Top Banner
23.-25. juni
24

Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Mar 23, 2016

Download

Documents

Festivalavis frå Osøren Blues & Jazzfestival 2011
Welcome message from author
This document is posted to help you gain knowledge. Please leave a comment to let me know what you think about it! Share it to your friends and learn new things together.
Transcript
Page 1: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

23.-25. juni

Page 2: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

LEIARAR/STYRET

20111. Gunnar Nagell Dahl STYREMEDLEM / FESTIVALSJEF

Gunnar er 52-modell og har vore med i styret i 10 år, dei seks siste som festivalsjef. Han har eit imponerande oversyn over alt som skal gjerast og leiar styret med fast hand. Vanlegvis er han matattaché hos Fylkesmannen, men ser ikkje sånn ut. Segling og musikk er hovudinteressene, og festivalen, naturlegvis.

2.Arne Aarseth STYREMEDLEM

29 år, pluss, pluss, seniorrådgjevar på internasjonalt utdanningssamarbeid. Glad i fisking, terrengsykling, ski og fotturar i fjellet. Gamal rockesongar, men liker allslags musikk. Har ansvar for informasjon, heimesider og festival magasinet, noko han har gjort sidan festivalen starta. Andre året som styremedlem. Imponert over kunnskapsnivået og arbeidsgleda i styret.

3. Hans Bjørn Bakketeig STYREMEDLEM

Hans Bjørn har rukke å bli 53 år og har site i styret i fire av dei. Han er gamal musikar og interesserer seg framleis for det, i tillegg til humanitært arbeid i Moldova.

4. Tore Lekve STYREMEDLEM

46 år, Rig Manager. Tore er glad i familieliv, musikk og trening. Han er med på tredje året i styret. Har mest med arrangement og booking av artistar å gjøra og synes samarbeidet i styret er godt.

Det er ikkje for mykje sagt at styret i Osøren Blues og Jazzfestival har sett fram til årets festival med spaning. Ny arena, nye løysingar og farvel til alle gamle rammer om festivalen. Koss vil det gå?

Vi har stor tru på dette. Konsertane skal alle vera i

Oseana, i tre ulike salar. Oseanasalen, som er den

største, tar ca 1100 gjester, utan amfiet. I Vargasalen

er det plass til ca 250 og på Terrassen er det plass til

4 – 600, alt avhengig av veret og plassering av scene,

utstyr, bord og stolar.

Programmet i år er stort! Vi startar med våre gode

vener i Vamp på sjølvaste jonsoksafta. Dei hadde eit

ynskje om å koma til opninga av Oseana, og det har vi

klart å få til.

Vi har etter kvart opparbeidd eit stort kontaktnett med

artistar og artistbyrå i Noreg og utlandet. Alle ynskjer

å senda artistar til festivalen på Os, samstundes som

artistar som vi har hatt tidlegare, gjerne vil koma

tilbake til Os og oppleva den gode festivalstemninga

publikum og arrangørane legg opp til. Programmet

spenner difor frå artistar frå USA, UK og Norge til artistar

frå lokalmiljøet, som vi har god grunn til å vera stolte av.

Dei seinare åra har vi hatt festivalen i Vognhallen og

Visningsenteret. Vi kjem også til å halda fram med

dei populære cruisa med Midthordland som er nesten

fullteikna kvart år.

Styret i Osøren Blues & Jazzfestival tek på seg kvart

år eit stort ansvar økonomisk, vi er difor avhengige

av at vi har gode samarbeidspartnerar, friviljuge og

støttespelarar og ikkje minst eit publikum som stiller

opp og deltar på arrangementa. Utan desse partane

hadde Osøren Blues & Jazzfestival ikkje gått i hop.

Nytt av året er at vi brukar festivalpass og dagpass som

gjev tilgang til alle konsertane i Oseana. Kvar kveld

kan ein høyra fleire band og ein kan forflytta seg fritt

mellom dei ulike arenaene i Oseana.

Kjem festivalen til å gå som vi planlegg, kan eg lova

at vi skal laga stor festival også til neste år. Vi vil også,

slik vi har gjort det i løpet av dette året, arrangera store

konsertar i Oseana og andre stader gjennom heile året!

Så kjære publikum! Velkomne til årets Osøren Blues &

Jazzfestival i det nye Oseana!

� Gunnar�Nagell�Dahl� FESTIVALSJEF

Det er en stor glede for meg å ønske Osøren Blues & Jazzfestival 2011 velkommen inn i splitter nye lokaler på Mobergsneset.

Dette blir forhåpentligvis et løft for festivalen,

for publikum og et høydepunkt som vi alle ser

frem til 24. og 25. juni.

Torsdag 23. juni tjuvstartes festivalen med selveste

Vamp i Oseanasalen. Dette blir en historisk dag for

Oseana med nesten 1200 mennesker i Os nye storstue.

Merk: konsertstart kl. 20:00 presis!

Årets festival blir en ny opplevelse både for festival-

arrangøren og for oss. Noen barnesykdommer vil det

nok være. Jeg oppfordrer derfor publikum om å være litt

ekstra tålmodige. Gi oss tilbakemeldinger, både positive

og negative, så lover vi å gjøre vårt beste for at alle

skal bli fornøyde!

Ha en flott festival!

�� Kim�Kristoffersen DIREKTØR, OSEANA KF

www.oseana.no

FESTIVALSJEFEN:

Endeleg er vi klare!

DIREKTØREN:

Kjære blues- og jazzentusiaster!

1

3

2

4

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 3: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

12

3

13

2

13

13

4

19

10

10

10

ETASJE 2

1 INNGANG2 FOAJE3 AMFI/TRAPP4 ST0RSAL5 KUNSTUTSTILLING6 ØVINGSROM7 CAFÉ8 KONTOR9 KLASSEROM10 TERRASSE11 KUNSTFORMIDLING12 GANGBRO13 BAKSCENE14 PARKERING15 KINOROM16 DUSJER/GARDEROBER17 KJØKKEN18 BILLEDMAGAZINE19 LAGER

OS SJØFRONT BOLIGPROSJEKT

3

511

5 5

18

6

6 6

6 6

6

6

19

19

19

16

16

6

6

19

8

8

7

17

19

14

OS SJØFRONTBOLIG PROSJEKT

5. Karin Daviknes STYREMEDLEM

Einaste høna i korga er 52 år og student. Liker musikk i alle sjangrar frå klassisk til rock og blues. Karin er med i Os swingklubb, for dans er ein stor lidenskap. Ho har vore i styret i to år og jobbar helst med sponsorar, mat og diverse forefallande arbeid og synes det er kjekt å vera med og laga festival i Osbygda.

6.Andreas Lekven STYREMEDLEM

27 år og dermed yngstemann i styret. Han er ingeniør av yrke og naturlegvis difor den som har stø og sikker hand om alt det tekniske. Det har han hatt dei to og eit halvt åra han har vore med i styret.

7. Per Kristian Hægland STYREMEDLEM

Per Kristian er sjølve veteranen i laget som første leiar og initiativtakar til festivalen. Han er 61 år og driftsteknikar i Nordsjøen. For han står reiser og natur høgst, i tillegg til musikk, sjølvsagt. No styrer han på med booking av artistar og forventar ei flott festivalhelg.

8. Dag Steinar Jacobsen STYREMEDLEM

Dag har vore med i styret i to år. Han er 57 år og salgssjåfør. Ferdig bak rattet blir det tur i skog og mark og trim. Musikkinteressene går i retning blues og hard rock frå litt tid tilbake. Han har stor tru på årets festival og reknar med at den blir endå betre enn tidlegare.

SLIK KJEM DU INN PÅ FESTIVALENI år må du ha festivalpass. Du kan altså ikkje kjøpa billettar til einskildkonsertar. Festivalpasset gjeld anten for begge dagane eller for berre den eine. Når du kjem i døra, byttar du ut festivalpasset til eit synleg teikn som du får utdelt. Det gjer at du kan koma inn på alle konsertane denne dagen eller begge. Hugs at festivalpasset ikkje gjeld på cruisa. Dei har eigen billett. Festivalpassa kostar 450 for fredag, 550 for laurdag og 900 for heile festivalen. Det vil vera konsertar samstundes i alle dei tre salane på Oseana. Sjå nærare på programmet på siste side.

OM DU TRENG SKYSSDet vil gå nattbuss til Bergen klokka 2215 (2245 på laurdag), 2315, 0010 og 0135. Bussar Os-Bergen (linje 600) PARKERINGDet er ikkje mogleg å kjøra inn på festivalområdet. Men det finst godt om parkeringsplassar andre stader i sentrum: på begge sider av elva, bak den gamle Irisfabrikken, ved riksvegen nedanfor barneskulen og i kyrkjegardsområdet.

5

76

81 INNGANG2 FOAJE3 AMFI/TRAPP4 OSEANASALEN5 KUNSTUTSTILLING

6 VARGASALEN7 CAFÉ8 KONTOR9 KLASSEROM10 TERRASSE

11 KUNSTFORMIDLING12 GANGBRO13 BAKSCENE14 PARKERING15 KINOROM

16 DUSJER/ GARDEROBER17 KJØKKEN18 BILLEDMAGAZINE19 LAGER

ETASJE 2

ETASJE 1

Oseanasalen

Terrassen

Vargasalen

The 2011 artists:

Knut Hetleflåt, NorwayKnut Bryn, NorwayKarin van Ommeren, NetherlandsSimona Bocchi, ItalyFabio Rebora, ItalySimonetta Baldini, ItalyTony Casanelli, ItalyBoutros Romhein, Syria/ItalyMarina Bors, RomaniaPetre Virgiliu Mogosanu, RomaniaEric Malou, Togo

Os kulturutviklingPostboks 240, 5203 Os

Norway Arne Mæland, phone: +47 90792575

Os International symposium of Sculpture26th of june – 9th of july 2011

SCULPTURE 2011www.sculpture.no

Os Internationalsymposium of Sculpture

26th of june – 9th of july 2011

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 4: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

ÅRETSSPONSORAR

VI ØNSKJER Å TAKKA DEI SOM GJER FESTIVALEN MOGLEG:

hydraulic solution

SkaathunBilverksted

LAKK & KAROSSERImecmar

Mechanical andmarine engineering

Mecmar AS®

Trivsel

Ansvarleg utgjevar: Osøren Blues & Jazzfestival • Ansvarleg redaktør: Arne Aarseth • Utforming: Picapoint Studio AS

Trykk: Mediatrykk • Distribusjon: Vest Distribusjon • Opplag: 25.000

4 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 5: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

VAMPM / EIVØR PÁLSDÓTTIR

Eitmed alt

Frå ei varsam byrjing i 1990 der nokre unge menn i Haugesund forsøkte seg med melodiskisser, til dagens Vamp med 600 000 selde plater fordelt på 11 CD-ar, fire singlar, to DVD-ar, minst, er det eit langt sprang.

I dag er dei i absolutt førstedivisjon her i landet,

veletablerte, speler med stort symfoniorkester,

når det høver slik, og samlar tusenvis av

tilhøyrarar på samtlege av konsertane sine.

Vamp har alltid vore eit band der både musikk

og tekst held eit nokså oppsiktsvekkjande høgt

nivå. Alle som har høyrt dei, og det er vel alle

nordmenn, kjenner melodiane deira, og gode

tekstforfattarar som lyrikarane Kolbein Falkeid og

Arnt Birkedal, for å nemna eit par, har vore med

og gitt bandet nettopp denne høge kvaliteten.

Musikken er flott, han svingar, musikarane

kan faget sitt og gir alt på scenen. Dei syng på

sin eigen vakre haugesundsdialekt og det er

ikkje for mykje sagt at bandet har bana veg

for distriktsnoreg til VG-lista i løpet av desse

åra. Dei har også gått nye vegar, slik dei gjorde

då dei inviterte gode kollegaer til å ta seg av

mesteparten av vokalarbeidet på CD-en En annen

sol, som låg på VG-lista i 10 veker og nådde

3.plassen i 2000.

Dette året har dei spelt med den fabelaktige

færøiske songarinna Eivør Pálsdóttir, som syng

på haugesundsk som om ho skulle ha vakse

opp der. Ho er aktuell med si sjuande plate no,

Larva, og syng naturlegvis også eit nummer på

færøisk under konsertane. Ho kjem til Os under

prefestivalen på sankthansaftan, ho med, og

festivalstyret saman med Oseana gler seg truleg

like mykje som publikum til denne kvelden.

Følg med!

OSEANASALENTORSDAG 23.JUNI KL 20

Foto: Dag Thorenfeldt 5 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 6: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Amerikaneren Bill Troiani har hatt bassen som levebrød i 40 år. I USA spelte han med ei rekkje kjende artistar innanfor mange sjangrar, og då han flytta hit i 1997, blei han ein av hjørnesteinane i bluesmiljøet i Oslo-regionen.

I fleire år har han vore den som har stått på scenen

flest gonger på Muddy Waters i Oslo. Bandet, som

består av Håkon Høye, gitar/vokal, Ian Fredrick

Johannessen, gitar og Alexander Pettersen, trommer,

i tillegg til sjefen sjølv på bass, speler gamle

klassikarar og eige materiale innanfor mange sjangrar

og med mykje humor og speleglede. Deira andre

album ”L.O.V.E. (Just A Silly Notion)” har fått mykje

merksemd og ros og blei nominert til spelemannspris

i 2011. Det fekk dei også, så vi tippar dei er ekstra

sugne på å visa seg fram for ospublikumet.

På festivalen i år skal dei opna showet og speler

seinare same kveld i hovudsalen.

BILLYT

BAND

Ein hjørnestein i norsk blues

Introduksjonspris Enestående avløpsåpner.

PRIMAbaderomstilbehør

5990,-

11590,-

Så enkelt. Så lekkert, To buede dører med en enkel heve-/senke- mekaniske. Dørene kan svinges både inn og ut.Gir økt romfølelse og meget enkelt renhold.

Dusjkabinett med karet i hvit akryl. Meget stabilt med kraftige, justerbare føtter. Flott rund design med svingdører.90x90 cmHøyde 210

÷ 20% ÷ 20%

TemaFusion

Lind BadIngrid

320,-

600,-

1 liter spann

2 liter spann

OSO 200 litervarmtvanns-beholder.30% mer energisparende

4990,-

÷ 25%

Landboden, 5200 Os • Tlf. 56 57 60 90 • Fax. 56 57 60 91 • E-mail: [email protected]

OSEANASALENFREDAG 24.JUNI KL 21

FOAJÉEN I OSEANA

FREDAG 24.JUNI KL 17

6 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 7: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Gode oddingar

Osøren Blues og Jazzfestival har hyrt inn Vetrhus Bluesband mange gonger. Bandet har nærast fanklubb i bygda og er nærast legendariske på festivalane våre.

Mest ingen kan greia å skapa slik stemning på blue-

scruiset og meir enn ein gong har dei nærast krope

opp og ned vegger i Fjellheim under konsertane sine.

I fjor var det mange som etterlyste Vetrhus Bluesband

på festivalen, og programutvalet måtte lova å sjå på

saka. Det har dei gjort, men dei ivrigaste fekk ein

liten forsmak på julebluesen i Fjellheim no sist.

Denne gongen har dei to konsertar under festivalen,

så det er berre å velja kor du vil høyra dei.

VETRHUSBLUESBAND

BLUESCRUISE

FRÅ BERGENFREDAG 24.JUNI KL 1730

OSEANASALENLØRDAG 25.JUNI KL 24

PAPASLIDEVARGASALENFREDAG 24.JUNI KL 20

MATINÉ I FOAJÉENLØRDAG 25.JUNI KL 17

Musikk i sommarvinden

Papa Slide er eit velspelande band med osingen Rune Nordvik i spissen.

Dei har nyss gitt ut ein CD med tittelen

“What are we living for”, og framstår som

endå betre enn før. Papa Slide Band består av

kjende medlemmer som Arild Seim på gitar,

Geir Rognø på bass, Valentin Donev på trommer

og sjølvsagt gromguten Rune Nordvik også på

gitar og song.

Dei som var og høyrte bandet under festivalen,

haustprogrammet i fjor og konserten på påske-

aftan på Peppes, veit kva dei kan venta seg, så

det er ingen grunn til å nøla. Dette er musikk

som varmar i førjulskulda og kjøler i sommar-

vinden. Det blir truleg fullt hus i Vargasalen på

Oseana denne kvelden.

7 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 8: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

OSØRENJAZZENSEMBLE

Dei gamle er framleis eldst

Osøren Jazzensemble har vore med på alle festivalane.

Det var i si tid det første jazzbandet som

blei skipa i bygda, og for mange osingar

representerer dei Jazz med stor bokstav.

Når store dagar og hendingar skal feirast,

skal Osøren vera med. Slik har det vore i ein

mannsalder, og slik skal det vera. Men det

er ikkje berre nostalgi som gjer at bandet

er med. Bandet forsvarar plassen også reint

kunstnarleg. Det er velspelt, svingande og slik

tradjazz skal vera.

Samansetjinga av bandet har veksla noko,

heile tida med ein fast kjerne på banjo,

trombone og klarinett, og noko av

populariteten til bandet ligg nok i dette.

Du veit kva Harald Lekven, Geirmund Sandven

og Geir Mildestveit er gode for. Men dei tre

andre er snart for veteranar å rekna, dei òg.

Både Stein Inge Brækhus på trommer,

Ole Amund Gjersvik på bass og Are Ovesen

på trompet er gamle kjenningar.

Osøren er sjølvskrivne på cruisa, og skal på

fjorden to gonger, den eine saman med den

svært gode vokalisten Tone Linn Mjånes.

FOAJÉEN I OSEANA

FREDAG 24.JUNI KL 20

BLUESCRUISEFRÅ OS KAILØRDAG 25.JUNI KL 10

BLUESCRUISEM/TONE LINN MJÅNES

FRÅ OS KAILØRDAG 25.JUNI KL 12

Toppduo tilbake på festivalen

JOLLYJUMPER& BIGMOE

Kjell Inge Brovoll, alias Jolly Jumper og Jan Erik Moe,

alias Big Moe, høyrer til eliten innanfor norsk blues

og har dei siste 10 åra vore mellom dei mest

populære og etterspurde til festivalar og klubb-

konsertar i både inn- og utland. Nyleg gav dei ut sitt

fjerde album ”Welcome To Jimbo Jambo Land” med

15 sterke låtar som haustar kjempegode kritikkar.

Jolly Jumper er ein av Norges beste blues

munnspelarar, ein svært dyktig låtskrivar og

ein av få vokalistar her i landet som kan tolka

den spesielle stilen som spring ut frå bluesens

vogge: Mississippi-deltaet!

Big Moe har også spelt blues i mange år, både

profesjonelt og på hobbybasis. Han speler alt som har

med strengar å gjera og er til liks med Jolly også ein

racer på munnspel. Begge har dei turnert mest heile

verda rundt og fått spela med om lag alt som tel av

personlege favorittar og toppfolk innanfor sjangeren.

Dei har også gitt ut fire kritikarroste album og har

etter kvart tatt steget opp i toppeliten sjølve.

Dei har vore på Osøren Blues og Jazzfestival fleire

gonger, og det skal bli flott å høyra dei igjen no etter

nokre års fråvær. I år har dei med seg pianisten

Daniel Røssing, som har spelt med Chuck Berry i tre år.

Han skal vera fantastisk, seier dei som har høyrt han.

BLUESCRUISE

FRÅ OS KAIFREDAG 24.JUNI KL 2130

VARGASALENLØRDAG 25.JUNI KL 20

8 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 9: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Djupt og sensuelt

Speleglede og kvalitet

BBLYNGSBLUESBAND

TONELISEMOBERG

BB Lyngs Bluesband har eit repertoar som mange kunne misunna dei, sprudlar av speleglede og skaper stemning overalt der dei speler.

Bandet er ikkje meir enn 11 år gammalt, men det må

vera lov å seia at medlemmene har lagt bak seg sin

første ungdom, stort sett, ja, kanskje bortsett frå

pianisten Øystein “Boogieman” Undem. Men trass ung

alder, alt i forhold til resten av gjengen, har han skapt

seg eit stort namn for pianospelet sitt. Stort namn har

nestoren i laget, vokalist Helge Lynglund òg, naturleg-

vis, ettersom han var den som starta det heile. Han har

sin eigen spesielle stil, noko han deler med resten, for

både Atle Mjørlaug på bass og ikkje minst Ole Thom-

sen på gitar er kjende og lett kjennelege musikarar for

den som har følgt med nokre år.

Frank Jacobsen har kome til på trommer i tillegg til

full blåsarrekkje – spesielt for festivalen. Dei er Stein

Håvardstun – trombone, Audun Sæbø - trompet og

Erlend Dyrnes - Altsax.

Mykje av inspirasjonen har bandet henta frå Chicago,

New Orleans og pianoboogie, men dei har likevel sitt

eige særpreg. Høyr på CD-en “Snatch it back” frå 2008,

så forstår du kva vi meiner. Sal no 2 i Oseana på fredag

blir staden å gå om du vil høyra dette fabelaktige

bandet. Dei speler berre denne kvelden.

Tone Lise Moberg er ein framståande representant for den nye bølgja av sterke kvinnelege jazz-vokalistar i Norge og er etter kvart ein av dei mest profilerte jazzsongarane på Vestlandet.

Den til no einaste plata ho har gjeve ut i eige namn,

Looking on, i 2006, fekk mange gode meldingar både

lokalt og nasjonalt. Særleg var meldarane imponert

over den djupe og avrunda røysta hennar og dei

originale versjonane av gamle standardlåtar, i tillegg

til gode eigenskrivne, som på ingen måte stod tilbake

for dei meir kjende. På festivalen i år kjem ho med

Heine Bugge på trekkspel, Ugo Santagelo, klassisk

gitar, Erik Halvorsen, piano, Torbjørn Hillesøy, bass,

Audun Humberseth, perkusjon og Tor Bjarne Bjelland,

trommer.

FOAJÉEN I OSEANA

FREDAG 24.JUNI KL 22

VARGASALENFREDAG 24.JUNI KL 22

9 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 10: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Ta båtveien til bluesen!

www.ossjofront.no

Gratis båtplass hos Os Sjøfrontunder Osøren Blues & Jazzfestival

I anledning Osøren Blues & Jazzfestival stiller StorBergen alle sine båtplasser til fri disposisjon for festivalgjester og andre besøkende. Få en forsmak på livet på Os Sjøfront, nærmeste nabo til Oseana Kunst & Kultursenter.

Foto

: Ask

eladd

en/T

om H

aga

/ M

IR

Gratis båtplass hos Os Sjøfronthele festivalhelgen!

10 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 11: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Bernard John «Bernie» Marsden er ein engelsk gitarist, mest kjend for si tid som medlem av hard rock-bandet Whitesnake frå 1978 til 1982. Han var også medlem av bandet Paice, Ashton og Lord i 1977 og grunnleggjar av bandet Alaska.

På 1990 og 2000-talet spelte han saman med sine

tidlegare kollegaer i Whitesnake i coverbanda

The Snakes, The Company of Snakes og M3.

No kjem han til Osøren Blues og Jazzfestival med eit

knallbra band og låtane til den irske gitarlegenden

Rory Gallagher. I 2009 ga Bernie Marsden ut CDen

”Bernie plays Rory” og denne inneheld 12 av låtane

som Rory Gallagher kanskje er mest kjent for.

Rory Gallagher døydde i 1995, 47 år gammel, og han

var ein av Irlands mest kjende musikarar, på linje med

Van Morrison, Phil Lynott, Thin Lizzy og U2.

Rory Gallagher ble kjend for då han starta bandet

Taste i 1967. Taste blei oppløyst i 1970, og Gallagher

starta då si solokarriere. Hans karismatiske stil og

utrulege konsertar gjorde han kjend over heile

Europa. Han ga ut ei rekkje plater og turnerte

ustanselig med sin trio.

Bernie Marsden har med seg Richard Newman på

trommer, Jim Kirkpatrick på gitar og David Levy på bass.

BERNIEMARSDEN

Engelsk toppgitarist til festivalen Bernard John «Bernie» Marsden, tidlegare gitarist i Whitesnake

OSEANASALEN

FREDAG 24.JUNI KL 2330

11 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 12: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Rich Harper er ein fantastisk gitarist og liveartist og blir sett på som ein av dei beste amerikanske bluesartistane.

Han lærte seg å spela gitar ved å lytta til store namn

som Clapton, King, Gallagher og Allman, men utvikla

eigen spelestil etter kvart.

Etter å ha spelt rundt på små stader i Pennsylvania,

flytta han til L. A. for å finna likesinna og danna

Rich Harper Blues Band. Det gjorde han og gav ut

debut-CD-en “Don’t Think Just Play” som ble valt til

Amazon.coms “Emerging New Blues Artist”.

Etter dette har det berre gått ein veg: oppover.

Europa kom etter då bandet ga ut den andre CD-en,

“Bottle Up Blues” og fekk førsteplassering på Amazons

liste i Sveits. Bandet har turnert over heile

verda og hatt det frykteleg travelt.

Så å få dei hit til Osøren Blues og Jazzfestival

er eit meisterstykke.

Det er også musikken deira.

Han har sett saman eit utruleg sterkt og svingande

band. Det er basert i Los Angeles, men Rich er

opphavleg frå Pennsylvania. Bandets konsertar er

voldsomme og mest utagerande sessions, og

publikum får rett og slett aldri nok av dette bandet.

Dei siste 10 åra har bandet turnert store delar av

verda, USA, Europa, Asia og Australia, og utgitt

ytterlegare 3 CDs (5 totalt). Sverige har stått på

plakaten kvart år sidan dei tok Åmål Blues Fest med

storm i 2004, og i sommer turnerte bandet Norge

for første gang. Rich Harper Band deltok på dei store

blues-festivalane - Skånevik, Arendal og Notodden i

tillegg til ei rekkje mindre festivalar og klubbar under

den 6 veker lange sommerturneen.

Publikum fekk ei musikkoppleving av dei sjeldne og

i Arendal kom politifullmektig Asbjørn Olsen opp til

scenen etter konserten og uttalte: ”Mister Harper – this

has been the best two hours of my life!” !

Ta vel imot Mr. Rich Harper!

Topp gitarist frå USA

RICHHARPER

RåtøftDette bandet har hausta mange lovord overalt kor dei kjem.

Frigaard speler sjølvlaga låtar og coverlåtar av Georg

Thorogood, The Fabulous Thunderbirds, ZZ TOP osv.

Det er tredje gongen dei speler på Osøren Blues og

Jazzfestival, og denne gongen er det båtpublikumet

som får gleda av å høyra dei. Frigaard er eit fyrverkeri

som leverer eit tøft, stilfullt og gneistrande show med

eit strålande band i ryggen.

Bandet består av Reino A. Småland på gitar, Peter H.

Sæverud på bass og Jan Petter Ågotnes på trommer,

i tillegg til Terje Frigaard sjølv på munnspel og vokal.

Det kjem til å bli bølgjer på båten i år, kjenner vi

Frigaard rett.

OSEANASALEN

FREDAG 24.JUNI KL 24

OSEANASALENLØRDAG 25.JUNI KL 24

FRIGAARD

BLUESCRUISE

FRÅ OS KAI

LØRDAG 25.JUNI

KL 15 / KL 18 / KL 21

12 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 13: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Blues-cruise med verdas finaste båt er ikkje å forakta.

MS Midthordland er den første sjøbussen her i

landet og blei bygt straks etter krigen. I mange år

gjekk båten på Bjørnefjorden, vart sidan send 20 år

i utlende, men enda til slutt der han høyrer heime,

i midthordlandsbygdene med Bjørnefjorden under

kjølen.

Båten er praktfull å sjå, alt er ført tilbake til slik det var

då han vart bygd, bortsett frå eit par meir praktiske

detaljar som høver seg for ein båt som skal trafikkera

charter, leige og ikkje minst blues- og jazzmarknaden.

Det er ikkje for mykje å seia at bluescruisa med MS

Midthordland har vore noko av det mest populære

festivalen har hatt å by på sidan starten i 1999.

Billettane blir fort utselde, og stemninga om bord er

høg på kvart einaste cruise.

I år blir det sju cruise, fem med blues og to med jazz.

Det første startar som vanleg på fredag med Vetrhus

Bluesband om bord heilt frå by’n. Jolly Jumper & Big

Moe tar over når båten vel har kome fram til Os seint

på fredagskvelden, og laurdag føremiddag byr vi og Os

kommune på to cruise særleg mynta på pensjonistar

med Osøren Jazzensemble og Tone Linn Mjånes som

gjesteartist. Bluesfenomenet Frigaard tar dei tre siste

cruisa på laurdag.

Set�sjøbein�og�velkomne�om�bord.

MS Midthordland, fredag og laurdag:

Verdas finaste blues- og jazzcruise

ORDFØRAREN:

Velkommen til Osøren 2011! 17.-26.juni vert det folkefest i Os-bygda!

Vi skal ta i bruk vår nye storstove Oseana kunst-

og kultursenter, og markerer dette med tidenes

opningsfestival på Mobergsneset.

Osøren Blues- og Jazzfestival utgjer ein viktig

del av programmet. For første gong skal heile

festivalen arrangerast under eitt tak, med fleire

scenar i Oseana. Det skal svinga i Oseana siste

helga i juni!

I Oseana får vi osingar og Bergens-regionen

eit unikt senter. Naturen, nærleiken til

Bjørnafjorden og friluftsområde i Mobergsvikjo,

utsikta mot Folgefonna og Sunnhordlandsfjella,

kunstsamlinga til Grieg, konsertfasilitetane og

Restaurant Færingen gir eit spesielt og kraftfullt

konsept. Vi har all grunn til å vera stolte over det

bygget som no har reist seg på Mobergsneset.

Takk vera store og generøse gåver frå Grieg

Foundation og andre private aktørar har Os

kommune fått eit kunst- og kultursenter andre

kommunar berre kan drøyme om – og det med

svært avgrensa kommunale midlar. Prosjektet har

vore ei eventyrleg reise, som enda med røyndom.

Eit senter osingar og tilreisande i alle aldrar vil

nyta godt av i generasjonar!

Vi ynskjer Osøren Blues- og Jazzfestival,

med arrangør, artistar og publikum

hjarteleg velkomne i Oseana,

og ser fram til eit årelangt

samarbeid for gode konsert

opplevingar på Mobergsneset!

Velkommen til Os og Oseana!

Terje�SøviknesORDFØRAR OS KOMMUNE

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy

13 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 14: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

OS TAXI

Tlf. 07000

Tannregulering tlf.: 56 30 22 04 | Fax: 56 30 11 77www.tanngarden.no

56 30 11 88

ÅPNINGSTIDER:Mandag-torsdag: 08.00 - 18.45 | Fredag: 08.00 - 15.45

Eigen parkering, rett inn frå Landboden!

Moderne tannbehandling i nydelegelokale ved Oselvo.

Alt frå implantat til tannbleiking.Vi tar imot nye pasientar og

kan tilby akutthjelp.

Besøk vår nettside og beregn prispå dine forsikringer!

www.hyllandinvest.no

Du kan også sende en SMSmed kodeord INVEST til 2030og vi vil ta kontakt med deg.

Vågshaugen 345200 OSTelefon 56 56 55 55E-post: [email protected]

Spar 1000-vis av kroner på å bytte forsikringsselskap- så har du mer penger til konserter og kultur!

R Å D G I V N I N G , F O R S I K R I N G O G I N V E S T E R I N G

14 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 15: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Det var med dette bandet Busk fekk gjennombrotet sitt i 1997 med plata Stompin’ Our Feet With Joy.

Plata blei ein klassikar i bluesmiljøet, og Vidar Busk

plasserte seg i eliteklassen som gitarist etter å ha spelt

på Notodden same året og fått heidersprisen der.

Året etter fekk han Spellemannsprisen som årets artist

for det andre albumet sitt, I Came Here To Rock.

Vidar Busk er kjend for å lika turnelivet, og det var slik

det starta i 1975 då han som femtenåring drog til USA

for å spela med Rock Bottom som hadde oppdaga den

dyktige ungdomen på ein av dei mange konsertane

sine her i landet. Då han kom tilbake i 1990, spelte

han med forskjellige band, deltok på plateinnspelingar

og på jammar. Først sju år etter heimkomsten kom

debuten hans.

Vidar Busk er ikkje redd for å gå nye vegar, og etter

den tredje plata gav han ut ein trilogi som la seg

langt meir opp til soul og andre stilartar. Han fekk ny

spelemannspris for den andre av desse, Love Buzz, i

2003, men mange bluesentusiastar synes han gjekk

vel langt utafor dei spora han hadde trekt opp i løpet

av dei første åra. No er han tilbake med debutbandet

sitt. His True Believers gir ut Stompin’ Our Feet With Joy

på nytt i remastra versjon og med nyinnspelte låtar av

originalbesetninga som består av Rune Endal på bass,

Arne Fjeld Rasmussen, munnspel og Martin Windstad

på trommer.

Det er desse som kjem til oss lørdagskvelden under fes-

tivalen. Vil du høyra ein av verdas beste gitaristar i sin

sjanger med eit band i same klasse, må du kjøpa billett

denne kvelden. Du får ei oppleving du ikkje

kjem til å gløyma.

VIDARBUSK & HIS TRUEBELIEVERS

Tilbake med superbandet sitt ‘His True Believers’ er tilbake på norske scenar med Vidar Busk i spissen.

Foto: Thor Lønning

OSEANASALENLØRDAG 25.JUNI KL 22

15 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 16: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Trio med eige bluesuttrykk Hereide & The Bluesgangsters er eit band med energi og trøkk.

HEREIDE &THE BLUESGANGSTERS

De spelte under jammen på festivalen i fjor

og var eit av banda som samla fullt hus under

vinterbluesen i år på Peppes der dei imponerte

publikum med kompetent og suverent spel.

Bandet har base i Sunnhordland og tel i tillegg

til frontfigur Bård Henrik Hereide frå Skånevik på

slagverk og vocal, også osingen Stig Arne Sund

og Simon Sandvik frå Bømlo på bass.

Om nokon trudde at dei er novisar i bluesen, kan

vi fortelja at dei har ein ganske imponerande CV

med talentpris i Skånevik i 2006, og Notodden

bluesfestival same året før dei gjekk i studio i

2007. Bandet speler en miks mellom den gamle

og “ekte” storbybluesen, og moderne funky

powerblues.Har du ikkje høyrt dei før, har du litt å

gle deg til. Ja, sjølv om du har høyrt dei før også.

JAM I FOAJÉEN

LØRDAG 25.JUNI KL 12

Blue Note Shuffle er ein trio frå Os, og dei fleste med interesse for blues kjenner bandet som ein svært velspelande trio med texasblues som spesialfelt.

Dei skriv mange av låtane sine sjølve, men trår

også til med gode standardlåtar av Stevie Ray

Vaughn, Vidar Busk og The Paladins.

Bandet spelte ei viktig rolle i fjorårets festival

og fungerte som backingband for jammen

på Visningssenteret. Denne gongen skal dei

tre karane, Steinar Lyssand på gitar, Timmy

Kristiansen på bass og Kjell Arne Haringstad

på trommer vera på scenen åleine.

Blue Note Shuffle er eit toppband, og

medlemmene er garva musikarar som har

vore ute minst ei haustanatt. No står

sommarnatta for tur.

BLUENOTE SHUFFLE

Texasblues på heimleg grunn

OSEANASALENLØRDAG 25.JUNI KL 20

FOAJÉEN I OSEANA

LØRDAG 25.JUNI KL 16

MATINÉ I FOAJÉENLØRDAG 25.JUNI KL 15

16 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 17: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Os Byggsenter AS Trond Opdal Tlf 930 09 606 [email protected] Åge Thuen Tlf 926 10 337 [email protected] Thuen Tlf 920 84 940 [email protected] Ivarsen Tlf 928 04 728 [email protected]

HIBA® HUS, HYTTE, GARASJE - kontakt din lokale forhandler:

www.hibahus.no

Solide leverandører til HIBA® HUS

Lomvi er i sin helhet formet etter prinsippet «jo enklere jo bedre». Eksteriøret gir et moderne minimalistisk uttrykk. Store stuevinduer og pulttak gir hytta sitt særpreg, og skaper en lys fritidsbolig med overbygget uteplass og skjermet inngangsparti. Også det innvendige bygger på enkle, men gode og praktiske romløsninger, med oppholdsdel i ene enden og soveromsfl øy med tilhørende bad i andre. Entreen byr på god garderobeplass og et lite toalettrom. Lysrik og åpen stue/kjøkkenløsning, hvor den sosiale spise-plassen ligger meget sentralt innenfor de store vinduene. Sofakroken er litt mer lun og tilbaketrukket, med utgang til delvis overbygget uteplass. Fire store soverom med mulighet til sengeplass for 11.

Frihet til å velge sin egen hytteHvem drømmer ikke om et sted hvor naturen bestemmer takten og utsikten, friheten og tiden? Ja, hvem har ikke lyst på sin egen hytte?

5 NYHETER OG 24 SPENNENDE MODELLER

NYHETEN Lomvi - befriende enkelt

Les eller bestill

våre kataloger på

www.hibahus.no

Bygg din boligdrøm...

17 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 18: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Washamba spelar groovy, dansbar musikk inspirert av afrikansk og kubansk tradisjon.

I tillegg til Osøren Blues og Jazz Festival (2004

og 2006), har bandet spelt på Nattjazz, Sildajazz,

Fritio i Os, Zanzibar International Film Festival og,

ikkje minst, på bondefestivalen Sabasaba i Dar

es Salaam, Tanzania. Låtane er komponert av

saksofonist og osing, Bjørn Blomberg, og passar

både for dei som vil dansa og dei som vil lytta.

I bandet finn vi fleire musikarar busett i Os og

Bergens-området, inkludert trompetist Hallvard

Lyssand, bassist Arne Hernes, pianist Aasmund

Brekke, gitarist Arve Ulvik og trommis Audun

Rolex Humberset. Bandet har også fått

med seg den brasilianske stjerneperkusjonisten

Celio de Carvalho, kjend frå ei rekkje band her

i landet og langt utafor og tanzanianaren Filipo

Njaidi som både speler perkusjon og syng swahili

washambalåtar. Dette kjem til å bli litt av ein

rytmefest.

Standardlåtar i mainstream stil

Rytme-fest

TONELINNMJÅNES

FOAJÉEN I OSEANA

LØRDAG 25.JUNI KL 20

BLUESCRUISEM/TONE LINN MJÅNESFRÅ OS KAILØRDAG 25.JUNI KL 12

FOAJÉEN I OSEANALØRDAG 25.JUNI KL 22

WASHAMBA

Tone Linn Mjånes har skaffa seg eit namn innanfor showbiz.

Ho har stått på scenen i Bergen med det

fabelaktige bandet Mostly bossa på Evans

og Voksne herrers orkester i Logen bar,

i tillegg til at ho har spelt med Osøren

Jazzensemble meir eller mindre fast under

Osøren Blues og Jazzfestival dei siste åra.

I år kjem ho med sin eigen kvartett.

Dei speler velkjende standardlåtar i

skikkeleg mainstreamstil saman med

noko av hennar eige materiale.

I tillegg set dei sitt preg på nokre utvalde

poplåtar med klåre røter i jazzen, friskt

og freidig, vakkert og vart, der Tone

Linn sin vokal og sterke sceneframføring

blir flankert av strålande musikarar

som Magne Thormodsæther,bass, Erik

Halvorsen, piano og Tore Ljøkelsøy,

trommer. Tone Linn Mjånes er eit stort

talent som det er vel verd å høyra.

18 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 19: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Hva har du

- Utvidet markedspakke til rimeligste pris- Gratis fotograf- Gratis Heli-fotografering- Og som alltid, vår salgsgaranti

under Bluesen …?PRIVATmegleren Bjørnefjordengratulerer Os med festival og nytt kunstog kultursenter

Skal du selge eiendom i sommer / høst gir vi nå eget ”festivaltilbud” !

Tlf: 56 30 32 30

FestivaltilbudKontakt oss før Osøren Blues & Jazzfestival slutter26.06 så gir vi

Kontakt oss for et uforpliktende festivaltilbud.

Sol &Bad

Kypros Nå kan du sikre deg sommerens beste priser til Kypros.Øya har Middelhavets beste badevann og 340 soldageri året. Ta med deg familien til barnevennlige Fig Tree Bay, og bo på Leilighetshotellet Paramount ❊ ❊ ❊ + – et perfekt bosted for en vellykket ferie.

Priseksempel:

15/8, 1 uke 3695 2 uker 449522/8, 1 uke 2995 2 uker 4895

Pris/pers. når to reiser sammen. Direktefl y med behagelige fl ytider fra Bergen hver mandag hele sommeren.Vår nettbutikk er døgnåpen og du får alltid nettrabatt.

Sommerens beste priser!

BESTILL DIN REISE I DAG! www.vitaltour.no Tlf. 56 57 47 50

Gratis All Inclusive for barna

(ett barn pr. voksen)

Vi tar på oss alt arbeid innan:• VVS - Nybygg - Rehabilitering• Varmepumper - leverer og installerer• Høytrykkspyling av rør • TV-inspeksjon av rør• Lekkasjesøk• Rehabilitering av avløpsledning utan oppgraving

Jordmorsvingen 2, 5200 Os | [email protected]. 56 30 15 83 | Mob. 917 56 680 | Mob. 911 29 783

www.samdalrør.no

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011 19

Page 20: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Lys & Lys Produksjoner tilbyr et bredt utleieassortiment innenfor

lyd- og lysutstyr til konserter, eventproduksjoner, festivaler, messer,

bryllup og andre festlige arrangement – såvel til private som

profesjonelle arrangører.

Vi kan levere svært store komplette produksjoner, inkludert

store utescener fra vårt eget utleielager.

Adresse: Industriveien 49 5200 OS

Telefon: +47 56 30 93 90 Fax: +47 56 30 04 44

Mail: [email protected] www.llprod.no

Installasjoner

Lydutstyr

Lysutstyr

DJ-utstyr

Scene

Totalleverandør innenlyd, lys og scene

20 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 21: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Eric ‘Slim’ Zahl & the South West Swingers er inspirert av 50-talet og set si ære i å vidareføra dei gode tradisjonane frå denne tida med sitt eige rocka uttrykk.

Bandet har spelt på festivalen før og gjort stor

suksess, og det har dei gjort overalt sidan

starten i 2006.

Dei har spelt på ei rekkje kjende klubbar i inn- og

utland, og publikum har fått høyra deira versjonar av

store låtar av folk som Teddy Morgan, Brian Setzer,

Candye Kane, Keb Mo’ og Norges eigen Vidar Busk.

Aldri har dei gjort skam på låtane heller, skal vi

døma av kva andre musikarar som Kim Wilson i The

Fabulous Thunderbirds, som uttalte at han hadde eit

ønske om å spela med bandet.

I fjor under festivalen vår gav dei ut ei ekstrautgåve

av debutplata si, Daddy O, som dei seinare har blitt

nominert til Spelemannsprisen for.

Bandets medlemmer er profesjonelle musikarar

med fartstid i mellom andre Reidar Larsen & the

Storytellers, Zydeco Supply, Johnny & the Beels, BB

Lyngs Bluesband, Stavanger Bluesband m.m.

Eric ‘Slim’ Zahl - vokal/gitar

Øystein ‘Boogieman’ Undem - tangentar

Roald Brekke - bass/vokal

Atle H. Strøm - trommer/vokal

ERIC SLIMZAHL & THE SOUTHWEST SWINGERS

50-tal i høgsetet

VARGASALENLØRDAG 25.JUNI KL 22

21 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 22: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Skaathun Bilverksted

Ditt bilverksted på Os

Te le fon 56 57 48 88 | Te le faks 56 57 48 89 | I ndust r ivegen 89 | 5200 Os | ska -b i l v@on l ine .no Å p n i n g s t i d e r : m a n d a g - f r e d a g k l 0 7 . 0 0 - 1 6 . 0 0

Har du en bil som trenger EU-kontroll, service,

reparasjon, deler eller skadeoppretting og lakk, er vi

rett verksted for deg, uansett årsmodell eller type!

Vi har spesialister som har den

kompetanse og det utstyr som kreves

for å reparere din bil på beste måte!

Vi henvender oss til eiere av

både privatbiler og fi rmabiler.

Alt i karosseri og

lakkering.

Personbil og

lastebil.

Ditt bilverksted på OsDitt bilverksted på Os

Hjulstillings-

kontrollKUN KRKUN KR

790,-(eks mva)

Ditt bilverksted på OsDitt bilverksted på Os

Reparasjon

og skifting

av frontrute!

Servicepå alle

bilmerker!

Gamle sikringskap kan være brannfellerVi har mange � ere elektriske apparateri hjemmene våre i dag enn for bare 20årsiden. Belastningen på sikringer og ledninger blir større enn de har vært beregnet for.Faren for varmgang og overbelastning er stor, og dermed også brannfaren.

En elektriker kan redusere brannfaren hos degDu trenger ikke bytte sikringsskap - bare innmaten.Kontakt oss, vi kan gi deg et bindende tilbud!

Rød Elektro As Mobergsbakken 50, 5200 OsTelefon 56 57 66 30 | www.rod-elektro.com

Hvem vil du helst ha besøk av?En elektriker på jobb - eller en brannmann på jobb?

Tlf. 56 30 29 50 – Faks 56 30 24 77 – E-post: [email protected] – Web: www.osogfusa.no

ynskjerOSØREN

BLUES & JAZZFESTIVAL 2011lukke til

med arrangementa.

Du kan lesa mykje om og frå

festivalen i lokalavisa.

POSTENOS FUSA&

22 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 23: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Oseana er særs godt egna til konferansar og andre arrangement der ein ynskjer kvalitet. Bygget er på 5800 kvadratmeter inkludert restau-rant, kunstmuseum og storsal med scene og plass til 12-1300 perso-nar. Oseana er ein unik kombinasjon av kunstmuseum og kulturhus, berre ein drøy halvtimes køyring frå Bergen sentrum eller Flesland Flyplass. Eit vakkert bygg i vakker natur. Oseana KF har eige styre, og eigen administrasjon med 4 tilsette. Direktør Kim Kristoffersen skal, saman med arrangementssjef Berit Steen, teknisk sjef Kjetil Moberg og kulturhusvert Janne Mari Hjelle, driva senteret. Me står parat til å ta imot dykk og alle typer arrangement.

Kontakt oss på www.oseana.no

Velkomen Opningsfestival 17.-26. juni

Møt oss i Oseana

Kjetil MobergTeknisk sjef

Kim KristoffersenDirektør

Berit SteenArrangementssjef

Janne Mari HjelleKulturhusvert

For fullt program, sjå www.oseana.noBillettar på www.oseana.no, www.billettservice.no og i døra.

FESTFOrESTilling UTSElT17/6

HAVFESTFolkeopera av glenn Erik Haugland

FÅ Bill.18/6 Kl. 1900

HAVFESTFolkeopera av glenn Erik Haugland

FÅ Bill.19/6 Kl. 1900

HAVFESTFolkeopera av glenn Erik Haugland

Bill.20/6 Kl. 1900

r.i.Orocken kjem til Oseana

BillETTSAl i DørA

20/6 Kl. 2130

HAVFESTFolkeopera av glenn Erik Haugland

Bill.21/6 Kl. 1900

Jiri HJlinKA MASTErClASSKonsertintro v/leif Ove Andsnes

BillETTSAl i DørA

22/6 Kl. 1700

KrOHnEngEn BrASS BAnD“Med laus jakke og skreivt smil”

Bill.22/6 Kl. 2000

VAMp FÅ Bill.23/6 Kl. 2000

VErn OM Min JOrDFamiliearrangement

Bill.26/6 Kl. 1500

MEllOM FJOrDAr Og FJEllKorkonsert med 8 av Os sine sentrale kor

Bill. (Statoil Os)

26/6 Kl. 2000

program

23 OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Page 24: Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Sjå www.osoren.no for festivalprogram!

FESTIVALPROGRAM

23. JUNI TORSDAG STAD PRISAR

20:00 VAMP m/Eivør Pálsdóttir Oseanasalen 300,-

24. JUNI FREDAG STAD PRISAR

17:00 BillyT Band Foajéen i Oseana Gratis

17:30 Vetrhus Bluesband* Cruise frå Bergen* 550,-

20:00 Papa Slide Band Vargasalen Dag-/festivalpass

Osøren Jazzensemble Foajéen i Oseana Dag-/festivalpass

21:00 BillyT Band Oseanasalen Dag-/festivalpass

21:30 Jolly Jumper & Big Moe* Cruise frå Os kai* 300,-

22:00 Tone Lise Moberg Foajéen i Oseana Dag-/festivalpass

BB Lyngs Bluesband Vargasalen Dag-/festivalpass

23:30 Bernie Marsden Oseanasalen Dag-/festivalpass

24:00 Rich Harper Vargasalen Dag-/festivalpass

Dagspass fredag kr 450,- / Helgepass fre-lør kr 900,- / *Cruise ikkje inkludert i passa.

24. JUNI LØRDAG STAD PRISAR

10:00 Osøren Jazzensemble* Cruise frå Os kai* 150,-

12:00 Jam: Hereide & The Bluesgangsters Foajéen i Oseana Gratis

Osøren Jazzensemble m/Tone Linn Mjånes* Cruise frå Os kai* 150,-

15:00 Matiné: Hereide & The Bluesgangsters Foajéen i Oseana Gratis

Frigaard* Cruise frå Os kai* 300,-

16:00 Matiné: Blue Note Shuffle Foajéen i Oseana Gratis

17:00 Matiné: Papa Slide Band Foajéen i Oseana Gratis

18:00 Frigaard* Cruise frå Os kai* 300,-

20:00 Blue Note Shuffle Oseanasalen Dag-/festivalpass

Jolly Jumper & Big Moe Vargasalen Dag-/festivalpass

Tone Linn Mjånes Quartet Foajéen i Oseana Dag-/festivalpass

21:00 Frigaard* Cruise frå Os kai* 300,-

22:00 Eric Slim Zahl & The Southwest Swingers Vargasalen Dag-/festivalpass

Washamba Foajéen i Oseana Dag-/festivalpass

Vidar Busk & His True Believers Oseanasalen Dag-/festivalpass

24:00 Vetrhus Bluesband Oseanasalen Dag-/festivalpass

24:00 Rich Harper Vargasalen Dag-/festivalpass

Dagspass lørdag kr 550,- / Helgepass fre-lør kr 900,- /*Cruise ikkje inkludert i passa.

23.-25. juni