Bruk av forventningsnormene i ulike fasar av skrivearbeidet
Post on 09-Feb-2016
44 Views
Preview:
DESCRIPTION
Transcript
Bruk av forventningsnormene i ulike fasar av skrivearbeidet
Nokre påminningar på tampenav det siste offisielle Normprosjekt-året
Kjernen i Normprosjektet: felles forventningar
Målsettinga vår:
• Å utvikle og prøve ut eksplisitte forventningsnormer for skriving, og
• å finne ut kva effekt desse kan ha på elevane sin skrivekompetanse og lærarane sin vurderingspraksis.
Korleis kan forventningsnormene brukast…
• i planleggingsfasen?
• i undervisninga?
• i vurderinga?– den summative – den formative
I det følgjande skal vi sjå nærare på bruken av forventningsnormene i desse fasane med utgangspunkt i eit tenkt skriveopplegg.
PlanleggingsfasenEit døme frå oppgåvebanken, her tenkt gjennomført på 7. trinn:
Beskriv ein mjølkekartong for ein medelev. Bruk så mange matematiske omgrep som mogleg.
Kva vurderingsområde kan det vere relevant å arbeide med – ut frå fagplanane, formålet med skriveoppgåva og elevane sine behov?
Våre tenkte val:• Kommunikasjon – med vekt på mottakar• Språkbruk – med vekt på fagterminologi og språkleg stil
…
Aktuelle kriterium for eleven, utleidde frå forventningsnormene etter 7. trinn
Kommunikasjon:Du skal … • vende deg på ein relevant
og føremålstenleg måte til ein medelev
Språkbruk:Du skal …• ta i bruk geometriske
fagomgrep• bruke eit variert og presist
ordtilfang• bruke ein føremålstenleg
språkleg stilDiskuter med elevane:Kva vil dette seie?
Undervisninga• Arbeid med det matematiske faginnhaldet og relevante
geometriske omgrep
• Introduksjon av skriveoppgåva:– Skrivehandling: Å beskrive– Føremål: Kan diskuterast – organisere/utvikle/utveksle
kunnskap å skrive både for å lære og for å formidle
• Presentasjon og diskusjon av oppgåva og kriteria utleidde av forventningsnormene
Elevane må vite kva som blir forventa av dei!
Summativ vurdering
• Vurder tekstane ut frå forventningsnormene og den femdelte skalaen. Hugs at midtnivået, M3, er definert som det som er rimeleg å forvente etter fire og sju års opplæring (= forventningsnormene)
• Bruk gjerne vurderings- skjemaet.• Lag gjerne meistringsprofilar som illustrerer kor godt eleven gjer det.
Formativ vurdering - med utgangspunkt i ein tenkt summativ meistringsprofil
Komm. Innhald Tekstopp. Språkbruk Rettskr. Teiknsett. Skriftmed.
M1
M2
M3
M4
M5
Kvar er eleven på veg? Kva er neste steg?
Formativ tilbakemelding• Kva vil vi framheve i tilbakemeldinga på elevens tekst? Og
kvifor? • Korleis kan tilbakemeldinga formulerast og formidlast til eleven?
Ta utgangspunkt i normene• ta omsyn til felles læringsmål • ta omsyn til enkeltelevens prestasjon i lys av tidlegare arbeid
Tilbakemelding til ein tenkt elev på førsteutkastet av teksten – nokre forslag med utgangspunkt i kriteria
Kommunikasjon: • Tenk over: Korleis fangar du merksemda til medeleven din, og korleis når du
fram med innhaldet? Kan du gjere dette endå betre? (T.d. gjennom overskrift, ev. tiltale, bruk av felles referansar …)
Språkbruk:• Du har ein konkret og sakleg språkleg stil. (Vis gjerne til døme i elevteksten)• Du viser at du meistrar fleire sentrale fagtermar for beskriving av lengd,
areal og volum. Tenk over kva termar du kan bruke for beskrive toppen av kartongen meir presist.
Generelt: Du har bygt opp teksten din på ein førebiletleg måte, først med vekt på grunnflate og deretter volum. Lesaren fortener å få dette formidla med ei tydelegare skrift og eit ryddigare oppsett.
Eit anna døme:Utforskande oppgåve om forsøk med papirfly, 4. trinn
• Ei av normene under Innhald gjeld utdjuping av emnet. Dette kan vere utgangspunkt for følgjande mål:
• Du skal presentere innhald som gjer at lesaren forstår kva du har gjort, og korleis du har tenkt.
• Aktuell tilbakemelding til ein elev: Vi er nysgjerrige på dei to andre flya. Kan du skrive korleis dei såg ut og kor langt dei flaug? Kvifor blei det slik, trur du?
• Under Bruk av skriftmediet fokuserer ei av normene på ulike uttrykksmiddel, m.a. bruk av bilde. Dette kan vere utgangspunkt for følgjande læringsmål:
• Du skal bruke teikningar for å illustrere forsøket.• Aktuell tilbakemelding til eleven: Vi ser at du har begynt å lage ei teikning av
eitt av flya. Lag gjerne teikningar av alle og markér kor langt dei ulike flya flaug.
Ei oppmoding til slutt: Ikkje gløym ressurshefta!
Om skrivehjulet, skrivehandlingane og skriveoppgåvene, forventningsnormene og den læringsstøttande vurderinga
top related