Marie 10C Litauisk tradisjonsmat 14.05.2014 Litauisk tradisjonsmat Eg valte å lage litauisk tradisjonsmat fordi dette er noko eg interesserer meg for og fordi stemora mi er litauisk. Til forrett har eg valt å lage šaltibarščiai (kald borsjtsj med varm potet). Til hovudrett val eg vištienos file kepsniukai (kyllingschnitzel med marinerte poteter og grønsaker), og til dessert varškės spurgos (cottage cheese smultbollar med vaniljeis og jordbær). Om forretten Varm borsjtsj er ein typisk russisk rett, medan kald er litauisk. Den blir for det meste servert om sommaren, på grunn av at dei beste grønsakene er om sommaren og det alltid er godt med kald suppe når det er varmt ute. På sommartid i Litauen kan du få tak i ei slik suppe hos alle caféar, som alltid vil stå på menyen. Det er vanleg å ha kokte poteter ved sidan av. Om hovudretten Kyllingschnitzel er ein vanleg måte å førebu kylling på i Litauen. Det fell i smak hos dei fleste, spesielt hos unge. Side 1 av 5
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Marie 10C Litauisk tradisjonsmat 14.05.2014
Litauisk tradisjonsmat
Eg valte å lage litauisk tradisjonsmat fordi dette er noko eg interesserer meg for og fordi
stemora mi er litauisk. Til forrett har eg valt å lage šaltibarščiai (kald borsjtsj med varm
potet). Til hovudrett val eg vištienos file kepsniukai (kyllingschnitzel med marinerte poteter
og grønsaker), og til dessert varškės spurgos (cottage cheese smultbollar med vaniljeis og
jordbær).
Om forretten
Varm borsjtsj er ein typisk russisk rett,
medan kald er litauisk. Den blir for det meste
servert om sommaren, på grunn av at dei
beste grønsakene er om sommaren og det
alltid er godt med kald suppe når det er
varmt ute. På sommartid i Litauen kan du få
tak i ei slik suppe hos alle caféar, som alltid
vil stå på menyen. Det er vanleg å ha kokte
poteter ved sidan av.
Om hovudretten
Kyllingschnitzel er ein vanleg måte å førebu
kylling på i Litauen. Det fell i smak hos dei
fleste, spesielt hos unge. Kyllingschnitzel er
vanleg å ete heile året. Potetene som høyrar
til kan serverast til andre kjøttrettar også, og
er godt når ein er lei av vanlege kokte
poteter. Som tilbehør kan du enten buke
kokte grønsaker eller ein frisk salat. Det er
også vanleg å ha saus som er laga av ketchup
og majones ved sidan av.
Side 1 av 5
Marie 10C Litauisk tradisjonsmat 14.05.2014
Om desserten
Cottage cheese smultbollar er ein velkjend
litauisk tradisjon og blir ete heile året. Alle i
Litauen kjenner til denne retten frå dei var
små, akkurat som at vi nordmenn kjenner til
vaflar. Det smakar spesielt godt på grunn av
at det inneheld cottage cheese. Smultbollane
er ekstra gode med tilbehør som til dømes
jordbær og vaniljeis.
Ingrediensar:
Forrett
Šaltibarščiai (kald borsjtsj med varm potet)
- 500 gram raudbetar
- 1/2 liter kulturmjølk
- 1/2 liter mjølk
- 1/2 agurk
- 2 vårlaukar
- Ein kvast med dill
- 3 hardkokte egg
- Salt
- Poteter
Hovudrett
Vištienos file kepsniukai (kyllingschnitzel med marinerte poteter og grønsaker)