Top Banner
1 Årsmelding Kolltveit skule 2018 1. Innleiing / samandrag Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular. Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat. Vi nyttar ulike kartleggingar, elevundersøkinga og nasjonale prøvar for å få eit godt grunnlag for resultatmåling og evaluering. «Framtidsskulen i Fjell» - ein skule med læringsfremjande tiltak bygd på forskningsbasert kunnskap. Grunnskuleopplæringa i Fjell kan sjåast på som ein samanfatning av 5 sentrale faktorar som til saman skal stimulere til læring: 1) Eleven Alle elevar i Fjell skal oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med eigne evner og føresetnader både fagleg og sosialt. 2) Læraren I Fjell har vi lærarar som legg vekt på gode relasjonar til elevar og foreldre, og som driv undervisning ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde elev. 3) Skuleleiinga I Fjell har vi skuleleiing som legg vekt på gode relasjonar til tilsette, elevar og foreldre, og som driv skulen ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde medarbeidar. 4) Læringsarenaen Læringsarenaene i Fjell står fram som gode, motiverande og velutstyrte. 5) Heimen Godt samarbeid mellom skule og heim.
36

1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

May 25, 2019

Download

Documents

truongnga
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

1

Årsmelding Kolltveit skule 2018

1. Innleiing / samandrag

Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular.

Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat. Vi nyttar ulike kartleggingar, elevundersøkinga og nasjonale prøvar for å få eit godt grunnlag for resultatmåling og evaluering.

«Framtidsskulen i Fjell» - ein skule med læringsfremjande tiltak bygd på forskningsbasert kunnskap.

Grunnskuleopplæringa i Fjell kan sjåast på som ein samanfatning av 5 sentrale faktorar som til saman skal stimulere til læring:

1) Eleven

Alle elevar i Fjell skal oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med eigne evner og føresetnader både fagleg og sosialt.

2) Læraren

I Fjell har vi lærarar som legg vekt på gode relasjonar til elevar og foreldre, og som driv undervisning ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde elev.

3) Skuleleiinga

I Fjell har vi skuleleiing som legg vekt på gode relasjonar til tilsette, elevar og foreldre, og som driv skulen ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde medarbeidar.

4) Læringsarenaen

Læringsarenaene i Fjell står fram som gode, motiverande og velutstyrte.

5) Heimen

Godt samarbeid mellom skule og heim.

Page 2: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

2

1.1 Læringsleiing

Den overordna satsinga innan pedagogisk utviklingsarbeid er sidan 2015 samla i omgrepet «læringsleiing.»

Innanfor læringsleiing ligg dei tre satsingsområda i Fjellskulen fram til 2020:

1. Grunnleggjande ferdigheitar 2. Vurdering for læring 3. Elevane sitt læringsmiljø

Sidan 2015 har skulesjefen sett ned ei arbeidsgruppe for å arbeide spesielt med utviklinga av desse satsingsområda. Denne gruppa vert kalla Læringsleiingsgruppa. Frå hausten 2016 har mandatet til gruppa vorte utvida til å omfatte organisasjonsutvikling ved at læringsleiingsgruppa vert aktivt deltakande i den kollektive kompetansebygginga i skulen. Til dømes er gruppa med i planlegging av skuleleiarsamlingar i innhald som omhandlar pedagogisk utviklingsarbeid og sentrale medspelarar i metodikken lærande nettverk. Læringsleiingsgruppa v/ leiar deltek også i skulesjefen sitt strategiske team.

1.2 Insight

Fjellskulen nyttar Insight (Puls) som leiingsverktøy for kvalitetsutvikling. Insight innhentar datamateriale frå ulike kjelder, som t.d. SSB, SATS, PAS, Skoleporten, GSI, Elevundersøkinga, Nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar i Engage (Vokal). Gjennom gode pedagogiske utviklingsprosessar mellom leiinga og lærarane skal ein arbeide mot stadig betre nivå innan dei kommunale satsingsfelta for skule:

Page 3: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

3

LÆRINGSLEIING

1) Vurdering for læring

2) Læringsmiljø

3) Grunnleggande ferdigheiter

Arbeidet vert koordinert av Insight-koordinator ved skulesjefen.

1.3 Framtidsskulen

Skulesjefen starta hausten 2015 eit arbeid der målet var å samle dei framtidsretta strøymingane i samfunnet og retningslinjene frå direktorat og regjering i eit lokalt forankra dokument. Dokumentet fekk namnet «På sporet av framtidas skule» og skal fungera som eit element i vidare drøfting av skuleutviklinga. Dokumentet er også å sjå på som eit bidrag frå Fjell i samband med å skapa ein felles skuleplattform i den nye Øygarden kommune. Skulesjefen hadde ønskje om å skapa eit dokument ut frå eit bredt samansett representativt utval av skuleeigar- og skuleleiarnivå i Fjellskulen.

«På sporet av framtidas skule» skal synleggjere kompetanse for framtidas behov gjennom overordna tema, satsingsområde og konkrete eksempel, og dokumentet er inndelt i tre hovuddelar:

Page 4: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

4

1. Elevens vel 2. Elevens læring 3. Kollektiv kapasitet

1.4 Trygg i Fjell

Skulesjefen har sidan 2014 intensivert arbeidet for å få etablert betre verkemiddel mot mobbing og krenkande åtferd mellom elevane. Tiltaket er kalla «Trygg i Fjell» og vert organisert gjennom ei fagleg kompetansegruppe og ei brei referansegruppe samansett av ulike representantar (politikarar, elevar, foreldre, idrett, skule.) Arbeidet vert vidareført og i 2017 og 2018 vart det arrangert store konferansar «Saman mot mobbing», for elevar, lærarar, foreldre og andre målgrupper. Kunnskapsministeren, Bruk Hue, og relevante fagpersonar deltok også på konferansen.

1.5 Skule og forsking

Skulesjefen i Fjell legg sterk vekt på at utviklingsarbeid og kompetansebygging skal skje i nært samarbeid med høgskule, universitet og forskingsinstitusjonar. Difor har vi i Fjell samarbeid med UIB, NLA, Sintef, HIB, HSH, VilVite og Nasjonalt senter for læringsmiljø og oppvekst i Stavanger. Gjennom forskingsprosjektet «Dale Oen Experience» og YouExplore på ungdomstrinnet, har ein samarbeid på forsking frå ulike land og organisasjonar (Norge, Russland, USA og NASA). Frå hausten 2017 vil prosjektet også omfatte Tranevågen ungdomsskule. I høve til språk er Fjell kommune inne i eit større forskingsprosjekt om nynorsk språk og målform saman med UIB. Skulesjefen har også samarbeid med Sintef omkring prosjekt med å bruke miljøterapeutar i skulen.

1.6 Den raude tråden

Skulesjefen er oppteken av samanhengen i opplæringa frå barnehage til yrkesliv. Målsetjinga er betre læringsutbytte og å minske fråfallet frå utdanningsløpet. Derfor er samarbeid og overgongane mellom dei ulike læringsarenaene viktig for å støtte ei god utvikling for den einskilde elev. I tillegg til samarbeid med barnehage har skulen i Fjell sidan 2015 etablert eit skule og næringslivet. Det er og etablert eit godt samarbeid mellom skulen og Kunnskapsbyen i Vest og VNR. Sidan hausten 2016 har skulesjefen etablert eit formelt samarbeid mellom grunnskulen i Fjell og vidaregåande skule gjennom faste møter mellom skulesjefsnivå og rektor på Sotra vidaregåande skule. Målsetjinga er å trekkje sterkare band mellom skuleslaga, med fokus på faglege utfordringar og fråfallsproblematikken.

1.7 Digitalisering i skulen

Som del av eit framtidsretta samfunn er det viktig å førebu elevane til deltaking i eit digitalisert arbeidsliv og kvardag. Prosjektet med digitale klassar er etablert på ungdomsskulane og fleire av barneskulane. Digitaliseringsprosessen i Fjell har ein no utvida til å omfatta kommunane Sund og Øygarden for å imøtekoma kommunesamanslåinga. Det er

Page 5: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

5

naudsynt å ha ei felles og heilskapleg framdriftsplan, som tek i vare likeverd mellom kommunane og både pedagogiske, økonomiske og teknologiske aspekt. Ein tek sikte på å halde fram ei stegvis utvikling fram mot kommunesamanslåinga i 2020.

1.8 Refleksjon og vurdering

Skriv ein innleiande tekst om skuleåret 2017/18 på dykkar skule. Trekk gjerne fram ein god praksisforteljing eller døme som syner korleis skulen driv godt fagleg eller sosialpedagogisk utviklingsarbeid.

Det er ein fin og god strategi i skulen i Fjell kommune. På Kolltveit har vi tatt tak i dei ulike satsingsområda på ein god måte.

Læringsleiing: Vi har ein lærarar som er ressursperson i læringsleiing på skulen vår. Vi har spesielt arbeidd med IKT-plan.no og Språkløyper. Vi har brukt dei ferdige «pakkane» med god erfaring. Dette vil halde fram, vi er ikkje ferdige. Øktene er leia av ressursperson og IKT-ansvarleg.

Insight: Vi har brukt Insight til analyse av læringsresultat. Vi gjorde eit spesielt grundig arbeid i f t nasjonale prøver i heile lærargruppa.

Framtidsskulen: Vi er førebudde på å få den fyrste digitale klassa på Kolltveit til hausten. Den kollektive kompetansehevinga innan IKT og språkløyper har gitt oss større felles fagleg basis.

Trygg i Fjell: Arbeidet med det psykososiale miljøet på skulen har vorte endå betre enn det var før. Vi har 3 ressurspersonar på skulen vår som er med på dei kommunale samlingane, i tillegg til leiinga. Vi har brukt mykje til på å utvikle nye verktøy i f t §9a i Opplæringslova, meldeskjema, logg, planar, involvering mm. Her har Trygg i Fjell vore ein god ressurs å ha med.

Den raude tråden: I år hadde vi eit svært vellykka personalmøte med barnehagane i område og med ungdomsskulen. Då gjekk vi gjennom forventningar til kvarandre, både fageleg og sosial. Vi fekk næare innblikk i kvarandre sin arbeidområde og fag. Vi såg på likskapar og ulikskapar, med det målet at overgongen til skule eller ungdomsskule skal bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar, men vi bukar ulike omgrep. Resultat er at barnehagen skal lage ordbok med forklaring til Dinouttrykk, noko som kan kome 1.klasse til gode. Vi har hatt barnehagetilsette på foreldremøte for nye 1.klassingar og på førskuledag. Til hausten skal vi vere med på foreldremøte i barnehagen. Vi lagar nye og gode rutiner saman med Bildøy barnehage..

Digitalisering av skulen: På Kolltveit er vi i god gang med å gjere elevane klare til å arbeide med digitale verktøy. Vi har ein IKT-ansvarleg som gjer ein framifrå jobb her på skulen. Skulen søkte om å kome i gang med ei digital klasse frå hausten 2017, men fekk avslag. Til hausten startar 7.klasse opp som digital klasse.

2. Personale

2.1 Tal på lærarar

Page 6: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

6

Antall lærere, i alt Antall

06-07

07-08

08-09

09-10

10-11

11-12

12-13

13-14

14-15

15-16

16-17

17-18

Kolltveit skule (17-18)

17,0 18,0 18,0 17,0 18,0 15,0 17,0 15,0 22,0 24,0 27,0 25,0

Antall

Antall lærere, menn 5

Antall lærere, kvinner 20

Antall lærere, i alt 25

2.2 Refleksjon og vurdering:

Kolltveit skule har over lang tid hatt eit stabilt kollegiet, det er få som sluttar her. Etter som elevtalet aukar, aukar talet på tilsette og. Kvinner er overrepresenterte, dette prøvar vi stadig å balansere dette, men det tek tid.

Page 7: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

7

3. Læringsmiljø

3.1. Tal på elevar

Sum elever ved skolen Antall

06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18

Kolltveit skule (17-18)

193,0 183,0 187,0 176,0 172,0 163,0 161,0 159,0 243,0 246,0 243,0 250,0

3.1.1. Refleksjon

Elevtalet er svakt veksande ved Kolltveit skule. I skuleåret 2017/ 2018 har vi hatt 254 elevar, noko denne tabellen ikkje viser. Fleire familiar flyttar til Kolltveitområdet. Vi får og søknader om skuleplass for elevar som bur i Blommen/ Skorafjellet, -altså gangavstand til skulen, men dei må vi avvise pga av plassmangel, og eit kommunalt vedtak om at dei skal gå på Knappskog skule.

3.2. Arbeidsro

Denne indikatoren fortel om korleis elevane oppfattar arbeidsro i timane.

Page 8: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

8

3.2 Arbeidsro 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18

Kolltveit skule (17-18)

2,78 3,25 3,34 - 3,61 3,95 3,3 3,22 3,74

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18)

3,35 3,32 3,15 3,03 3,42 3,79 3,49 3,54 3,52

Fjell kommune (17-18)

3,1 3,22 3,1 3,11 3,33 3,69 3,51 3,57 3,52

Hordaland (17-18) 3,13 3,22 3,17 3,17 3,21 3,55 3,54 3,51 3,45

Insight totalt (17-18)

3,17 3,2 3,23 3,29 3,35 3,61 3,61 3,61 3,57

3.2.1 Refleksjon og vurdering

Dei tre siste skuleåra har vi etter elevundersøkinga hatt særleg fokus på arbeidsro. Vi ser den positive utviklinga dette året som eit resultat av det arbeidet vi har gjort i forhold til det.

Page 9: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

9

3.3 Trivsel

Denne indikatoren syner korleis elevane trivst på skulen.

2.1 Trivsel

06-07

07-08

08-09

09-10

10-11

11-12

12-13

13-14

14-15

15-16

16-17

17-18

Kolltveit skule (17-18)

4,16 3,87 4,19 4,33 4,28 4,19 - 4,3 4,4 4,39 4,44 4,12

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18)

4,14 3,87 4,08 4,25 4,17 4,21 4,2 4,31 4,38 4,4 4,41 4,31

Fjell kommune (17-18)

4,04 3,89 4,07 4,14 4,14 4,16 4,22 4,29 4,28 4,31 4,33 4,28

Hordaland (17-18) 4,06 4,04 4,05 4,1 4,16 4,17 4,23 4,25 4,27 4,3 4,28 4,24

Insight totalt (17-18)

4,16 4,16 4,19 4,23 4,26 4,27 4,3 4,35 4,34 4,34 4,35 4,3

Page 10: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

10

3.3.1. Refleksjon og vurdering

Kolltveit skule har lenge hatt høg trivsel blant elevane. Vi har ein liten dropp dette året, men vi er likevel godt nøgde med scoren. Gjennom fellesaktivitetar og samarbeid mellom klassar og på tvers, er vi nøgde med å vere ein «god stad å vere og ein god stad å lære.» Fokuset vil halde fram. TL-ordninga er noko elevane trekkjer fram som ein faktor som skaper god trivsel.

3.4 Støtte frå lærarane

Indikatoren syner korleis elevane opplever støtta frå lærarane.

3.1 Støtte fra lærerne 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 Kolltveit skule (17-18) 4,57 4,54 4,5 4,59 4,61 Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18) 4,37 4,51 4,53 4,55 4,53 Fjell kommune (17-18) 4,22 4,34 4,34 4,35 4,34 Hordaland (17-18) 4,15 4,28 4,3 4,31 4,3 Insight totalt (17-18) 4,22 4,32 4,33 4,34 4,32

Page 11: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

11

3.4.1 Refleksjon og vurdering

På Kolltveit skule har vi stort fokus på det å være tydelege, varme og gode vaksne for elevane våre,- både i klasserommet og utanfor klasserommet. Elevane skal vite kvar dei har oss, og det daglege relasjonsarbeidet mellom den vaksne og eleven er ein stor del av dette arbeidet. Vi ser elevane kvar dag og tek elevane sine utfordringar på alvor. Vi arbeider kvar veke for at vi skal sjå det positive i kvar einskild. Vi er godt nøgde med dette resultatet.

3.5 Vurdering for læring

I Fjell handlar vurdering for læring (VFL) om at:

- Skuleleiinga arbeider systematisk med utviklinga av læringsfremmande vurdering. Arbeidet er godt forankra i kommunalt styringsdokument for Læringsleiing.

- Lærarane arbeider systematisk med vurdering for læring og har felles omgrep og rutinar knytt til dette.

- Elevane forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Elevane får tilbakemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet og som gir råd om korleis dei kan forbetre seg. Elevane nyttar tilbakemeldingane slik at dei utviklar seg i læringsprosessen. Elevane er involverte i eige læringsarbeid m.a. ved å vurdere eige arbeid og utvikling.

4.1 Vurdering for læring 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 Kolltveit skule (17-18) 4,15 4,13 3,9 4,14 4,16 Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18) 4,04 4,24 4,22 4,25 4,18 Fjell kommune (17-18) 3,91 4,05 4,02 4,04 3,96 Hordaland (17-18) 3,82 3,91 3,92 3,93 3,9 Insight totalt (17-18) 3,88 3,96 3,96 3,97 3,95

Page 12: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

12

3.5.1 Refleksjon og vurdering

Vi har hatt stort fokus på Vurdering for læring i fleire år,- og vi er nøgde med at elevane responderer så positivt på måten dette vert formidla. Vi trur at VfL er godt innarbeidd i lærarstaben som eit dynamisk verktøy.

Page 13: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

13

3.6 Mestring

Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mestring.

1.3 Mestring 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 Kolltveit skule (17-18)

3,78 3,95 3,71 - 3,95 3,99 3,93 3,89 3,95

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18)

3,88 3,96 3,85 3,81 3,95 4,08 4,01 4,03 4,03

Fjell kommune (17-18)

3,79 3,86 3,8 3,76 3,94 4,02 3,98 3,98 3,98

Hordaland (17-18) 3,83 3,85 3,81 3,82 3,91 3,99 3,99 3,98 3,96

Insight totalt (17-18)

3,86 3,88 3,84 3,85 3,99 4,04 4,04 4,04 4,03

Page 14: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

14

3.6.1 Refleksjon og vurdering

Oppleving av meistring har vore stabilt på Kolltveit sidan 2013-2014. Vi arbeider heile tida for å «treffe» elevane best mogleg. Vi ser at det å nytte ulike pedagogiske program på nettet gjer det enklare å heile tida treffe rett vanskegrad.

3.7 Elevdemokrati og medverknad

Gjennom medarbeidarskap med andre elevar, læraren og skulen skal eleven utvikle evner og kunnskap om samarbeid og medverknad i demokratiske prosessar.

3.3 Elevdemokrati og medvirkning

06-07

07-08

08-09

09-10

10-11

11-12

12-13

13-14

14-15

15-16

16-17

17-18

Kolltveit skule (17-18) - - - - - - - 3,97 3,68 3,44 3,57 3,68

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18)

- - - - - - - 3,55 3,78 3,69 3,8 3,71

Fjell kommune (17-18)

2,72 2,56 2,76 2,89 - 3,05 - 3,42 3,6 3,54 3,63 3,58

Hordaland (17-18) 3,01 2,94 2,97 3,18 3,24 3,31 - 3,46 3,59 3,6 3,63 3,61

Insight totalt (17-18) 3,15 3,09 3,11 3,24 3,28 3,29 3,12 3,55 3,65 3,69 3,72 3,7

Page 15: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

15

3.7.1 Refleksjon og vurdering

Kurva her viser at elevane meiner dei har medverknad gjennom elevråd og klasseråd.

Page 16: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

16

3.8 Læringskultur

Læringskultur handlar om elevane si oppleving av at skulearbeidet er viktig, at det er arbeidsro, og at ein lærar av erfaringar.

3.5 Læringskultur 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18

Kolltveit skule (17-18) 2,78 3,25 3,34 - 4,03 4,24 3,94 3,93 4,23

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18)

3,35 3,32 3,15 3,03 3,8 4,21 4,08 4,1 4,09

Fjell kommune (17-18) 3,1 3,22 3,1 3,11 3,67 4,05 3,94 4,0 3,98

Hordaland (17-18) 3,13 3,22 3,17 3,17 3,54 3,93 3,94 3,95 3,91

Insight totalt (17-18) 3,17 3,2 3,23 3,29 3,68 4,01 4,03 4,04 4,01

Page 17: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

17

3.8.1 Refleksjon og vurdering

Dette temaet er noko vi stadig har oppe på fellestida på skulen, og ut mot foreldra. Kurva viser at vi har lykkast med å setje fokus på læringskultur.

Vi veit ag t dette er eit langsiktig arbeid som vi må halde fokuset på heile tida.

3.9 Mobbing

Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mobbing på skulen.

2.5 Mobbing blant elever

2.5 Mobbing blant elever 16-17 17-18 Kolltveit skule (17-18) 4,64 4,68 Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18) 4,74 4,74 Fjell kommune (17-18) 4,76 4,73 Hordaland (17-18) 4,7 4,69 Insight totalt (17-18) 4,7 4,69

Page 18: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

18

2.6 Digital mobbing

2.6 Digital mobbing 16-17 17-18 Kolltveit skule (17-18) 4,79 4,85 Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18) 4,89 4,91 Fjell kommune (17-18) 4,88 4,87 Hordaland (17-18) 4,85 4,86 Insight totalt (17-18) 4,86 4,85

2.7 Mobbing fra voksne

2.7 Mobbing fra voksne 16-17 17-18 Kolltveit skule (17-18) 4,92 4,93 Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18) 4,94 4,95 Fjell kommune (17-18) 4,92 4,91 Hordaland (17-18) 4,88 4,87 Insight totalt (17-18) 4,9 4,89

Page 19: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

19

Snitt Kolltveit

skule (17-18)

Fjell kommune

- 1.-7. trinn (17-

18)

Fjell kommune (17-18)

Hordaland (17-18)

Insight totalt

(17-18)

2.5 Mobbing blant elever 4,68 4,74 4,73 4,69 4,69

2.6 Digital mobbing 4,85 4,91 4,87 4,86 4,85

2.7 Mobbing fra voksne 4,93 4,95 4,91 4,87 4,89

3.9.1 Refleksjon og vurdering

Vi ser at Kolltveit held omtrent same utvikling som Fjell kommune, Hordaland og Noreg. Sjølvsagt med litt svingingar. Vi har stort fokus på at Kolltveit skule skal være ein god stad å være.

Vi arbeider dagleg for at elevane skal ha det godt på skulen. Vi har hatt ein del tunge elevsaker og §9a-saker som vi har løyst saman med miljøterapeut og foreldre. Miljøterapeuten har ei stor rolle i det psykososiale skulemiljøet, og ho gjer ein god jobb. Vi held framleis fokuset på temaet.

4. Analyse av samanhengar

Boblekarta nedanfor visar samanhengar mellom relevante indikatorar frå elevundersøkinga.

Page 20: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

20

- Arbeidsro og mestring

- Trivsel og motivasjon

- Tilpassa opplæring og fagleg utfordring

4.1 Arbeidsro og mestring

Boblekarta nedanfor viser samanheng mellom indikatorane arbeidsro og mestring.

Page 21: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

21

Page 22: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

22

Page 23: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

23

4.1.1 Refleksjon og vurdering

Vi registrerer at vi har gjort stor framgong på områda arbeidsro og meistring dette året: Det er betydeleg fleire som opplever meistring og arbeidsro. Vi er godt nøgde med dette, og vil halde fokuset oppe vidare. Men vi har ei gruppe på 10,77% som verken opplever meistring eller arbeidsro, og ei gruppe på over 13% som opplever arbeidsro men lav meistring. Det har nok samanheng med at vi i fleire klasser har elevar med reduleringsvanskar som skaper støy i klasserommet. Vi kjenner på at «gråsone»-elevane våre ikkje får den oppfylgjing vi ynskjer å gje dei.

Det viser at vi må setje meir fokus på tilpassa opplæring.

4.2 Trivsel og motivasjon

Boblekartet nedanfor viser samanheng mellom trivsel og motivasjon.

Page 24: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

24

Page 25: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

25

Page 26: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

26

4.2.1 Refleksjon og vurdering.

Kurva har gått litt ned i forhold til i fjor. For neste år vert det viktig å redusere gruppa på 18,37% som har lav trivsel og lav motivasjon.

4.3 Støtte frå lærarane og fagleg utfordring

Boblekartet nedanfor viser samanhengen mellom støtte frå lærarane og fagleg utfordring.

Page 27: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

27

Page 28: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

28

Page 29: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

29

4.3.1 Refleksjon og vurdering

Vi har høg grad av støtte frå lærar, men har ei stor gruppe med lave faglege utfordringar. Vi held fram arbeidet med TSK, VfL, og set fokus på tilpassa opplæring.

5. Læringsresultat

5.1 Føresetnadar

5.1.1. Foreldra sitt utdanningsnivå

Foreldra sine utdanningsnivå kan i følgje Hægeland, Kirkebøen, Raaumog Salvanes (2003) forklare (20%) av variasjonane i elevane sine læringsresultat. Indikatoren nedanfor er basert på ei utrekning frå SSB.

Prosenten er rekna ut med utgongspunkt i følgjande: Andel foreldre med høgare utdanning minus andel foreldre med grunnskule som høgaste utdanning. Dersom scoren er 17%, betyr dette at skulen har 17% fleire foreldre med høgare utdanning enn foreldre med grunnskule som høgaste utdanning.

Foreldrenes utdanningsnivå 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 Kolltveit skule (17-18) 17 23 20 21 21 25 Fjell kommune (17-18) 12,5 16,8 15 15,3 15,8 16,8 Hordaland (17-18) 19,6 20,7 21,6 22,4 23,1 23,6 Insight totalt (17-18) 17,5 18,5 20 20,7 21,3 21,7

Page 30: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

30

5.1.2 Refleksjon og vurdering

Grafen viser korleis det er, det er gjenkjennbart, og ingenting vi kan gjere noko anna med enn akseptere.

5.2 Lesing og norsk

I Fjell handlar lesing om at:

- Leiinga og lærarane har god kunnskap om lesing som grunnleggande dugleik. Alle lærarar, uansett fag, tek ansvar for leseutviklinga til elevane.

- På småtrinnet jobbar skulen med grunnleggande avkoding og forståing av enkle tekstar. Skulen nyttar leselærar på 1. og 2. trinn som tidleg innsats. Leselæraren blir nytta til å rettleie i lesing. Leiinga er oppdatert på leseutviklinga til elevane på desse trinna.

- På mellomtrinn og ungdomstrinn jobbar skulen systematisk med elevane si evne til å finne informasjon, tolke og reflektere. Elevane nyttar ulike typar lesestrategiar.

- Skulen nyttar SOL* (Systematisk Observasjon av Lesing) som verktøy i undervegsvurderinga. Soling av elevar skjer systematisk og kontinuerleg gjennom skuleåret.

Page 31: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

31

5.2.1 Kartleggingsprøvar i lesing

Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa.

Lesing 1. trinn

Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense

Kolltveit skule (17-18)

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-

18)

Fjell kommune (17-18)

Hordaland (17-18)

Insight totalt (17-18)

Å lese ord 23,8% 25,0% 25,0% 16,7% 17,2%

Å lese er å forstå

31,7% 29,4% 29,4% 18,2% 18,5%

Lesing 2. trinn

Å lese ord 36,7% 25,9% 25,9% 19,7% 18,8%

Å lese er å forstå del 1+2

26,7% 20,0% 20,0% 16,8% 18,8%

Lesing 3. trinn

Å lese ord 32,4% 20,7% 20,7% 24,1% 23,4%

Å lese er å forstå del 1+2

29,4% 14,3% 14,3% 16,7% 16,8%

5.2.2 Nasjonale prøvar i lesing

Her kan ein sjå resultat frå nasjonale prøvar i lesing.

Utvalg Mestringsnivå 1

Mestringsnivå 2

Mestringsnivå 3

Snitt Poeng

Kolltveit skule (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 33,3% 41,7% 25,0% 48,4

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 22,7% 52,6% 24,7% 50,3

Fjell kommune (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 22,7% 52,6% 24,7% 50,3

Hordaland (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 24,9% 54,0% 21,1% 49,4

Insight totalt (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Lesing 23,3% 54,1% 22,6% 49,9

Page 32: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

32

5.2.4 Refleksjon og vurdering

Det vert jobba godt og systematisk med lesing i 1.-4. trinn.

Vi scorar ikkje så høgt på testane i 1. – 3. klasse, men når elevane er komne til 5. trinn har vi god framgang. Her har vi også stigane formkurve på meistringsnivå 2 og 3. Det tolkar vi på den måten at grepa vi gjer i 1. – 4. klasse gir elevane kompetanse som viser seg positivt i dei nasjonale testane som 5. trinn får.

Lesing vil framleis vere høgt prioritert gjennom arbeidet med språkløyper, utprøving og refleksjon.

5.3 Rekning og matematikk

Kartleggingsprøvar i rekning

Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa.

Kartleggingsprøve Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense

Kolltveit skule (17-18)

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-

18)

Fjell kommune (17-18)

Hordaland (17-18)

Insight totalt (17-18)

Regning, 1. trinn 38,1% 27,4% 27,4% 23,7% 25,2%

Regning, 2. trinn 33,3% 31,6% 31,6% 22,4% 24,0%

Regning, 3. trinn 32,4% 22,5% 22,5% 18,8% 20,7%

5.3.1 Nasjonale prøvar i rekning

Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i rekning.

Utvalg Mestringsnivå 1

Mestringsnivå 2

Mestringsnivå 3

Snitt Poeng

Kolltveit skule (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 22,2% 55,6% 22,2% 49,1

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 24,9% 52,4% 22,7% 49,7

Fjell kommune (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 24,9% 52,4% 22,7% 49,7

Hordaland (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 23,1% 51,4% 25,5% 50,0

Insight totalt (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Regning 23,2% 51,5% 25,3% 50,0

Page 33: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

33

5.3.3 Refleksjon og vurdering

Betre resultat i nasjonale prøver i rekning gjenspeglar at vi har hatt fokus på matematikkfaget.

5.4. Engelsk

5.4.1 Nasjonale prøvar i engelsk

Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i engelsk.

Utvalg Mestringsnivå 1

Mestringsnivå 2

Mestringsnivå 3

Snitt Poeng

Kolltveit skule (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 19,4% 61,1% 19,4% 49,4

Fjell kommune - 1.-7. trinn (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 20,4% 56,9% 22,7% 49,8

Fjell kommune (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 20,4% 56,9% 22,7% 49,8

Hordaland (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 24,6% 52,3% 23,1% 49,5

Insight totalt (17-18)

Nasjonale prøver 5. trinn, Engelsk 22,5% 52,5% 25,0% 50,1

Page 34: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

34

5.4.3 Refleksjon og vurdering

Også her er vi verkeleg på rett veg. Vi stig i både meistringsgruppe 2 og 3. Fokuset på det å møte engelsk i fleire fag, meiner vi er rett veg å gå. Kompetansegruppa i engelsk har ført til at vi alle vert oppdatert i engelsk undervisninga. Vi har hatt 2 stk. frå kollegiet som er på vidareutdanning i engelsk. Neste år skal vi ha ein lærar frå mellomtrinnet på vidareutdanning.

6. Undervisning og læring

Reflekter over undervisning og læringsprosessar ved eigen skule

Vi reflekterer over kartleggingar og testar for å gjere undervisninga betre. Vi samarbeider tett på team. Vi har starta med å utnytte digitale læramiddel betre enn vi har gjort tidlegare. IKT-plan og Språkløyper som kompetanseheving legg opp til utprøving av nye tema i klassane som det vert reflektert over i lærarkollegiet. Tydelege vekeplanar og gode rutiner for vurdering viser effekt på læringsresultat.

Vi har framleis stort fokus på arbeidsro og TSK, noko som er grunnleggande for god undervisning og læing. Elevar med reguleringsvanskar utfordrar læringsmiljøet i enkelte klassar.

7. Fysisk miljø og læremiddel

Reflekter over fysisk miljø og læremiddel ved eigen skule

Vi har hatt 14 klassar på Kolltveit skule dette skuleåret, Tre av trinna har vore organiserte i ei storgruppe på 29-35 elevar.

Vi har 13 klasserom, og 11 grupperom. Enkeltelevar treng skjerming og brukar grupperom til det, vi saknar grupperom til undervisning av grupper. Vi manglar K&H/ sløyd rom. Kjøkkenet vert brukt til grupperom når det ikkje er i bruk til mat og helse. Vi er bra oppdatert på læremiddel, og det er smartboard i alle klasserom. Lærebøkene er av forholdsvis nyare dato. Vi er klare for å kome i gang med ei digital klasse til hausten. Vi har press på PC-ar ettersom det vert meir og meir digitalisert undervisning.

Uteområdet vårt har fått ei fin oppgradering.

Fasilitetane for dei tilsette er svært begrensa. Lærararbeidsplassane er konsenterte på eit stort og eit lite rom, det er overfullt og folk sit med øyreklokker for støydemping. På personalrommet er det plass til 20- 25 personar. Vi manglar møterom og teamrom,

Page 35: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

35

garderobe og toalett for tilsette. I tillegg er det overfyllt på parkeringsplassen, noko som fører til uoversiktlege situasjonar ved levering av barn om morgonane. FAU arbeider med denne saka.

Mykje av inventaret for personalet ber preg av å vere både gamalt og velbrukt.

NB! For komande skuleår vil vi ha 14 klassar og framleis 13 klasserom. 2 av trinna vil vere store klasser med fleksibel organisering. Musikkrommet vil bli ordinært klasserom, sjølv om dette ikkje er eigna pga av lydgjennomgang frå garderobe og inngang til gymsal. Dette rommet har heller ikkje grupperom og eiga garderobe. Slik får vi romplanen til å gå i hop til neste år.

Men for skuleåret 2019/ 2020 vil vi mangle to klasserom fordi vi då vil få klassedeling på alle trinn. Planlegging av korleis dette skal løysast må starte opp hausten 2018.

8. Timeressursar og organisering

Reflekter over timeressursar og organisering ved eigen skule

Alle lærarane er organisert i team. Godt samarbeid på trinna er heilt avgjerande for å få til god tilrettelegging og gjennomføring av undervisninga.

På tre trinn har vi storklasse, 29- 35 elevar, og organisert gruppene fleksibelt etter behov. På nokre trinn har vi måtte setje inn ekstra assistent for å ivareta elevar med reguleringsvanskar.

Vi brukar Leite gard, TAM-prosjektet og Kjelligruppa.

Vi har stor nytte av miljøterapeuten i arbeidet med elevar og i samarbeid med føresette.

9. Skule - heim

Reflekter over skule-heim samarbeidet ved eigen skule.

Skuleåret startar med eit kontaktmøte mellom klassekontaktar, kontaktlærarar, avdelingsleiar og rektor. Der er samarbeidet på klassenivå mellom foreldre og lærar i fokus. Her vert planar for samarbeidet dette året laga. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom FAU og skule. Vi arbeider heile tida for at foreldra skal oppleve det som enkelt å ta kontakt med Kolltveit skule. SU har hatt 3 møter. Det har vore 2 klasseforeldremøte på alle trinn.

Page 36: 1. Innleiing / samandrag - fjell.kommune.no · dokument. Dokumentet fekk namnet ... bli lettare for den einskilde elev. Vi såg t d at arbeidet med Dinoskulen og Zippy har mange parallellar,

36

10. SFO

Reflekter omkring SFO ved eigen skule

Vi har hatt om lag 90 barn på SFO. Vi har 3 baser. Base to er morgonope. Personalet har hatt tilhøyring på faste baser, slik at kontinuiteten vert ivareteken. Vi ser at dette fungerer godt.

Foreldra har stort sett vore godt nøgde med SFO. Men dei opplever at barna ofte gjer det same kvar dag. Vi har tatt opp dette med SFO, dei ynskjer å kome ynskja i møte så godt som råd. Dei legg til at mykje av aktiviteten vert valt av elevane sjølve, og at dei vel det dei likar å gjere. Vi ser at det framleis kan kome meir variasjon av aktivitetar på SFO.

11. Konklusjon

11.1. Reflekter omkring:

- Sterke sider og utfordringar ved eigen skule

- Korleis de jobbar med og skal utvikla vidare dei kommunale satsingsområda

LÆRINGSLEIING

1) Vurdering for læring

2) Læringsmiljø

3) Grunnleggjande ferdigheiter

Skulen sine sterke sider er: Godt og trygt læringsmiljø. Vi har stabile og positive tilsette som er løysingsorienterte og bryr seg om skulen og enkelteleven. Dette merkar elevane og foreldra. Vi har stadig fått nye og til tider tøffe utfordringar i hendene. Det er godt samhold i kollegiet. Vi har også eit godt fungerande FAU og ei positiv foreldregruppe.

Utfordringane neste år vil framleis vere å halde fokus på felles læringskultur for alle elevane våre. Vi treng å ha fokus på motivasjon, grunnleggande ferdigheter, tilrettelegging og god vurdering. Vi vil arbeide vidare med IKT-plan.no, for å sikre den digitale kompetansen hos dei tilsette. Arbeid med språkløyper vil halde fram, det same gjeld djupare læring. Vi ser og at vi må arbeide med tilpassa opplæring for elevane. Dei valde ressurspersonar i læringsleiing og plangruppe er same personar, det vil skape betre utnytting og kontinuitet i arbeidet.

7.trinn vert digital klasse. Det er spennande, og vi håpar det vil skape motivasjon for andre til å prøve meir ut digitale læremiddel.