Top Banner
FØRESEGNER: 0. HALDNINGAR TIL ELDRE PLANAR (PBL § 20-6): Reguleringsplanar og utbyggingsplan- ar* som er vedtekne før denne kom- muneplanen, gjeld framleis. (Sjå eiga liste over reguleringsplanar/utbygg- ingsplanar nedanfor, samt avmerking på plankartet). I områda Felle, Treungen sentrum, Gautefallheia,Kyrkjebygda og Kyrkje- bygdheia gjeld eigne kommunedel- planar. 1. BYGGJEOMRÅDE. (PBL § 20-4, 1. ledd nr. 1) 1.1 GENERELT FOR BYGGJE- OMRÅDE. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a og f) For område avsett til utbyggings- føremål, eksisterande og planlagt, kan arbeid og tiltak som nemnt i plan- og bygningslova § 93a, d og i, ikkje ta til før det ligg føre ein godkjent reguler- ings- eller utbyggingsplan*, sjå pkt 1.2-1.6. Det same gjeld frådeling til slike føremål. Det er eit generelt forbod mot å byggje i ei 50 meter-sone langs vatn og vass- drag. Avstanden blir målt i horisontal- planet ved gjennomsnittleg flaumvas- stand. Forbodet gjeld arbeid og tiltak som nemnd i plan- og bygningslova § 93a, d og i. Det er gjort desse unnataka frå hovudregelen; A I område for verna vassdrag gjeld dette forbodet i ei 100 meter-sone. Vassdraga som er verna er Kilåi, Gautefallelva, Gjerstadvassdraget og Vegårsvassdraget. For avgrensing, sjå plankartet. B Rundt Nisser og Tjørull gjeld dette forbodet i ei 100 meter-sone. CDer offentleg veg delar forbodssona gjeld byggeforbodet berre arealet mel- lom veg og vatn. 1.2 OMRÅDE AVSETT TIL BU- STADER. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a og b) Det er krav om reguleringsplan for planlagte område for bustader, (B1- B3), før utbygging kan finne stad. Fortetting av eksisterande område, og utbetringar / større ombyggingar som ikkje fell inn under pbl. § 86a, krev reguleringsplan. Til reguleringsplanane skal ein utforme føresegner som omfattar: - Utforming av tak. - Grad av utnytting av tomtene. 1.3 OMRÅDE AVSETT TIL FRITIDSBUSTADER. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a og b) Det er krav om reguleringsplan for planlagte område for fritidsbustader, (H1-H33), før utbygging kan finne stad. Fortetting av eksisterande om- råde, og utbetringar / større ombygg- ingar som ikkje fell inn under pbl. § 86a, krev også reguleringsplan. Det er ikkje lov å føre opp meir enn ei hytte og eit uthus / bod / garasje pr. fritidstomt. Dette gjeld både eksi- sterande og planlagte hytter. Det er ein føresetnad at uthuset / boden /garasjen blir plassert i nær tilknyting til hytta, høgst 10 meter ifrå for planlagte hytter, og høgst 5 meter ifrå for eksisterande. Uthus /bod/garasje skal vere uisolert, og med maksimalt bruttoareal (BTA) 30 m2. Det er ikkje lov å setje opp gateljos/ vegljos. I planlagte område for fritidsbu- stader kan ikkje utbygging ta til før elektrisitet, veg, vatn og avlaup er ført fram til kvar einskild tomt som skal byggast ut. Før utbygging av H21 kan ta til, skal 70% av H20 vere utbygd. Eksisterande hytte kan utvidast til mak- simalt 120 m2 bruksareal (T-BRA). Til reguleringsplanane skal ein utforme føresegner som omfattar: - Utforming av tak. - Grad av utnytting av tomtene. For områda H1, H2 og H3 gjeld § 12 i jordlova. 1.4 OMRÅDE AVSETT TIL ERVERV. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a og b) I område avsett til erverv, er det lov med campingplass og/eller utleige- hytter eller caravanplass. Dette er oppgitt for kvart enkelt om- råde, sjå lista nedanfor. For avgrensing, sjå kartet. Nummereringa til venstre i lista viser til avmerkinga på kartet. T 1 Sandnesodden: campingplass og hytteanlegg. T 2 Nauraksodden: campingplass og hytteanlegg. T 3 Haukåsen: campingplass og hytteanlegg. T 4 tatt ut av planen. T 5 Nordbygda: campingplass. T 6 Tjønnefoss st: hytteanlegg. T 7 Drangstjønn: hytteanlegg. T 8 Sandnes: caravanplass. Det er krav om utbyggingsplan for dei nye / planlagte hytteanlegga. Fortett- ing av eksisterande område krev også utbyggingsplan. Utbygging/fortetting av eit T-område kan ikkje ta til før det ligg føre ein godkjent avlaupsplan for området. Ut- bygging skal skje i samsvar med denne planen. For områda T1 og T2 gjeld jordlovas § 12. 1.5 OMRÅDE AVSETT TIL SKYTEBANE. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a) Det er krav om utbyggingsplan for planlagte skytebanar. Utviding av eksisterande banar krev også utbygg- ingsplan. 1.6 OMRÅDE AVSETT TIL LOKALSENTER (BUSTAD, FORRETNING OG KONTOR) (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a) Fortetting av eksisterande område krev utbyggingsplan. Utbetringar / større ombyggingar, som ikkje fell inn under pbl. § 86a, krev også utbyggingsplan. L1 Fjonemonen,vest kontor/forretning/bustad. 2. LANDBRUKS-, NATUR OG FRILUFTSOMRÅDE. (PBL§20-4, 1. ledd nr.2) 2.1 GENERELT FOR LAND- BRUKS-, NATUR OG FRILUFTS- OMRÅDE. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav c) (Ikkje kartfesta tiltak). 2.2 OMRÅDE AVSETT TIL FRITIDSBUSTAD. (PBL §20-4, 2. ledd bokstav c) I tilknyting til støylsmiljø, som er vist på kartet (S1-S13 og S15- S21), kan ein opne for avgrensa hyttebygging. Ved slik utbygging skal ein ta særleg omsyn til tidlegare hustufter, bygn- ingsmasse og kulturlandskap rundt desse. Det kan ikkje bli godkjent meir enn 3 hytter pr. støyl. Dette inkluderer eksisterande hytter. Det er lov å setje opp eit felles uthus. Uthuset skal vere uisolert, og maksimalt bruttoareal (BTA) 20 m². Attreising / restaurering av gamle byg- ningar der opphaveleg bruksområde blir ivareteke, er lov. Nye bygninar må i utforming og plassering vere tilpassa det gamle støylsmiljøet. Når verneom- syn tilseier det, kan ein plassere nye bygningar inntil 100 meter frå sentrum av støylen, men slik at dei saman med det gamle støylsmiljøet står fram som ei eining. Innanfor område Meselvatn - Kron- fjell, er det lov å bygge to fritidshus merka F1 og F2. Det kan og byggast eit tredje fritidshus, F3, ved Blidtjønn (Tveit 33/9). For plassering, sjå kartet. Det er lov å setje opp eit uthus/bod i tilknyting til desse hyttene. Uthus/bod skal vere uisolert, med maksimalt brut- toareal (BTA) 15 m². Elles gjeld fylgjande for hyttebygg- ing i tilknyting til støylar (S1-S13 og S15-S21) og for fritidsbustad innanfor området Meselvatn – Kronfjell og ved Blidtjønn (F1–F3): - Maksimalt bruksareal (T-BRA) er 60 m². - Maksimal mønehøgde 5 meter. - Saltak med ein vinkel mellom 22 - 30 grader. - Taktekking skal vere tilpassa tradi- sjonell byggeskikk. - Fasadekledning bør vere i tre, ein skal som hovudregel nytte tøm- mervegg. Fasaden kan ein blende med naturstein. - Ein bør nytte naturfargar utvendig på hyttene. - Bygga blir elles å utforme slik at dei mest mogeleg går i eitt med om- gjevnadene. For slik spreidd utbygging som her vist i LNF - området, gjeld eit generelt krav om utbyggingsplan. Utbyggingsplanar må ein utarbeide etter nærare oppgitte føresegner, sjå kap. 3. For slik spreidd utbygging som her vist i LNF - området, gjeld §§ 9 og 12 i jordlova. 3. UTARBEIDING AV REGULERINGS- ELLER UTBYGGINGSPLAN (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav b) Det er eit krav til alle nye regulerings- og utbyggingsplanar at dei tiltak det blir planlagt for, ikkje skal vere til hinder for den allmenne frie ferdsel. Ved utarbeiding av regulerings- eller utbyggingsplan skal ein leggje ut friluftsområde langs vatn og vass- drag. Desse friluftsområda skal sikre allmenne interesser, mellom anna fri ferdsel til og langs aktuelle vatn og vassdrag. Plankart for regulerings- eller utbygg- ingsplanar skal syne alle eksisterande og planlagte trasèar for skiløyper og turløyper/turvegar, og det skal synleg- gjerast korleis desse heng saman med det øvrige løypenettet i kommune- planområdet. Alle forslag til planar innanfor områd- et, skal sendast fylkeskommunen til fråsegn, jf kulturminneloven §9. For område lagt ut til byggeområde, skal det takast omsyn til biologisk mangfaldverdiar. For område lagt ut til byggeområde, skal det dokumenterast med undersøk- ingar at området ikkje har radonstråling over tilrådde verdiar for byggegrunn. Eller det skal i reguleringsføresegnene krevjast kompenserande tiltak, radon- sperre etc. Alle nybygg skal lokaliserast slik at avkøyring kan skje i samsvar med rammeplan for avkøyringar, sjå retningslinene nedanfor. Det er krav om å opparbeide vegar og minimum 2,0 parkeringsplassar pr fritidshus. *) Utbyggingsplan er nynorsk nemning for bebyggelsesplan. Retningsliner ved dispensasjon for utbyggingstiltak i LNF-områda (Retningslinene er av rettleiande karakter og kan ikkje nyttast som heimel for vedtak.) Generelt • Dispensasjon for byggetiltak i LNF-området kan berre gjevast når tiltaket ikkje vil kome i konflikt med kommunen sine målsetjingar i kommuneplanen, eller i sterk konflikt med ulike sektorinteresser. • Kommunen sitt faste utval for plansaker kan ikkje gje dispensasjon før saka er lagt fram for statlege og fylkeskommunale faginstansar for uttale, der saka kan ha regional eller nasjonal interesse. • Kommunen skal ha ei positiv haldning til spreidd bygging av heilårsbustader. • Eksisterande hytter kan ein utvide til maksimalt 120 m² bruksareal (T-BRA). Det kan førast opp eit uthus / bod pr. eksisterande fritidsbustad.Uthus/bod skal vere uisolert. Det er ein føresetnad at uthuset / boden blir plassert i nær tilknyting til hytta, høgst 5 meter ifrå, med maksimalt bruttoareal (BTA) 15 m². • Kommunen kan gje løyve til utleige, og ombyggin- gar i samband med dette, av bygningar i landbruket ( gardsturisme). Slike løyve kan ein gje til bruk / driftseiningar der det blir drive tradisjonell land- bruksdrift. • Hytter kan ha biologisk toalett utan utslepp. Det kan søkast om innlegging av vatn og utslepp av gråvatn til godkjent infiltrasjon. Bumiljø • Det skal visast ei svært streng haldning til tiltak som kan føre til negative konsekvensar for bumiljøet, slik som auka trafikk, støy, støv, lukt m.m. • Ved bygging skal bygningane ha utforming, materialbruk og farge som er tilpassa omgivnad og byggeskikk på staden. • Hytter tillatast ikkje bygd i eller i direkte tilknyting til buområde. Jordvern • Utbygging til heilårs bustadføremål og til nærings- verksemd bør ikkje finne stad på god dyrka mark. Slik utbygging må òg ta omsyn til arrondering av innmarksareal og til driftsforholda for omkring- liggjande skog. • Utbygging av hytter/fritidsbustad tillatast ikkje på dyrka eller dyrkbar mark eller på skogsmark av høg bonitet. Utbygging av utleigehytter som ein del av landbruksnæringa skal ha mindre strenge krav til arealbruk. Kulturlandskap/kulturminne • Levande kulturlandskap skal takast vare på, og fokuserast særleg på ved byggetiltak i eller nær slike område. • Hytter tillatast ikkje bygd inn i eksisterande kultur- landskap. • Det skal visast ei streng haldning til sterke inngrep i kulturlandskapet i buområda, og til inngrep som kjem i konflikt med verdifulle kulturminne. Rekreasjons- og friluftsområde • Restaurering/gjenoppbygging av tidlegare hytter, støylsbuer o.l. innanfor byggjeforbodsområdet, skal likevel kunne tillatast. • Gode reiselivsanlegg og utleigehytter med stor næringsmessig betydning vil ein kunne vurdere å godkjenne, eventuelt med krav om utbygging på grunnlag av reguleringsplan. • Byggetiltak i vassdragsnære område kan berre tillatast der tiltaket ikkje kjem i konflikt med kjende friluftsinteresser som turområde, badeplassar, fiske m.m. • Båthus kan byggast/utvidast innom desse grensene; Maksimalt 40 m2 BYA, maksimal mønehøgde 3,5 m og maksimal gesimshøgde 2,7 m. • Ved frådeling av tomt eller ved plassering av bygg nær vatn og vassdrag skal det leggast inn “grøne korridorar” i utmarksområdet for å sikre fri ferdsel langs vatn og vassdrag. • Rekreasjons- og friluftsområde i nærområda til buområde, skule og barnehage skal i størst mogleg grad haldast fri for utbygging og inngrep som kan skade desse. Natur og miljø • Utbyggingstiltak skal vurderast mot konsekvensar for område avmerkte i temakart frå Fylkesmannen innan; Inngrepsfrie område, naturvernområde og verneverdige naturområde, friluftsliv, truga planteartar, truga dyreartar, spelplassar for orrfugl og storfugl og andre viktige viltområde. Trafikktryggleik • Det skal visast ei streng haldning til nye avkøyrsler frå riksveg. • Tilkomst til nye bygg/anlegg søkast løyst ved tilknyting til eksisterande avkøyrsler frå fylkesveg og kommunal veg der det ligg til rette for det. Massetak • For opning av nye massetak skal det setjast krav til inngrepet der natur- og miljøinteresser blir ivaretatt både i driftsfasen og ved avsluttinga av uttaket. Retningsliner for hyttebygging: (Retningslinene under er meint som rettleiing for utarbeiding av regulerings- og utbyggingsplanar for hytter og for utforming av det einskilde bygg. Retningslinene er av rettleiande karakter og kan ikkje nyttast som heimel for vedtak.) Generelt. • Hyttebygging skal lokaliserast til avsette, eventuelt seinare regulerte byggeområde. Dette for å sikre mogleghet for private og offentlege servicetiltak, minst mogleg motorisert ferdsel i utmarka og størst mogleg samanhengande areal for næringsverksemd (skogbruk og utmarksnæringar), samt tilgjenge til mest mogleg urørt natur. Før godkjenning må grun- ntilhøva vedkomande ras- flaum- og radonstrålings- faren vere vurderte. • Konsentrert hyttebygging vil gjere det enklare å oppfylle ønske om komfort og lett tilgjenge, og kravet om høg standard på sanitærtekniske løysingar, renovasjon, brannberedskap, m.v. • Bygging av hytter skal vere med på å styrke næringsgrunnlaget for dei fastbuande. Grunneigarar som ynskjer slik utbygging skal prioriterast. Omfang av hytter i planområde • Planmynde i kommunen må vurdere talet på hytter innanfor det einskilde planområdet. Ved vurdering leggast primært vekt på storleik av arealet og høve mellom utbyggingsareal og areal fri for utbygging, tilkomst, vass- og avlaupstilhøve. Utforming, materialbruk og farge •Det skal leggast stor vekt på å skape vakre og harmoniske hyttebygg i kommunen, og utbygging skal i størst mogleg grad ta vare på urørt natur i området. • Bygga skal mest mogleg underordne seg natur- preget med god utforming, material- og fargebruk. Følgjande normer skal leggast til grunn: • Hytter innanfor same planområde må sjåast i sa- manheng og tilpassast kvarandre når det gjeld plass- ering og utforming. • Hytter skal ha ei plassering som gjer at desse ikkje verkar dominerande i landskapet, og skal plasserast og utformast med best mogleg tilpassing til terr- enget. • Taktekking skal vere tilpassa tradisjonell bygge- skikk. Fasadekledning bør vere i tre. Ein skal som hovudregel nytte tømmervegg. Fasaden kan ein blende med naturstein. • Høgde på mur bør ikkje overstige 1 meter. • Utvendig skal det nyttast materialar og fargar som harmonerer med landskapet. Natur- og miljøomsyn • Utbygging av hytteområda bør i størst mogleg grad tilpassast og underordne seg landskap og naturmiljø. Dette gjeld både bygningar, veg, parkeringsanlegg og øvrige tekniske anlegg. • Hyttebygga bør ikkje leggast inntil eller nær vass- drag. Dette for å sikre at både hytteeigarar og folk flest får mogleghet til uhindra tilkomst til vatn og vassdrag som ein del av ferie- og fritidsopplevinga (bade, fiske, m.v.). • Det skal ikkje setjast opp flaggstenger i tilknyting til fritidsbustader innanfor planområdet. • All hogst innanfor planområdet skal ta omsyn til bruken av arealet som hytteområde. • Veg og tekniske anlegg for vatn, kloakk og elek- trisitet bør samlast mest mogleg og lednigsanlegg leggast i grunne fellesgrøfter, for å unngå unød- vendige inngrep i terrenget. Tilkomst, parkering og tekniske anlegg • Byggeområda for hytter bør vere tilgjengeleg med bil heile året. • Det bør vere minst 2,0 biloppstillingsplassar til kvar hytte. • Hytter skal ha sikker og god vassforsyning, frå kom- munalt vassverk eller frå felles vassforsyningsanlegg som dekker det enkelte planområde. • Avlaup frå hytter skal førast til godkjent avlaups- anlegg, kommunalt eller privat. • Hytteområde skal vere tilrettelagt for, og sikra ei forsvarleg renovasjonsordning. Felles avfallsbu(er) skal leggast ved innfallsporten til hytteområdet, og vere lett tilgjengeleg heile året. Arealdel i kommuneplan i perioden 2008 -2020 - LNF-OMRÅDE I SJØ OG VASSDRAG OMRÅDE FOR SÆRSKILT BRUK ELLER VERN AV SJØ OG VASSDRAG (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 5) - MASSEUTTAK (steinbrot, grustak, sandtak) OMRÅDE FOR RÅSTOFFUTVINNING (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 3) REGULERINGS- OG UTBYGGINGSPLANAR SOM ER VIST PÅ KOMMUNEPLANKARTET Nr. på Namn Vedteken i Fylkesmannen Merkn. / kartet komm. styret/ saksnr. planutvalet R1 Sandvin 090492 R2 Hesmyr huskrull 040382 R3 Fjone pelsdyrområde 250485 (Framlegg om oppheving, ikkje med på kartet.) R4 Nygaard 151294 R5 Nisser camping 080987 R6 Nauraksoddane 110997 R7 Solheia hyttegrend 110997 R8 Drangsvatn I 020792 R9 Høgefoss 110589 R10 Haugsjåsund huskrull 030378 210280 R11 Berlimoen pelsdyrområde 021086 R12 Sundsmyr pelsdyrområde 160289 R13 Flesjeodden og Kileberga 051200 085/00 R14 Åbog 200100 012/00 R15 Vehustjønna 200100 011/00 R16 Rapvatn 200100 010/00 R17 Skytebane Fjone 220499 030/99 R18 Haukåsen 280801 059/01 R19 Drangsvatn II 240603 048/03 R20 Gaurak (massetak) 170205 002/05 R21 Nordskogbukta 040506 031/06 R22 Utsjå I+II 140605/150207 045/05/003/07 R23 Åsodden 030507 022/07 R24 Sandnes 111007 056/07 TIDLEGARE H-BYGGEOMRÅDE SOM HAR ANNAN PLANSTATUS NÅ H5 = R22 H6 = R18 H7 = R24 H9 = Tilbake til LNF H10 = R15 H11 = R14 H12 = R16 H14 = R19 H18 = R21 ANDRE SIGNATURAR - GRENSE FOR KOMMUNEPLANENS AREALDEL - GRENSE FOR AREALBRUKSOMRÅDE - GRENSE FOR VARIG VERNA VASSDRAG - GRENSE FOR VERNESKOG - GRENSE FOR VILLREINVALD - STØYSONE, SKYTEBANE VIKTIGE LEDD I KOMMUNIKASJONSSYSTEMET (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 6) - RIKSVEG - FYLKESVEG - KOMMUNAL VEG - KRAFTLINE - PRIVATVEG, SKOGSBILVEG - ERVERV, CAMPING, UTLEIGEHYTTER TEIKNFORKLARING BYGGEOMRÅDE (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 1) Eksisterande Framtidig - FRITIDSBUSTADER/HYTTER - SENTEROMRÅDE - BUSTADOMRÅDE - KOMMUNALTEKNISK VERKSEMD/ANLEGG - FORRETNING, INDUSTRI - FRIOMRÅDE/IDRETTSANLEGG/CAMPING - AVFALLSHANDSAMING - SKYTEBANE - LNF-OMRÅDE UTAN FØRESEGNER OM SPREIDD UTBYGGING LANDBRUKS-, NATUR- OG FRILUFTSOMRÅDE (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 2) - PLASSERING AV FRITIDSBUSTAD S2 - PLASSERING AV NYE BYGG I EKSISTERANDE STØYLSMILJØ BANDLAGTE OMRÅDE (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 4) - BÅNDLAGD ETTER LOV OM KULTURMINNE RETNINGSLINER - LNF-OMRÅDE DER NATURVERN ER DOMINERANDE - LNF-OMRÅDE DER FRILUFTSLIV ER DOMINERANDE Saksbehandling etter plan- og bygningslova: Utkast planprogram planutvalsak 149/06 23.11.2006 Godkjent planprogram planutvalsak 018/07 01.02.2007 Høyringsutkast, 1. g behandling planutvalsak 077/07 07.06.2007 Utlagt til offentleg ettersyn 19.06 - 12.08.2007 Planutkast, 2. g behandling planutvalsak 123/07 23.09.2007 Eigengodkjent, Nissedal kommunestyre, sak 051/07 11.10.2007 Avgrensa andre gongs høyring(for H20, H21) 01.11- 30.11.2007 Planutkast, ny behandling planutvalsak 053/08 03.06.2008 Ny eigengodkjenning, Nissedal kommunestyre, sak 052/08 19.06.2008 Treungen den 03.07.2007 ..................................................... Ordførar Stempel Kartgrunnlag: Statens kartverk N50 Plandata er digitalisert frå konstruksjon Ekvidistanse: 20 meter Målestokk: 1 : 60000 Koordinatssystem: EUREF89 Akse 32 DATO 03.07.2008 SAKSBEH. S. Seljås TEIKNA B. Underdal NISSEDAL KOMMUNE 0 1 2 4 km 3 F1
1

NISSEDAL KOMMUNE - plandata.statkart.noplandata.statkart.no/data/PlanDokument/08_Telemark/0830_Nissedal/... · ningar der opphaveleg bruksområde blir ivareteke, er lov. Nye bygninar

Mar 01, 2018

Download

Documents

doantruc
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: NISSEDAL KOMMUNE - plandata.statkart.noplandata.statkart.no/data/PlanDokument/08_Telemark/0830_Nissedal/... · ningar der opphaveleg bruksområde blir ivareteke, er lov. Nye bygninar

FØRESEGNER:

0. HALDNINGAR TIL ELDRE PLANAR (PBL § 20-6):Reguleringsplanar og utbyggingsplan-ar* som er vedtekne før denne kom-muneplanen, gjeld framleis. (Sjå eiga liste over reguleringsplanar/utbygg-ingsplanar nedanfor, samt avmerking på plankartet).

I områda Felle, Treungen sentrum, Gautefallheia,Kyrkjebygda og Kyrkje- bygdheia gjeld eigne kommunedel-planar.

1. BYGGJEOMRÅDE. (PBL § 20-4, 1. ledd nr. 1)

1.1 GENERELT FOR BYGGJE-OMRÅDE. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a og f)For område avsett til utbyggings-føremål, eksisterande og planlagt, kan arbeid og tiltak som nemnt i plan- og bygningslova § 93a, d og i, ikkje ta til før det ligg føre ein godkjent reguler-ings- eller utbyggingsplan*, sjå pkt 1.2-1.6. Det same gjeld frådeling til slike føremål.

Det er eit generelt forbod mot å byggje i ei 50 meter-sone langs vatn og vass-drag. Avstanden blir målt i horisontal-planet ved gjennomsnittleg flaumvas-stand. Forbodet gjeld arbeid og tiltak som nemnd i plan- og bygningslova § 93a, d og i. Det er gjort desse unnataka frå hovudregelen;

A I område for verna vassdrag gjeld dette forbodet i ei 100 meter-sone. Vassdraga som er verna er Kilåi, Gautefallelva, Gjerstadvassdraget og Vegårsvassdraget. For avgrensing, sjå plankartet.B Rundt Nisser og Tjørull gjeld dette forbodet i ei 100 meter-sone. C Der offentleg veg delar forbodssona gjeld byggeforbodet berre arealet mel-lom veg og vatn.

1.2 OMRÅDE AVSETT TIL BU-STADER. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a og b)Det er krav om reguleringsplan for planlagte område for bustader, (B1-B3), før utbygging kan finne stad.

Fortetting av eksisterande område, og utbetringar / større ombyggingar som ikkje fell inn under pbl. § 86a, krev reguleringsplan.

Til reguleringsplanane skal ein utforme føresegner som omfattar:- Utforming av tak. - Grad av utnytting av tomtene.

1.3 OMRÅDE AVSETT TIL FRITIDSBUSTADER. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a og b)Det er krav om reguleringsplan for planlagte område for fritidsbustader, (H1-H33), før utbygging kan finne

stad. Fortetting av eksisterande om-råde, og utbetringar / større ombygg-ingar som ikkje fell inn under pbl. § 86a, krev også reguleringsplan.

Det er ikkje lov å føre opp meir enn ei hytte og eit uthus / bod / garasje pr. fritidstomt. Dette gjeld både eksi-sterande og planlagte hytter. Det er ein føresetnad at uthuset / boden /garasjen blir plassert i nær tilknyting til hytta, høgst 10 meter ifrå for planlagte hytter, og høgst 5 meter ifrå for eksisterande. Uthus /bod/garasje skal vere uisolert, og med maksimalt bruttoareal (BTA) 30 m2.

Det er ikkje lov å setje opp gateljos/vegljos.

I planlagte område for fritidsbu- stader kan ikkje utbygging ta til før elektrisitet, veg, vatn og avlaup er ført fram til kvar einskild tomt som skal byggast ut.

Før utbygging av H21 kan ta til, skal 70% av H20 vere utbygd.

Eksisterande hytte kan utvidast til mak-simalt 120 m2 bruksareal (T-BRA).

Til reguleringsplanane skal ein utforme føresegner som omfattar:- Utforming av tak. - Grad av utnytting av tomtene.

For områda H1, H2 og H3 gjeld § 12 i jordlova.

1.4 OMRÅDE AVSETT TIL ERVERV.(PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a og b)I område avsett til erverv, er det lov med campingplass og/eller utleige- hytter eller caravanplass.Dette er oppgitt for kvart enkelt om-råde, sjå lista nedanfor. For avgrensing, sjå kartet. Nummereringa til venstre i lista viser til avmerkinga på kartet.

T 1 Sandnesodden: campingplass og hytteanlegg.T 2 Nauraksodden: campingplass og hytteanlegg.T 3 Haukåsen: campingplass og hytteanlegg. T 4 tatt ut av planen. T 5 Nordbygda: campingplass. T 6 Tjønnefoss st: hytteanlegg. T 7 Drangstjønn: hytteanlegg.T 8 Sandnes: caravanplass.

Det er krav om utbyggingsplan for dei nye / planlagte hytteanlegga. Fortett-ing av eksisterande område krev også utbyggingsplan.

Utbygging/fortetting av eit T-område kan ikkje ta til før det ligg føre ein godkjent avlaupsplan for området. Ut-bygging skal skje i samsvar med denne planen.

For områda T1 og T2 gjeld jordlovas § 12.

1.5 OMRÅDE AVSETT TIL SKYTEBANE.(PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a)Det er krav om utbyggingsplan for planlagte skytebanar. Utviding av eksisterande banar krev også utbygg-ingsplan.

1.6 OMRÅDE AVSETT TIL LOKALSENTER (BUSTAD, FORRETNING OG KONTOR)(PBL § 20-4, 2. ledd bokstav a)Fortetting av eksisterande område krev utbyggingsplan. Utbetringar / større ombyggingar, som ikkje fell inn under pbl. § 86a, krev også utbyggingsplan.

L1 Fjonemonen,vest kontor/forretning/bustad.

2. LANDBRUKS-, NATUR OG FRILUFTSOMRÅDE. (PBL§20-4, 1. ledd nr.2)

2.1 GENERELT FOR LAND-BRUKS-, NATUR OG FRILUFTS-OMRÅDE. (PBL § 20-4, 2. ledd bokstav c) (Ikkje kartfesta tiltak).

2.2 OMRÅDE AVSETT TIL FRITIDSBUSTAD. (PBL §20-4, 2. ledd bokstav c)I tilknyting til støylsmiljø, som er vist på kartet (S1-S13 og S15- S21), kan ein opne for avgrensa hyttebygging. Ved slik utbygging skal ein ta særleg omsyn til tidlegare hustufter, bygn-ingsmasse og kulturlandskap rundt desse.

Det kan ikkje bli godkjent meir enn 3 hytter pr. støyl. Dette inkluderer eksisterande hytter. Det er lov å setje opp eit felles uthus. Uthuset skal vere uisolert, og maksimalt bruttoareal (BTA) 20 m².

Attreising / restaurering av gamle byg-ningar der opphaveleg bruksområde blir ivareteke, er lov. Nye bygninar må i utforming og plassering vere tilpassa det gamle støylsmiljøet. Når verneom-syn tilseier det, kan ein plassere nye bygningar inntil 100 meter frå sentrum av støylen, men slik at dei saman med det gamle støylsmiljøet står fram som ei eining.

Innanfor område Meselvatn - Kron-fjell, er det lov å bygge to fritidshus merka F1 og F2. Det kan og byggast eit tredje fritidshus, F3, ved Blidtjønn (Tveit 33/9). For plassering, sjå kartet.

Det er lov å setje opp eit uthus/bod i tilknyting til desse hyttene. Uthus/bod skal vere uisolert, med maksimalt brut-toareal (BTA) 15 m².

Elles gjeld fylgjande for hyttebygg-ing i tilknyting til støylar (S1-S13 og S15-S21) og for fritidsbustad innanfor området Meselvatn – Kronfjell og ved Blidtjønn (F1–F3):- Maksimalt bruksareal (T-BRA) er 60 m².- Maksimal mønehøgde 5 meter.- Saltak med ein vinkel mellom 22 - 30 grader.- Taktekking skal vere tilpassa tradi-sjonell byggeskikk.- Fasadekledning bør vere i tre, ein skal som hovudregel nytte tøm-mervegg. Fasaden kan ein blende med naturstein.- Ein bør nytte naturfargar utvendig på hyttene.- Bygga blir elles å utforme slik at dei mest mogeleg går i eitt med om-gjevnadene.

For slik spreidd utbygging som her vist i LNF - området, gjeld eit generelt krav om utbyggingsplan. Utbyggingsplanar må ein utarbeide etter nærare oppgitte føresegner, sjå kap. 3.

For slik spreidd utbygging som her vist i LNF - området, gjeld §§ 9 og 12

i jordlova.

3. UTARBEIDING AV REGULERINGS- ELLER UTBYGGINGSPLAN(PBL § 20-4, 2. ledd bokstav b)Det er eit krav til alle nye regulerings- og utbyggingsplanar at dei tiltak det blir planlagt for, ikkje skal vere til hinder for den allmenne frie ferdsel.

Ved utarbeiding av regulerings- eller utbyggingsplan skal ein leggje ut friluftsområde langs vatn og vass-drag. Desse friluftsområda skal sikre allmenne interesser, mellom anna fri ferdsel til og langs aktuelle vatn og vassdrag.

Plankart for regulerings- eller utbygg-ingsplanar skal syne alle eksisterande og planlagte trasèar for skiløyper og turløyper/turvegar, og det skal synleg-gjerast korleis desse heng saman med det øvrige løypenettet i kommune-planområdet.

Alle forslag til planar innanfor områd-et, skal sendast fylkeskommunen til fråsegn, jf kulturminneloven §9.

For område lagt ut til byggeområde, skal det takast omsyn til biologisk mangfaldverdiar.

For område lagt ut til byggeområde, skal det dokumenterast med undersøk-ingar at området ikkje har radonstråling over tilrådde verdiar for byggegrunn. Eller det skal i reguleringsføresegnene krevjast kompenserande tiltak, radon-

sperre etc.

Alle nybygg skal lokaliserast slik at avkøyring kan skje i samsvar med rammeplan for avkøyringar, sjå retningslinene nedanfor.

Det er krav om å opparbeide vegar og minimum 2,0 parkeringsplassar pr fritidshus.

*) Utbyggingsplan er nynorsk nemning for bebyggelsesplan.

Retningsliner ved dispensasjon for utbyggingstiltak i LNF-områda

(Retningslinene er av rettleiande karakter og kan ikkje nyttast som heimel for vedtak.)

Generelt• Dispensasjon for byggetiltak i LNF-området kan

berre gjevast når tiltaket ikkje vil kome i konflikt med

kommunen sine målsetjingar i kommuneplanen, eller i sterk konflikt med ulike sektorinteresser.

• Kommunen sitt faste utval for plansaker kan ikkje

gje dispensasjon før saka er lagt fram for statlege og fylkeskommunale faginstansar for uttale, der saka kan ha regional eller nasjonal interesse.• Kommunen skal ha ei positiv haldning til spreidd

bygging av heilårsbustader.• Eksisterande hytter kan ein utvide til maksimalt 120

m² bruksareal (T-BRA). Det kan førast opp eit uthus / bod pr. eksisterande fritidsbustad.Uthus/bod skal vere uisolert. Det er ein føresetnad at uthuset / boden blir plassert i nær tilknyting til hytta, høgst 5 meter ifrå, med maksimalt bruttoareal (BTA) 15 m².• Kommunen kan gje løyve til utleige, og ombyggin-gar i samband med dette, av bygningar i landbruket ( gardsturisme). Slike løyve kan ein gje til bruk / driftseiningar der det blir drive tradisjonell land-bruksdrift.• Hytter kan ha biologisk toalett utan utslepp. Det kan

søkast om innlegging av vatn og utslepp av gråvatn til godkjent infiltrasjon.

Bumiljø• Det skal visast ei svært streng haldning til tiltak som

kan føre til negative konsekvensar for bumiljøet, slik som auka trafikk, støy, støv, lukt m.m.

• Ved bygging skal bygningane ha utforming,

materialbruk og farge som er tilpassa omgivnad og byggeskikk på staden.• Hytter tillatast ikkje bygd i eller i direkte tilknyting

til buområde.

Jordvern• Utbygging til heilårs bustadføremål og til nærings-verksemd bør ikkje finne stad på god dyrka mark.

Slik utbygging må òg ta omsyn til arrondering av innmarksareal og til driftsforholda for omkring- liggjande skog.• Utbygging av hytter/fritidsbustad tillatast ikkje

på dyrka eller dyrkbar mark eller på skogsmark av høg bonitet. Utbygging av utleigehytter som ein del av landbruksnæringa skal ha mindre strenge krav til arealbruk.

Kulturlandskap/kulturminne• Levande kulturlandskap skal takast vare på, og

fokuserast særleg på ved byggetiltak i eller nær slike område.• Hytter tillatast ikkje bygd inn i eksisterande kultur-landskap.• Det skal visast ei streng haldning til sterke inngrep i

kulturlandskapet i buområda, og til inngrep som kjem i konflikt med verdifulle kulturminne.

Rekreasjons- og friluftsområde• Restaurering/gjenoppbygging av tidlegare hytter,

støylsbuer o.l. innanfor byggjeforbodsområdet, skal likevel kunne tillatast.• Gode reiselivsanlegg og utleigehytter med stor

næringsmessig betydning vil ein kunne vurdere å godkjenne, eventuelt med krav om utbygging på grunnlag av reguleringsplan.• Byggetiltak i vassdragsnære område kan berre

tillatast der tiltaket ikkje kjem i konflikt med kjende

friluftsinteresser som turområde, badeplassar, fiske

m.m.• Båthus kan byggast/utvidast innom desse grensene;

Maksimalt 40 m2 BYA, maksimal mønehøgde 3,5 m og maksimal gesimshøgde 2,7 m.• Ved frådeling av tomt eller ved plassering av bygg

nær vatn og vassdrag skal det leggast inn “grøne korridorar” i utmarksområdet for å sikre fri ferdsel langs vatn og vassdrag.• Rekreasjons- og friluftsområde i nærområda til

buområde, skule og barnehage skal i størst mogleg grad haldast fri for utbygging og inngrep som kan skade desse.

Natur og miljø• Utbyggingstiltak skal vurderast mot konsekvensar

for område avmerkte i temakart frå Fylkesmannen innan; Inngrepsfrie område, naturvernområde og verneverdige naturområde, friluftsliv, truga planteartar, truga dyreartar, spelplassar for orrfugl og storfugl og andre viktige viltområde.

Trafikktryggleik• Det skal visast ei streng haldning til nye avkøyrsler

frå riksveg.• Tilkomst til nye bygg/anlegg søkast løyst ved

tilknyting til eksisterande avkøyrsler frå fylkesveg og kommunal veg der det ligg til rette for det.

Massetak• For opning av nye massetak skal det setjast krav til

inngrepet der natur- og miljøinteresser blir ivaretatt både i driftsfasen og ved avsluttinga av uttaket.

Retningsliner for hyttebygging: (Retningslinene under er meint som rettleiing for utarbeiding av regulerings- og utbyggingsplanar for hytter og for utforming av det einskilde bygg. Retningslinene er av rettleiande karakter og kan ikkje nyttast som heimel for vedtak.)

Generelt.• Hyttebygging skal lokaliserast til avsette, eventuelt

seinare regulerte byggeområde. Dette for å sikre mogleghet for private og offentlege servicetiltak, minst mogleg motorisert ferdsel i utmarka og størst mogleg samanhengande areal for næringsverksemd (skogbruk og utmarksnæringar), samt tilgjenge til mest mogleg urørt natur. Før godkjenning må grun-ntilhøva vedkomande ras- flaum- og radonstrålings-faren vere vurderte.• Konsentrert hyttebygging vil gjere det enklare

å oppfylle ønske om komfort og lett tilgjenge, og kravet om høg standard på sanitærtekniske løysingar, renovasjon, brannberedskap, m.v.• Bygging av hytter skal vere med på å styrke

næringsgrunnlaget for dei fastbuande. Grunneigarar som ynskjer slik utbygging skal prioriterast.

Omfang av hytter i planområde• Planmynde i kommunen må vurdere talet på hytter

innanfor det einskilde planområdet. Ved vurdering leggast primært vekt på storleik av arealet og høve mellom utbyggingsareal og areal fri for utbygging, tilkomst, vass- og avlaupstilhøve.

Utforming, materialbruk og farge•Det skal leggast stor vekt på å skape vakre og

harmoniske hyttebygg i kommunen, og utbygging skal i størst mogleg grad ta vare på urørt natur i området.• Bygga skal mest mogleg underordne seg natur-preget med god utforming, material- og fargebruk.

Følgjande normer skal leggast til grunn:• Hytter innanfor same planområde må sjåast i sa-manheng og tilpassast kvarandre når det gjeld plass-ering og utforming.• Hytter skal ha ei plassering som gjer at desse ikkje

verkar dominerande i landskapet, og skal plasserast og utformast med best mogleg tilpassing til terr-enget.• Taktekking skal vere tilpassa tradisjonell bygge-

skikk. Fasadekledning bør vere i tre. Ein skal som hovudregel nytte tømmervegg. Fasaden kan ein blende med naturstein.• Høgde på mur bør ikkje overstige 1 meter.

• Utvendig skal det nyttast materialar og fargar som

harmonerer med landskapet.

Natur- og miljøomsyn• Utbygging av hytteområda bør i størst mogleg grad

tilpassast og underordne seg landskap og naturmiljø. Dette gjeld både bygningar, veg, parkeringsanlegg og øvrige tekniske anlegg.• Hyttebygga bør ikkje leggast inntil eller nær vass-drag. Dette for å sikre at både hytteeigarar og folk flest får mogleghet til uhindra tilkomst til vatn og

vassdrag som ein del av ferie- og fritidsopplevinga (bade, fiske, m.v.).

• Det skal ikkje setjast opp flaggstenger i tilknyting til

fritidsbustader innanfor planområdet.• All hogst innanfor planområdet skal ta omsyn til

bruken av arealet som hytteområde.• Veg og tekniske anlegg for vatn, kloakk og elek-trisitet bør samlast mest mogleg og lednigsanlegg leggast i grunne fellesgrøfter, for å unngå unød- vendige inngrep i terrenget.

Tilkomst, parkering og tekniske anlegg• Byggeområda for hytter bør vere tilgjengeleg med

bil heile året.• Det bør vere minst 2,0 biloppstillingsplassar til

kvar hytte.• Hytter skal ha sikker og god vassforsyning, frå kom-munalt vassverk eller frå felles vassforsyningsanlegg som dekker det enkelte planområde. • Avlaup frå hytter skal førast til godkjent avlaups-

anlegg, kommunalt eller privat. • Hytteområde skal vere tilrettelagt for, og sikra ei

forsvarleg renovasjonsordning. Felles avfallsbu(er) skal leggast ved innfallsporten til hytteområdet, og vere lett tilgjengeleg heile året.

Arealdel i kommuneplan

i perioden 2008 -2020

- LNF-OMRÅDE I SJØ OG VASSDRAG

OMRÅDE FOR SÆRSKILT BRUK ELLER VERN AV SJØ OG VASSDRAG (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 5)

- MASSEUTTAK (steinbrot, grustak, sandtak)

OMRÅDE FOR RÅSTOFFUTVINNING (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 3)

REGULERINGS- OG UTBYGGINGSPLANAR SOMER VIST PÅ KOMMUNEPLANKARTET

Nr. på Namn Vedteken i Fylkesmannen Merkn. /kartet komm. styret/ saksnr. planutvaletR1 Sandvin 090492R2 Hesmyr huskrull 040382R3 Fjone pelsdyrområde 250485 (Framlegg om oppheving, ikkje med på kartet.)R4 Nygaard 151294R5 Nisser camping 080987R6 Nauraksoddane 110997R7 Solheia hyttegrend 110997R8 Drangsvatn I 020792R9 Høgefoss 110589R10 Haugsjåsund huskrull 030378 210280R11 Berlimoen pelsdyrområde 021086R12 Sundsmyr pelsdyrområde 160289R13 Flesjeodden og Kileberga 051200 085/00R14 Åbog 200100 012/00R15 Vehustjønna 200100 011/00R16 Rapvatn 200100 010/00R17 Skytebane Fjone 220499 030/99R18 Haukåsen 280801 059/01R19 Drangsvatn II 240603 048/03R20 Gaurak (massetak) 170205 002/05R21 Nordskogbukta 040506 031/06R22 Utsjå I+II 140605/150207 045/05/003/07R23 Åsodden 030507 022/07R24 Sandnes 111007 056/07

TIDLEGARE H-BYGGEOMRÅDE SOM HAR ANNAN PLANSTATUS NÅ

H5 = R22 H6 = R18 H7 = R24 H9 = Tilbake til LNF H10 = R15H11 = R14 H12 = R16 H14 = R19 H18 = R21

ANDRE SIGNATURAR

- GRENSE FOR KOMMUNEPLANENS AREALDEL

- GRENSE FOR AREALBRUKSOMRÅDE

- GRENSE FOR VARIG VERNA VASSDRAG

- GRENSE FOR VERNESKOG

- GRENSE FOR VILLREINVALD

- STØYSONE, SKYTEBANE

VIKTIGE LEDD I KOMMUNIKASJONSSYSTEMET (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 6)

- RIKSVEG

- FYLKESVEG

- KOMMUNAL VEG

- KRAFTLINE

- PRIVATVEG, SKOGSBILVEG

- ERVERV, CAMPING, UTLEIGEHYTTER

TEIKNFORKLARING

BYGGEOMRÅDE (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 1)

Eksisterande Framtidig

- FRITIDSBUSTADER/HYTTER

- SENTEROMRÅDE

- BUSTADOMRÅDE

- KOMMUNALTEKNISK VERKSEMD/ANLEGG

- FORRETNING, INDUSTRI

- FRIOMRÅDE/IDRETTSANLEGG/CAMPING

- AVFALLSHANDSAMING

- SKYTEBANE

- LNF-OMRÅDE UTAN FØRESEGNER OM SPREIDD UTBYGGING

LANDBRUKS-, NATUR- OG FRILUFTSOMRÅDE (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 2)

- PLASSERING AV FRITIDSBUSTAD

S2 - PLASSERING AV NYE BYGG IEKSISTERANDE STØYLSMILJØ

BANDLAGTE OMRÅDE (PBL §20-4, 1. ledd, nr. 4)

- BÅNDLAGD ETTER LOV OM KULTURMINNE

RETNINGSLINER

- LNF-OMRÅDE DER NATURVERN ER DOMINERANDE

- LNF-OMRÅDE DER FRILUFTSLIV ER DOMINERANDE

Saksbehandling etter plan- og bygningslova:Utkast planprogram planutvalsak 149/06 23.11.2006Godkjent planprogram planutvalsak 018/07 01.02.2007Høyringsutkast, 1. g behandling planutvalsak 077/07 07.06.2007Utlagt til offentleg ettersyn 19.06 - 12.08.2007Planutkast, 2. g behandling planutvalsak 123/07 23.09.2007Eigengodkjent, Nissedal kommunestyre, sak 051/07 11.10.2007Avgrensa andre gongs høyring(for H20, H21) 01.11- 30.11.2007Planutkast, ny behandling planutvalsak 053/08 03.06.2008

Ny eigengodkjenning, Nissedal kommunestyre, sak 052/08 19.06.2008

Treungen den 03.07.2007

..................................................... Ordførar Stempel

Kartgrunnlag: Statens kartverk N50Plandata er digitalisert frå konstruksjonEkvidistanse: 20 meterMålestokk: 1 : 60000Koordinatssystem: EUREF89 Akse 32

DATO

03.07.2008

SAKSBEH.

S. Seljås

TEIKNA

B. Underdal

NISSEDAL KOMMUNE

0 1 2 4 km3

F1