Er det for mykje torsk i
Barentshavet?
Harald Gjøsæter
Matfestivalen, Ålesund
22.08.2012
Er det for mykje torsk i
Barentshavet?
• Det kjem vel an på kven du spør
• - og korleis du stiller spørsmålet
– Spør du ein loddefiskar, får du truleg ja til
svar
– Spør du ein torskefiskar, er svaret meir
uvisst
– Og spør du ein havforskar, får du som
vanleg eit langt svar med mange ”på den
eine sida slik, men på den andre sida slik”
For mykje i forhold til kva
• Kva slags kriterium kan vi bruka for å
vurdera om det er ”for mykje”?
• Kva er høveleg mengde torsk?
• Vitnar kanskje sjølve spørsmålet om at
ein legg til grunn eit ”ingeniør-blikk” på
økosystemet, som eit system med
prosessar som alle kan styrast og ”fin-
regulerast til systemet yter maksimalt”?
Til saka
• Lat dette vera nok filosofering og
problematisering innleiingsvis, eg forstår
spørsmålet og skal freista gi nokre svar
• Eg byrjar med å gjera greie for no-
situasjonen, seier så litt om historia fram
hit, og litt om kva som eventuelt kan
skje heretter
• Og det er ikkje nok berre å snakka om
torsk
Kva er problemet?
Status temperatur og is
Havforskningsrapporten 2012
Temperatur 50m og ned
-5
-4.5
-4
-3.5
-3
-2.5
-2
-1.5
-1
-0.5
0
0.5
1
1.5
2
2.5
3
3.5
4
4.5
5
Temperaturanomali ved bunn
Litt varmere enn i fjor i mesteparten av
området, men kaldere i nord
Middeltemperatur Fugløya-Bjørnøya
Middeltemperatur i nord
Randi Ingvaldsen
Iskart pr 2. mai 2012
Iskart pr 17 august 2012
Utvikling - plankton
Padmini Dalpadado
Utvikling - 0-gruppe
Utvikling – pelagisk
Loddeutbreiing
1983 og 2011
Om lag like stor
bestand desse åra
Utvikling - bunnfisk
Torskeutbreiing
1996
2011
Torskens konsum
Bjarte Bogstad
Utviklingstrekk - lærdomar
• Ein ”større åker”
• Stabil planktonmengd
• (Rekord)stor mengde botnfisk
• Rimeleg stor og stabil loddebestand
• Mykje ”annan mat”
• Liten nedgang i vekst hos torsk og hyse
• Basert på no-situasjonen ser det ut for
at Barentshavet er velfungerande og at
det ikkje er ”for mykje torsk” i systemet
Men kva med framtida?
• Basert på rekrutteringssituasjonen og
aldersstrukturen i bestandane kan vi
slutta at:
– Mengde torsk vil minka dei komande 5 åra
– Mengde vaksen lodde (som torsken lever
av) vil ikkje endra seg mykje dei komande
par åra
– Vanskeleg å spå om ”annan torskemat”,
men neppe grunn til å venta store
endringar på kort sikt
Uvisse
• Men framtida vidare er ikkje sikker, og ein
joker heiter sild:
– Ut frå historia veit vi at når det kjem sterke
årsklassar av sild inn i Barentshavet, så kan
lodderekrutteringa slå totalt feil 2-3 år på rad,
og loddebestanden kollapsa i løpet av 2-3 år
– Det skjer ikkje alltid, men mykje ungsild i
Barentshavet ser ut til å vera ein naudsynt,
om ikkje tilstrekkeleg faktor for loddekollaps
Uvisse
• Og om loddebestanden kollapsar, så
har historia lært oss at dette kan få
store konsekvensar for predatorane
som torsk, sel, fugl og kval
• Men ikkje alltid: Under kollapsen på
1980-talet gjekk det heilt gale, under
den på 1990-talet gjekk det litt gale,
mens under den på 2000-talet var det
nesten ingen reaksjon på at lodda
forsvann!
Uvisse
• Ein annan joker heiter klima:
– Kva om vi får ei kraftig nedkjøling av
Barentshavet som gjer ”åkeren” vesentleg
mindre enn han er i dag?
– Det kan henda at Barentshavet toler ei så
stor torskemengde pga det milde klimaet
som gjer havet stort og rikt
– Temperaturen er på veg ned, og vil truleg
halda fram med det nokre år til, men alt
tyder på at det ikkje vert så kaldt som
under førre nedkjølingsperioden
Framtida
• Så å spå om framtida er ikkje enkelt:
• Får vi ein god sildeårsklasse (og den kjem
nok før eller seinare) så KAN vi få ein
loddekollaps, som KAN føra til store
problem for vekst og overleving av
predatorane
• Og får vi ei nedkjøling kraftig nok til å
redusera produksjonen monaleg og trengja
fisken sørover i havet, KAN det få negative
konsekvensar for alle ”innbyggjarane”
Konklusjon
• Det er ikkje meir torsk i Barentshavet i
dag enn det økosystemet kan ta hand
om utan at vi treng å gjera forsøk på å
”berga økosystemet” ved særlege
inngrep
• Men det er så mykje torsk i Barentshavet
i dag, at vi t.d. kan fiska vesentleg
mindre lodde og kanskje også mindre
hyse enn vi kunne ha gjort med ein
lågare torskebestand
Konklusjon
• Det er vidare så mykje torsk i
Barentshavet i dag at naturlege
reguleringsmekanismar slår inn
(redusert vekst og auka kannibalisme)
• I nær framtid vil torskemengda minka,
medan mattilbodet truleg vil vera relativt
konstant, så heller ikkje i nær framtid vil
det vera ”for mykje” torsk der
Konklusjon
• Kva som vil skje på litt lengre sikt, kjem
an på utviklinga på to felt: klima og sild
• Ingen av desse endringane kjem ”som
julaftan på kjerringa”
• Vi må difor overvaka situasjonen nøye
for å kunna varsla tidleg om endringar
• Vi har lært mykje av å følgja utviklinga i
Barentshavet gjennom mange år. Men
utan tvil har vi enno mykje å læra!
Those who have knowledge, don't predict.Those who predict, don't have knowledge.
Forecasting is the art of saying what will happen, and then explaining why it didn't!Anonymous
Lao Tzu, 6th Century BC Chinese Poet