Top Banner
22

Bouvetøya 2052

Jul 22, 2016

Download

Documents

Ungdomsroman av Lars Mæhle.
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: Bouvetøya 2052
Page 2: Bouvetøya 2052

1

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 1

Page 3: Bouvetøya 2052

Lars Mæhle

BOUVETØYA 2052

Roman

SamlagetOslo 2015

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 3

Page 4: Bouvetøya 2052

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 44

Page 5: Bouvetøya 2052

ÉIN DAG FØR OPPSTART

BOUVETØYA, LAURDAG 21. DESEMBER 2052

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 5

Page 6: Bouvetøya 2052

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 6

Page 7: Bouvetøya 2052

1

Det var i ferd med å blåse opp. Tunge skyer kom drivande inn frå vest, og ville om

kort tid øydelegge den uvanlege utsikta: Bouvetøya iSørishavet i klarvêr. Det vulkanske klippelandskapethadde lege der og knitra i ein knallraud solnedgang nokremagiske minutt.

Det var eit syn for gudar.Kapteinen på isbrytaren «Hanse Explorer», Grol,

kom inn i styrerommet. Han hadde stått på dekk saman med Sven og Armin.

Synet hadde fengsla dei fullstendig. Grol kjente segframleis overvelda, ja, nesten svimmel. Han sokk berrened på stolen i ei merkeleg sinnsstemning.

I augekroken skimta han skyene som nærma seg.Han grudde seg for vinden. Det rugga i skroget allereie.

«Hanse Explorer» duva i dønningane utanfor Bouvet -øya.

Igjen slo det han kor spesielt oppdraget deira var.Dei skulle førebu ein klimakonkurranse på liv og død,der fem ungdommar, ein frå kvar verdsdel, skulle delta.Om knapt eit døgn ville dei tumle rundt inne på øya, idet som var omtalt som tidenes mest spektakulære nett-reality:

Bouvetøya 2052.Han blei rykt ut av tanketrådane av ein smell.

7

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 7

Page 8: Bouvetøya 2052

Grol skvatt og sende eit raskt blikk bak aksla. Sven ogArmin stod og hutra like innanfor døra, som nettopphadde smekka så kraftig igjen i trekken. Eit isnandekaldt vinddrag strauk over nakken.

– Dette var verdt heile turen! sa Sven. Svensken smilte frå øyre til øyre mens han slo flokar. – Ja, eg håper de hadde glede av utsikta, sa Grol. – Tru -

leg var det første og siste sjanse. – Så lenge eg får pengane mine, er eg fornøgd, kvitra

Sven tilbake. – Og når ein får naturopplevingar somdette på kjøpet, er det rein bonus.

Den 1,95 høge kampsporteksperten gav seg til åstire ut mot veggen av skyer i horisonten.

– Ny vinterorkan på veg?Grol murra.– Det heiter sommarorkan her nede. Men de skandi-

navar veit jo ikkje opp og ned på verda.Svensken sleppte ein kort latter, før han igjen blei

alvorleg.– Dei skal no jammen få prøvd seg, ungdommane.

Klimaet her nede er jo heilt sjukt. Grol orka ikkje å svare. Han vende berre blikket

mot instrumenttavla igjen, førte på seg head- og finger-settet og kopla seg til Nettet via satellittlinken.

Deretter heiste han ankeret og sette «Hanse Explorer»i rørsle.

Det bar rett mot uvêrsskyene. Isbrytaren støytte motstadig større bølgjer.

Snart ville Sven bli sjøsjuk. Han tolte ingenting, svens -ken. Den vesle pygmeen Armin, derimot, den skalla nett-

8

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 8

Page 9: Bouvetøya 2052

programmeraren med runde briller, hadde vist seg langtmeir sjødyktig.

Grol kasta eit blikk mot den underlege fyren. Hanvar uunnverleg for dette oppdraget, hadde vore medsystemutviklingsteamet i Wu Lo Productions under opp -bygginga av Nettet.

Dei var elles handplukka for sin spisskompetansealle tre, for å kunne opphalde seg mutters aleine i Søris-havet i to månader og førebu nettrealityen. Oppdragetdeira var todelt: 1) å gjere alt klart for konkurransen og2) å sikre tryggleiken undervegs i sjølve spelet.

Og ein ting visste Grol allereie: Gjekk ikkje ting etterplanen her nede, så var det han, kapteinen, som ville blistilt til ansvar. Wu Lo, den eksentriske nettgründerenbak Bouvetøya 2052, ville ikkje vere nådig.

Grol forsøkte å skyve dei dystre grubleria bort. Hanbøygde seg i staden mot Armin, som sat fordjupa fram-for multiframvisaren og dei mange, små hologramma.Dei fleste var refleksjonar av dei viktigaste punkta påBouvetøya. Kameraa var sett opp på ulike stader i Ny -røysa, mens eitt viste trebua på Larsøya, fjernlageretdeira på holmen sørvest for sjølve øya.

Det siste hologrammet viste livesendingane frå Bou-vetøya 2052 på Nettet. Grol lente seg litt nærmare.Blikket hans peila seg inn mot deltakaren kalla «Hjer-nen», som nyleg var blitt presentert i dagens sending. Eisped, boksmart jente frå Filippinane. Grol lurte på kor-leis ho ville meistre dei barske omgivnadene her nede. Treav dei andre fem deltakarane var òg klare: «Stra tegen»,«Goliat» og «Auget».

9

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 9

Page 10: Bouvetøya 2052

No stod berre den mystiske «Jokeren» att. Grol kremta:– No, kva ser du i krystallkulene, Armin?Nettprogrammeraren svarte ikkje. Han var heilt

klart djupt inne i sine eigne tankar. Grol kjente at hanblei irritert. Han vifta med hendene framfor ansiktet tilArmin.

– Hallo? Er det nokon heime?Armin rikka ikkje på eit augelokk. Han sat framleis

med blikket stivt retta mot hologramma. Grol begynteå lure på om fyren var blitt sjuk, men såg no adamsepletklatre i halsen framfor seg. Altså måtte han vere i live,tenkte han tørt.

Den tynne stemma til Armin skar plutseleg ut i lufta.– Du må sjå på dette, sjef. Det er noko rart her.– Rart? Kva da?Grol lente seg over skuldra til Armin. Han merka

samtidig at skuggen til den svære svensken vaks i gjen-skinet frå instrumenttavla. Auga fór over hologramma.

Han såg ingenting uvanleg. Armin retta peikefingeren mot det eine hologram-

met. Konturane av Larsøya var så vidt synlege der iskumringa. Den vesle hytta, som ein biologisk ekspedi-sjon sette opp ein gong på 2040-talet, lyste mot han.

Grol rista på hovudet.– Eg ser ingenting uvanleg. Kan du ikkje berre seie

kva det er? Armin mønstra kapteinen med eit alvorleg blikk.– Lyset.– Lyset? I hytta på Larsøya? Kva er det med det?– Det skal ikkje vere der. Det er det som er med det.

10

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 10

Page 11: Bouvetøya 2052

I same augeblikk gjekk alt opp for Grol. Nakkehårareiste seg eitt etter eitt.

Lyset i bua på Larsøya. Dei hadde slått det av sist deivar der. Ingen andre hadde vore der i mellomtida. Ingenandre hadde vore i nærleiken i Sørishavet. I det heiletatt.

Men no hadde nokon – nokon andre enn dei tre – slåttlyset på.

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 11

Page 12: Bouvetøya 2052

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 12

Page 13: Bouvetøya 2052

JOKEREN

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 13

Page 14: Bouvetøya 2052

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 14

Page 15: Bouvetøya 2052

ÉIN DAG FØR OPPSTART

OSLO, LAURDAG 21. DESEMBER 2052

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 15

Page 16: Bouvetøya 2052

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 16

Page 17: Bouvetøya 2052

2

Kvite gneistar. Lyskula senka seg over tankane tilRoland. Kjensla av ro. Endeleg kunne han puste. Sakte,tikkande pulsslag. Prikking i kroppen. Det mørke bleisakte brunt, det gule kvitt. Lyset breidde seg i synet,vidare ut i kroppen, det sitra og spraka heilt ut i finger-tuppane, han skalv av fryd, segla av garde på ei bølgjeav vellyst som omslutta alt, alle kjensler og tankar. VedModer Jord, så herleg. Å ikkje kjenne. Å ikkje tenke.Berre gløyme alle dei små, urolege tanketrådane, somtråkla seg så pinefullt fram i kvardagane – og gjordekvar dag til ein rastlaus ørken av tid.

Plutseleg var ho der. Enda tidlegare enn sist. Ansik-tet tindrande klart. Den vesle føflekken øvst på kinnet.Ringen i nasen. Dei rolege, brune auga som forstod alt.

Stefi. Det var ho som steig fram frå draumane. Igjen. Det

var hennar ansikt som gøymde seg der nede, i laga avfortrengde tankar. Ho var den han lokka fram, gongetter gong, trass i at han av og til forsøkte å gløymehenne, fordi han visste kor fjernt ho var frå ein plass idet verkelege livet hans.

Men no. Var ho. Her. Inni han. Ho skein så sterkt at det nesten gjorde vondt. Latte-

ren. Dei kvite tennene. Fingrane som i det eine auge-blikket tvinna seg rundt det farga, raude håret, og som i

17

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 17

Page 18: Bouvetøya 2052

det neste kunne strekke seg fram mot han og sende strå-lar av elektriske støytar gjennom kroppen.

Det sitra i kvitt.Og ei ro – som han aldri klarte å oppdrive elles – følg-

de med. Rastløysa forsvann. Den oppkava ballen avbekymringar som alltid låg der og stakk i brystet, løysteseg opp. Alt rann ut og samla seg i eitt kvitt fokuspunkt,som om lyset var ein magnet som trekte alt det vonde tilseg.

Stefi … ansiktet ditt … det lyser svakare … skurrar …blir utydeleg …

Lydar skar inn i hovudet. Ein eksplosjon av skrik ogskvalder.

Roland kvapp til på stolen. Ein vrimmel av kafégjes-tar. Klirring i glas. Stemmer oppå stemmer. Dei to jen-tene ved nabobordet forsvann mot kvarandre i eit knis.Dei skjønte kvar han hadde vore, misunnte han trulegfor at han torde, eller såg opp til han av same grunn.Blikket hans virra vidare.

Han skjønte først ingenting, så alt.Han var på Mensch nede i Brugata, kafékonseptet

som stadig var på flyttefot, og som ikkje var så nøye påaldersgrensa. Roland mangla rett nok berre få månaderpå 18 år, men han hadde vanka fast på kafeen i minst toår allereie. Tryggingspolitiet hadde hatt fleire rassiaermot Mensch-lokale, og innehavaren, den kjente hacka-ren Rashid, sat for tida inne på Ila.

Men Mensch var seigliva. Kafeen dukka opp att i nye lokale, under andre dekk -

namn og med stadig nye tilsette bak disken. Og berre

18

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 18

Page 19: Bouvetøya 2052

stamgjestane, dei som abonnerte på nyheiter og stimuli-pakker via ulovlege sidekanalar av Nettet – for detmeste unge, arbeidsledige austingar – visste kvar deiskulle gå.

Dei heldt tett.

Ein annan fin ting med Mensch, syntest Roland, var atRashids namn og rykte garanterte for billig, overva-kingsfri tilkopling til Nettet. Dei hadde også tilgang tilulovlege, systemstimulerande program, som var testa utog godkjent av folka bak kafékonseptet.

No hadde Roland nettopp brukt dei siste, usle nett -slantane sine på ein slik kort stimuli. Eit femminuttsprogram som kopla seg til det ubevisste og trekte frambilda frå botnen av alle botnar, skjønnmåla dei, penslaalt det grimme, kvardagslege i lyse farger – og etterléthan i ein rus av herlege, svevande kjensler. Og dei villeleve i minnet ei god stund, alt etter kor kraftig dosenvar.

Det var verdt kvar nettkrone. Ansiktet til Stefi skeinno klart og sterkt i han. Det ville ta minst eit døgn førminna frå stimulien blei viska ut.

Han grudde seg allereie til nedturen.

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 19

Page 20: Bouvetøya 2052

3

Roland trekte leidningen ut med eit sukk, og regulertehead- og fingersettet tilbake frå nedlastingsmodus tillivemodus. Han sjekka innboksen i handa. Ingen nyemeldingar. Ingen åtvaringar om dårlege stimulifiler. Bra.

I same augeblikk braut noko inn i synsfeltet. Kafé-verten Junaid erstatta utsynet til vesting-jentene. Hansette ein kopp kaffi på bordet og blunka.

– Sat som eit skot, kva?Roland nikka åndsfråverande. Han prøvde å late

som om han var opptatt, ville berre sitje og kjenne pågodkjensla frå stimulien litt til og ikkje bli forstyrra avverdsleg prat. Men den androgyne skikkelsen til Junaidrikka seg ikkje.

I staden lente han seg nærmare.– Skal helse deg frå Rashid.Det gjekk eit rykk i Roland. – Har du besøkt han i fengselet?Junaid rista på hovudet. – Han har smugla ut meldingar via dekkaliaset.– Men har ikkje Tryggingspolitiet konfiskert head-

og fingersettet hans?Junaid kasta eit raskt blikk mot jentene på nabobor-

det, før han la ein finger diskré over munnen – og lenteseg enda nærmare Roland.

– Rashid fryktar at det er ein dobbeltagent her nede.

20

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 20

Page 21: Bouvetøya 2052

– På Mensch? kviskra Roland tilbake. – Ein somarbeider for Tryggingspolitiet?

Junaid nikka. – Det er med nød og neppe vi har klart å rigge ned og

rømme før dei siste rassiaene. Infoen har dukka opp isiste liten.

– Ulovleg overvaking av sidenettkanalane?Eit brennande alvor i det feminine ansiktet.– Vi veit ikkje. Men du må varsle John offline. Eit

eller anna drit er på gang. Junaid tok to steg tilbake og sa påtatt høgt:– Denne er på huset. Enjoy!Han blunka ein siste gong og forlét bordet.

Roland hadde atter fritt utsyn mot jentene på nabobor-det. Dei var faktisk usedvanleg vakre, og dei sette i eitknis da han atter såg i deira retning.

Om han hadde hatt fleire nettkroner på kontoen,kunne han ha leigd rom på Hotellet for ein time eller toog fått seg litt ekte stimuli. Dei ville garantert ikkje voreuvillige, desse to.

Men ei uro var sakte begynt å spreie seg i kroppen.Eit skurr som prikka utover armane som små elektriskestøytar.

Hjartet kava i brystet. Roland reiste seg brått. For raskt. Han blei ståande

og svaie eit par sekund. Det svimla for han. Herregud.Raud aura prikka fram i synsfeltet. Berre det ikkje varprogramvarefeil i den stimulipakka likevel. Men Menschvar jo kjent for nettopp det, at programvara deira, sjølvden mørkaste og mest ulovlege, alltid var fri for bugar.

21

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 21

Page 22: Bouvetøya 2052

Roland brukte eit par sekund på å summe seg, vikladeretter på seg den svarte skinnjakka og skjerfet. Hannikka så til Junaid, før han sette kursen mot utgangs -døra. Sjølv utan å sjå i deira retning skjønte han atstemninga dalte på nabobordet. Vesting-jentene villenok finne det dei var ute etter, om dei absolutt ville.Men han var ikkje den som skulle søkke så lågt i kveld.

Langt viktigare ting venta.

Bouvetøya ferdig_a 19.05.15 12:33 Side 22