Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51429800 e-post: [email protected] - http://www.klepp.kommune.no IKT - plan for barnehagane og skulane i Klepp kommune 2013-2016 I rammeplanen for barnehagesektoren og i Kunnskapsløftet blir den digitale kompetansen rekna som grunnleggjande på same måte som t.d. lesing, skriving og rekning. IKT-planen skal bidra til læring der ein utviklar og nyttar IKT som verktøy. Planen skal leggja til rette for å bruka IKT i forhold til læring, slik at barn, elevar og tilsette får kompetanse i høve til dei behov barnehagen/skulen/samfunnet krev. Denne IKT-planen er eit strategisk dokument som viser korleis IT-utstyr og kompetansetiltak vil bli nytta i arbeidet i barnehage- og skulesektoren framover. DEL 1. IKT FOR LÆRING I BARNEHAGE OG SKULE 1.1.MÅLSETTING: BARN OG UNGE SI LÆRING Det overordna målet er at alle, tilsette og barn/elevar, skal bli aktive og sjølvstendige IKT- brukarar. Rammeplanen for barnehagen og læreplanen for grunnskulen dannar grunnlaget. Sentralt står bru- ken av IKT som eit pedagogisk verktøy for å: presentera lærestoff på nye måtar differensiera og leggje til rette opplæringa variera arbeidsmåtane og aktivitetane simulera situasjonar som elles er vanskelege å forklara eller demonstrera skaffa aktuell informasjon og dokumentasjon hjelpa barna/elevane til ansvar og sjølvstendig arbeid fremja internasjonalt samarbeid og samarbeid mellom barnehagar/skular vera ei kjelde til leik, kommunikasjon og å samle inn kunnskap informera og involvera føresette
12
Embed
IKT - plan for barnehagane og skulane i Klepp kommune 2013 ...IKT - plan for barnehagane og skulane i Klepp kommune 2013-2016 I rammeplanen for barnehagesektoren og i Kunnskapsløftet
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Arbeida vidare med bruk av IKT som ein integrert del av alle fag/fagområde, slik at ikkje
IKT blir oppfatta som ein frittståande sak.
Bruke og vidareutvikle bruken av It’s learning.
Kommunal e-postadresse til alle tilsette i barnehage/skule. Manglande e-post gjer det vans-keleg med samarbeid internt i kollegiet og med foreldre (t.d. kring barn med særlege be-
hov).
Auka krav til IKT-kompetanse blant barn og unge vil føra til auka behov for maskinar på
avdelingane og i klasserommet.
Bli kjend med og ta i bruk Office 365 (Word, Excel m.m.)
Satsing på interaktive klasserom.
Gje elevane og barna erfaring med nye digitale einingar, gjennom eksperimentell utprøving
og å skaffa seg nye erfaringar.
Få på plass eit formålstenleg spreienett.
Ha fokus på kritisk bruk av media. Gjera barna i stand til å
møta den digitale verden, med kritiske vurderingsevner.
INNHALDET I OPPLÆRINGA FOR BARNEHAGAR OG SKULAR I KLEPP.
2.1. IKT I BARNEHAGEN
«Barn bør få oppleve at digitale verktøy kan være en kilde til lek, kommunikasjon og inn-
henting av kunnskap. Barnehagens arbeidsmåter og innhold må ses i sammenheng. Ar-
beidsformene må støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær.»
(Rammeplanen s 27)
"Digital kompetanse i barnehagen handler om å koble sammen pedagogikk, teknologi og
ulike kunnskaper, ferdigheter og holdninger" (Superetterforskerne, s. 5).
I barnehagen er det ikkje nok å vera gode teknisk, men ein må også vita korleis teknikken kan nyt-
tast i ein pedagogisk samanheng saman med borna, for å fremma barnehagen sine ulike målset-
tingar. Men like viktig er kunnskap om kva teknologi og verktøy som passar best i den aktuelle si-
tuasjonen.
Digitale verktøy er ikkje eit mål i seg sjølv, men verktøy for å nå andre mål. Ulik kunnskap handlar
om barnegruppa og enkeltbarn sitt behov, og kjennskap til programvaren og utstyret som er til-
gjengeleg. Desse ulike rammene vil variera frå barnegruppe til barnegruppe.
«Digital kompetanse handlar om å integrera IKT på ein relevant, sikker og motiverande
måte i det pedagogiske arbeidet» (Superetterforskerne, s. 9).
Dette er nært knytt saman med omgrepa etikk og nettvett, og gjeld alle typar media og digitale
verktøy.
Barn og vaksne lærar best gjennom kreativ og skapande bruk. Det er derfor viktig å dela gode er-
faringar med kvarandre, og motivera kvarandre. Nettverksgruppa for IKT-ansvarlege har ein viktig
rolle mht dette, men også internt i den enkelte barnehage
Personalets kunnskap - ein nøkkelfaktor innan alt pedagogisk arbeid
Samarbeid er viktig for å auka personalet sin sjølvtillit og tro på seg sjølv.
Målsetting mht arbeid med IKT og digital verktøy saman med barna:
Barna skal få erfaring med ulike digitale verktøy. Personaletskal nytta digitale verktøy i si-tuasjonar der det er naturleg og ha fokus på ein kreativ bruk av desse verktøya saman med
om undervisningsmetodar, Rammeplan ,læreplan og barnas behov (pedagogikk)
om å koble saman emnet og pedagogikken
om teknologien og de digitale verktøya - slik at personalet veit korleis det verker
om kva for ein teknologi som passer best i den aktuelle situasjonen
Dette må baseres på personalet sin kunnskap om barna og emnet, for å arbeide med pro-sessmålene i Rammeplanen på en mest mulig hensiktsmessig måte
Nøkkelfaktor 2: Personalet sin sjølvtillit og tru på seg sjølv
Denne faktoren er ofte viktigare enn kunnskap - og det er derfor viktig å auke personalet
sin tryggleik og tro på seg sjølv mht bruk av teknologi.
Forsking viser at egne positive erfaringar med teknologibruk saman med barna/elevane au-kar personalets sjølvbilete mht bruk av teknologien, og særlig når dei ser at bruken fører til
læring hjå barna.
Tips for å øke personalets selvtillit mht bruk av teknologi:
gi personalet tid til å leke med og utforske teknologien
konsentrer ny bruk og nye metodar knytt til teknologi direkte mot dei vaksne sitt behov -
med andre ord: ta utgangspunkt i barnehagen/ skulen og personalets egne behov og planer
start med små, suksessfulle erfaringer - gir en god spiraleffekt
la personalet arbeide saman med andre som kan litt meir enn dei sjølve
viktig med gode rollemodeller, som personalet kan lære av
deltaking i eit nettverk
utvikling og læring retta mot barnehagen/skulen og dei vaksne sitt behov
Nøkkelfaktor 3: Pedagogisk grunnsyn
Forsking viser at personalet sitt syn på teknologi er basert på i kva for ein grad dei meiner
at teknologien kan hjelpe dei i å skape en best mulig læringssituasjon for barna og elevane.
Til meir bruken kan tilpassast til eller passer inn i personalet sin pedagogiske grunnsyn, til større sjanse er det for at dei tek teknologien i bruk. Med andre ord, opplæring må i størst
mogleg grad ta utgangspunkt i barnehagen/skulen sine og personalet sitt eige behov og pla-
ner.
Nøkkelfaktor 4: Skule og barnehagekulturen
Leiinga i barnehagen har ein heilt sentral rolle mht å sette bruk av teknologi saman med barna på dagsorden.
Oppsummert:
For å skape ein varig endring av praksis, må ein ta med alle disse 4 nøkkelfaktorane tas med.
Personalet sin kunnskap
Personalet sin sjølvtillit
Personalet sin pedagogiske tro
Barnehage / skulekulturen
Tips for mer informasjon : http://files.eric.ed.gov/fulltext/EJ882506.pdf