Top Banner
24

Innhald - Regjeringen.no · 2014. 12. 1. · Haugset frå Namsskogan. Ho er 24 år gammal og har opplevt mykje som "Ung etablerer". Det er eit pro-sjekt som handlar om å hjelpe per-sonar

Jan 26, 2021

Download

Documents

dariahiddleston
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
  • 2

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Ein spesiell ungdomskonferanse

    ved statssekretær Solveig Solbakken, BFD 3Program laurdag 7. oktober, medverkande 4Presentasjon av dei gode eksempla 5Og så var det alvor 9Presentasjon av gruppearbeidet den første dagen 11

    Kvifor bur ungdom i bygda di? - svar vaksengruppe

    Kvifor flytter ungdom frå bygda? - svar ungdomsgruppe

    Paneldebatt med frustrasjon og utfordringar 12Program søndag 8. oktober 15Kvar skal vi? Kva gjer vi vidare? Løysingar på utfordringane 15Samandrag av svar frå ungdomsgruppe 16

    Skule og utdanning

    Medverknad og innflytelse

    Fritidstilbod

    Tenestetilbod

    Næring-kommune

    Næring - stat

    Politikarar

    Samandrag av svar frå vaksengruppe 20Det endelege resultat 21

    Krav til stat og departement

    Krav til fylkeskommune

    Krav til kommune

    Råd til politikarane

    Krav til ungdommen

    Generelle krav

    Sluttord ved Marianne Aasen Agdestein, KRD 23Mathilde sine inntrykk 24

    Innhald

  • 3

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    "Det er første gang Barne- og fami-liedepartementet og Kommunal- ogregionaldepartementet går samanom å arrangere ein konferanse pådenne måten. Det er også førstegang vi inviterer ungdom som hei-dersgjester på ein slik konferanse.Vi har gitt vaksne politikarar muleg-heit til å vere med på konferansen.Men dette er først og fremst ung-dommen sin arena, og for eingongs skuld skal dei vaksne setteseg ned og lytte til, og lære av ung-dommen," sa statssekretær SolveigSolbakken då ho opna konferan-sen.

    Ein "farleg" konferanse?Mellom 80 og 90 ungdommar,rundt 50 vaksne, og ei handfullrepresentantar frå dei to departe-menta sat i salen. Framme vedpodiet, fire ungdommar i førarsetet;Anne Hege Lervåg og Ulf Rakvaagfrå Vega, Linn Iren Skare frå Utsiraog Randi Ness frå Lierne. Totaltrundt 50 distriktskommunar varrepresentert. Vil dette gå bra? Blir det full kolli-sjon når ein majoritet med sjølvbe-visst ungdom tørnar saman medden ansvarlege politiske og vaksnedelen av fedrelandet? "Distrikts-Noreg er avhengig avungdommen sin, men det er ikkjesikkert at ungdommen er avhengig

    av Distrikts-Noreg," sa statssekretæ-ren. Ho slo dermed an tonen, kort,direkte og provoserande, før hoheldt fram:"Kva skal til for at ungdom skalønskje å busette seg i ein distrikts-kommune? Kva skal til for at detskal vere mogleg for dei som vil?Det er difor vi først og fremst harinvitert ungdom til denne konferan-sen. Vi vil late dykk jobbe på dyk-kar eigne premissar og gje oss svarpå dykkar måte. Vi må vite korleisungdommen si verd ser ut for åkunne skape ein god ungdomspoli-tikk.Både Kommunal- og regionaldepar-tementet og Barne- og familiede-partementet held no på med storearbeid knytt til framtidas politikk.Difor vil vi at denne konferansenskal gje oss innspel til den politik-ken som enno ikkje er ferdig utfor-ma." Kommunal- og regionaldepar-tementet arbeider med ei stortings-melding om distrikts- og regional-politikken. Barne- og familiedepar-tementet arbeider med ei stortings-melding om oppvekst- og levekårfor barn og ungdom i Noreg. Beggemeldingane skal leggast fram i2001.Litt av ei utfordring. Det skal altsåikkje handle om berre fagre ogstore ord, blanda med god mat påeit hotell, to hundre meter i luftlin-

    je frå flyplassen på Værnes. Dethandlar om framtidas politikk i dis-trikta med ungdom som viktig med-spelar.

    Korleis er dette mogleg?Begge dei involverte departementahadde invitert ungdom til å veremed å utforme programmet. Detvar viktig at ungdom skulle kommetil orde. Difor var konferansenforma slik at ungdom skulle ha godsjanse til å hevde seg. Samtidigville kanskje dei vaksne finneforma litt vanskeleg?Det har skjedd mykje dei siste 2-3åra for å få ungdom med i arbeidetmed å snu den negative utviklinga idistrikta. Kommunal- og regional-departementet har arbeidd med eiutkantkommunesatsing der ungdomhar vore engasjert. Rundt 60 kom-munar er involvert i denne satsingasom varer ut 2001.I samband med utkantsatsinga erdet valt ut sju pilotkommunar ogein region som skal prøve ut nyetiltak som kan gje ny kunnskap omframtidig politikkutforming.Ungdom har vore sterkt involvert idette arbeidet. Departementet harogså gjennomført eit forsøk med ålære opp såkalla positivitetsagentari rundt 50 utkantkommunar.Positivitetsagentane er ungdommarsom jobbar med prosjekt dei sjølv

    6-8. oktober samla ungdom og vaksne seg til konferanse påRica Hotell i Stjørdal for å prøve å finne svar på korleis dei skal

    kunne få til noko lokalt i distrikta. Barne- og familiedeparte-mentet og Kommunal- og regionaldepartementet stod bak kon-

    feransen, som samla ungdom og vaoksne for å diskutere ung-domspolitikk i distrikta. Det vart to spennande dagar. Det vil

    du sikkert forstå etter kvart som du les denne rapporten.

    Ein spesiellungdomskonferanseStatssekretær SolveigSolbakken i Barne- og

    familiedepartementet.

  • 4

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    har vore med på å definere.Samtidig fungerer dei som ambas-sadørar for heimstaden sin, og somtalerøyr mellom ungdom og kom-mune. Dei fire ungdommane somleia konferansen er positivitetsagen-tar i sine heimkommunar.Barne- og familiedepartementet hari to år hatt ei ungdomssatsing i dis-trikta. Den gir distriktskommunarhøve til å søke om tilskot til kultur-og fritidsaktivitetar for og med ung-dom.Difor er det ikkje tilfeldig at tida noer moden for ein slik konferanse.Ungdommen som deltar er hellerikkje utan erfaring. Dei represente-rer likevel store svingingar både ialder, erfaring og interesse."Det å bli tatt på alvor gir ungdom-men eit signal om at dei er viktige,og ungdommen er uunnværleg forDistrikts- Noreg. Eg håper at konfe-ransen fører til tettare samarbeid ogsamtale mellom distriktsungdom ogvaksne avgjerdstakarar. Men no er det på tide å sleppeungdommen til. Eg ønskjer dykklykke til med konferansen - podieter dykkar," sa statssekretæren.Og dermed var det heile i gang

    Dei som styrde konferansen

    Ann Hege Lervåg,Vega kommune

    Ulf Rakvaag, Vega kommuneLinn Iren Skare,

    Utsira kommune.Randi Ness, Lierne Kommune

    Medverkande frå departementa

    Solveig Solbakkenstatssekretær i Barne- og familie-departementet

    Marianne Aasen AgdesteinPolitisk rådgjevar i Kommunal- ogregionaldepartementet

    Åsa SteinsvikBarne- og familiedepartementet

    Tone FuruhovdeBarne- og familiedepartementet

    Mona PaulsrudBarne- og familiedepartementet

    Terje RisholmKommunal- og regionaldeparte-mentet

    Ann Kristin SolliKommunal- og regionaldeparte-mentet

    Sekretariat:Lokal Utvikling AS ved TorilHareide Waag og Arne H. Waag.

    Referent:Henning Rivedal

    Program

    Laurdag 7. oktober: Tema: Kvar står vi i dag?

    Kl. 09.00: Velkommenv/ Solveig Solbakken, statssekretær i Barne- og familiede-partmentet.

    Kl. 09.30: InformasjonPositivitetsagentane som leiar konferansen presenterer segsjølv og opplegget for helga.

    Kl.10.00: Presentasjonar: "De gode eksemplene"6 ungdommar presenterer døme på prosjekt som er sett igang og som dei opplever som positive.

    Kl. 11.30: LunsjKl. 12.30: Gruppeoppgåve - vaksengruppe

    Gruppeoppgåve - ungdomsgruppe

    Kl. 15.00: Pause med forfriskningar

    Kl. 15.15: Presentasjon av gruppearbeid, etterfølgt av paneldebatt

    Kl. 18.00: Slutt

    Kl. 19.30: Middag

    Dei som heldt styr på fol-ket. Frå venstre: Ann HegeLervåg, Ulf Rakvaag, LinnIren Skare og Randi Ness.

  • 5

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Alle som har arbeidd med å få tilnoko i eit lokalsamfunn erfarer atdei då gir seg inn på ein vanskelegveg. Den er full av svingar, oppo-verbakkar og nedoverbakkar. BodilHaukø som var den første som pre-senterte gode eksempel er positivi-tetsagent i Røyrvik kommune iNord-Trøndelag. Ho laga ei spør-jeundersøking til ungdom om kvasom skulle til for at dei skulle få eitbetre tilbod i Røyrvik."Vi ønskjer helsestudio og ein plasså møtast," var svaret.Helsestudio var på planleggingssta-diet med kommunen som samar-beidspartnar. I dag er det blitt eittilbod tre gonger i veka.

    Problemet som blei positivt"Så var det møteplassen der ung-dom kunne møtast etter skuletid. Vivar og såg på mange plassar ogfann eit lokale som ville vore bra.Heldigvis kom kommunen på banamed tilbod om eit lokale som skul-le vere midlertidig inntil vidare.Det inneheldt ei stor stove, kjøkkenog tre andre rom.Ungdommane investerte i tre data-maskinar med internettoppkopling.Møblar, vaffeljern, koppar, spel ogmusikkanlegg kom på plass, mykjeved at dei annonserte i kommune-avisa og såleis fekk mesteparten avutstyret.

    Viss du vil, får du tilVi fekk pengar frå Barne- og fami-liedepartementet i 1999, og ung-dommane har vore med og bestemtkorleis dei pengane skal brukast. Idag er det ca. 15 ungdommar sommøter opp kvar kveld.Ungdommen som går på vidaregå-ande skule i Grong kjem heim attkvar helg for å delta," fortel Bodil.Ho har grunn til å vere stolt. Det erikkje så lett å få ungdom frå ei litabygd til å komme heim når dei gårpå skule i kommunesenteret.Det er skipa Ungdomsråd og det erein ungdom med i det kommunalekulturforumet. "Vi har hatt bådeoppturar og nedturar, men oppleverat bølgjene snur seg til det gode,"avslutta Bodil Haukø.

    Eldsjel med radiointeresseAnne Lene Andersen frå Vega, eller"Vegå" som det heiter lokalt, entrapodiet med eit poeng:"Det som først og fremst driv lokal-samfunnet er ikkje pengar, meneldsjeler." Anne Lene har vore medi Radio Vega sidan starten i 1989.Då var ho 14 år gammal. I dag erho leiar i radioen, har vore med iungdomsrådet og er leigd inn somdagleg leiar av den kommunaleungdomsklubben som ungdomsrå-det driv.Som dei fleste andre nærradioar

    har Radio Vega levd eit berg- ogdalbane liv, alt etter kor mange eld-sjeler som har vore i kommunen.

    Ein positiv vriDå Anne Lene snakka med positivi-tetsagenten dukka idéen om å taungdommen med i radioen opp.Det vart etablert samarbeid mellomungdomsklubb, ungdomsråd ogradio. Skeptikarane lurte på omikkje dette ville kvele alle tre tilta-ka.Første samlingskvelden møtte detopp 30 ungdommar. Ein halvparthadde teknikarkurs, og den andredikta høyrespel. Høyrespelet utvik-la seg til ein suksess. Dei tre samar-beidspartane fann alle ut at deitente på å samarbeide."Samarbeidet har ført til vekst i alletre organisasjonane. Alle tre har fåttfleire føter å stå på, og vi har funnefleire eldsjeler som ønskjer å gjereein jobb for lokalsamfunnet".

    Anne Sigrid ein "Ung etablerer"Her skal du få møte Anne SigridHaugset frå Namsskogan. Ho er 24år gammal og har opplevt mykjesom "Ung etablerer". Det er eit pro-sjekt som handlar om å hjelpe per-sonar mellom 19 og 35 år å startesi eiga bedrift, og drive den medforteneste. Finansieringa kjem fråStatens Nærings- og

    Her er det viktig å lytte og lære!

    Dei fire som styrde konferansen starta no for alvor jobben. Einsvært ulik flokk skulle losast gjennom to spennande dagar. Detskulle munne ut i råd og krav som departement, fylkeskommu-

    nar, kommunar og ungdommen sjølv kan bruke vidare.Først i elden var seks ungdommar/grupper av ungdommar. Deipresenterte eksempel på prosjekt som er sett i gang og som dei

    opplever som positive.

    Presentasjon av deigode eksempla

  • 6

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Distriktsutviklingsfond (SND),Arbeidsmarknadsetaten ogPilotkommuneprosjektet.Forretningsidéen til Anne Sigrid erå skape ei bedrift som tilbyr webut-vikling for små og mellomstorebedrifter."Då eg tenkte tanken på å starte formeg sjølv, var det fordi eg haddeeit intenst ønskje om å "eige mieiga tid". Dessutan fanst det ingenledige jobbar i Indre Namdal innannettutvikling. Då "Ung etablerer"blei lyst ut, bestemte eg meg medein gong: Her var sjansen min til åfå hjelp med etableringa".

    Mykje tvil og truDei som satsar på "Ung etablerer"

    blir prenta inn at det er mykje hardtarbeid som er det viktigaste. 70prosent av alle nyetableringar bliraldri lønsame."Men eg har veldig tru på prosjek-tet mitt. Eg trur faktisk at eg skalkunne leve av det! Der eg bur hareg liten eller ingen moglegheit til åjobbe med nettutvikling," seierAnne Sigrid. Ho meiner at med denhjelp ho får, skal det vere mogleg åetablere bedrifta si og kunne leveog bu med mann og eventuellebarn i Namsskogan, men tvilen liggalltid på lur:

    «Kva om eg ikkje lukkast? Eg harsagt opp jobben min, kanskje måeg flytte for å få ny jobb? Og visseg lukkast; kva vil jantelova kunnegjere med det sosiale livet mitt? Eghar jo tenkt å tene pengar. Dei somgjer det blir av og til rakka ned på ismå og gjennomsiktige samfunn».

    Men så kastar ho tungsinnet av seg,og slår fast at ho vil slåst for at denvesle bedrifta hennar skal klare segog at ho gler seg til å klare det:"Distrikta treng gründerar, folk somer oppfinnsame, har mot og hand-lekraft nok til å skape seg sin eigenarbeidsplass - og eg ønskjer å vereein av dei!"

    Applausen som følgde Anne SigridHaugset ned frå podiet fortaldeogså at mange ønskte at ho skallukkast, og at dei likte måten hopresenterte seg på.

    Ungdomsprosjektet i indre Sør-TromsDet er lett å bli entusiast når deneine distriktsungdommen etter denandre går på talarstolen og fortelom det dei driv på med. 150 til-høyrarar i salen legg ingen demparpå prestasjonane.Lars Kristian Berg er positivitetsa-gent i Gratangen kommune, som ermed i Ungdomsprosjektet i indreSør-Troms saman med Dyrøy,Salangen, Lavangen og Bardu.Prosjektet skal mobilisere ungdomog få dei meir på bana enn tidlega-re. Dei har hatt ein konferanse ogfunne ut kva ungdom saknar ibygda si. Resultatet er Internettkaféi løpet av hausten og rockefabrikk.

    Ungdomsråd krev tid"Det som har tatt mest tid iUngdomsprosjektet vårt er å starteungdomsråd i kvar av kommunane.I tillegg har vi tatt ut ein represen-tant frå dei kommunale ungdoms-råda som skal vere med i det regio-nale ungdomsrådet.Formålet med ungdomsråd er åvere læringsarena for dei demokrat-iske prosessane i samfunnet vårt."slår Lars Kristian Berg fast.Ungdomsråda skal ta opp spørsmål

    Glød og dyktig framføring pregainnlegga til ungdommane.

    Dei som vil vite meir om "Ungetablerer" kan ta kontakt medprosjektleiar Mette Andvik på e-post: [email protected]

    Temperaturen steig raskt.Statssekretær SolveigSolbakken i Barne- og familie-departementet var knapt nedeav talarstolen før ivrige spørs-målstillarar var på plass i pau-sen.

  • 7

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    som gjeld ungdommen. Dei skalvere ein ressurs for politikarane iregionen og vere ein høyringsin-stans og rådgjevar for kommunane.Det vil gje ungdommen høve til åpåverke sin eigen situasjon. Påden måten blir ungdom nærast eitinvesteringsobjekt der kommunanekan investere og få nytte att seina-re. Ein ungdomsmedarbeidar i kvarkommune hjelper til å halde styr påalle aktivitetane som er i gang.Positive aktivitetar for å hjelpe ung-dommen til å halde kontakt medheimbygdene sine er rockemønst-ring i Gratangen og juletreff i kom-munane. Ungdom som er vekke påskule får då møte ungdommen sombur i kommunen. I kjølvatnet av ungdomssamarbei-det har det vakse fram eit veldiggodt samarbeid over kommune-grensene i indre Sør-Troms.

    Saknet etter ein positivitetsagentKva skjer når ein dyktig positivitets-agent sluttar? Dei to representanta-ne frå Askvoll, Helge Bjaanes ogRune Rivedal, fortalde om korleisein del gode tiltak stoppa opp etterat positivitetsagent TorbjørnDalsøren slutta og ingen kom i sta-den:"Han arrangerte mellom anna eirockemønstring som samla mykjeungdom og stor interesse, og fekkting i gang som engasjerte. I år harvi ingen."

    Gode aktivitetar"Vi har Ungdomsråd som har fåttfram positive ting som musikkverk-stad, ungdomsklubbar, mekkeverk-stad og Askvoll dataklubb.

    Vi disponerer Straks-midlar somgjeld tiltak for ungdom i alderen12-14 år, og midlar til Kultureltentreprenørskap, som gjeld ung-dom i alderen 15-24 år.Mellom anna har vi fått midlar tildatautstyr i Askvoll dataklubb. Dethar resultert i at medlemstalet harauka frå 10, for to år sidan då vistarta, til 40 i dag.Vi held kurs for sjuandeklassinga-ne, og på den måten syter vi for eigod rekruttering," fortalde dei to.

    Dårleg kommunikasjon lokalt -stor kontakt internasjonaltProblemet i Askvoll er at kommuni-kasjonane mellom øysamfunna ogfastlandet er for dårleg til at ung-dom kan ha nær kontakt.Busstilbodet på fastlandet er slik atalle er avhengige av privatbilar forå møtast.Dei to mest vellukka tiltaka er dennye idrettshallen som vart reist medstor dugnadsinnsats ogInternasjonaliseringsprosjektet forungdom. Sistnemnde prosjekt kny-ter ungdommen i HAFS-regionen tilungdom utanlands, og har vorespanande og vellukka. HAFS-regionen er samansett avkommunane Hyllestad, Askvoll,Fjaler og Solund. IInternasjonaliseringsprosjektet hardei hatt besøk av ungdom, mellomanna frå Ukraina, Wales ogRomania.Kontakten foregår med at ungdomfrå HAFS reiser til eit av dei landaog er der i to veker for å lære omkorleis dei har det. Så kjem dei pågjenvisitt.For dei litt eldre ungdommane,som reiser ut på vidaregåande

    skule eller anna vidare utdanning,blir det arrangert julemøte. Dermøter dei utreiste den fastbuandeungdommen og andre interesserte,og snakkar om saker som opptekdei.

    Han som flytta heim og startaweb-hotellHåvard Taraldsen frå Lesja iOppland flytta ut som 17-åring ogtilbake i 1998. No er han 34 år ogsit i kommunestyret i heimkommu-nen. Han har starta ei bedrift somheiter Lesja Data. Det er eit web-hotell, det vil seie ein sentral forinternettsider."Eg har levd eit omflakkande liv,men enda opp med høgare økono-misk utdanning med IT som til-legg. Så har eg ein bror som er IT-ingeniør og som fann ut at hanskulle flytte heim att om lag sam-stundes med meg. Då eg kom attende søkte eg etable-rarstipend, og det gjekk greitt.Rådet mitt er at dei offentlege mid-lar som finst må de passe på utnyt-te. Det er difor dei er der. Bruk dei,for når de startar ei bedrift, så blirdet litt smalhans ei tid.Eg og bror min er så heldige at vier gifte med sjukepleiarar som er ifast jobb. Det er nyttig, særleg ietableringsfasen når bedrifta kan-skje slit litt", fortalde han.

    Godt lokalt nettverkHåvard har vore engasjert i å sam-arbeide med skulane for å få fatt i

    Det er ikkje berreenkelt å stå framfor

    ei så stor forsamlingog forklare kort ogunderhaldande om

    det du driv på med.

    Vil du vite meir om mogleghei-ter for internasjonaliseringspro-sjekt: www.ungieuropa.net

  • 8

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    ungdom som er interesserte i å eta-blere eiga bedrift. Då er det viktig åbyggje opp sosiale nettverk ibygda. "For meg var det viktig at det vareit godt miljø rundt luftsport iLesja. Det gjorde det lett for meg åføle meg heime då eg hadde flyttheim. Eg kunne halde fram å dyrkehobbyen min".

    Smått, men godt på UtsiraSist ut i runden med ungdom somfortalde om gode døme på aktivite-tar dei hadde fått til i heimkommu-nen, var positivitetsagent Linn IrenSkare frå Utsira i Rogaland. Utsiraer ei øy vest for Haugesund, derdet bur rundt 250 menneske. Øyaer eigen kommune. "Som positivitetsagent er eg blittteken med i eit kommunalt ung-domsprosjekt i samband medPilotkommuneprosjektet som Utsiraer ein del av. Kommunestyret løyv-de 150 000 kroner til det. Så hadde vi ungdommane ei idé-myldring. Vi fekk ein prosjektleiar i25 prosent stilling og ei referanse-gruppe," fortalde ho.

    Det ungdommen på Utsira ønsktevar å få til eit betre fritids- og akti-vitetstilbod. Første prioritet var åfikse ungdomsklubben i det gamleskulehuset. Den var for så vidt fin,men etter kvart ganske nedsliten."Vi skaffa utstyr slik som TV, videoog kjøkkenutstyr. Kommunen gavoss 300 000 kroner til å pusse oppbad og toalett. Pengane var det viungdommane som disponerte.For tida arbeider vi med å få byggettil å bli ei stifting som ungdommenskal drive."

    Populær øy for friluftsfolkUtsira er ei øy, og dykking er einpopulær fritidsaktivitet. Dette blirutnytta i eit prosjekt som skal fåfolk til å komme til øya for ådykke, i staden for at det er deisom bur der som reiser vekk.I sommar arrangerte dei"Sjøsjukefestivalen". Då vart allefastbuande og lokale ungdommarinviterte til teltleir, fisking og reke-fest på øya."Sjølve målet med ungdomssatsingaer å få utflytt ungdom tilbake tilUtsira i helgane, og på den måten

    at vi greier å skape eit breiare ung-domsmiljø," sa Linn Iren.

    Gode ungdomstilbodKommunen tilbyr ungdom som er iutdanning reisestipend som tilsva-rer gratis heimreise kvar helg i femår.Etablerarstipend blir gitt til ungdomsom etablerer seg på Utsira. Dei får10 prosent av kjøpesummen påhuset dei kjøper.I tillegg har dei Dalanaustet, som erein fin samlingsplass saman medgamleskulen.Mange let seg imponere over atUtsira med 250 innbyggjarar harråd til å tilby ungdommane sine såmange goder.

    Lærerikt og imponerandeFor mange var det interessant ålære om korleis andre har det. Oftefinn dei då ut at dei kan lære littom nye måtar å løyse utfordringarpå. Samtidig er det greitt å oppdageat graset andre stader ikkje alltid erså mykje grønare og saftigare ennheime.

    Rune Rivedal og HelgeBjaanes frå Askvoll var opp-tekne av internasjonaliseringog kommunikasjonar.

    …og så tenker vi så det knaker

  • 9

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Etter ein god lunsj, der folk så småtttok til å blande seg med kvarandre,var det klart for første runde medarbeid fram mot det endelegemålet. Ungdommane blei delte inni grupper. Kvar gruppe hadde einfarge. Dei fekk utlevert store plaka-tar med kvar sin gruppefarge. Derskulle dei skrive ned i stikkordsform kva slags svar dei haddekome fram til på spørsmål gruppaskulle drøfte. Når dei var ferdigemed gruppearbeida, etter knappetre timars arbeid, samlast alle i stor-salen att. Då skulle kvar gruppepresentere sine svar.Hovudspørsmålet til dei 8 ung-domsgruppene var:Kvifor flytter ungdommen fråbygda?Utanfor den store salen dukka detetter kvart opp både frukt og vafler,slik at det var råd å få påfyll avfysisk føde innimellom alt detåndelege. Dei fire ivrige ungdommane, somheldt styr på den store flokken, vari stadig aktivitet rundt på gruppe-romma for å sjå til at framdrifta iarbeidet gjekk godt.Kvar gruppe hadde sin leiar, ogdifor gjekk sjølve arbeidet greittunna.

    Nokre døme til diskusjonI tillegg til hovudspørsmålet fekkungdommane nokre såkalla "case",eller døme, dei skulle diskutere ogkommentere. "Er dette typiske problemstillingar idistrikts-Noreg?" var spørsmåletsom innleia dei ulike døma. Vi pre-senterer casa eller døma her.

    Og så var det alvor

    Skjønnheita Ann Kristin Ann Kristin er 16 år. Ho har flytta til byen for å ta vidaregåande utdan-ning. Ho er opptatt av motar og sminke og drøymer om å bli fotomo-dell. Ho drøymer om å bli "oppdaga" av modellbyrå, vinne skjønn-heitskonkurransar og bli eit kjent andlet i lokalavisa. Når ho kjemheim (ein og annan gong) blir ho baksnakka med setninga "Kva er detho trur ho er....?"

    Per på festPer Arne er 14 år og ein veldig god forballspelar. Han får vere med påA-laget på dei siste kampane i serien, der han faktisk scorar.Etter sesongen blir han invitert på avslutningsfest. Dei "store" drikk pilstil maten, medan Per Arne drikk brus. Per Arne spør om han kan få smake pils, noko han får lov til. Handrikk mykje, og blir full. Han kastar opp på den nye jakka si, og bliretter kvart henta av ei sint og fortvila mor.

    Mona 17 og Terje 24 Terje tar bilen og drar på fest inabobygda - drikk. Terje fore-slår at Mona køyrer heim att.Mona tykkjer det er moro å"prøvekøyre" - tøft.Mona køyrer heim, full, medmange passasjerar i baksetet.

    Uorganisert fritid -ettermiddagstilbodToril er 15 år. Etter skulen gårToril heim. Deretter tar hobussen ned til "sentrum" (S-laget). Ho heng utanfor butik-ken saman med venner. Deitøffe gutane kjem etter kvartpå moped, bil eller traktor.Klokka 21.30 drar Toril heim.

    BedriftsetableringKåre flytter heim til heimbygda og vil starte IT-firma. Formannskapethar ikkje kompetansen til å gjere ei vurdering av prosjektet.Formannskapet fryktar at prosjektet ikkje er levedyktig. Dei avslår søk-naden om etableringsstøtte. Kåre flytter tilbake til byen.

  • 10

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    "Fucking Åmål" og dei vaksneDå ungdommane spreidde seg pågruppearbeid vart dei vaksne att iden store salen. Der fekk dei ser-vert den svenske filmen "FuckingÅmål". Den handlar om ein ung-domsgjeng i ei lita svensk bygd. Innflyttarjenta er stille og inneslut-ta. Ho blir mobba av dei andre påskulen, fordi dei synes ho er litt"rar", liksom. Ingen tek affære, ogetter ein mislukka bursdagsfest prø-ver ho å ta livet sitt.Ei av dei viltraste jentene i klassenvil vekk frå Åmål. Det er så "fuc-

    king kjedeleg" der. Ho angrar litt påat dei var så stygge med innflyttar-jenta og tar kontakt. Etter kvartforelskar dei seg i kvarandre. Etterein periode der den viltre jentaprøver å hoppe av og vere samanmed gutar, endar det med ei kriseder dei to finn attande til kvaran-dre. Dei står fram med legningensin.Mange i vaksengruppa hadde fåttmykje å tenke på etter framvisningaav filmen. Gruppa vart samla tildebatt rundt emnet: Er dette eit"sant" bilete av livet i distrikta? Eit

    anna hovudspørsmål var: Kviforflytter ungdommen?Debatten avslørte at mange meinteat filmen overdreiv ein del. Dei varskeptiske til det kritiske og negativebiletet som filmen viste, etter deirameining.Så samla vaksengruppa seg i min-dre grupper og diskuterte følgjandespørsmål: «Kvifor bur ungdom ibygda di?»

    «Høvdingen» Arne- Arne er 17 år og saman med ei jente på 15 år - Arne er 21 år og saman med ei jente på 15 år- Arne er 25 år og saman med ei jente på 15 år- Arne er 31 år og saman med ei jente på 15 år- Arne er 31 år og saman med vikarlærar på 28 år.

    Ho blir gravid og flytter til "byen"- Arne er 33 år og saman med ei jente på 15 år

  • 11

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Kvifor bur ungdom i bygda di? - svar vaksengruppe1. Alle ungdommar ønskjer seg ein anna plass,

    enten dei bur i Oslo eller Trondheim. Dei vil utog leve livet. Utfordringa ligg i å godta at deter slik, samstundes som vi skal arbeide for atdei skal komme tilbake. Mykje av ungdomssat-singa handlar om å skape haldningar meir ennom pengar.

    2. Det er også ein styrke i at vi heile tida måtenke og arbeide for å få ungdommane våre til-bake. Byane slepp det. Viss vi skal få ungdom-mane tilbake, må vi halde kontakten med deitil dei eventuelt har sett at graset ikkje er grøn-are, og at dei kan tenke seg å vurdere å slå segned i heimbygda.

    3. Ingen i Lesja står fram og seier at dei er homo-file eller lesbiske. Dei er reist til Oslo og hargjerne gode jobbar der. Kanskje kunne deitenkt seg heim att, men tida er neppe modenfor det enno.

    4. Når vi reiser ut, må vi ha med oss i bagasjen eioppfatning av at det var godt å vekse opp dervi kom frå.

    5. Greier vi å godta dei som er annleis, har viteke eit langt steg.

    6. Det har litt med at i bygda kan du få lov å vere"Nattergal". Du blir lagt merke til og betyrnoko; stemma di blir høyrd. I storbyen forsvinndu meir og blir eit nummer, ein "Maur". Dettemå vi bruke, for det er "Nattergalane" vi vil hatilbake, og som vil tilbake. Kvart enkeltindividbetyr meir i bygda, og det avlar stoltheit.

    7. Gode skular, gode fritidstilbod, lite krim, dug-nadsånd, og kjærleiken til heimstaden din;den uforklarlege som du føler inne i brystet, fårdeg til å bli i bygda eller flytte heim att.

    Kvifor flytter ungdomfrå bygda?- svar ungdomsgrupper- Mangel på moglegheiter

    - Flytter med kjæresten

    - Mistrivsel

    - Mangel på interessante yrke og få jobbar å veljei.

    - Ungdom er mobil og vil vere det. Vi har godt avmiljøforandringar.

    - Vil ikkje vere åleine att i bygda

    - Få moglegheiter til etterutdanning

    - Trang til fridom

    - Sentraliseringspolitikk

    - Mangel på servicetilbod som helse, post, skule.

    - Få kulturelle tilbod

    - Einsformig, lite kreativitet

    - Missunning og baksnakking - jantelova

    - Vanskeleg å få ros og godkjenning

    - Ei fjør blir ofte til fem høns

    - Skepsis overfor nyetableringar

    - Spesielle interesser

    - Manglande kompetanse ved sakshandsaming. Vimøter politikarar og byråkratar som var flinkefor 20 år sidan. Dei er framleis flinke - på sinmåte, men dei er proppen i holet i forhold tilungdommen. Dei må lære seg å lytte og vereopne for nye impulsar frå oss som er unge i dag.

    - Ungdommen i bygdene trur at det er i byane detskjer.

    - Det er lite å velje i på bygdene. Du kan liksomha 3-4 vener og må ta det du får.

    - Snøskredfare og rasfare langs dårlege vegar ska-per utryggleik og mindre lyst å bu i distrikta.

    - Vi blir lei av å sitte på S-laget og sjå dei samefolka som vi har sett i 17 år. Vi vil sjå punkararog negrar også.

    - Det er vanskeleg å få leige hus, og vi er lei avheimplassen og jantelova og sladderen der.

    - Mor og far: "Ka farsken driv du på med no?" Ungdom: "Vi er lei av å vere "overvaka". Vi vilskape vår eigen identitet."

  • 12

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    "Eg flytta heim att fordi eg haddetrivelege opplevingar derifrå medmeg ut i verda, med god skule oggode lærarar. Mine ungar skal fådet same som eg fekk. Dette tenkteeg ikkje på før det var aktuelt forungane mine," sa ein av ungdom-mane. Han hadde passert 30 ogstifta familie."Viss vi får alt byen har med shop-ping og teater og likande; kva skjerdå med bygda vår? Ønskjer vi at hoskal bli ein by?," spurde ein av deiyngre.

    Sladder er ein verkebyllFrå salen dukka eit av dei varmetema opp; sladder. Mange ungdom-mar gav uttrykk for at dei såg påsladderen som ei viktig årsak til atdei ville vekk frå bygda:"Fireåringen i barnehagen høyrersladderen. Etter kvart som dei vekstil blir dei lei å høyre på sladderenog jantelova, og flytter heller vekkfrå bygda."Motargumenta let ikkje vente påseg:"Sladder er også ein måte å bry segpå. Det er mange slags former forsladder. Vi må starte med oss sjølv,vi som er unge. Foreldra våre er forgamle å frelse"."Bur du i distrikta har du valt å veresynleg. Der er få menneske, storeslekter. Kva er sladder og kva er

    nyttig informasjon, det å bry seg? Det at folk bryr seg om kvarandreer betre enn at ingen bryr seg sliksom i byane."Det blei snakka rett frå levra, ogkorkje frå dirigentplass eller sal bleiorda pakka inn i silkepapir: "I miheimbygd var det eit innbrot for 20år sidan. Det snakkar folk omenno, og eg er lei av å høyre omdet," slo ein ungdom fast.

    Om å bu og leve i distrikta"Er det berre i min kommune det erumogleg å få ein plass å bu? Vi har60 tomme hus. Då vi gjekk ut oglyste etter buplass var det to somsvarde," sa ein av debattantanemed eit hjartesukk. Dette skullevise seg å bli eit av dei tema somkom att også i gruppearbeida ogkonklusjonane.Bygdene kan tene på å opne seg.Det er mykje vakker tåketale omkor viktig det er å få ungdommenheim, men når ungdommen vilheim, så er det umogleg både å fåarbeid og buplass. Dette var eitkjernepunkt i kritikken mot bygde-ne."Er det interessant å gjere bygdainteressant også for byungdom?Har vi gitt opp byungdommen?",spurde ein og fekk svar:"Kva har vi å tilby? Jakt, fiske, naturog god plass. Tilbyr vi det? Vi

    klumpar folk saman i trangebustadfelt med utsikt til naboen.Kanskje må vi kjenne grunneigarenfor å få tilgang til jakt og fiske.Vi må slutte å ruge på verdianevåre, gjere dei tilgjengelege og delemed andre. Då blir vi attraktive."

    Kva med arbeid i distrikta?Ei klar melding frå ungdommen varat for å flytte heim att må dei hasikker arbeidsplass og det må vereein vidaregåande skule i nærleiken. "Kommunane må bli flinkare til åkartlegge kva dei har av næringsliv.Vi gjekk til kommunen og ville lageeit prosjekt der vi skulle finne utkor mange bedrifter vi hadde, ogkva dei dreiv med. Kommunen støtta oss litt halvlunka.Dei trudde det var snakk om ca. 40næringsdrivande. Vi fann ut i Brønnøysund-registeretat det var 196 registrerte bedrifter.130 av dei er fullt oppegåande," sloein av dei eldre ungdommane fast."I mi bygd gir næringslivet einavkastning på 50 millionar kroner.Har vi ikkje fortent å få litt att avdet?Når dei snakkar om at det er "sub-sidiar" til distrikta når dei skalinvestere der, er ikkje det feil språk-bruk?I mi heimbygd har det vore pro-blem å få folk til å arbeide på eit

    Etter gruppearbeidet vart det arrangert ein paneldebatt derungdommane og dei vaksne kunne bryne synspunkta sine mot

    kvarandre. Panelet bestod av både vaksne og ungdommar.Det var framleis dei fire positivitetsagentane

    som held styr på folket. Debattiveren i salen var stor, og temperaturen til tider varm.

    Paneldebattmed frustrasjon og utfordringar

  • 13

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    lakseoppdrett. Så fekk dei tak i einmann frå Kosovo. Han gjer ein godjobb og trivst. Snart må han reise.Han får ikkje opphaldsløyve. Er detberre Kværner og slike som kanhente folk frå utlandet?

    Litt positivt og?"Det er utruleg mykje negativ omta-le om det å bu i distrikta." sa ein."Det er kjempefint å bu der eg bur.Eg tykkjer det er teit å høyre massedritt om bygdene," sa ein annan."Eg manglar ingen ting. Eg sit i toungdomsråd. Det einaste eg mang-lar er tid," slo ein tredje fast."I mi heimbygd skal vi lære eldre åbruke data og IT. Vi får med osseldre på Internettkafé på skulen. Viskal ha seminar for heile fylket omungdomsråd, og vi starta ungdoms-råd i fjor." Slik bølga debatten framog attende, men ei melding varklar: Politikarar og byråkratar måsnakke eit enklare språk som ung-dom kan forstå.Ved å bruke kjennskap og venn-skap kan mykje ordnast enkelt idistrikta, hevda ein. Saman med

    Statens Vegvesen hadde han lagaein tettstadplan som fekk plass påeit A4-ark.Er ungdom lat og uinteressert ipolitikk? Bør dei ikkje engasjere segi politiske parti?, var eit emne somengasjerte. "Det nyttar ikkje å sitteved kjøkkenbordet og kjefte ogsmelle når du er misnøgd. Engasjerdeg i politikken, sei ifrå," sa ein."Vi må involvere ungdommen oggje dei ansvar. Då har vi engasjertungdommen. Ein del lat ungdom erdet, men det er jaggu ein del latevaksne også," sa ein annan.

    Og så var det friEtter debatten og middagen vistedet seg at alle framleis var på tale-fot med kvarandre. Ungdom ogvaksne sat saman og prata.Ungdommane frå Finnmark haddemykje moro med å køyre glashei-sen på hotellet, "for det har ikkje viheime," sa dei. Rundt pianoetsamla det seg raskt ei ungdoms-gruppe som improviserte "Syngmed oss", kanskje til størst glede forhotellpianisten. Han fekk endeleg

    litt å spele for. Det må også seiastat sangen var så bra at det var fint åhøyre på.Etter kvart kom diskoteket i gangogså, men då hadde alle ordførara-ne, rådmennene og andre vaksnegått og lagt seg, slitne etter ein langdag. Dei kunne raskt slå fast nestedag, at natta hadde sveisa iallfallein del av ungdommane tettaresaman.

    Panelet var samansett av unge og vaksne.

    Testing av urbansymbol.Ungdom frå Finnmark påveg oppover i glasheisen.

  • 14

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Hyggeleg prat mellom ungdom og vaksne, viste at det var håp for den avgjerande søndagen.

    Vakker ungdomssang med levande lys og glad pianist

    "Heistestpilotane" frå Finnmarkpå veg ut av heisen etter den19. prøveturen.

  • 15

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Ungdommane og dei vaksne vartdelte i dei same gruppene somdagen før. Oppgåva for dei vaksnevar: Kva kan ungdommen gjere for atdei skal trivast i kommunen sin?Kva skal til for at dei skal gjere det?

    Ungdommane si oppgåve var:Kva kan politikarane/kommunengjere for at ungdommen skal trivasti sin kommune? Kva skal til for atdei skal gjere det?

    Dei fekk ein time å arbeide før deiskulle komme attende og presente-re svara sine i plenum. Etter einkort pause med vafler og frukt skul-le vaksne og ungdom blande seg igrupper og gjennomføre ein idé-dugnad.Den skulle munne ut i eitmanifest, det vil seie ei slutterklæ-ring som både ungdom og vaksnekunne vere einige om.

    "Vi lærde at dei vaksne må vere opne for mange nye haldning-ar. Vi må gjere noko med "vaksen-koden". Dei vaksne må gå i

    seg sjølv for å nå ungdommen.Vi fekk fokusert på at det i kommunen er to verdenar og at det

    må gjerast noko med det."

    Kvar skal vi?Kva gjer vi vidare?

    Løysingarpå utfordringane

    Søndag 8. oktober.

    Kl. 08.30:Innleiing med oppsummering avdag 1 og informasjon om dagensarbeid.

    Gruppeoppgåve - vaksengruppa:Kva kan ungdommen gjere for atdei skal trivast i kommunen sin?Kva skal til for at dei skal gjeredet?

    Gruppeoppgåve - ungdommane:Kva kan politikarane/kommunengjere for at ungdom skal trivast ikommunen sin? Kva skal til forat dei skal gjere det?

    Kl. 09.40:Presentasjon i plenum

    Kl. 10.10:Pause med vafler og frukt

    Kl. 10.30:GruppearbeidGruppeoppgåve - blanda grup-per:

    Resultat av første gruppeoppgåvedag 2 skal diskuterast. Kva kanvi bli einige om? Korleis kan viløyse dette praktisk?

    Kl. 12.15:Framlegging av gruppearbeidet.Kan vi bli einige om eit mani-fest?

    Kl. 13.15: Avslutning v/ Marianne AasenAgdestein, politisk rådgjevar iKommunal- og regionaldeparte-mentet.

    Kl. 13.30: Lunsj og avreise.

    To av konferansedirigentane, Ann Hege Lervåg og Randi Næss har "peptalk"med Mona Paulsrud frå Barne- og familiedepartementet før starten søndag.

  • 16

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Samandragav svar frå

    ungdomsgruppe

    Ja, kva skal vi meine om dette, tru?

    Skule og utdanning- Alle har godt av å flytte ut på

    utdanning, men kontakten medungdommen må haldast oppe.

    - Opprett fleire linjer og filialar forskular.

    - Transport- og bu-utgifter må takastmed.

    - Desentraliserte tilbod.- Stipend.- Reisestipend for alle som går på

    skule, også dei som tar høgareutdanning. Reisestipendet børvere basert på heimreise ein gongi månaden.

    - Heimebuarstipend til dei som velå bu og satse heime.

    - Nedskriving av studielån .- Få fleire vidaregåande skular i

    kommunane, og hald oppemulegheitene for å gå på skule ieigen kommune. Ta vare på deividaregåande skulane som er, ogfå til nye linjer der.

    Kva kan politikarar og kommunaar gjere for atungdom skal trivast i sin kommune? Kva skal til for at dei skal gjere det?

  • 17

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Fritidstilbod- Vi krev at alle småstader

    skal ha ein møteplass forungdom, som ungdommenhar laga til. Det skal ikkjeberre finnast sentralt ikommunen, men på deimindre plassane også.

    - Når ungdom har konkreteidear så må dei få nokstøtte til dei.

    - Kvar kommune må ha einkulturskule

    - Vi vil ha støtte til uorgani-serte aktivitetar som "ska-ting" og "blading", der dukjem og går når du vil.

    - Ta vare på trenarane ilokalsamfunnet, slik at deiikkje brenn ut og forsvinn.

    - Lik mulegheit for alle til ådrive jakt og fiske

    Medverknad og innflytelse- Ta ungdom med på råd.- Prioritér ungdommen.- Opprett ungdomsråd.- Tilsett ungdomsarbeidar og ta gjerne ein tur innom

    for å sjå kva ungdommane driv med.- Gje ungdom forslags- og talerett i kommunestyre.- Gje pengar som ungdommen disponerer, til dømes

    i ungdommens næringsfond.- Rask sakshandsaming og lite papir.- Hente og nytte kompetansen til ungdommen.- Driv oppsøkande verksemd.- Spør ungdommen, ikkje berre høyr på deg sjølv.- Kvar kommune må ha eit fungerande ungdomsråd,

    som blir følgt opp med opplæring og kontakt medandre ungdomsråd, slik at ein får vite kva ein kangjere. Representantane i ungdomsrådet skal habåde møte-, tale-, forslags- og stemmerett i kom-munestyret i saker som gjeld ungdom.

    - Vi vil at ungdommen skal få meir ansvar, tillit ogreell makt.

    - Vi ønskjer ikkje at ungdomsrådet på den eine sidaskal ha 20 000 kroner til fri disposisjon samtidigsom kommunestyret kan vedta å legge ned skular.

    Altså, det er jo ikkje berre dei store plassane som treng fritidstilbod!

    Viss vi skal bli interessert, så må vi jo også få ansvar

    Viss vi veit at vi kan få jobb, er det lettare å flytteheim

  • 18

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Tenestetilbod- Barnehage- Gode skular- Gratis Internett for folk

    som studerer- Kulturelle tilbod- Opplyse om kva vi har og

    ikkje har- Billege ungdomsbustader- Sel hus til ungdommen. - Ikkje lat 40 hus stå tomme

    og berre to som kan seljast

    Vi treng hus å bu i viss vi skal bli sjølvstendige.

    Og her tenker hjernen så det knakar

    Næring - kommune- Set av tid og vis interesse for ungdommen og idea-

    ne deira.- Ver tøff nok til å seie frå kva de trur på og ikkje trur

    på.- 35 prosent tilskot ved næringsetablering held ikkje.

    Då må ungdom låne 65 prosent og blir knekt avdårleg likviditet i den trange fødselen.

    - Ha ein aktiv prosess både for å skaffe ho og hanjobb.

    - Ver kynisk. Tilsett ikkje naboen som er 50. Prøv åfå inn ein ungdom utanfrå i jobben, slik at de aktivter med og dreg ungdom heim.

    - Få til fadderordningar mot næringslivet.- Set pris på at ungdom kjem og etablerer seg i kom-

    munen ved å tilby til dømes billege tomter, halvvassavgift. Tenk på kva kommunen får att, når einfamilie på fire buset seg der, dei som seier at kom-munen ikkje har råd.

    - Gje økonomisk og moralsk støtte til nyetableringar- Set pris på etablerarar, ikkje berre ungdom, men

    40-åringar også.- Kommunen må opplyse om jobbar.- Tilrettelegge for jobb.- Halde kontakt med utflytt ungdom.- Lag ungdomssider på Internett der kommunen bru-

    kar dei til å gje ungdom informasjon om kva somgår for seg heime.

    - Etablerarkurs og stipend er viktig.- Kartlegg kva som trengst, slik at de får til lærlinge-

    ordningar.- Legg ut lokalt nytt, kven som gifter seg, juletreff og

    stillingsannonsar på den kommunale ungdomssidapå Internett.

  • 19

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Næring - Stat- Legge til rette slik at dis-

    trikta blir levedyktige.- Legg konsesjonar og lønsa-

    me arbeidsplassar ut i dis-trikta.

    - Gje ungdom, som vil eta-blere seg med 30 fots fis-kebåt og satse heime, kvo-tar som gjer det mogleg åskaffe sitt eige levebrødder.

    - Sats på "Ung etablerer".

    Politikarar- Må engasjere.- Må tenke nytt.- Må bruke pengar.- Må få tak i eldsjelene for å

    få til noko, deriblant enga-sjert ungdom.

    - Må høyre etter kva ung-dommen har å seie.

    - Må ha vilje til å arbeidefor nyskaping, ikkje avvisenye arbeidsplassar.

    - Må setje av midlar til ung-domssatsing.

    - Sats på framtida - den erfor ungdom.

    Med slike politikarar ser framtida lys ut

  • 20

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Gamle guruar let seg inspirere av ungdommen

    Summ, summ, summ. Vaksne i ivrig summing.

    Samandrag av svarfrå vaksengruppe

    Kva kan ungdommen gjere for at dei skal tri-vast i kommunen sin? Kva skal til for at dei kan

    gjere det?

    Vaksensvar - dei vaksne sineråd til ungdommen- Ta ansvar for eige liv.- Synleggjer behova dykkar gjennom større engasje-

    ment.- Ver samarbeidsvillig, slik at de oppnår meir fridom

    under ansvar, og at de tek ansvaret på alvor.- Ta tak, gå i saman.- Litt større toleranse.- Skap positive haldningsendringar.- De må tore å gjere noko sjølv.- Ta ansvar for kvarandre, følg opp og ta kvarandre

    med i prosessar.- Krev elevbedrifter for å lære entreprenørskap,

    ansvar og økonomisk styring.- Krev at de får vere med i ulike råd og utval.- Finn likesinna.- Trykk sjeldnare på fjernkontrollen. Dukkar det opp

    "kjedeleg" informasjon på TV, få det med dykk.- Provoser andre ungdommar, det vil seie å få dei

    engasjert.- Minn politikarar på kva dei har sagt og gjort. Ha

    gjerne ei lita bok der de noterer ned og tek dei pådet seinare. Køyr dei mot veggen med uttalelsar deihar gitt, og spør kvifor det ikkje er gjort.

    - Krev ein eigen arena.- Bruk media dersom det buttar i mot.- Sats på regionalt og internasjonalt samarbeid.

  • 21

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Tid for framføring av det endelege resultat.

    Det endelegeresultat

    For å få fram eit endeleg resultat, vart ungdomog vaksne sett saman i grupper. Dei skulle no

    gå den siste strekninga for å komme fram medsaker dei var einige om. Resultata blei presen-tert i plenum, og det må seiast at når alt komtil alt, viste det seg at dei to gruppene hadde

    mange syn som lett fall saman.Konklusjonane, konferansen sitt manifest erdelt inn i ulike krav og råd, ordna i grupper.

    Konferansen sitt manifest"Ung i distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?"

    Krav til stat og departement- Det må vere slik at når vi bur i utkant-Noreg, så

    må vi kunne komme oss til sentrale strøk utan åbruke privatbilar.

    - Vi ønskjer lovfesta at det skal vere ungdomsråd ikommunane.

    - Lovpålagt med ungdomsarbeidar i kvar kommu-ne.

    - Pengar til ny etablering.- Erstatning for fråfall av statlege arbeidsplassar i

    kommunane.- Pengar til å oppretthalde arbeidsplassar.- Sats på ungdomstiltak både frå Barne- og familie-

    departementet, Kommunal- og regionaldeparte-mentet, Kulturdepartementet og Kyrkje- og utdan-ningsdepartementet.

    - Vi vil ha pengar til ungdomsprosjekt.- Vi vil ha pengar frå departementet til ungdomsbu-

    stader.- Vi vil ha endring av regelverket for Husbanken, til

    fordel for ungdom.- Vi vil ha lågare rente og høgare tilskot.- Vi vil ha avdragstid og avdragsvilkår som er retta

    mot ungdom.- Vi krev at kommunalministeren og barne- og

    familieministeren er med på neste samling, somdeltakarar.

    - Gje kommunar som kjem til dykk med idear sjan-sen til å følgje opp desse ideane. Det sit mangesterke ressurspersonar rundt om i kommunanesom har gode idear.

    - Vi ønskjer ein konferanse om eit år for å sjå kvadet vi kom fram til her har ført til.

    - Lat oppdrettskonsesjonane gå til distrikta, og spe-sielt til ungdommen.

    - Lat ungdom få fiskekvote slik at dei kan drivefiske med sin eigen vesle båt. Trålarane kan hellerfå litt mindre.

    - Senk avgiftene slik at kommunikasjon blir billega-re.

    - Vi meiner det er staten si oppgåve å auke reisesti-penda og stipenda slik at alle kan gå ut av vidare-gåande skule utan lån. Kommunane har for dårlegøkonomi til å ta det løftet.

    - Vi krev involvering. Betre tilrettelegging, betre pri-oritering, betre oppfølging i alle ledd, både fråstat, fylkeskommune og kommune, for vi haruante mulegheiter.

    - Vi ønskjer at det skal gjennomførast ei ungdoms-utveksling, finansiert frå toppnivå, slik at ungdomi innlandet får sjansen til å reise og vere hos ung-dom på kysten, og motsett.

    - Viss dei kommunale krava skal ha sjanse til å bliinnfridd, må dei statlege løyvingane til kommuna-ne aukast.

    Krav til fylkeskommunen- Stopp nedbygginga av vidaregåande skular.- Opprett Ung-info-kontor i kommunane.- Informér betre om tilskota som finst på fylkesnivå.- Støtt nyetableringar. Få til gode opplegg for unge

    etablerarar når det gjeld økonomi, rådgjeving ogandre praktiske ting.

    - Gje god hjelp til papirmølla for dei som skal star-te bedrift.

    - Vi ønskjer at det skal vere valfri skule- eller lære-plass alt etter 10. klassen.

  • 22

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    Krav til kommunen- Politisk fadderordning. Ungdom bør ha ein per-

    son dei har tillit til som kan vere kontakt til politi-karar og demokratiske organ.

    - Alle kommunar skal ha ungdomsråd. - Fortrinnvis interessert ungdom bør vere med i

    ungdomsråda, og bruk tid på prosessen.- Det bør vere engasjerte politikarar og folk frå

    administrasjonen som er med.- Gje handlingsrom både økonomisk og med rett-

    leiing til idear som er levedyktige og positive, ogsom ungdommane går skikkeleg inn for sjølv.

    - Bygg ungdomsbustader. Vurdér tvangssal av ned-lagde gardsbruk.

    - Bruk buplikta.- Bruk ein eigen person som kan snakkast med når

    det gjeld sakshandsaming.- Bruk lokal kompetanse, det vil seie den ungdom-

    men som har lokal kompetanse.- Vi vil ha god informasjonsflyt mellom kommunen

    og næringslivet.- Vi vil ha informasjon om etablering.- Vi vil ha informasjon om bustader.- Vi vil ha informasjon om dei kommunale teneste-

    ne og kvar vi finn dei ulike kontora.- Kartlegg kompetansen, slik at kommunane har

    oversikt over kva ungdommane deira held påmed.

    - Det er mogleg å få ting til viss kommunar gårsaman om å løyse utfordringane.

    - Set av tid til å utveksle idéar saman med ungdomslik at ungdom og politikarar kan forstå kvaran-dre.

    - Det bør opprettast eit ungdommens næringsfond,slik at ungdom er sikra at dei får noko når deisøker næringsmidlar.

    - Lær av "Ung etablerer" i Pilotkommunesatsinga.Vi treng ikkje finne opp krutet to gonger.

    - Møt dei som vil etablere seg i din kommune medpositiv respons.

    - Gje rentefrie lån og kanskje litt lenger avdragsfriperiode.

    - Støtt heller få med mykje- Vi krev ungdomsråd og medverknad i det politika-

    rane held på med. - Deltakarane i ungdomsrådet må ha møte- og tale-

    rett i kommunestyret.- Sats på kontaktmøte som juletreff og møte mellom

    politikarar og ungdom.- Det er viktig at ungdom som er ute på utdanning

    får informasjon, til dømes på heimeside, brev hei-manfrå og på e-post om arrangement og ledigestillingar. Informasjon er kjempeviktig!

    - Ta vare på ungdommen som er i kommunen ogkorleis dei har det.

    - Vi etterlyser positivitetsagent frå alle ungdomsråd;ein person som er bygda sitt andlet utad når detgjeld ungdom.

    - Bygda må ha eit treffpunkt for ungdom.- Samordning i staden for nedlegging, til dømes at

    barnehage og skule blir samordna til eit oppvekst-senter.

    Generelle krav- Stat og kommune må ikkje gjennomregulere oss

    frå barnehage, til vi går ut av tre-årig vidaregåan-de skule, og vidare til vidareutdanning på univer-sitet og høgskular. Vi må lære å ta ansvar for eigautvikling, til dømes i elevbedrifter, i barnehagenog gjennom entreprenørskap i skulen. Det er vik-

    tig å lære å tore å gjere feil, alt i frå barnehageal-der. Med gjennomregulering meiner vi til dømesat det naturlege treet på tunet i barnehagen ikkjemå bli sett på som det farlegaste leikeapparatet.Det må vere lov å klatre opp i treet og ramle nedog slå seg.

    - Tenk positive tankar, sei positive ord, gjer positivegjerningar og vis positiv vilje.

    Krav til politikarane- Dei lovnadane som politikarane gir, må dei halde.- Vi ønskjer at det blir ført ein enklare politisk

    språkbruk, som igjen fører til at papirmengda somkommunepolitikarane får blir halvert.

    - Vis interesse for dei nye møteplassane for ung-dom, og ungdom er folk opp til 35 år. Dropp ti

    minutt av Dagsrevyen og stikk innom ungdoms-klubben. Sjå korleis dei har det der. Vis at du bryrdeg.

    - Politikarar skal ikkje levere totalpakkar.Politikarane skal berre legge til rette, rettleie oghjelpe til i prosessen, men det er ungdommensjølv som må utforme prosessen og få produktetopp og fram.

    Krav til ungdommen- Ungdom må stå på og mase. Skrik høgare. Grip

    dagen. Dagen i dag er då de skal sette i gang. Får

    de ikkje gjennomslag, så gå til media, for dei erpositive til ungdomssaker.

    - Ungdom må lære seg å bruke formuleringar i detpolitiske liv.

  • 23

    Ung i Distrikts-Noreg: Korleis få til noko lokalt?

    "Eg lovar at det første eg skal seietil kommunalministeren når egmøter henne, er at de vil at ho skalvere med neste gong," sa MarianneAasen Agdestein.Ho var glad for å kunne vere i ei såengasjert forsamling, der det poli-tiske engasjementet var på eit pris-verdig høgt nivå. Rapporten frådenne konferansen, lova ho, skullebli send til alle deltakarane. Denvil også bli brukt både i Barne- ogfamiliedepartementet og iKommunal- og regionaldeparte-mentet."Eg tar med meg mange av innspe-la de har kome med. Vi har fått eindel generelle krav som vi møterstadig, men også ein del spesifikkekrav, til dømes om enklare språk.Eit anna som gjeld ungdomsutveks-ling er også viktig. Eg kan godtlegge til, utveksling også mellomvaksne, for vi veit kanskje for liteom kvardagen til kvarandre, ogproblema våre," sa den politiskerådgjevaren.Ho slo fast at meir informasjon er

    viktig. Når det gjeldPositivitetsagentar og kva som skalskje med dei, er det underutgreiing."Lovpålagt ungdomsråd høyrest fintut, men det vil seie fleire lover ogmeir sentralstyring. Eg trur de måvekke dykkar eigne, lokale politika-rar, og fortelje kva de meiner omframtida. Då vil de oppnå å få ung-domsråd som er meir enn sandpå-strøingsorgan," var ei av utfordring-ane Marianne Asen Agdesteinsende attende til forsamlinga.

    SentraliseringstrendenHo kom inn på den verdsomspen-nande sentraliseringstrenden somogså Noreg merkar. Den gjer atdet er vanskeleg å halde oppebusetjingsmønsteret i distrikta idag. Det bur for mange gamle der,med mindre det flytter masse ung-dom dit.Ein del vil tilbake, men får ikkjekjøpe småbruk. Reguleringar avodelslova hindrar det. Andre lander flinkare enn oss på det området.

    Bruk mulegheitene"Eg vil åtvare mot å sutre. Skryt avdistrikta. Når det gjeld arbeid såhar vi verkemidlar som også er per-sonretta. Vi har etablerarstipend, SND, ogfylka har midlar. Det finst ei mengdmed ordningar som er tilgjengele-ge.Lag arenaer der ungdom får lov åutvikle idear. Skaff informasjon omverkemidla, og bruk dei øyremerkamidlane. De har fleire mulegheiterenn de trur. Bruk makta de har, forden er stor," sa Marianne AasenAgdestein.Ho slo fast at ungdom ikkje hargjort det før. Pensjonistane har gjortdet: "Møt politikarane på deira pre-missar. Kanskje er det behov for eitungdomsopprør overfor partia.Lukke til!"Slik avslutta den politiske rådgjeva-ren i Kommunal og regionaldepar-tementet konferansen, med ei utfor-dring meir enn eit klapp på skul-dra.

    Sluttord

    Er det mogleg å gjennomføre det som blir virvlaopp av idear, tankar og ønskjemål på ein slik

    konferanse? Det kan berre framtida gje svar på.Frå Kommunal- og regionaldepartementet gjekk

    politisk rådgjevar Marianne Aasen Agdestein påtalarstolen med sitt sluttord, prega både av posi-

    tive og meir kritiske haldningar.

    Marianne Aasen Agdestein er poli-tisk rådgjevar i Kommunal- ogregionaldepartementet.

  • Mathilde sine inntrykkMathilde Jacobsen er 14 år og frå Andøya der ho er leiar i

    ungdomsrådet. Kva sit ho att med etter konferansen?

    "Eg har litt meir idear på kva ungdomsrådet kan jobbe med for å få ungdom til åtrivast, men eg er så ung at eg klarar ikkje å sjå liksom det der jobboppleggetsom dei held på med og pratar om. Det der med bedrifta og slikt, det klarer ikkjeeg å sjå.Elles så synest eg det har vore greitt, men det har vore litt for mykje slik at politikarane har prata om ungdommen og ikkje til ungdommen. Dei har brukt littdumme ord. I går blei det liksom slik at dei gjekk ein annan plass liksom, deidiskuterte ikkje distriktsungdom, dei diskuterte andre ting. Det blei på ein måte

    ikkje ein dialog mellom politikarane og ungdommen, det blei ein dialog mellompolitikar og politikar, og det er feil.

    Har det vore på pluss eller minussida, tykkjer du?"Går det an å seie pluss-minus,? he-he. Eg synes vel det har vore midt i laget.Ikkje sånn kjempebra og ikkje sånn kjempedårleg".

    Mathilde Jacobsen saman med Cecilie Myrseth frå Lavangen.

    Utgitt av: Barne- og Familiedepartementet / Kommunal- og regionaldepartementetOffentlege institusjoner kan bestille fleire eksemplar av denne publikasjonen frå:

    Statens forvaltningstjeneste Informasjonsforvaltning • Postboks 8169 Dep, 0034 OsloE-post: [email protected] • Telefaks 22 24 27 86

    H-2121Tekst og foto: Henning Rivedal - 6863 Leikanger • Layout og Trykk: Ingvald Husabø Prenteverk as - 6863 Leikanger