju distriktskontor skulle slåast saman til tre. Sogn og
Fjordane skulle underleggjast Bergen, men det skulle samtidig opprettast eit Nynorsk
kompetansesenter i Førde, ”som ivaretar de særlige oppgavene som Førde har i forhold til nynorsk
språk og kultur”.
Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland gjekk same dag inn og mellombels stoppa styrevedtaket i
NRK, og understreka at ho ville ha meir kunnskap om følgjene av samanslåinga av distriktskontora i
trøndelagsfylka og Hedmark/Oppland før ei eventuell samanslåing av Troms/Finnmark og
Hordaland/Sogn og Fjordane kunne skje.
Som kulturminister skal ein vere varsam med å gripe inn i styringa av NRK, slik eg valde å
gjere i 2002. Men reaksjonane spesielt i Sogn og Fjordane og Hordaland var veldig sterke på
vedtaket i NRK-styret, og i tillegg hadde eg vorte kjend med ideen om eit nynorsk
kompetansesenter i Førde, seier tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland i
intervjuet me gjorde med henne i samband med semesteroppgåva.
12
Nynorsken var viktig for standpunktet mitt, og eg kunne også bruke argumenta og planane
for eit nynorsk kompetansesenter som argumentasjon mot å leggje ned distriktskontoret i
Sogn og Fjordane. Det er ein særs viktig føresetnad for nynorsken at ein har dyktige
nynorskbrukarar i etermedia, seier Svarstad Haugland.
Frå mange hald, ikkje minst ifrå NRK Sogn og Fjordane, vart det understreka at om det skulle vere
grunnlag for eit nynorsk kompetansesenter, så måtte dette liggje til eit sjølvstendig distriktskontor
med eigen redaktør og eigen administrasjon.
I tillegg vart det lagt vekt på at eit nynorsk kompetansesenter naturleg nok måtte liggje i det
nynorske kjerneområdet. Bergen kunne vel neppe reknast som ein del av det nynorske
kjerneområdet, vart det påpeika.
Ikkje samanslåing i Sogn og Fjordane
På møte den 9. januar 2003 vedtok styret i NRK å halde fast på vedtaket om samanslåinga av
distriktskontora. Dette var i tråd med vedtaket frå august året før, men det var eitt unntak:
”Sammenslåing av distriktskontorene i Sogn og Fjordane og Hordaland gjennomføres ikke. Styret
finner at en sammenslåing av disse redaksjonene vil kunne virke som et hinder for opprettelsen og
utviklingen av et nynorsk kompetansesenter i Førde.”
Valgerd Svarstad Haugland legg ikkje skjul på at ho er glad for at ho som kulturminister kunne bidra
til etableringa av NRK Nynorsk mediesenter, og det var naturleg at kulturministeren stod for den
offisielle opninga av senteret 2. september 2002.
Eg hugsar opningsdagen veldig godt, han er ein viktig dag for meg frå den tida eg var
kulturminister. Eg er stolt og glad for det eg fekk vere med på, og eg meiner også at NRK
Nynorsk mediesenter har vorte det eg håpa senteret skulle bli.
Utan NRK Nynorsk mediesenter i Førde hadde me ikkje hatt så mange dyktige og markante
nynorskbrukarar i media som me har i dag, det er eg overtydd om, seier Valgerd Svarstad
Haugland.
13
Magni Øvrebotten skreiv i festskriftet i samband med Kringkastingsringen sitt
50-årsjubileum i 2005 at det var ein openberr kandidat til å opne NRK Nynorsk mediesenter: