Top Banner
16

Isbrann av Kjersti Kollbotn

Apr 06, 2016

Download

Documents

cappelendamm.no

Isbrann er historia om Knut og Sissel som flyttar til eit småbruk på Vestlandet. Knut leitar etter ei djupare meining med livet, men møtet med dei enkle dagane på landet viser seg å vere alt anna enn enkelt. Tømmerhogst med hest, og springvatn som frys om vinteren, er ikkje så triveleg som ein skulle tru. Kjersti Kollbotn skriv uredd og medrivande om korleis vi lever i dag.
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: Isbrann av Kjersti Kollbotn
Page 2: Isbrann av Kjersti Kollbotn

Kjersti Kollbotn

Isbrann

Page 3: Isbrann av Kjersti Kollbotn

© CAPPELEN DAMM AS 2014

ISBN 978-82-02-45206-3

1. utgave, 1. opplag 2014

Omslagsdesign: Elisabeth Vold BjoneOmslagsfoto: Hans Kollbotn

Sats: Type-it AS, Trondheim 2014Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2014

Satt i 10,5/13,5 pkt. Sabon og trykt på Munken Print Cream 80/1,5

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i dennepublikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm ASer all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate

så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor,interesseorgan for rettshavarar til åndsverk.

Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre tilerstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel.

www.cappelendamm.no

Page 4: Isbrann av Kjersti Kollbotn

Dørhengslene knirkar då han er på veg ut. Han stansar,fører døra forsiktig fram og tilbake, lyttar. Knirkingakjem frå den øvste hengsla. Lyden var der ikkje for eitpar timar sidan då han var oppe for å stelle dyra.

Han snur og går inn i gangen att, opnar døra ned tilkjellaren. Trappa pip sjølv om han prøver å stige lett pådei tynne plankane.

Nede i halvmørket fer fingrane hans bortover verktøy-hylla han har snekra, leitar etter sprayflaska med låsolje,som han veit skal vere der.

Flaska finn han attom ein rull hyssing, under eit flaksandpapir. Han ristar den vesle metallbehaldaren, høy-rer det skvulpar.

Lukta av olje fyller nasen då han trykkjer ned detsylinderforma, kvite hovudet på toppen av flaska ogsprayar begge hengslene. Litt av væska renn nedetterdørkarmen, og han brukar eine ermet på kjeledressen tilå tørke av med. Så fører han døra fram og tilbake pånytt, gliser då ho glir lydlaust mellom nevane hans.

Den frosne jorda knasar under støvlane bortetter tunet.Nede frå bygda kan han høyre klangen frå kyrkjeklok-kene. Klokkene ringjer til samling om Guds ord, sam-stundes står sola over Dugurdstinden, då er klokka ti.

Bygda er enno stille, berre ein og annan bil susar forbi

5

Page 5: Isbrann av Kjersti Kollbotn

på riksvegen. Ikkje før klokkene tek til å ringje på nytt,om ein halv time, brukar dei første å finne vegen tilkyrkja.

Som oftast er det berre nokre få sjeler som forsvinn innden høge døra. Sjølv går han aldri dit. Siste gongen hanvar innom eit gudshus var i gravferda til mora. Det varuansett ikkje i kyrkja nede i bygda, det var medan hanbudde i byen på andre sida av fjellet.

Med hendene djupt i lomma på kjeledressen frå Felles-kjøpet går han opp låvebrua. Det er glatt under gummi-solane, og for kvart steg sklir han litt bakover på dentynne ishinna.

Vel oppe stiller han seg breibeint innved låvedøra, løf-tar kroken ut av krampen og slår begge dørene til sidesog går inn.

Overgangen frå det sterke snølyset i februarsola, tilrommet under skråtaket innafor, gjer det vanskeleg å sjå.Men han veit kvar han skal setje føtene, veit at etter eistund vil auga hans ha vant seg.

Elektromotoren durar då han koplar inn straumen. Medden vesle kosten kostar han vekk spon og sagmugg somligg att etter siste økta i går. Den friske angen av høvelflisgjer han oppstemt.

Han har ein heil søndag fylt med godt arbeid framforseg.

Så trykkjer han på startknappen og set sirkelsaga igang. Sagbladet snurrar rundt akslingen med halve bla-det til ei kvar tid synleg opp gjennom det rektangulære,avlange hòlet i sagbenken.

Han likar larminga, likar dei kvasse, korte kvina somkjem kvar gong bladet skjer igjennom trekjøt.

6

Page 6: Isbrann av Kjersti Kollbotn

I dag står hesjestaur og gjerdestolpar på arbeidslista.Når våren kjem, skal han gjerde rundt kulturbeitet slikat han kan ha hesten og sauene gåande der. Og til som-maren skal han hesje og produsere eige tørrfôr for førstegong.

Siste året har han traska rundt både på innmark ogi utmark og leita etter einer, eit trevirke som toler væteog fuktig miljø over lang tid. Han treng mange hundrestammar, truleg oppimot tusen. Og dei må vere noko-lunde beine, slik at han kan strekkje gjerdenetting og he-sjestreng etter. Han har også samla i hop stammar av tre-slag som bjørk, rogn, selje og or. Ikkje like gode tresortartil formålet, men han kan ikkje vere kresen, må bruke dethan finn.

Først lèt han sirkelsaga gjere grovjobben, deretter brukarhan øks for å forme spissen til. Arbeidet går lett, og hau-gen av ferdige stolpar og staurar veks i raskt tempo. Hanarbeider seg varm og tørst. Bortunder skråtaket, innmedveggen, har han plassert eit lite hybelkjøleskåp. I det harhan sett inn eit par sekspakningar flaskeøl. Han veit hanikkje bør drikke når han arbeider med saga, men han erlukkeleg, og når han er lukkeleg, vil han drikke, vil toppeden gode kjensla.

Med drivet han har i dag vil han også rekke åsage til bord til ny kledning på låven. Det er sørveg-gen han må skifte til sommaren. Vêr og sol over mangetiår har tært på materialet, og det er begynt å mork-ne.

Han vippar korken av med øksa og set tuten mot lep-pene. Den første slurken legg seg godt i munnen og ned-over i svelget.

7

Page 7: Isbrann av Kjersti Kollbotn

Då han til saman har handtert rundt tretti emne ogstabla dei i eitt lad med staur og eitt lad med stolpar, ret-tar han ryggen, ser nøgd på resultatet. Deretter tek hanmed seg ei trekasse og ei ny ølflaske og går ut på låve-brua og finn plassen sin i sola.

På brua vert han sitjande med haka heva. Vippar påkassa, lèt blikket fare utover landskapet. Utsynet motnaturen her vest overveldar han. Enno kjenner han segikkje heilt heime i dette terrenget der fjell, fjord og dalarliknar ryggsovande dyr med oppspretta buk og med lab-bane som nutar mot himmelen.

Han dreg pusten gjennom nasen, slepper ut ein fis somsig varm mellom låra, lèt flaska henge slapt i nevane mel-lom knea. Rapar. Strekkjer seg.

Under brua ligg skytesteinen hulter til bulter i ei røys.Steinane vart før nytta til surfôrpress, dei vart lagde oppåhåa i siloen, etter at det først var lagt eit dekke av bruktekraftfôrsekkar og fjøler oppå. Då han var på synfaringav småbruket før kjøpet, var det den yngste sonen til av-døde Ottar og Elisa i Brattbakken som hadde vist hanrundt og fortalt om både skytestein, mjølkemaskinopp-heng, reiskap og anna han ville vite. Sonen fortalde atbøndene ikkje lenger brukar stein som silopress, no bru-kar dei vasspølser eller sandsekkar og dekkeduk i poly-ester, elles går det mest i rundballar, hadde han forklart.

Det er to år sidan han kjøpte småbruket med det littnedsarva syttitalshuset og den gamle låven med fjøs un-der, tårnsiloen, bøane og beitemarka.

Han lèt blikket fare utover fjorden og dalen. Frå låve-brua kan han telje sytten elvar. Seksten sideelvar somstuper bratte i store og små fossefall ned frå fjella. Fire

8

Page 8: Isbrann av Kjersti Kollbotn

på kvar side av fjorden og fire på kvar side av dalen inn-over mot breen.

Sideelvane som kan skrumpe inn og fryse til i vinter-kulden, for så å gå sund, rivne og sende brøl utover bygdog menneske i vårløysing.

Den syttande elva buktar seg lat og mektig, sving påsving igjennom sletta frå dalbotnen under bretungene,mot munningen inst i fjorden. Ho drikk seg stor og mel-kegrå av breen. Ho er grumsete, er open, vid og tek imotog tek imot, famnar alt som vil fylle henne, svelgjer unnaog fraktar bort, som skulle ho vere ufylleleg, utømmeleg.

Når reisa er slutt, spyttar ho alt ut i fjorden.Ho kjem frå isen. Ho er eit plutseleg brådjup.Ein marbakke.

Nede i bygda er gudstenesta over, dei første kyrkjegjen-garane kjem til syne i døra. Nokre går rett til bilane påparkeringsplassen, andre stansar opp og vert ståande sa-man ei stund.

I dag tel kyrkjelyden toppen tjue. Etter kort tid har allesett seg i bilane og forsvunne. Berre eitt køyretøy står attog blenkjer i det sterke skinet. Det er presten sin bil. Omti–femten minutt vil også han kome ut, gå med raske ogbestemte steg bort til bilen, setje seg inn, rygge, for der-etter å svinge til høgre og ut på hovudvegen og bli borte.

Han reiser seg frå kassa, svaiar ørlite og går mot dørop-ninga att.

Låvebrua er knapt to meter lang og tre meter brei. Dendagen då brua vart støypt, og enno medan betongmassenvar blaut, før herdinga hadde teke til for alvor, har no-kon brukt ein pinne eller kanskje ein spikar og laga rilleri dekket for betre feste.

9

Page 9: Isbrann av Kjersti Kollbotn

Og ute i eine hjørnet av brua, lengst inn mot veggen,ligg ei stivna barnehand. Fingrane spriker, og tommelenstår nitti grader ut. Anno 1952 står det under.

Av og til tenkjer han på barnet.Kvar vart det av, det som la att neven sin her?Neven som han trakkar på når det høver seg slik.I dag trakkar han ikkje.

Inne ved saga legg han på nytt treemne etter treemnemot sagtennene. Skalk etter skalk kappar han av vedstammerota, så plasserer han enden på hoggestabben ogkvessar med øksa, formar spissen til slik at han skal glilett ned i marka og forhåpentlegvis stå støtt.

Store delar av garden er skrinn jord med grunnfjelleti dagen her og der, synleg som berg og knausar. Menstolping og stauring skal han nok få til, tenkjer han oghøgg så flisa fyk. Kvart hogg løftar han som i ei rytmiskglede. Berre av og til bommar han på stammen og trefferhoggestabben eller treffer med for stor vinkel slik at hanhøgg av for mykje virke.

Solskinet sildrar inn sprekkene mellom plankeborda pågavlveggen.

Han treng ikkje lenger drøyme seg vekk. Han er herhan vil vere.

Gardsarbeidet skal tørke ut det som flyt i han og gjehan fast grunn å stå på, skal bysse han roleg.

Page 10: Isbrann av Kjersti Kollbotn

Lyset i låvedøropninga flyttar på seg. Han veit det erhenne. Det er slik ho kjem. Stiltrande. Han snur segikkje. Ventar berre på at ho skal kome heilt inntil bakfrå,legge dei tunge og faste brysta mot han.

Ho løftar håret hans i nakken. Blæs mot huda i hårfes-tet der han er sveitt etter arbeidsøkta. Fingrane hennardreg seg som ei vifte opp bakhovudet, så lukkar ho ne-ven og strammar til, samlar dei lange krøllene i ein snurr,bøyer han til sides og legg tunga si mot halsen hans, un-der øyret.

Låven og brua er hans plass. Og hjellen, som hani starten kom i skade for å kalle låveloftet, er hansplass. No veit han at det heiter låvebrua inn på hjel-len.

Slik skal det snakkast.

Høyrer han godt etter, læt lyden frå dei som har buddher før. Han høyrer at dei spring og prustar. At dei ler,at dei syng, bannar, snakkar mildt, kavar rundt ellerkviler på ein stol i solveggen. Ser at einkvan ligg undertuntreet, den store hengjebjørka, og stirer opp i lauv-verket, opp i blå himmel, tyggande på eit strå stukkeinn mellom leppene, lettliva i sommarkvelden, forelska,

11

Page 11: Isbrann av Kjersti Kollbotn

kanskje. Rundt husa er det folksamt, både gamle ogsmåungar stabbar omkring. Ustøe. I lag. Fillete og fat-tige.

Han veit aldri når ho dukkar opp. Er det her du er, kanho seie. Kjem du inn snart? Frys du ikkje? Så flink duer, men no må du ikkje bli for ivrig. Ho stiller spørsmålog kommenterer i eitt køyr og stansar rett framfor han,heng på eine hofta og granskar han på sitt vis med håretsom ei stor såte i det dimme lyset. Eller ho kjem heilt inn-til, som no, og klemmer brysta sine mot han, vrir hovu-det hans til sides, dreg tunga nedetter den blottstilte hal-sen.

Det er han som bestemmer over låvebrua og hjel-len, og så kjem ho med sjølvsikre steg over rillene,over barnehanda, innover dei grove golvplankane medgliper imellom, stega hennar fram til han i halvmør-ket.

Ho skal ikkje stryke på han her, sleikje han, ikkje hen-dene hennar i håret hans, ho som ørlite hardhendt klyphan lett i kjaken, neven hennar som løftar haka hans,halvvegs tvingar ansiktet hans opp mot sitt.

Og så kyssar ho kysset sitt.Som kyssar ho eit barn.Så mjukt at han kvepp.Som om han trakkar på laus stein, som gjev etter for

steget hans i ei ur.Så er ho med eine handa ned i kjeledresslomma og

klemmer rundt kjønnet hans, og kjønnet som veks ogsender han i ubalanse, gjer at han vil berre la seg fallemot henne og inn i henne.

12

Page 12: Isbrann av Kjersti Kollbotn

Like plutseleg som ho kom, går ho sin veg, slepper bråtttaket i han og voggar mot dagen der ute. Med ryggen tilseier ho det er mat om ein halv time.

Når ho går frå han slik, søkk han alltid saman, somhar ho fortært kreftene i han. Han ropar lågt ut døra,lyttar etter stega hennar, men ho kjem ikkje tilbake.

Bøygd framover sagbenken, strekkjer han handarundt sagbladet og nedunder treplata, finn brytaren,trykkjer. Deretter trekkjer han ut støpselet.

Sagbladet held fram med å rotere ei stund. Så vert altstille. Han legg det sist ferdige emnet i ladet og går ut,stengjer låvedøra og set kroken i krampen.

Page 13: Isbrann av Kjersti Kollbotn

Ute på brua stoggar han. Eit skylag har trekt innover fråkysten og gjort den tidlege ettermiddagen dunkel. Detryk frå pipene nede i bygda, utelamper og gatelys harkome på. Det ryk også frå pipa på våningshuset, og deter lyst i kjøkkenet. Han kan sjå henne drive roleg mel-lom benken, komfyren, kjøleskåpet og kjøkkenbordet.

Ei lukkekjensle gys gjennom han, og han vil triumfereaugneblinken med å vippe ytst på låvebrukanten. For-siktig lèt han støveltuppane skli framover. Dyttar foteni sikksakk mot underlaget lenger utfor kanten, først deneine, så den andre. Små pip slepper ut mellom gummiso-lane og den islagde betongen.

Eigedomen hans strekkjer seg frå den kommunale vegenog oppover mot tregrensa, fordelt på fem parsellar. Hanhar bøar, åkrar, kulturbeite, fjellbeite, skogteigar og eielv. I tillegg har han hest på stallen og drektige søyer ifjøset.

Og henne. Han har henne som er nær han med detfaste og tunge juret.

Han held pusten.Ser ho på han no?Han vil ho skal sjå på han. Han vil vise seg fram for

henne.

14

Page 14: Isbrann av Kjersti Kollbotn

Han vinkar. Handa streifar panna. Som gjev han hon-nør.

Han lèt handa falle. Vert ståande og granske nevensin. Fingrane hans har blitt kraftigare, merka av gards-arbeidet. Rundt hudkanten mot neglene og i hudrynkeneved knokane har han mørke render. Inne i handflatenehar blemmer blitt til harde knutar. Han likar å strykeover den harde huda når han sit på kontoret. Ein kol-lega, som hadde lagt merke til denne strykinga, haddespurt om han sat og gnura fram mannen i seg, om hanhadde eit manneprosjekt på gang, eller om det berre varslik katt-og-kaniner-greier han dreiv på med der oppe ibakkane. Det gode liv på landet, liksom, hadde ho leddog dulta han kraftig i skuldra.

Irritasjonen hadde flamma opp, hardare enn han varførebudd på. Dultet han gav tilbake fekk jenta ut av ba-lanse, og ho slo låret inn i ein bordkant.

Kjøkkenglaset vert opna på vidt gap, ho lener seg utog ropar at maten er klar. Ho har den lette stemma.Ho har skifta til den grøne kjolen, den som fårhenne til å strutte. Håret hennar flyt utover i kar-men.

Kor langt frampå kan han stå utan å falle?«Kjem du?»Han trekkjer seg tilbake frå kanten med eit hjarte som

dunkar, dunkar så hardt at det verkjer.Han kjem. Han kjem alltid.

Småbruket inst i fjorden hadde han funne på nettet. Da-gen etter dukka jobben i kommunen opp. Dette var sjan-sen hans, og ho hadde ikkje vore negativ, tvert imot,det var som om ho hadde gått og venta på at noko

15

Page 15: Isbrann av Kjersti Kollbotn

slikt skulle skje, at dei skulle bryte opp og starte pånytt.

Det var slik han likte å tenkje på det. At også ho lengtaetter noko anna. At dei var to som lengta.

Alt hadde ordna seg på ein og same dag: Kjøpekon-trakt, dei to breva i postkassa med tilbod om jobb, hanpå byggjesakskontoret og ho som hjelpepleiar på sjuke-heimen.

Gåande over tunet planlegg han entreen inn i huset, inni kjøkkenet. Tenkjer ut kva han skal seie. Korleis hanskal oppføre seg. Om han hadde hatt ein hund, ville denha dansa rundt han no, han ville ha sett seg på huk ogstukke hendene inn i varm pels, ville ha teke hunden sitthovud tett mot sitt eige.

Saman skulle dei gå inn, og hunden ville snuse påhenne, og ho ville vere god mot dyret, god som ho er motdei gamle.

Ein border collie skulle det vere, ein gjetar til sauene.Ein ivrig og mager hund som samlar flokken, somspring, legg seg ned, klistra til bakken, som bråvenderog henter den eine sauen, utbrytaren, tilbake. På tv harhan sett korleis desse kloke og rastlause skrottane job-bar.

Vil han kunne meistre ein kvikk collie?Han ser seg sjølv og hunden sitjande side ved side på

låvebrua: Det er mai, bakkane er grøne, svalen stuper,linerla neiar på muren, sauene er sleppte ut på innmarkaog er snart klare for fjellet.

Det er han og Konge, collien i kvitt og svart.

Han vil gjere alt rett når han går inn. Først stille avmed støvlane og kjeledressen, så på med dongeribuksa

16

Page 16: Isbrann av Kjersti Kollbotn

og T-skjorte. Kulemagen hans bular enno litt over beltet,men arbeidet har slanka han, stramma han opp.

Nøgd med det han ser inne i spegelen, opnar han døratil kjøkkenet.